Portal

Garborg, Uppdal og den russiske revolusjonen

MEDIEHISTORISK TIDSSKRIFT: Historia om dei norske anarkist-kommunistane eller bonde-anarkistane i perioden før den russiske revolusjonen er ikkje fullt så eksotisk og annleis som ein skulle tru ved fyrste augekast.

I siste halvdelen av det 19. hundreåret vaks det fram ei revolusjonær arbeidarrørsle i Norge. Den har vore grundig diskutert og studert frå mange vinklar. Men om lag samstundes fanst det eit litt anna revolusjonært miljø samansett mest av bønder og bondestudentar som på ulike vis var knytte til målrørsla og skreiv i målblada. Dei mest kjende representantane for dette miljøet er kanskje Arne Garborg, Ivar «Matlaus» Mortensson-Egnund og Rasmus Steinsvik. Desse tre stod mellom anna bak avisa Fedraheimen, som ein periode rundt 1890 kalla seg «anarkistisk-kommunistisk organ». Til denne kretsen bør me også rekne Kristofer Uppdal og Hulda Garborg, som er dei to mest interessante med tanke på norsk pressedekning av den russiske revolusjonen.[i] Dei to var kanskje ikkje å rekne som «anarkistar», sjølv om Hulda Garborg stundom kalla seg sjølv «nihilist». Likevel var dei djupt påverka av den radikale fridomstradisjonen som gjennom Arne Garborg, Ivar Mortensson-Egnund og Rasmus Steinsvik strøymde frå delar av bonde- og landsmålsrørsla.

Det er i norsk samanheng skrive atskilleg mindre om dette straumdraget enn om andre delar av den revolusjonære rørsla. Men eg trur at kunnskap om kva dei i samtida tenkte om den russiske revolusjonen, kan kaste lys over norske reaksjonar på «revolusjon» og revolusjonære organisasjonar både i åra etter den russiske revolusjonen og seinare.

I denne artikkelen er eg særskilt interessert i å forstå korleis dei reagerte på den russiske revolusjonen i lys av denne særeigne, revolusjonære tradisjonen.

Internasjonale perspektiv på den anarkistiske rørsla

Historia om dei norske anarkist-kommunistane eller bonde-anarkistane i perioden før den russiske revolusjonen er ikkje fullt så eksotisk og annleis som ein skulle tru ved fyrste augekast. Dei siste åra har det kome ei rad publikasjonar internasjonalt som drøftar liknande rørsler i Argentina, Mexico, Egypt, Sør-Afrika, Ukraina, Russland, Irland og Italia, berre for å nemne nokre få døme.[ii] Innspel frå desse internasjonale studiane kan hjelpe oss til å forstå sentrale trekk ved framveksten av eit liknande straumdrag i Noreg. Dessutan var Garborg, Mortensson-Egnund og Steinsvik ivrige lesarar av radikale blad og revolusjonære bøker frå utlandet. Difor er det rimeleg å byrje med nokre perspektiv frå aktuell internasjonal litteratur.

Det er spesielt fire aspekt som er nyttige for denne artikkelen: tilknyting til bondesamfunnet, nasjonalisme, interesse for marxisme og arbeidarrørsle, og «republikansk strid» mot tyranni. Alle desse fire aspekta må med for å forstå kvifor dette miljøet på same tid kjende sympati med revolusjonen og motvilje mot dei bolsjevikiske leiarane.

Benedict Anderson drøftar noko som kan sjå ut som eit paradoks ved anarkist-rørsla ved inngangen til det 20. hundreåret.[iii] På den eine sida agiterte anarkistar og syndikalistar for internasjonal solidaritet på tvers av landegrensene i kamp mot kapitalistar og tyrannar. I dag er dei fleste anarkistar antinasjonalistar. Men den gongen var mange av dei tett knytte til nasjonale frigjeringsrørsler og ulike former for nasjonsbygging. Sett i lys av denne rørsla si seinare historie er det ikkje heilt enkelt å forstå samspelet mellom anarkisme som revolusjonær ideologi og nasjonalistiske rørsler. Men i samtida, forklarer Anderson, var det berre naturleg at kampen mot autoritære regime, tyranni og imperialisme måtte føre til engasjement i dei alternative fellesskapa som kravde frigjering frå autoritære regime og imperium.

Eit anna trekk internasjonalt var at mange leiarar kom frå bondestanden. Dei var glødande antikapitalistar, og meinte nok at industriarbeidaren hadde ei rolle å spele, men ikkje åleine eller som protagonist. Visjonen for det framtidige samfunnet bygde like mykje på røynsle frå oppvekst og liv i mindre bondesamfunn som frå industriarbeid. Ettertida har gjort mykje ut av striden mellom Bakunin og Marx spesielt og mellom anarkistar og marxistar generelt. Men dei siste åra har ei rad publikasjonar i staden fokusert på samarbeid og fellesskap i teori og praksis mellom anarkistar og marxistar.[iv] Ifylgje denne litteraturen har snevert fokus på kampen om hegemoni over arbeidarrørsla skapt eit skeivt bilete der mange kvardagslege og praktiske samarbeid og fellesskap har kome meir i bakgrunnen enn dei burde. Det var strid mellom anarkistar og marxistar, men samarbeid var mist like viktig som strid. Likevel, minner Kinna og Altena oss om, er den anarkistiske rørsla forankra i ein «republikansk tradisjon» som legg vekt på individuell fridom og kampen mot tyranni.[v]

Desse fire tendensane i den internasjonale litteraturen har vore med å styre undersøkinga av dei norske kjeldene i denne artikkelen.

Kommentarar om kjelder og metode

Arbeidet med denne artikkelen byrja med ei undersøking av Den 17de Mai frå januar 1917 til utgangen av 1919. I denne perioden trykte avisa svært mange artiklar som på ulikt vis omtala eller nemnde utviklinga i Russland. Mange av desse handla fyrst og fremst om krigen som herja i Europa, og er mindre relevante for denne studien. Likevel finst det eit bra materiale som egnar seg godt for kvalitativ undersøking av korleis avisa stilte seg til revolusjonen.

Dei var djupt påverka av den radikale fridomstradisjonen som gjennom Arne Garborg, Ivar Mortensson-Egnund og Rasmus Steinsvik strøymde frå delar av bonde- og landsmålsrørsla

Den 17de Mai var grunnlagt av redaktørane Arne Garborg og Rasmus Steinsvik i 1894, og var i mange år den fremste riksdekkande nynorskavisa. Både Hulda Garborg og Ivar Mortensson-Egnund skreiv mykje i Den 17de Mai, og Kristofer Uppdal var kulturredaktør og bokmeldar i fleire år før 1917.

Deretter undersøkte eg andre blad og aviser der Garborg og Uppdal ofte skreiv. Sentralt her står bladet For Bygd og By, der Hulda Garborg var drivande kraft med fast spalte, mellom anna i perioden etter revolusjonen i Russland, og ein serie artiklar om arbeidarrørsla og den russiske revolusjonen som Kristofer Uppdal skreiv i Dagbladet i 1918.

I arbeidet med å forstå artiklane har eg hatt nytte av ei lang rad med biografiar om dei sentrale personane. Spesielt gjeld det Hulda Garborg, Arne Garborg, Kristofer Uppdal, Rasmus Steinsvik og Ivar Mortensson-Egnund.[vi] Revolusjonær politikk speler ikkje noka spesielt viktig rolle i nokon av desse biografiane – biografane er mest opptekne av målrørsle, målstrid, litteraturhistorie, nasjonalisme og feminisme – men det finst mange episodar og kommentarar gøymt i biografiane som gir ny meining når dei vert lesne i sin politiske og aktivistiske kontekst. Når det gjeld Arne Garborg, som i 1917 skreiv mindre i avisene om dagsaktuelle tema, har eg hatt mest nytte av dagbøkene.

Det meste av arbeidet har handla om å nøste i innhaldet i desse artiklane og meiningane om revolusjonen i Russland for å finne røter i historiene. Eg har lese alle årgangane av Vestmannen (1887–1889), redigert av Rasmus Steinsvik, Fedraheimen frå 1887 til 1891, med vekt på artiklar av Garborg, Steinsvik og Mortensson-Egnund, og årgangane av Den 17de Mai frå 1894 til 1900, med vekt på artiklar av dei same forfattarane. Føremålet har vore å forstå utviklinga av dei politiske og sosiale analysane som førte fram mot dei standpunkta om revolusjonen i Russland som synte seg etter 1917.

Revolusjonen vekkjer interesse

Revolusjonen i Russland fekk stor merksemd i norsk presse av mange årsaker, slik som Fonn og andre viser i dette nummeret. Slik var det også i Den 17de Mai, heilt frå februarrevolusjonen til krigen mellom «kvite» og «raude» etter novemberrevolusjonen. Revolusjonen vart oppfatta som viktig fordi han kunne peike framover mot ein slutt på blodbadet som hadde herja sidan 1914. Samtidig vekte striden mot tsaren sympati. Den 17de Mai såg ein parallell til sin eigen strid mot svenskekongen for norsk sjølvstende. Her skal eg fokusere på tida etter den sjuande november då bolsjevikane greip makta i Russland.

