Annonse
00:00 - 03. august 2018

Trøyst og beven

Så mye hadde jeg er ei omsynslaus og klartenkt skildring av ei grunnleggande tapskjensle.

Prisbelønna: I 1998 fekk Trude Marstein Tarjei Vesaas' debutantpris for romanen Sterk sult, plutselig kvalme. Foto: Katinka Hustad 
Annonse

I dei seinare romanane til Trude Marstein er det eitt spørsmål ein ikkje kjem utanom: Valde ein rett i forsøket på å skape seg eit liv? Med ein heilt særeigen litterær sans og språkleg presisjon viser forfattaren fram at livet ofte handlar om å samle saman og forme råmaterialet av tilfelle og banalitetar. Gjennom Marsteins penn framstår livet — like mykje som forfattarens romanar — som eit slags kunstverk. Om ein ser litt stort på det.

Det uvanlege i det vanlege. Så mye hadde jeg skildrar livet til hovudpersonen Monika frå tidleg 1970-tal og dekker livet hennar frå tenåra og fram til ho har passert femti. Ikkje ulikt Marsteins førre roman Hjem til meg (2012) skildrar ho eit menneske som går frå forhold til forhold i trua på eit betre og meir intenst liv. Dei litteraturhistoriske spora frå Gustave Flauberts Madame Bovary er tydelege både i skildringa av ei kvinne som avskyr tanken på å leve det same livet igjen og igjen, og i måten boka behandlar små og store hendingar med same intensitet og grundigheit.

Dette viser seg mellom anna i ein nesten kynisk vilje til å gå tett på menneskelege brestar og med ein ironi som vender seg like mykje innover som utover: 

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.