Annonse
00:00 - 16. mai 2019

Nei, Munch var ikkje den første

Heinrich Glogau kunne gått i gløymeboka. 

Annonse

ANTISEMITTISME I eit svært leseverdig essay om «jødesaken» i Morgenbladet sist veke, skriv forfattar Andreas Snildal at forfattaren og redaktøren Andreas Munch var « … den første som offentlig tok avstand fra jødeparagrafen med diktet ‘Jøderne’ … » i 1836.

Munch var ikkje den første. Allereie i 1814 skrev den tidlegare jøden Heinrich Glogau eit avisinnlegg der han tok avstand frå dei negative haldningane dei få jødane som kom til Noreg vart møtte med. Glogau kom til Bergen som jøde frå Hamburg i 1812 for å tene som handelsbetjent hos den tidlegare jøden Edvard Hambro. Hambro hadde konvertert til kristendommen og det same gjorde Glogau i 1813. Då det vart prenta eit antijødisk innlegg i bergensavis på slutten av 1814, skreiv han eit motinnlegg der han forklarte dei antijødiske haldningane som «indgroede Fordomme, blandede med Avind, Ondskab og Bagvaskelse».

Historikar Frode Ulvund skreiv om denne hendinga i ein artikkel i Bergens Tidende i 2014, da om korleis jødane vart mottekne i Bergen. Han fortel at under vinteren 1814/1815 vart fire jødar deporterte frå byen. Reaksjonen var utløyst av formuleringa i Grunnlovas paragraf 2: « Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget».

Borgarskapets valde representantar i Bergen skreiv ein klage til dei lokale styremaktene: «Hvad nytter os den ypperlige Constitution naar den ikke bliver overholdt?»

To av dei utviste var knytt til Hambro og Glogau. Dei to konverterte jødane skal ha gjort det økonomisk godt i ei tid då andre kjøpmenn sleit. Ulvund skriv at ei viktig drivkraft for å handheve jødeparagrafen var frykta for konkurransen med jødiske handelsmenn. Bergen hadde tradisjonelt nære band til dei nordtyske hansabyane som var prega av ei antijødisk haldning.

Ei viktig drivkraft for å handheve jødeparagrafen var frykta for konkurransen med jødiske handelsmenn.

Glogau skal ha vore i fleire avhøyr i samband med denne saka. I 1817, då tidsskriftet «Den norske Tilskuer» vart etablert av Eidsvollsmannen Christian Magnus Falsen, spurte Glogau i eit innlegg retta mot redaktør Falsen kven han skulle skjemmast over, foreldra eller Grunnlova. «Hvad have vi gjort Eder, normænd, at I afskye os, som vare vi befængte med pest!».

Glogau bad redaktøren forklare kvifor jødeparagrafen var naudsynt. Han stilte mellom anna Falsen spørsmål om kva han ville gjort om ein rettskaffen jøde spurte: «Slaaer op i Eders Aarbøger; naar eller hvormed have vi fornærmet Eder? Seer Eder om; hvor er, i den hele bekjendte Verden, en Stat, der kan fremvise en saadan Lov?» Glogau fekk svar frå Falsen og skreiv i eit nytt svarinnlegg at handsaminga av jødar i Noreg var i strid med «en reen kristelig-evangelisk Troes Aand».

Historia om Glogau kunne gått i gløymeboka hadde det ikkje vore for historikar Frode Ulvung. Tre år etter at BT prenta artikkelen gjorde Raudts Torstein Dahle framlegg om å sikre minnet ved å kalle ein gate opp etter Glogau. I lag med 26. novemberkomiteen som kvart år arrangerer eit fakkeltog 26. november til minne om dei elleve jødane i bydelen Møhlenpris som i 1942 var arrestert, deportert og drepne i Auschwitz, vart dette endra til å kalle opp Møhlenpristrappen opp etter Glogau. Frå denne trappa kan ein sjå ned på området der seks av dei drepne jødane budde, familiane Becker og Müller. Husa vart rivne for å gje plass til å utvide Puddefjordsbroen, men seks Stolpersteina (snublesteiner) ligg rett nedanfor trappa som minnesmerke over dei drepne jødane. Her går også fakkeltoget på veg opp til Menneskerettighetens plass der toget vert avslutta med ein appell.

Byrådet i Bergen vedtok i fjor å døype om trappa til Heinrich Glogaus trapp og nytt skilt kom opp i vinter til minne om den truleg første som offentleg tok til orde mot jødeparagrafen i Grunnlova.

Gunnar Wiederstrøm

Journalist, Klassekampen

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse