Annonse
15:20 - 12. november 2018

Vil vitskapen redde oss?

Dei norske universiteta freistar å kombinere bidrag til berekraft og sivilisasjonskollaps.

Tapt paradis: Pasientane ved Feather River Hospital i Paradise, California måtte evakuerast medan ein storbrann truga byen 8. november. Sjukehuset vart seinare øydelagt i flammane. Klimaendringar har gjort skogbrannar meir vanleg. Foto: Justin Sullivan / Getty Images
Annonse

Menneskeslekta har visst i nokre tiår at vi er i deep shit med tanke på vårt økologiske levegrunnlag. Det finst mange som pleier ei tru på at vitskapen vil komme til unnsetning, og at vi difor ikkje treng å gjere vidfemnande endringar i måten vi organiserer samfunnet vårt på. Det er likevel ingen grunn til å stole på at vitskapen som ein metafysisk skipslos vil føre oss ut av undergongen.

I dette landet står vi alle i same spagat. Om det ikkje var for norske oljepengar, er det ikkje sikkert at eg kunne ha skrive ein doktorgrad i vitskapsfilosofi og samstundes heva ei grei løn. Det er heller ikkje sikkert at mine kjære ville ha fått ei like god behandling som dei har krav på gjennom det norske helsesystemet.

Likevel er det grunn til å åtvare mot å setje likskapsteikn mellom menneske og samfunnsberande organisasjonar sitt ansvar for handling. Som nordmenn kan vi ikkje stort før at vi er fødde inn i ein oljestat, og må på eit eller anna vis eksistere i det samfunnet som vi lever i. Kvar for oss er det også rimeleg lite vi kan gjere for å snu skuta.

Institusjonane våre kan derimot gjere ein forskjell. Stortinget kan vedta å ikkje gje konsesjonar til oljeleiting i Barentshavet. Regjeringa kan velje å ikkje konsekvensutrede Lofoten og Vesterålen. Eit universitet eller eit forskingsinstitutt kan velje å ikkje leggje til rette for forsking som medfører auke i oljeutvinning.

Kunnskapsdepartementet sin langtidsplan for forsking og høyere utdanning framhevar at universitet og høgskular er sentrale i arbeidet med å oppfylle FN sine berekraftsmål, i eigenskap av at dei kan forsyne den kunnskapen vi trenger som grunnlag for politiske avgjersler. Men vitskapen vekslar mellom ein målsetjing om å bidra til berekraft og eigne tilskot til sivilisasjonstrugande miljøproblem.

Ved Universitetet i Bergen har vi slått oss stort opp på FN sine berekraftsmål. Universitetet er det første i Noreg som har institusjonalisert dette arbeidet. Neste år som dette året arrangerast det ein nasjonal berekraftskonferanse. På FN-dagen 24. oktober vart det kunngjort at Universitetet i Bergen jamvel tildelast ei internasjonal leiarrolle knytt til FN sitt berekraftsmål nummer 14: liv under vatnet. Det tyder at universitetet får ei global leiarrolle innan havforsking og utdanning. Ei diger fjør i hatten for eit lite universitet.

Skal vi gjere oss opp ei meining om vi som universitet og vitskapsfolk gjev eit kollektivt bidrag til berekraft, må vi likevel ta ein titt på heilskapen. I oktober 2013 fornya UiB Akademia-avtalen med Equinor. Avtalen er eit tilskot på 55 millionar kronar frå 2014 til 2018 som skal stimulere til grunnforsking og utdanning innan område som er viktige for både universitetet og Equinor. Blant desse områda er satsingar på teknologiar som kan bidra til at vi pumpar opp meir olje, som seismikk, petroleumsfysikk og andre «muliggjerande teknologiar».

Vi bør snarare frykte at vitskapen gjev sivilisasjonen vår eit dytt utanfor stupet.

Då avtalen vart inngått for fem år sidan, kom det sterk kritikk frå tilsette og studentar som meinte at avtalen kan forlenge oljealderen. Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (NENT) sa i sin vurdering av avtalen at det er etisk uforsvarleg om oljeforsking hindrar oss i å nå FN sine klimamål.

Equinor har tilsvarande avtaler med mellom anna BI, NTNU, NHH og med universiteta i Oslo, Stavanger og Tromsø. Alle avtalane går ut i år, og partane har starta nye rundar med forhandlingar. Universitetet i Bergen har ytra ein ambisjon om openheit rundt samarbeidet. Mykje av forhandlingane skjer likevel bak lukka dører: Ein har framleis ikkje publisert referat eller saksliste frå møtet i april i år, protokoll frå møtet i februar eller møteplan for inneverande semester. I eit intervju med På høyden, kunne professor i geofysikk Peter M. Haugan fortelje at det har vore svært stille rundt forhandlingane.

Samstundes som forhandlingane om oljepengar i akademia går sin stille gong, kjem det på føreseieleg vis stadig grimmare rapportar frå FN sitt klimapanel. I sist rapport kunne vi lese om vidfemnande konsekvensar av ei oppvarming som svarar til FN-målet om ein og ein halv grader. Dersom vi går til ei oppvarming på to grader, spår modellane at dette vil forårsake 150 millionar fleire tidlege dødsfall. Det er verd å minne om at begge desse utfalla er svært optimistiske. Om menneskeslekta held fram som no er vi truleg på veg mot ei oppvarming på mellom tre og fire grader.

Gitt ei oppvarming på to grader framskriv vidare modellane til FN at avlinga på kveitekorn vil falle med nesten ein tidel samanlikna med ei oppvarming på ein og ein halv grad. I mitt doktorgradsprosjekt freistar eg å betre statistikken som vi har på mattryggleik og svolt. Vona mi er at eg og andre i fagfeltet kan bidra til at vi får eit betre informasjonsgrunnlag for kvar og korleis vi skal rette inn bistanden vår. Kva skal liksom det ha å seie dersom avlingane på våre viktigaste næringsmiddel fell med titals prosent?

Kva gjeld Universitetet i Bergen sitt internasjonale mandat om å ta vare på livet i hava, veit vi at hava regulerer klima, vær, drikkevatn og tilgang til mat. Marine økosystem og naturmangfald trugast mellom anna av at global oppvarming varmar opp og forsurar hava.

FN spør etter ei endring i organisering av samfunnet som er like dramatisk som overgangen frå føydalismen til kapitalismen. Universiteta og vitskapen i moderne samfunn står her i ein grunnleggjande motsetnad. Akademia skal både gje oss eit kunnskapsgrunnlag for ein grøn samfunnsovergang, og også støtte opp om innovasjon og vekst innan dagens økonomiske paradigme.

Så lenge universiteta yter medvitslause bidrag til global oppvarming, ureining og ressursutvinning, kan vi ikkje forvente ei redning, eller jamvel eit eintydig bidrag i retning berekraft frå vitskapen. Vi bør snarare frykte at vitskapen gjev sivilisasjonen vår eit dytt utanfor stupet.

Dette problemet må norsk forskingspolitikk og universitet som slår seg på brystet med sine berekraftsatsingar få eit faktisk forhold til. Skal vi ta eit forsiktig steg i riktig retning, bør eit absolutt minstekrav til nye akademiske avtalar med Equinor vere at dei ikkje bidreg til meir oljeutvinning.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Ideer

«Tanken om humanisten som forvalteren av det som er mykt, dypt og høyverdig, var alltid diskutabel.»