Annonse
00:00 - 08. desember 2017

Sunn nytolking av islams historie

Det viktigaste er ikkje den «eigentlege» historia, men den som dei truande legg til grunn for si tru.

Tolkningsspørsmål: Muslimer må selv bestemme hvilke historier de vil legge vekt på, skriver Knut S. Vikør, som svar til spaltist Mohamed Abdi. Maleriet er en fremstilling av den årlige pilgrimsreisen til Mekka (The Hajj), av den franske orientalistmaleren Alfred Dehodencq (1822-1882). Heritage Images/Heritage Images/Getty Images
Annonse

Bushra Ishaq

 

  • Aktuell med boka Hvem snakker for oss?.
  • Ishaq har fått kritikk for befolkingsundersøkinga ho gjorde i samband med boka.
  • «Ishaq blir skyldig i det hun advarer andre muslimer mot: Rosemaling av islamsk kulturhistorie og teologisk praksis», skreiv spaltist Mohamed Abdi i si melding i Morgenbladet 17. november.

 

Bushra Ishaqs bok Hvem snakker for oss, har avfødd ein smule debatt om forholdet mellom sharia, demokrati og muslimske og norske verdiar. Ein ikkje-muslimsk historikar bør vere forsiktig med å «snakke for dei» – norske og andre muslimar må sjølv bestemme kva slags verdiar dei vil legge i religionen sin.

Men Mohamed Abdis melding i Morgenbladet 23. november seier også noko om historiebruk og korleis vi les historia, som reiser spørsmålet om «sanning» og «tolking».

Det kjem tydelegast fram i tale om Profeten Muhammads første kone, Khadija. Ishaq ser på ho som eit eksempel på kvinners sjølvstende i islam. Kort fortalt var ho ei rik enke som tok den unge Muhammad til ektemann, og sikra dermed hans sosiale og økonomiske posisjon. Ho støtta opp om profetgjerninga hans og er rekna som den første som antok islam.

Det var først då Khadija døydde at Muhammad kom opp i problem og måtte rømme frå Mekka til Medina, i år 622. Dette er ikkje prov på likestilling, meiner Abdi, og det har han openbart rett i: Mekka-samfunnet var både før og etter Muhammad openbart eit patriarkalsk samfunn. Men historia viser også noko sentralt: at kvinner var økonomisk sjølvstendige («sameige» er ukjent i islamsk lov, kvinner eig det dei eig), og kunne som her dra ektemenn sosialt oppover.

Historiefagleg er likevel spørsmålet: Er dette historisk sanning? Problemet med tidleg islamsk historie er jo at alle våre kjelder er seinare muslimske forteljingar, dei første frå eit par hundreår seinare, då Profetens tidsperiode alt var blitt normativ.

Vi kan altså ikkje vite sikkert om dette faktisk var slik i år 620, men vi veit at det vart oppfatta som normativt bra på 800-talet, då islam begynte å festne seg, at det burde vere slik: Om Khadijas posisjon på det tidspunktet hadde vore sett som upassande, var det truleg blitt «gløymt» eller omskrive i forteljingane, som fram til då var reint muntlige. Og det er jo interessant nok, sidan det er den forståinga som muslimar seinare legg til grunn for sine normer.

 

Problemet med tidleg islamsk historie er at alle våre kjelder er seinare muslimske forteljingar.

 

Abdi minner også om at islam faktisk vart spreidd med sverdet. Også her er det spørsmål om kva vi legg vekt på, men her har vi litt meir reell kunnskap og må skilje mellom ulike periodar. Ishaq har rett i at då arabarane erobra Midtausten, var det arabisk herredømme – og ikkje religionen – dei ville spreie. Islam ville dei helst ha for seg sjølv. Aller nådigast kunne dei erobra få konvertere til islam, men dei vart då andrerangs borgarar med avgrensa rettar.

Etter abbaside-revolusjonen i år 750 vart dette skiljet fjerna, og islam vart reelt ein universell religion. Dermed vart naturlegvis denne norma skriven tilbake også på dei tidlegare heltane, islam hadde alltid vore slik. Men i år 750 var den store ekspansjons-tida over.

Vi har absolutt tilfelle av tvungen konvertering gjennom historia seinare, men det mest vanlege var erobring utan misjon, og at dei erobra seinare sjølv såg seg tent med å bli muslimar. Så, i dei siste hundreåra, har jihad generelt blitt forstått til berre å gjelde forsvar mot framand invasjon, slik Ishaq skriv.

Sidan vi her snakkar om historier som har betydning for muslimar i dag, er det ikkje «korleis det verkeleg var» som er viktig, men kva dei truande i dag vel at skal vere den rette historia.

I den samanhengen er omtolkingar av den typen Abdi kritiserer Ishaq for, kanskje berre positive, så lenge dei legg grunnen for ei utvikling vi ser som positiv, men som også er klart «islamsk» og blir akseptert som det av norske muslimar.

Abdi kritiserer også Ishaq for å legge eigne meiningar i munnen på respondentane sine, men det vil jo vise seg etter kvart som vi får meir kunnskap. Det er iallfall lite i svara som viser at dei er ueinige med Ishaqs liberale tolkingar, og om ein meiner at muslimar har ei framtid i dette landet, er jo det ein god ting.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Ideer

«Tanken om humanisten som forvalteren av det som er mykt, dypt og høyverdig, var alltid diskutabel.»