09:27 - 01. april 2020

Grovt skyts frå Waage

For å sjå at Peter Normann Waage tek feil, må vi foreslå lesing av På æren løs.

Debatterer æresretten: Forfatter Peter Normann Waage. Foto: Mimsy Møller / Samfoto / NTB scanpix

At ein biograf utviklar godhug for hovudpersonen sin, er både vanleg og forståeleg. Derimot er det sjeldan fullt samanfall mellom sjølvforståing og historiske kjensgjerningar. Peter Normann Waage er både André Bjerkes biograf, var med i panelet då Forfattarforeninga bad Bjerke og 16 andre forfattarar om orsaking i 2018, og dessutan ein av opphavsmennene bak ideen om å gi oppreising til dei refsa forfattarane. Både som biograf og som paneldeltakar overtar han fullt ut far og son Ejlert og André Bjerkes synspunkt og ordbruk. På den måten har han ofte komme i skade for å hevda synspunkt som står seg dårleg i møte med historisk kjeldemateriale. Frå Waage har vi blant anna fått høyra at begge Bjerkane var klåre antinazistar, dei hadde aldri høyrt om boikott av reine naziforlag, medan André attpå til blei «frikjent i ankeinstansen». Og for øvrig dreiv Bjerkane bare med «nøytral litteratur».

I ein kronikk på Morgenbladet.no strevar Waage med å forsona desse fantasifulle opplysningane med originaldokument som avslører far og son Bjerkes lyssky verksemd for det verste naziforlaget under krigen. Også for Waage er det røyndomstilnærming i sikte: Frå å vera «NS-vennlig» har oppdragsgivaren for Bjerkanes tyskararbeid blitt til «det gjennomnazifiserte Stenersen forlag». Nå må også biografen vedgå Bjerkes «ytterst kritikkverdige forhold til dette forlaget». No kan det og sjå ut til at han har kome til at André var eineansvarleg for omsettinga av Fenrik Stål. Og den «nøytrale litteraturen» er ingen stad å sjå.

Waage kjem med ei rekkje påstandar om kva vi ikkje skriv om. For å sjå at han tek feil, må vi foreslå lesing av På æren løs. Viktigst her er det at vi ikkje først og fremst har vore interesserte i sinnelaget til dei som blei refsa av æresretten. Vi har til dømes ingen grunn til å tru at det var antisemittisme og nazisme som førte til far og son Bjerkes innsats som «litterære brakkebaronar», for å bruka unge Bjerkes eigne ord. I æresretten blei dei felte på grunn av handlingane, ikkje haldningane sine. Trass i uomtvistelege kjensgjerningar har Waage standhaftig hevda at André Bjerke blei «frikjent i ankeinstansen». Med god grunn har han nå gitt opp også denne påstanden. I staden hevdar han at æresretten gav unge Bjerke attest for «utmerket holdning» og at «Rem & co» ikkje nemner dette i det heile tatt. Om Waage hadde tatt seg bryet, ville han sett at vi i motsetning til han gjengir heile dommen til ankenemnda mot André Bjerke på side 296 i På æren løs. For å hjelpa på Waages sitatkunster tar vi med alt: «Kunstnerrådet finner, under henvisning til premissene (absolutt forfatterstreik overfor de nazistiske forlag, vår merknad) for Ejlert Bjerke ikke å kunne frita André Bjerke for enhver bebreidelse i anledning hans forbindelse med med nasistiske Stenersens forlag, men finner i betraktning av de unnskyldende momenter som foreligger og til at André Bjerke forøvrig har utvist en iøvrig utmerket holdning under okkupasjonen at det bør ha sitt forblivende med den forholdsregel som allerede er utløpet.»

I anken tok André Bjerke sjøl på seg eineansvaret for omsettinga av Fenrik Stål, og han bad ikkje om at dommen mot han blei oppheva, berre om fritak frå pengekravet.

Den norske Forfatterforening gir ikkje ut bøker, det gjer forlag av ulike dimensjonar og kategoriar. Waage gjengir eit rykte om at forfattarformann Alex Brinchmann la ned yrkesforbod fordi han «oppsøkte blader aviser og lignende og rådet dem til ikke å trykke noe av Bjerke». Her har eit eventuelt råd blitt til eit forbod, elles er det lite som tyder på at forleggarane trong råd frå formannen i Forfattarforeninga når det galdt å gi ut forfattarar dei såg på som stripete. Mads Nygaard i Aschehoug skreiv at far og son Bjerke gjennom tyskararbeidet for Stenersen «hadde ødelagt forlagets renommé nesten uopprettelig». Då Herman Wildenvey sommaren 1945 bad for seg hos Harald Grieg i Gyldendal, fekk han denne beskjeden: «Jeg får vel prøve å holde liv i deg, men du bør absolutt ikke prøve å utgi en bok på lenge.»

I rapporten frå det styreoppnemnde «Æresrettutvalget» valsar juristar av i dag rundt som om Forfattarforeninga i 1945 var ein regelrett domstol, med sivilrettslege heimlar, stemmetal og prosedyrar. Ikkje til å undrast over at Waage trykker denne prosessinnretta og kontekstlause rapporten til sitt bryst. Men her framstår Waage som noko for autoritetstru. Det han ikkje nemner, er at protestane har reist seg både frå ei rekkje kommentatorar og frå svært kvalifisert juridisk hald, til dømes ser framstillinga av tilhøvet mellom lovarbeidet i det norske Justisdepartementet og oppryddinga i kunstnarorganisasjonane ut til å vera direkte feil. Mange har også funne det påfallande at rapporten i all hovudsak viser til Solhjells og Dahls Men viktigst er æren, som også er hovudkjelda bak orsakinga til Forfattarforeninga.

I sin polemikk mot æresretten av 1945 har Waage brukt grovt skyts og lite høviske uttrykk, gjerne med retorisk repertoar frå dei som blei refsa for kollaborasjon etter krigen. Innføring av lovlege og demokratiske tilhøve i Forfattarforeninga var «ein heilt vill rettsprosess» og ein «skamplett». Også i sitt siste utspel tar han store ord i sin munn og melder at «Rem, Søbye og Fløgstad neglisjerer avgjørende rettsstatsprinsipper som det ble kjempet for under hele krigen». På vår side delar vi gjerne denne forsøminga med fleirtalet av norske forfattarar og landets fremste juristar i 1945, og er trygge på at det var dei som kjempa mot nazismen, ikkje dei som samarbeidde med nazistane, som sto for avgjerande rettsstatsprinsipp under og etter krigen.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 50 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse

«Arbeidsgruppens rapport vil diskuteres på åpent og demokratisk vis»