00:00 - 30. april 2020

Nytt håp for studentromanen

Vilde Fastvold skriv klokt om kvit skuld i debutromanen Felt.

Debutant: Vilde Fastvolds roman består i sin helhet av mange fint observerende og språklige trekk og strekk, skriver Morgenbladets anmelder. Foto: Julie Pike / Gyldendal

Med utgangspunkt i eigne erfaringar som antropologistudent på den franske øya Martinique i Karibia, debuterer Vilde Fastvold med romanen Felt. I historia om eit feltarbeid som er i ferd med å strande, plasserer den ferske forfattaren antropologisk teori, antropologiske klassikarar og kolonihistorie side og side med skildringar av asymmetriske relasjonar og maktstrukturar, uhemma sex og ei underliggande økologisk krise. Det er såpass snedig gjort at ein nærast får tilbake trua på studentromanen som sjanger.

Postkolonial klokskap. Fastvolds skildringar av det antropologiske feltarbeidet på Martinique tar sats i det sanselege og utviser ein djerv vilje til å blottlegge det eksotiserande, sensuelle og eksistensielle blikket hovudpersonen trass alt ber med seg i møte med eit tropisk paradis. Antropologistudenten Fam er høgst bevisst overfor og bevandra i kolonialistiske strukturar og feltarbeidets mange etiske dilemma, men like fullt og ironisk nok kvittar ho seg med dei fleste hemningar da ho landar i Karibia. Som ein god, skandinavisk charterturist.

Overfor den potensielt permanente kjærasten heime i Noreg, hevdar ho at han ikkje kan kritisere henne for å vere substanslaus eller klisjéaktig sølvdestruktiv. Han risikerer jo ingenting som helst. Han på si side seier at det finst verdiar å navigere etter, både i og utanfor den norske stova. Og at han synst ho er veik som berre gir slepp på det og lèt seg forføre av førestillingar om eit vilt og poetisk liv. Utan å dyrke det hemningslause eller idyllisere det snusfornuftige, viser forfattaren at det finst ein viss fornuft og modning i begge perspektiv

Annonse