Annonse
04:00 - 26. september 2008

Sabla godt teater

Drama med utgangspunkt i gresk mytologi blir treffsikker samtidskommentar.

Komialvor: Dealing with Helen balanserer mellom banalt, satirisk og filosofisk-analytisk. Her skodespelar Saila Hyttinen som kong Menelaos.
Annonse

Verk Produksjoner har ferdigstilt sin trilogi over Finn Iunkers greske fabel. I gresk mytologi er vegen mellom gudar og menneske ofte overraskande eller urovekkjande kort. Og med kombinasjonen Iunker/Verk kjem den innbilte røringa mellom dei to til sin tragikomiske rett.

Etter fjorårets treffande og prislønte Ifigeneia-oppsetjing, er det Dealing with Helen som står for tur. Igjen tek Iunkers tekst utgangspunkt i krigen mellom Troja og Sparta, og dei mange nyanseforskjellane som er å finne i mytologi- og tragedievariantar over emnet.

Frå fokuset på dottermordet i Ifigeneia, snurrar Iunkers Helena-variasjon seg rundt og over i ein saktegåande elegi, med fabelsk blikk på krigens mangel på rasjonelt livsgrunnlag (til forveksling med eit overrasjonelt?). At krigsorsaken var trojanarprinsen Paris si bortføring av dronning Helena frå Sparta, er dei fleste samde om. Nesten. At krigen har vart i over åtte år og ingen veit heilt kor Helena er, gjer definitivt sitt til at something is rotten in the state of on-going war …

ALLEREDE ABONNENT?
Kjøp abonnement
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse