Annonse
00:00 - 01. mars 2019

Eit sinnrikt julekvad

I Vinter held Ali Smith fram med å lese etter samfunnet i ein brexitatmosfære.

Dialog: Smiths prosa går ofte i dialog med andre tekstar, andre forfattarar, annan kunst. Foto: David Levenson / Getty Images
Annonse

Den britiske forfattaren Ali Smiths vedvarande utgangspunkt er at all litteratur handlar om kven som har røyst og kven som ikkje har det. Smith dyrkar litteraturens bildekraft og kombinerer dette med diktingas samfunnskritiske potensial. Slik har den karakteristisk ordleikande røysta frå det skotske høglandet, med base i Cambridge, blitt ein av Storbritannias mest eigenrådige og inspirerande.

På utsida. Det skotske kan ein skimte på ulike vis i bøker av Smith. Det er til dømes Gemma cruisevertinne i novella «Paradis» frå samlinga Hele historier og andre historier (2005) som prøver å halde ut til sommaren er over og ho endeleg kan begynne å studere langt borte frå landskapet som ho skal vise fram til turistane: «Hun er liksom forpliktet til å elske det. Hun gjør det. Hun var ikke skotsk ellers. Hun er liksom forpliktet til å være stolt av det. Hun var ikke skotsk ellers. De driver helt sikkert og filmer det. De var ikke svin ellers.»

Då eg intervjua Ali Smith i 2008, snakka ho mykje om kor viktig det er å erkjenne at ein ikkje slepp unna staden som har forma oss. Å kome frå Skottland, og da særleg Nord-Skottland, betydde for henne å måtte heve røysta for å bli høyrd. Gjennom heile 1990-talet var Skottland ein marginalisert del av Storbritannia. Men det førde med seg protestar og ikkje minst auka sjølvmedvit – noko som har vart ved og mellom anna manifestert seg ved folkerøysting om skotsk sjølvstende.

ALLEREDE ABONNENT?
Kjøp abonnement
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse