Annonse
00:01 - 06. mai 2016

Hallencourts komet

Den provokative krafta i å seia noko vakkert om livet i arbeidarklassen er forbløffande.

Kritiserer Fløgstad: Den franske forfattaren Édouard Louis meiner Kjartan Fløgstads forståelse av arbeiderklassen utelater kjønn, etnisitet og legning, og at man «i en avis fra 1950-tallet vil du se meningene hans, ord for ord.» Foto: Christian Belgaux
Annonse

Fløgstad vs. Louis

I sin nye essaysamling Etter i saumane kritiserer Kjartan Fløgstad (f. 1944) fremstillingen av arbeiderklassen i romanen Farvel til Eddy Bellegueule (2014), det selv­biografiske debutverket til den franske forfatteren Édouard Louis (f. 1992). Forrige uke svarte Louis på Fløgstads kritikk og hevder blant annet at Fløgstads forståelse av arbeiderklassen utelater kjønn, etnisitet og legning.

Hør Kjartan Fløgstad svare Édouard Louis på Morgenbladets podcast. Abonnér i Itunes eller lytt her: 

Klisjeane om den råbarka og voldelege arbeidaren er djupt nedfelte i elitetenking, populærkultur og kollektivt medvit. Det er desse forestillingane Etter i saumane handlar om, og dei siste vekene har fått fram i dagen, på avisforsider og i den offentlege samtalen. I bokform og på Skype frå Buenos Aires – mi Buenos Aires querida – gir forfattaren Édouard Louis sjølvopplevd ammunisjon til endå meir solide borgarlege fordommar.

Édouard Louis er namnet på ein ung fransk forfattar som debuterte i 2014 med den sjølvbiografiske romanen Farvel til Eddy Belleguele. Som debutverk er det ei lovande bok, men ikkje god. Det som har gjort boka til eit fenomen, er ikkje det litterære innhaldet, men mottakinga, som er det eg har sett nærmare på. Det kritiske jubelbruset har skapt den sjølvbiografiske romanen om Eddy Belleguele om til fenomenet Éduoard Louis.

Opp mot denne «følsomme klassereisa» stiliserer kritikken, slik til dømes Aftenpostens bokmeldar uttrykte det, forfattarens «åndsfattige, pengefattige, voldsherjede, alkoholsforstyrrede og rasistiske arbeiderklassebakgrunn.» Og klassereisa går vidare som lanseringsturné.

Over heile verda får pene menneske stadfesta sine verste mistankar om arbeidarklassen. Kroppsarbeidarar er «hardhausar» som slår kvarandre, drikk alkohol, har seksuell omgang. Skitne er dei òg. I intervjuet med Morgenbladet blir vi minte på at Eddy og søskena måtte vaska seg i same badevatn, fordi foreldra «ikke har råd til større varmtvannstank.» Det er ikkje måte på lidingar den følsomme forfattaren har blitt utsett for. «Eg har ingen lukkelege minne frå barndommen.»

Midt i den overveldande kritiske og kommersielle suksessen sende Nouvel Observateur journalisten David Caviglioli til Hallencourt, barndomsbyen til Louis. I reportasjen gjorde Caviglioli eit par faktiske feil. Svaret frå Édouard Louis var minst like krakilsk som kommentarane i Skype-intervjuet med Morgenbladet. I begge tilfelle inntok Louis offerrolla. I Hallencourt hadde han vore offer for folket i byen, nå var han offer først for ein nærgåande journalist, og så for ein kritisk norsk kollega.

Kva meinte folk i heimbyen om boka? Mor til Eddy heiter Mónique og kjende seg ikkje igjen. «Vi har gitt han kjærleik og aldri vore homofobe,» seier ho. Søstrene Mélanie og Candy er enige, det same er naboane. Og vesle Andy, har han slått og plaga storebror Eddy, eller er det tvert imot forfattaren Édouard Louis som utøver tung symbolsk vold mot dei yngste familiemedlemmene?

Jo svartare det proletære mørkret fortettar seg rundt Eddy, jo meir strålande skin lyset frå den oppstigande borgarlege kometen Édouard ned over lesarane til forfattaren Louis.

Etter å ha tumla i femti år med slike spørsmål som Édouard Louis tar opp, skal eg vakta meg vel for å formana min unge franske kollega.

Gjennom iherdig strev lærer Eddy nye vanar, nytt språk, får større varmtvasstank, nye omgangsformer. Som han sjølv seier, reddar middelklassen og toleransen til dei privilegerte Édouard Louis frå Eddy Belleguele og bort frå den nordfranske industribyen. Vel å merke gjeld toleransen berre den som prøver å likna dei privilegerte.

I det sosiale universet til forfattaren Édouard Louis finst det, skreiv Mímir Kristjánsson, berre eitt menneske som har det vondt og skal bergast. Det er han sjølv. I verda hans finst det ingen arbeidslag, ikkje fagforeningar eller kollektiv organisering. Tilbake står det einsame, heroiske individet som på eiga hand frigjer seg frå den foraktelege flokken. Slik har den aggressive konservatismen alltid tenkt. I intervjuet med Morgenbladet nemner Éduoard Louis med god grunn Nietzsche. Hos Ayn Rand kunne han også finna mykje å gleda seg over. Her har Édouard Louis rett, det dreiar seg om kamp mellom to verdssyn. Sin eigen lykkes smed, eller med i Jern og Metall.

Som Édouard Louis´ fremste introdusør i Norge, har Sandra Lillebø vore påpasseleg til å peika på at klasseforskjellane er mykje råare i Frankrike enn i Norge. Derfor har det sosiale ressentimentet større kraft. Og Eddy Belleguele voks ikkje opp i den godt organiserte arbeidarklassen, men i det som meir liknar på filleproletariatet, og har sjølv inga erfaring med industriarbeid.

Denne bakgrunnen viser seg når Édouard Louis snakkar om politikk. «Solidaritet og samhold for hvem? Det gjelder bare for hvite heteroseksuelle menn. I landsbyen hvor jeg vokste opp, stemte 65 prosent på det ekstreme høyre. På Marine Le Pen. Alle i min familie stemte på det ekstreme høyre.»

Om dette er riktig nok , så er det like sant at folk stemmer ikkje på Front National kvar veke, slett ikkje kvar dag, ikkje kvar time på dagen. Dei har ikkje alltid stemt slik, og treng ikkje alltid gjera det. Likevel blir dei summarisk avskrivne av Édouard Louis.

Sjølv trekker han fram «nye stemmer som snakker om sosiale problem, kvinner, svarte, arabere, migranter, homofile, lesbiske.» Med andre ord går Louis inn for politisk organisering på grunnlag av kjønn, etnisitet, seksuell legning. Om det politiske venstre set undertrykte grupper opp mot kvarandre på denne måten, er det vanskeleg å sjå for seg at «hvite, heteroseksuelle menn» har andre talsmenn å gå til enn demagogane på høgresida.

Etter å ha tumla i femti år med slike spørsmål som Édouard Louis tar opp i Farvel til Eddy Belleguele, skal eg vakta meg vel for å formana min unge franske kollega. Men eit minne vil eg gjerne dela. Av mine franske utgivingar er det særleg to som krinsar rundt ein norsk industriby på same storleik, og ikkje heilt ulik Hallencourt. Le chemin d´Eldorado kom ut første gong på fransk i 1991, ny utgåve 2007, og Grand Manila i 2009.

Ein gong seint på 1990-talet, trur eg det må ha vore, var eg invitert på gymnasturné i industriområdet Mulhouse-Sochaux oppe ved den franske grensa mot Sveits. Ein av lærarane hadde lese Le chemin d´Eldorado saman med elevane. Frå kateter til kateter gjorde eg mitt beste på eit fransk eg håpar det ikkje eksisterer lydopptak av. Men stemninga var god, det var ikkje kvar dag det kom besøk av ein forfattar som stotra i veg og snakka om å veksa opp blant industriarbeidarar.

Etter kvar time stilte elevane opp i lang kø, og ville ha autograf på dei stensilerte arka som fortalde om ein liten norsk gut som spring frå bondesamfunnet inn i den industrielle moderniteten. Vi spurde ikkje om legning, og eg må vedgå at eg såg mest på jentene. Av namna deira, når dei presenterte seg, og av utsjånad, var det tydeleg at mange av dei hadde arabisk eller berbisk bakgrunn. Dei var barn av nordafrikanske arbeidarar, som hadde fått jobb i den franske bilindustrien ein generasjon tidlegare, og saman med sine franske kameratar hadde organisert seg og kjempa fram gode kår for seg og sine. Igjen og igjen skreiv eg namnet mitt på stensilen frå Dalen Portland, medan dei smellvakre ungane deira, den eine etter den andre, tok imot og gav meg kyss på kinnet til takk.

Kjartan Fløgstad er forfattar. Siste bok: Etter i saumane.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Ideer