Annonse
00:00 - 23. november 2018

Stridsbergs omsorg for menneska

Ingen skriv verkelegheitslitteratur som Sara Stridsberg.

Viktig: Med sitt feministiske perspektiv og sin originale skrivemåte har Sara Stridsberg posisjonert seg som ein av dei verkeleg viktige forfattarane i Skandinavia. Foto: Jessica Gow / TT Nyhetsbyrån / NTB Scanpix
Annonse

Svenske Sara Stridsbergs prosa er ei vedvarande utforsking av moglege måtar å vere i verda på. For romanen om den amerikanske feministen og forfattaren Valerie Solanas, Drömfakulteten (2006), mottok ho i 2007 Nordisk råds litteraturpris. Med sitt feministiske perspektiv og sin originale skrivemåte har ho posisjonert seg som ein av dei verkeleg viktige forfattarane i Skandinavia. Den posisjonen er yttarlegare styrka med haustens utgiving Kärlekens Antarktis.

Kjend kriminalsak. I korte prosastykke og sceniske sekvensar skildrar Stridsberg forspelet og sjølve dødsaugeblikket til hovudpersonen i romanen. Den som fortel, er ei myrda kvinne: «Jag tänker att jag ska låta er värld vara, men plötsligt står jag där och kikar in igen.» Ho fortel om den verda ho har forlate, om dei ho har mista, om livet i storbyens utkant og underverd, om dei to barna som blei tatt frå henne, og ho fortel om mordaren.

Stridsbergs bøker kan ofte lesast som fabuleringer over eit liv eller ein allereie eksisterande tekst: over Sally Bauer som svømte over den engelske kanalen (Happy Sally, 2004), over Valerie Solanas og manifestet hennar «SCUM, Society For Cutting Up Men» (Drømmefakultetet 2007) og over Lolita-forteljinga og Vladimir Nabokovs roman (Darling River 2010). Årets roman har eit tydeleg førelegg i det brutale mordet på den prostituerte kvinna Catrine de Costa i 1984, ei av dei mest kjende kriminalsakene i nyare svensk historie.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse