Annonse
14:33 - 27. mars 2019

«Saksbehandlinga minner mest om programutkastet frå ein oppstemt festkomité med knallbonbongar.»

Kjartan Fløgstads hovedinnlegg til Den norske Forfatterforenings landsmøte. 

Frå talerstolen melde Kjartan Fløgstad seg ut av Den norske Forfatterforening. Foto: Sofie Amalie Klougart / NTB Scanpix
Annonse

Æresretten

I 1945 utnevnte Den norske Forfatterforening en «æresrett» for å ta et oppgjør med medlemmer som hadde hatt uakseptable bånd til okkupasjonsmakten.

17 forfattere ble idømt straffer som for eksempel ekskludering og publiseringsforbud.

Blant de dømte var forfattere som Herman Wildenvey og Johan Bojer, samt Alf Larsen og Ejlert og André Bjerke.

I løpet av fjoråret kom det to viktige bøker som gav ny kunnskap om tilhøvet mellom det norske storsamfunnet og den jødiske minoriteten. I studien En antisemitt trer frem viste Jan-Erik Ebbestad Hansen det fulle omfanget av forfattaren Alf Larsens antisemittisme. Forvirrande nok var Larsen både antisemitt og antinazist. Han såg på kommunisme og nazisme som to delar av ein storstilt jødisk konspirasjon for å undergrava den kristne kulturen og tilrana seg verdensherredømme. Under den andre verdskrigen vurderte Larsen det slik at nazisme og okkupasjon var ei nødvendig rensing av land og folk. Hausten 1940 meinte han at det verste som kunne skje, var at konge og regjering kom tilbake. Han forsvarte pressesensur og internering av motstandsfolk. Som holocaustfornektar førte Alf Larsen jødehatet vidare etter krigen.

Om hausten same året som Larsens innbitte hat mot jødar og jødedom på ny kom for ein dag, vekte Marte Michelets Hva visste hjemmefronten? stor debatt. I denne boka blir det godt dokumentert kor lite nordmenn flest brydde seg i skjebnetimen til dei norske jødane. Tydelegare enn før avslørte boka storsamfunnets skammeleg manglande vilje til å forsvara den jødiske minoriteten.

Kva var DnFs bidrag til denne opphissa debatten? Den 15. november kunne vi som er medlemmer og alle andre lesa i avisene at foreninga feira seg sjølv med å be den «sterkt zebrastripete» antisemitten Alf Larsen om unnskyldning – på ein måte som mange tolka som oppreising og rehabilitering.

Spektakulært dårleg timing er det mest skånsomme ein kan seia om dette jubileumsutspelet frå Den norske Forfatterforening.

Konteksten for Æresretten var slik: I samsvar med regjeringsvedtak av 26. februar 1943 skulle det etter frigjeringa settast i verk tiltak for å gjenoppretta lovlege forhold i offentleg teneste. Anordninga galdt også selskap, foreningar, stiftingar og samanslutningar. I DnF blei 14 NS-medlemmer ekskluderte straks etter frigjeringa. Denne reaksjonen, som var den strengaste, og som var summarisk, utan individuell behandling, ser styret i DnF i dag ut til å godta fullt ut, sjølv om fleire blant dei organiserte nazistane gjorde lite skade under okkupasjonen. Viss Æresretten ikkje var legitim, som styret hevdar, må det bety at eksklusjonane heller ikkje var det. Då er det eit mysterium at styret i 2018 ikkje også ber dei 14 ekskluderte om unnskyldning.

Etter grundig organisatorisk behandling gav Æresretten i foreninga 17 andre forfattarar mildare grader av karantene, påtale og refs. Utan å spørja medlemmene er det dette demokratisk fatta vedtaket styret i DnF hausten 2018 bed om orsaking for og vil oppheva. Slik oppkastar styret i DnF seg til «Æresretten av 2018» og stemplar og rakkar ned på handlingane til det demokratiske fleirtalet av våre kollegar i 1945 med uttrykk som ein «skamplett» og «uhyrligheter». Ordboka fortel at ordet skamplett tyder vanære, skandale, skjensel, vanheder, brennemerke. I Det norske akademis ordbok blir ordet «uhyrligheter» eksemplifisert i uttrykket «utryddelsesleirenes uhyrligheter». Kan tilstandane i Den norske Forfatterforening sommaren 1945 samanliknast med dei tyske utryddelsesleirane? Har Nils Johan Rud og dei andre medlemmene av Æresretten av 1945 fått ta til motmæle? Av naturlege grunnar har dei ikkje kunna forsvara seg mot desse grove skuldingane.

«Skamplett». «Uhyrligheter». Særleg frå styret i ei forfattarforening er dette opprørande val av ord og manglande respekt for historia. Ordvalet viser også mangel på evne til å setta seg inn i den historiske samanhengen som prega denazifiseringa etter frigjeringa. Eit oppgjer måtte det bli, hemntankar og storsinn sto mot kvarandre. I DnF blei oppgjeret i 1945 grundig organisatorisk forankra, arkivet etter æresretten viser at det blei gjort omfattande og samvitsfulle undersøkingar før vedtak blei fatta.

Situasjonen i 1945 var ekstraordinær, men sjølv utan oppmoding frå regjeringa var saksgangen til Æresretten i 1945 i samsvar med god foreningsskikk. Det er grunn til å minna om at innanfor rammene av norsk lov bestemmer organisasjonar sjølve kva dei kan forlanga av medlemmene. Æresretten var ikkje ein «privat» domstol, som styret påstår, men uttrykk for viktige verdiar som organisasjonsfridom og medlemsdemokrati. Som andre lag og organisasjonar har DnF rett til å vera herre i eige hus.

Dersom de er i tvil, kan årsmøtet med fordel studera gjeldande vedtekter til foreninga av i dag, der heiter det under «Utelukkelse» i paragraf 10: «Etter begrunnet forslag fra styret eller minst 8 medlemmer kan foreningen på årsmøtet med minst ¾ flertall vedta å utelukke for kortere eller lengre tid medlem som illojalt motarbeider foreningens mål.»

Om det kan vera til trøyst, er det altså berre å gå i gong, om det er nokon ein skulle ønska å ekskludera. For eksempel han som står her på talarstolen. Kanskje blir det feil vedtak. Men sjølv når demokratiet tar feil, har demokratiet rett.

«Æresretten er et typisk styreutspill på jubileumsdagen, der oppreisning gis under en pressekonferanse. Navn nevnes, stort oppslag, gjøre dette til en nyhet. Peter Normann Waage skriver biografi om André Bjerke, hvor ‘Æresretten’ får mye oppmerksomhet.» Seminaret om Æresretten skulle handla «om vår egen historie om ytringsfrihet vi tok fra våre medlemmer etter krigen.» Sitata her er frå sluttdokumentet som gjekk frå jubileumskomiteen til styret. Som vi høyrer, minner saksbehandlinga bak «Æresretten av 2018» mest om programutkastet frå ein oppstemt festkomité med knallbonbongar, raud nase og klapphatt, sett i scene som eit pressestunt for å skapa blest om jubileumsfeiringa.

«Gjøre dette til en nyhet.» Frå dette nivået kan styret i dag ikkje eingong nærma seg det politiske alvoret som måtte prega avnazifiseringsprosessen ikkje berre i Norge, men i mange land etter 1945. I Tyskland fekk Ernst Jünger publiseringsforbod i fire år, Martin Heidegger forbod mot å undervisa i seks.

Så langt organisasjonsfridom og medlemsdemokrati. Dessverre må eg legga til at i denne saka har DnFs heimesider vore redigerte som avisa Pravda under partisekretær Bresjnev. Kritikk av styret blir så vidt nemnt, men ikkje sitert, ei form for sensur som er særleg ille sidan offentleg ordskifte vinteren 2018-2019 har dokumentert at DnF i 2018 har fatta vedtak på sterkt sviktande grunnlag. Her handlar det ikkje om enkeltpersonar, men når ein flyttar historiske merkesteinar, kan litt av kvart komma for dagen. Gjennomgang av arkivet etter æresretten av 1945 og av landssvikarkivet viser at mellom 28. juni 1941 og 9. april 1945 fekk Ejlert og André Bjerke anonymt utbetalt 33 680 kroner frå forlaget Gunnar Stenersen, tilsvarande sju industriarbeidarlønner i 1945. Med pengar frå Wehrmacht og rikskommissar Terboven var Gunnar Stenersens Forlag ein effektiv propagandamaskin for nazisme og tysk okkupasjon. Av den grunn blei forlaget boikotta av andre enn nazistane.

Då omfanget av tyskararbeidet til Bjerke blei avslørt sommaren 1945, slo det ned som ei «sensasjonsbombe», som forverra saka kollossalt for Ejlert og indirekte for André Bjerke. DnFs etterkrigsformann Hans Heiberg kalla omsettarane av Runebergs Fänrik Stål, Ejlert og André Bjerke, for krigsprofitørar «i klasse med brakkebaroner». I seg sjølv kvalifiserte anonymt tyskararbeid klårt til eksklusjon frå Foreninga. Men ingen oppgjer er feilfrie. Det var mange omsyn å ta. I dette tilfelle gjorde ikkje minst Bjerkes vennskap med formannen i DnF Alex Brinchmann at reaksjonen etter kvart blei mildna.

Skal eit styrevedtak i 2018 forplikta DnFs medlemmer til å be litterære brakkebaronar og ein antisemitt om orsaking? Har ikkje medlemmene sjølve kompetanse til å vurdera og avgjera dette? Det går an å forstå, om ikkje intellektuelt å forsvara partsinnlegg frå krefter utanfor Foreninga. Det som er uforsvarleg, er at styret i DnF ikkje går slike partsinnlegg nærmare etter i saumane. Skal tilfeldige aktivistiske ikkje-medlemmer som tidlegare styremedlem i Alf Larsens Litterære Stiftelse og André Bjerkes biograf få styra Forfattarforeningas omgang med si eiga historie? Med og utan dommarkappa blafrande rundt seg har Peter Norman Waage og Cato Schiøtz hatt mangedoble roller som premissleverandør for DnF, forsvarar av Bjerke og Larsen, aktor mot Æresretten av 1945, overdommar i æresretten av 2018, og sjølvutnemnde pressetalsmenn for Den norske Forfatterforening.

Kan eit foreningsstyre i det heile tatt oppheva eit demokratisk fatta vedtak i foreninga for 73 år sidan? Med dette spørsmålet sluttar eg. Som dirigenten er inne på, er det slik at den som snakkar for lenge, kjem alltid til kort.

Kjartan Fløgstad

Forfattar

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Akkurat nå er det opptil 50 prosent rabatt. Bli abonnent
Annonse

Nok en gang blir klassisistene karakterisert som konservative og reaksjonære
Journalisten kunne tatt buss fra Oslo til Göteborg klokken 9.
FFAC kan ha et oppriktig ønske om å hedre søstrenes kunstsamlermor.
Nevnte paragraf gir nemlig kun visse minoritetsgrupper, som Alis, et vern mot «dehumanisering» og andre «hatefulle ytringer».