Debatt

Seksuell danningsreise

I kommentaren «Det er på tide å gjenreise forskjellen på fyllerør og voldtekt» skriv Elin Ørjasæter om dei kjenslevare unge jentene som havnar i uønska seksuelle situasjonar, og etterpå får høyra at det dei har opplevd heiter «valdtekt» og at dei følgjeleg er traumatiserte. Ørjasæter ser ut til å etterlysa ein større tabbekvote for seksuelle opplevingar, der det meste av det som skjer i alkoholpåverka tilstand vert fyllerør, og at valdtekt hovudsakleg er overfallsvaldtekter. Ho skriv at valdtektsomgrepet vert tolka «svært vidt» av lovverket og av dei som deltek i valdtektsdebatten, og av dei unge kvinnene som fortel om negative seksuelle opplevingar og kva psykiske og fysiske reaksjonar dei har hatt etter desse opplevingane.

Ørjasæter påstår at Høgsterett har ei tolking av §192 i den gamle straffelova som er vidare enn kva som vart rekna som valdtekt då ho var tenåring, men ho skriv  ikkje kvar ho har funne grunnlaget for denne påstanden. Av nyfikne sjekka eg kva som står i den gjeldande straffelova, og dei aktuelle paragrafane ser ikkje ut til å vera urimeleg vide.

Ordlyden i §291 er tydeleg: Viss nokon må ty til vald eller trugande åtferd for å få seksuell omgang med nokon, risikerer dei fengsel i inntil ti år. Det same gjeld viss den andre personen er «bevisstløs eller av andre grunner ute av stand til å motsette seg handlingen». Paragraf 292, om valdtekt til samleie, gjeld dersom noko av den seksuelle omgangen var innføring av penis i skjede- eller endetarmsopning, innføring av penis i munn, innføring av gjenstand i skjede- eller endetarmsopning, eller viss gjerningspersonen framkalla medvitsløyse hjå den andre part for å slik oppnå seksuell omgang. Strafferamma for dette er tri til femten år, for grov valdtekt er straffa inntil 21 år, jmf. §293.

Skilnaden mellom slike læringserfaringar og valdtekt ligg i at valdtekta ikkje på nokon måte er friviljug.

Her kan ein leggja merke til at straffelova skiljer mellom «voldtekt» og «voldtekt til samleie», og at det ikkje vert gjort skilnad på om samleiet skjer med ein penis eller med ein gjenstand. Dette gjer at noko kan vera valdtekt sjølv om det ikkje har skjedd ei penetrering, og at viss det har vore ei penetrering, så treng det ikkje vera med ein penis for å verta rekna som samleie etter straffelova. Var det dette Ørjasæter tenkte på, då ho skreiv at «(…) voldtektsbegrepet blir tolket svært vidt, dels i offentlig debatt, og dels i dagens lovverk»?

På reisa frå barn til vaksen er det mykje ein skal læra, og den seksuelle danningsreisa går gjennom eit ulendt landskap. Friviljug prøving og feiling er ein del av dette landskapet, og vert gjerne ein del av den dårlege sexen me kan le av seinare. Skilnaden mellom slike læringserfaringar og valdtekt ligg i at valdtekta ikkje på nokon måte er friviljug, og ho er særs vanskeleg å le av seinare. Ingen variasjonar av valdtekt skal reknast med som ein del av det å verta vaksen.

Det var difor eg reagerte då eg las at den hendinga som vart skildra av ein anonym innsendar i Aftenposten, er ein «klassisk» situasjon og eit døme på «ungjentenes følsomhet». I den saka Ørjasæter referer til, var det ikkje snakk om «sex mellom noenlunde jevnbyrdige personer der begge var overstadig beruset». Det var ei 16 år gammal jente og broren til venninna hennar. Ho var edru, han hadde vore på fest.

Jenta var på overnattingsbesøk hjå venninna, då broren kom inn på soverommet deira, tydeleg berusa, og ikkje ville gå. I innlegget fortel jenta at ho og broren til venninna hadde hatt eit kort kjærasteforhold tidlegare, og at ho framleis hadde nokre kjensler for han. Ho likte at han hadde lyst på henne, men ho ville ikkje ha sex, og prøvde formidla dette på ein måte som ikkje gjorde at han kjende seg avvist. Han forsto det ikkje, vart etter kvart meir hardhendt, før ho klarte seia tydeleg frå om at ho ikkje ville. Han vart sint, men ga seg, anten fordi han var for full eller fordi han til slutt forstod at det ikkje nytta.

Kva med dei unge mennene? Har dei aldri noko ansvar i desse situasjonane?

Var dei to jamnbyrdige? Ørjasæter gjenfortel situasjonen som at «hun vil litt, så vil hun ikke likevel, han blir ubehagelig pågående, men det skjer ingen penetrasjon». Nei, vel, så då er det greit, berre å rista det av seg? Jenta fekk sterke reaksjonar i tida etter, såpass sterke at ho etter ei stund kom til psykolog. Det var psykologen, ikkje jenta, som meinte det var valdtekt. At hendinga ikkje samsvarar med dei mest opplagte døma på valdtekt, gjer det ikkje automatisk til ein bagatell. Den unge mannen forsøkte utnytta at jenta var på besøk og sannsynlegvis ikkje kom til å laga noko bråk.

Det er problematisk at dette vert omtala som klassisk. For dei som har opplevd liknande situasjonar eller verre, er slike kommentarar på ingen måte til hjelp. Å seia at unge kvinner er for kjenslevare og ropar valdtekt i utide, gjev støtte til tankane om at ein skulle ha tolt såpass, at ein skulle vore tydelegare sjølv om ein var usikker, forvirra, redd, at viss ein ikkje var skrikande tydeleg, så var ein med på det. Slike tankar er det meir enn nok av. Kva med dei unge mennene? Har dei aldri noko ansvar i desse situasjonane? Menn kan betre enn dette, og som samfunn skal me forventa at dei gjer betre enn å prøva ta seg til rette berre fordi dei trur dei har rett til det.

Det er altfor lett å seia til unge kvinner at festrelaterte valdtekter berre er fyllerør, at det er slikt dei kan skriva på tabbekvoten. Det gjev eit signal om at dette ikkje er viktig, at fylla har skulda, at det gjeld å gå vidare til neste fest, og neste nachspiel, og håpa det går betre då. Korleis kan det gå betre viss ingen har forstått kva som skjedde då det gjekk dårleg?

Eit «nei, takk» kan ta andre former enn akkurat dei orda.

Viss ein skal forstå korleis ein kan unngå valdtekt, må ein få betre rettleiing på den seksuelle danningsreisa. Det hjelper lite å læra om prevensjon viss ein ikkje trur på at ein har lov til å seia nei til sex viss ein ikkje har lyst. Det hjelper så lite å læra ungdomane at den seksuelle lågalderen er 16 år, viss ein ikkje snakkar med dei om grensesetjing og om korleis alkoholrus virkar inn på dømekraft og evne til å forstå situasjonar og til å tolka signal. Eit «nei, takk» kan ta andre former enn akkurat dei orda.

Kan me snakka om at «truende atferd», slik det står i §291 bokstav b, ofte er meir samansett enn ein kniv mot halsen? Og om at ingen variantar av sex er greit viss den dei vil ha sex med har kollapsa på sofaen? Flørting og klining er ikkje andre former for «ja» til å ha sex seinare, heller ikkje viss ein har sovna eller på andre måtar kollapsa på ein sofa. Korleis er det for kvinna å vakna etter noko slikt? Er det framleis berre fyllerør, viss ho vaknar av mareritt? Viss ho seinare ikkje klarer nyta sex, fordi kroppen hugsar fyllerøret og ho får panikkangst i staden for orgasme?

Den største myten me har om valdtekt i dag, er at det berre er ubehageleg fyllerør. Viss forventningane om å få ha sex ligg så tungt rundt det å gå på fest, nachspiel, eller ut på byen, at det at ein mann tek seg til rette når kvinna han har flørta og klina med kollapsar på sofaen vert rekna som fyllerør, er det forventningane det er noko gale med, ikkje kvinna.

Mer fra Debatt