Allereie den 8. november var «Ny revolusjon i Russland» overskrift på fyrste sida av Den 17de Mai. Artikkelen «Stoda i Petrograd kritisk. Striden mellom arbeidarraadet og riksstyret kvesser seg til» stod side om side med artiklar om «engelsk» framgang i krigen og om endringar i den franske krigsleiinga.[vii] Ein usignert notis på fyrstesida fortel oss litt om korleis avisa dekte utviklinga i Russland:

Petrograd i gaar. Bladi er svært uppskræmde over den sterke freistnaden fraa maksimalistane paa aa riva magti til seg. Dei hev mange upprop til folket um aa samla seg for fedrelandet.

Her skimtar me fleire tema som går att i stoffet om revolusjonen i avisa. For det fyrste ser me korleis Den 17de Mai nyttar seg av internasjonale telegrambyrå for å få tilgang til informasjon om det som går føre seg. Mykje av stoffet dei neste par åra ser ut til å vere henta direkte frå slike internasjonale byrå. Men her viser avisa til russiske blad («bladi»), altså lokale kjelder, utan å gå i detaljar om kven desse blada var. Likevel kan me skimte ein viss identifikasjon med «bladi» – i alle fall dannar synsvinkelen til «bladi» også ramma for notisen (det er frå dei «svært uppskræmde» sitt perspektiv nyhende vert fortalde). Det siste elementet i notisen, oppmoding til kamp for «fedrelandet» mot trugsmålet frå arbeidarråd og maksimalistar, vart også eit tema i diskusjonen om revolusjon, spesielt for Hulda Garborg. Det kjem me attende til seinare.

Striden mot tsaren vekte sympati. Den 17de Mai såg ein parallell til sin eigen strid mot svenskekongen for norsk sjølvstende.

Sjølv om omfanget av dekninga utover vinteren og våren 1918 er imponerande, er det samstundes prega av forvirring, for det var ikkje lett å skaffe påliteleg informasjon om det som hende i Russland. Redaksjonen var heller ikkje i stand til å gjere eigne kritiske vurderingar av informasjonen som kom inn, sidan dei vanta kunnskap. Difor var det ikkje anna å vente enn at det oppstod ein del mistydingar, slik som i notisen over. «Maksimalistane» var eigentleg ei radikal retning i Det sosialrevolusjonære parti, som visseleg deltok aktivt i revolusjonen, men som tidleg vart utmanøvrerte av marxistar. Det var kanskje «marxistane» og ikkje «maksimalistane» skribenten eigentleg hadde i tankane? I tillegg til omgrep som «maksimalist» måtte ein skribent kunne halde greie på både «marxistar», «mensjevikar» og «bolsjevikar», og det vart ikkje mindre komplisert av at ordet «mensjevik» betydde noko slikt som «minoritet», sjølv om dei – mensjevikane – eigentleg var flest. Informasjonen som strøymde inn frå Russland gjennom internasjonale telegrambyrå, må ha verka kaotisk på både journalistar og lesarar.

Me får eit betre inntrykk av korleis undring blandar seg med sympati for revolusjonen viss me går til dagbøkene til nokre av dei sentrale personane i det radikale nynorskmiljøet. Arne Garborg, til dømes, har fleire stadar i dagbøkene sine skrive små kommentarar til utviklinga i Russland. Den 10. november skriv Garborg om nyhenda i Russland: «Ny Revolusjon i Russland. D.v.s. alt der inne stend so laust no, at kven som vil kann faa det til aa ramle.»[viii] Også Garborg seier at «dei nye 'Magthavarann' kallar seg 'Maksimalistar' (eit socialistisk Parti, som styd seg til Arbeidarar og Soldatar)». Det er vel ikkje urimeleg å tru at Garborg her har henta informasjonen frå artikkelen i Den 17de Mai frå to dagar før.

Garborg er i utgangspunktet positiv – «Programe ser godt nok ut», skriv han, og listar opp tre av hovudpunkta: «1) ein demokratisk og rettferdig Fred utan Anneksjonar eller Skadebøter – straks; 2) Jordi til Bønderne; 3) Arbeidarane skal føre Kontrol med Produksjonen». For ekteparet Garborg var det dessutan viktig at det nye regimet i Russland lova alle folka i landet sjølvstyre. Sjølvstyre for alle folk var eit argument som dei kunne forstå sidan dei sjølve hadde vore aktive i kampen for norsk sjølvstyre nokre år tidlegare.

Likevel er Arne Garborg skeptisk. «Men ein demokratisk og rettferdig Fred straks, naar Tysken stend langt inn-i Russland og Russeheren er heilt demoralisera (og dei nye Herrane gjennomfører Demoralisasjonen), - det kann ikkje bli anna enn Snakk». Sjølv om programmet ser vakkert ut, kan det ikkje verte tale om noko anna enn «Russlands Sjølvmord», skriv han med referanse til ein artikkel i Dagbladet. «Russland var nok likevel ikkje 'mogje for Fridomen'», avsluttar Garborg den 10. november.

Dei neste vekene er det blodbad og kaos som pregar det Garborg skriv om hendingane om Russland i dagboka. Spesielt er han vonbroten over russisk freistnad på å få til ein fredsavtale med Tyskland. Garborg ser det som ein tragisk siger for prøyssisk «Orden» over «Rettferd».

Eit år seinare ser han meir lyst på utviklinga. Han har oppdaga nye sider ved bolsjevikane og det nye russiske regimet: «Det fæle Stykke ramsvart Millomalder, som kalla seg Russland, ser verkeleg ut til aa ha fenge operera burt – for godt – Tsardøme; og Bolsjevikarne – som lenge saag ut til leigde Prøyssen-Tenarar – skal, etter det som meir og meir synest visst, vera ærlege Framgangsmenn, som baade vil og synest vera i Stand til aa gjennomføre verkeleg ny Tid i Russland». [ix]

Nokre gonger får dei tak i informasjon på andre måtar enn gjennom blada. Tor Obrestad fortel i biografien «Hulda» om eit middagsselskap hjå Ludvig Meyer, som nett var heimkomen frå ei reise i Russland, der han fekk treffe både Lenin og Trotskij. Trotskij hadde gjort eit dårleg inntrykk. Han var «halvkultivert» og ikkje spesielt intelligent, meinte Meyer. Lenin, derimot, var «elskverdig».[x] I diskusjonen støtta Meyer forsiktig dei sosialistiske og revolusjonære ideane, medan Arne Garborg heldt seg til eit «georgistisk» synspunkt, ifylgje Hulda. Sjølv hadde ho vorte meir radikal igjen i løpet av verdskrigen, og i middagsselskapet stilte ho seg mellom «georgisten» Arne Garborg og den (varsamt) revolusjonære Meyer.

Veksande skepsis

Det var skilnad på «georgisme» og revolusjonær sosialisme. Men det var også likskap. «Georgistane» henta filosofien sin frå Henry George (1839–1897), som meinte at alle har rett til å eige det dei skaper sjølv, men at jord og natur høyrer til alle i fellesskap. Georgismen fekk ein del tilhengarar i Noreg mot slutten av det 19. hundreåret. Nokre av anarkist-kommunistane, som Arne Garborg, let seg inspirere av den nye politiske filosofien.

Det er ein revolusjonær filosofi Arne Garborg skildrar i eit avsnitt i dagboka (1919):

Skal det verte Fred i Verdi, so maa Folki taka Magti, og alt maa bli snutt um. Me maa faa full Fridom for Arbeid og Handel (Grunnskyld i Staden for Skattar og Toll) og fullt Sjølvstyre (Samstyre i Staden for Diplomatkunster og Militærbraak og Borgar- og partikrig).[xi]

Programmet er radikalt, og slett ikkje så ulikt revolusjonær sosialisme. Me kan også sjå røtene attende til anarkokommunismen som inspirerte Garborg, Steinsvik og Mortensson-Egnund tre tiår tidlegare. Då skreiv dei på framsida at Fedraheimen

stri mot pengevelde, prestevelde, statsvelde. Han arbeider for, at folk skal faa tenkje og tale fritt og stelle seg, sovitt mogeleg, som dei sjølve vil, og for at arbeide skal vera herre over kapitalen.[xii]

Kampen for eit sjølvstendig Noreg hadde kanskje gjort dei mildare til tanken på «staten», men ikkje når det gjaldt parti, partipolitikk og «herremakt». Kanskje var det kampen for eit sjølvstendig Noreg, med sin eigen stat, som gjorde at Arne Garborg gjekk frå anarkisme til georgisme? Men vegen frå den norske anarkist-kommunismen til georgismen var ikkje særleg lang.

Det er spesielt skepsisen til politiske parti og redselen for nye herskarar som formar Garborgs syn på dei revolusjonære sosialistane.

I same kommentaren skriv Arne Garborg

Men Folki kann ikkje taka Magti. Folki kann tvo Ting: gjera Revolusjon og setja nye Herrar yver seg eller drive Partikrig med (…) større og større Partiførarmakt. Det vert det same som «ny Herremakt», skriv han. «Og so vert det æveleg same Dansen: Fraa skiftande Former av Smaaherrestyre til nytt Storherrestyre (‘Cæsardøme’), og gjennom det til Undergang.

Skrekkvisjonen var at eit «umogje folk» sjølv, friviljug, skulle sleppe fram dei nye Herrane. «Partikrig» var verktyet dei nye herrane kunne bruke for å samle all makt i eigne hender. Bruken av omgrepet «Undergang» kan kanskje synast overdriven med vår tids augo, men det fall vel meir naturleg i 1919.

«Programe ser godt nok ut», skriv Garborg, og listar opp tre av hovudpunkta: « 1) ein demokratisk og rettferdig Fred utan Anneksjonar eller Skadebøter – straks; 2) Jordi til Bønderne; 3) Arbeidarane skal føre Kontrol med Produksjonen»

Tyskland og revolusjon

Miljøet rundt Hulda og Arne Garborg hadde lese russiske anarkistar som Kropotkin og Tolstoj sidan siste del av 1880-åra. Hulda kalla stundom seg sjølv «nihilist», sjølv om det sikkert ikkje skal takast heilt bokstavleg. I Fedraheimen og Den 17de Mai trykte dei nyhende om både russisk politikk og terror. Likevel var vel kunnskapen om Russland nokså avgrensa. Noko anna var det med kunnskapen om Tyskland, Italia og Frankrike; alle hadde dei gjort lange reiser sørover. Der hadde dei gode vener og hadde fått inngåande kunnskap om kunst, kultur, politikk og samfunnsliv. Synet på revolusjonen i Russland og bolsjevikane vart nok forma av nyhende dei fekk frå Russland, men det vart like mykje forma av nyhende frå Tyskland.

Våren 1920 gjorde Hulda Garborg ei lang reise ned gjennom Tyskland og Frankrike til Spania. Ho reiste saman med venninna Fernanda Nissen, kjend kvinnesakskvinne og sosialist. Men Nissen fekk lungebetennelse og døydde etter eit kort sjukeleie hjå ein felles familieven i Barmen, Tyskland. I brev heim til Arne fortel Hulda inngåande om det som hende då ho reiste til Barmen for å kremere den døde venninna.

Familievenen Heinrich møtte Hulda i Køln. Men det vart ei strevsam reise vidare fordi «revolusjonære bander» hadde «rekvirert» den vesle bilen som Heinrich eigde. Ein annan dag, fortel Hulda, dukka ei «bande» på åtte væpna menn opp på trappa.[xiii] Dei tok med seg to jaktgevær. Her er det ikkje hyggeleg, skriv Hulda. Medan Hulda var i Barmen, fekk ho sjå marsjerande raude tropper. «Her, like forbi huset, gik igaarmorges en flok paa 2–300 ganske unge mennesker, bevæpnet med geværer.» Ho fekk sjå korleis dei tok seg inn i butikkar for å «rekvirere» det dei ville ha. «Ingen tør negte dem, for de har sin vagt utenfor.»[xiv] «Fernanda fik da oppleve revolution, som hun ønsket», noterte Hulda lakonisk i brev heim til Arne.

Heime på Labråten vart Arne påverka av det han høyrde. Han, som hadde byrja å tru at bolsjevikane var ekte framgangsmenn, skriv no i dagboka om «Bolsjevik-Villska» i Tyskland.[xv] «ingenstad er ein trygg, og ingenting kann ein vita. Dei verste Bandittar med sine Kvende stryk ikring og 'rekvirerer' i Staden for, som det fyrr heitte, aa røve». Erfaringane i Tyskland ga trua på at bolsjevikane var framgangsmenn ein knekk.

Men «Arbeidar»-flokkarne, dei som liksom skal «repræsentere Framtidi», eig ikkje anna «Program» enn «Proletar-Diktature», eller «aalmenn Plundring».

Så langt har me sett korleis radikale nynorskfolk i miljøet rundt Garborg fyrst såg på revolusjonen i Russland med von om fred. Me kan spore sympati med bolsjevikane. Gleda var i alle fall stor over at tsarveldet fall. Men synet mørkna kraftig då dei i Tyskland gjorde seg meir personlege erfaringar med kva revolusjon i praksis kunne føre med seg.

Hulda Garborg og Bygd og By

Hulda Garborg var i perioden etter den russiske revolusjonen drivande kraft i bladet For Bygd og By, eit lite vekeblad som prenta småhistorier, nyhende og la vekt på illustrasjonar og fotografi. Ho var også redaktør ein periode i 1920. No, når me har fått danna oss eit bilete om kva ekteparet Garborg meinte om den russiske revolusjonen, og korleis synet vart forma, kan me lettare forstå biletet som bladet For Bygd og By teikna av revolusjonen for sine lesarar. Det er tett samband mellom private erfaringar og det journalistiske produktet.

Medan Den 17de Mai dekte Russland grundig som ein integrert del av dekninga av verdskrigen, hadde For Bygd og By mykje mindre plass å bruke på utanriksstoff. Det er difor berre nokre få innslag om Russland etter 1917.

Søndag 17. oktober, om lag fire veker før bolsjevikane tok makta, prenta For Bygd og By eit bilete med ein liten tekst som fortel litt om kva bladet meinte var årsakene til omveltingane i Russland. Biletet hadde tittel «Automobil-vigsla», og synte ein bisp i den gresk-ortodokse kyrkja som vigsla ein «krigsautomobil». Biletet var utstyrt med ein tekst på fem linjer, som forklarte at russarane hadde ei «barnsleg tiltru» til prestane. Denne «gode, einfelte tru» hadde dessverre gjeve «presteskapet altfor stor magt over mengdi, og det vantar ikkje på at prestane har misbrukt tiltrui.»[xvi]

Tsarvelde og kyrkjemakt høyrde til den gamle tida som no måtte avløysast av det nye. Slik var også tre portrett som bladet trykte i november 1918 under tittelen «Det gamle og det nye Russland», ramma inn.[xvii] Under tittelen, som symbol på «det gamle», står «Siste fotografiet av den russiske zaren». Under fotografiet av tsaren står to teikningar av Lenin og Trotskij. Dei talar oppglødde og manar til handling. Tsaren, derimot, sit på ein trestubbe med hendene i fanget. Andre kommentarar er det ikkje. Lesaren lyt sjølv tenkje seg fram til resten.

I desember 1918 er det noko heilt anna som møter lesaren: «Frå Villmannsferda til bolsjevikane i Russland», lyder tittelen. Den etterlet lite tru på framgang.[xviii] Denne gongen er det fire anonyme teikningar. Fyrst er det «avhovding av bolsjeviktjuvar». Deretter kjem ei teikning med teksten «Dei set eld paa utplundra hus». Den tredje har teksten «Herkemugen plundrar eit jarnvegstog». Til slutt kjem «Bolsjevikdomstol». På teikninga «Bolsjevikdomstol» sit ein ung mann med skjegg høgt oppe ved bordet. Framfor domstolen står ei gruppe menn som må strekkje seg for å nå over bordkanten. Det er lett å kome i hug Arne Garborgs formulering å «setje nye Herrar over seg» når ein studerer teikninga.

«På den eine sida finn me ei rad med artiklar om streikande arbeidarar, lønskamp, arbeidstilhøve og politikk. På den andre sida handla dei djupare analysane helst om kapitalens herjingar mot småbønder»

For Bygd og By skifta mellom tru og mistru i synet på den russiske revolusjonen. Bladet formidla både håp og frykt gjennom tekst og bilete. Interessant nok var synet på revolusjonen farga og forma av ein føljetong som tilfeldigvis hadde byrja å gå i bladet før november 1917. Det var «Marseille-Bataljonen» av Felix Gras.[xix] Gras var i si samtid ein respektert og mykje lesen forfattar, kanskje mest kjend for skildringane sine av så vel kvit som raud terror i den franske revolusjonen. Felix Gras fekk mykje å seie for Arne og Hulda. To år seinare, då Marseille-Bataljonen vart omsett til norsk, skreiv Arne Garborg i dagboka si: «Eg arbeider med ei Melding av 'Marseille-Bataljonen' (ved Felix Gras), som nettupp er komi paa Norskt; det er eit Kapitel Revolusjons-historie, som denne Revolusjonstidi vaar burde kunna lære av. Men um Folk kann lære? Av anna enn ill Røynd dvs.: naar det er for seint? – Til Slutt skriv ein for seg sjølv: til Klaaring av sine eigne Tankar.»[xx]

Stundom er det råd å lese tekstane i For Bygd og By direkte i lys av dagbøkene til Arne og Hulda, slik som stykket «Verdsbyggjarane» som pregar fyrstesida av bladet i juni 1919.[xxi] Stykket byrjar slik: «Her er bilete av dei to mennene som vil byggja opp verdi slik ho skal vera: Lenin og Trotsky.» Artikkelen er usignert, så me kan ikkje vite sikkert om det er Hulda som har skrive han. Forfattaren er i alle fall opptatt av å få med at både Lenin og Trotskij er jødar. Det mest relevante her er likevel skildringa av dei to bolsjevikane. Slik som Ludvig Meyer i middagsselskapet blir Lenin skildra som den sympatiske. Lenin «er stød og fast i meiningar og framferd», «ubøygjeleg i striden», «roleg og endefram». Medan Trotskij gjerne vil «brikja, og er ovgild naar han faar mykje gjøling». Vidare er Trotskij «mistruen, og hatet kokar snart over han». «Utan omsyn let krigsherren daa rydja alle or vegen som han mistrur eller har i mot.» «Liv og lukka hjaa tusen og atter tusen gjeld ingen ting».

Her kan me skimte fleire av dei aspekta me så langt har vore inne på. Er det tilfeldig at Lenin og Trotskij er framstilte nett slik som Meyer hadde lagt det fram i middagsselskapet? Lenin ser ut som «ein Framgangsmann». Trotskij vert skildra som ein tyrann. Han vert symbolet på den raude terror, tyranniet, den som Gras hadde skildra så inngåande i sine forteljingar frå den franske revolusjon.

Likevel, til trass for motvilje mot «bolsjevik-villskapen», stilte Hulda Garborg opp som talar då det vart arrangert protestmøte mot blokaden av det revolusjonære Russland. For henne var det eit humanitært spørsmål. Ho hadde vorte pasifist i løpet av verdskrigen, og meinte det viktigaste var å få slutt på blodbadet og dermed stogge svolten som breidde seg.

Marxisme versus «den republikanske tradisjon»

Historia hittil syner at desse radikale nynorskfolka kjende ein viss sympati med revolusjonen i Russland. Det er ikkje så rart når ein veit kor sterkt anarkist-kommunistar som Tolstoj og Kropotkin hadde inspirert dei, og kor interesserte dei var i arbeidet til Karl Marx.

Historikarar fokuserer stort sett på konfliktane når dei skriv om tilhøvet mellom anarkistar og marxistar – slik har det vore heilt sidan striden mellom Bakunin og Marx om makta i arbeidarrørsla. Slik var det også med samtidige anarkistar som Emma Goldman og Alexander Berkman. Dei var harde kritikarar av bolsjevikstyret etter revolusjonen.[xxii] Men fokuseringa på konflikt skuggar for andre erfaringar, som samarbeid i fagrørsle, samhald i streik eller gjensidig inspirasjon (Kinna, Pritchard mfl.). Nokre dømer kan klargjere korleis tidlege norske anarkistar let seg inspirere av både utanlandske anarkistar og Karl Marx.

Den fyrste som fekk Karl Marx omsett og publisert i Noreg, var bondesonen Olaus Fjørtoft frå Haram i Møre og Romsdal. Han var redaktør og utgjevar av nynorskbladet Fram frå 1871 til 1874. Det er nok å strekke det litt vel langt å kalle Fjørtoft «anarkist», men han var i alle fall ein representant for det opprørske i småbondekulturen, nynorskmann og fritenkjar.

I Volda stifta medlemmer av Det Radikale Venstre på språkskulen i Riste-garden lokalavisa Vestmannen. Der prenta dei nyhende frå heile verda, som i 1887 då avisa melde at «Sosialistane gjorde uppstyr burt i Amerika no når dessa anarkistane vart drepne».[xxiii] Saka gjaldt ei gruppe syndikalistar som vart skulda for å stå bak ein bombeeksplosjon på Haymarket i Chicago i mai 1886. Det som hende i Chicago, vert ofte rekna som opphavet til den internasjonale demonstrasjonsdagen for arbeidarrørsla (1. mai). Småbøndene i Volda kunne gjennom Vestmannen halde seg orienterte om det som skjedde.

Bønder i byen var med då 1. mai-demonstrasjonane byrja i Kristiania ved inngangen til 1890-åra. Då den anarkistisk-kommunistiske gruppa Libertas freista å heise ei anarkistisk fane på 1. mai i 1892, kom det til basketak med politiet. Dei leiande demonstrantane kom frå Røros, Volda og Eid.

Ideologisk var dei ikkje einspora. Arne Garborg og Rasmus Steinsvik trykte til dømes eit stykke av Karl Marx om småbønder, omsett til nynorsk, i Den 17de Mai (1894). Stykket heitte «Napoleon og smaabonden». Marx forklarar der kvifor småbøndene ikkje var den revolusjonære krafta dei kunne ha vore i Frankrike. I røynda, seier Marx, burde småbonden finne sin naturlege lagsmann i byarbeidaren som strid for ein anna samfunnsskikk.[xxiv]

«Lenin var «stød og fast i meiningar og framferd», «ubøygjeleg i striden», «roleg og endefram». Medan Trotskij gjerne ville «brikja, og er ovgild naar han faar mykje gjøling»

Det er ikkje tilfeldig at dei trykte nettopp dette stykket av Karl Marx. Arne Garborg skreiv i 1890-åra fleire romanar og teaterstykke frå småbondemiljø på heimtraktene i Rogaland, der eit viktig tema var kapitalismen som brøyta seg fram (Fred 1892; Læraren 1896). Både han og dei andre sentrale personane i miljøet rundt Den 17de Mai, som Hulda Garborg, Rasmus Steinsvik, Halvdan Koht og Ivar Mortensson-Egnund, var på dette tidspunktet ihuga antikapitalistar. Biografen Rolv Thesen meinte jamvel at Garborg var den argaste antikapitalisten i landet. Det var berre naturleg for dei å hente inspirasjon frå Marx.

Ei anna rot til dette synet på småbonden kan ha vore Ernst Sars, professor i historie. Me veit i alle fall at Halvdan Koht, utanriksredaktør i Den 17de Mai i 1890-åra, var påverka av Sars. Den demokratiske bondekulturen er ei drivande kraft i denne framstillinga av norsk historie. For Uppdal var det storbøndene i Trøndelag som representerte den demokratiske bondekulturen. Småbøndene er framstilte som meir trongsynte. For voldingen Steinsvik var det dei store bondefamiliane som var problemet.

Artikkelen til Marx viser også kor ulike livsvilkår norske og franske bønder levde under. Dei kunne nok forstå kvifor Marx meinte at franske bønder ikkje hadde synt seg som noka radikal kraft, men det var annleis i Noreg. Klaus Langen hevda i doktoravhandlinga si om Ivar Mortensson-Egnund at desse bondeanarkistane meinte å sjå dei sjølvstendige norske småbønder som ein parallell til Tolstojs skildring av den idylliske landsbyen i Russland. Dei kjende igjen noko av sine eigne erfaringar, frå Volda, Tynset og Jæren. Difor spela den frie, sjølvstendige småbonden ei minst like viktig rolle som arbeidaren i visjonen dei skapte seg for livet etter revolusjonen.

Artiklane i avisene viser to samtidige røter til antikapitalismen. På den eine sida finn me ei rad med artiklar om streikande arbeidarar, lønskamp, arbeidstilhøve og politikk. På den andre sida handla dei djupare analysane helst om kapitalens herjingar mot småbønder.

Republikansk strid mot tyranni

Medan mange dei seinare åra har lyfta fram samarbeidet mellom anarkistar og marxistar, har ei anna retning understreka ulikskapane mellom dei. Kinna og Altena skriv til dømes:

By invoking the charge of Jacobinism[xxv] against Marxists, anarchists indicated that their concerns about the potential corruption of the social revolution was as much influenced by the historical experience of republicanism as it was by the analysis of historical materialism.[xxvi]

Striden mot tyranni, og dermed kampen for individuell og kollektiv fridom, spela ei minst like viktig rolle i utviklinga av ein anarkistisk tradisjon som klassekamp. Det kan vere nyttig å bruke vår tids mest kjende anarkist, Noam Chomsky, som ei bru til fortida for å kunne forstå kva Kinna og Altena her meiner. Biografen James McGilvray forklarar korleis Chomsky analyserer og kritiserer undertrykkande strukturar.[xxvii] Men samstundes insisterer han på at mennesket, som vesen, er kreativt og skapande. Difor må kamp for fridom alltid vere like viktig som kamp mot undertrykkande strukturar. Det er ikkje tale om at det eine er meir grunnleggande eller viktig enn det andre.

For Arne Garborg var tvisynet alltid til stades. Han las Nietzsche og Tolstoj samstundes, skreiv han i dagboka. Tolstoj om å bygge fellesskap og etikk. Nietzsche om å frigjere seg frå normer og forventingar. Garborg måtte vedgå at han oftast heldt med Nietzsche.

Anarkistane lurte dessutan på om fridom kunne kombinerast med urokkelege sanningar produserte med såkalla vitskapleg metode. Me får eit inntrykk av denne diskusjonen gjennom eit hefte som «Ungsocialistene» gav ut i 1920.[xxviii] Rudolf Rocker avviser her påstanden om at samfunnet kan studerast med dei same metodane som naturvitskapen brukar. Han konkluderer med at menneskesamfunnet ikkje fylgjer den same «tvingende nødvendige lovmessighet» som naturen. Vitskaplege «sanningar» om menneskesamfunnet må difor få ein annan og mindre sikker status enn sanningar i naturvitskapen. På mange måtar føregrip Rocker i dette heftet ein diskusjon som for alvor byrja i Noreg mellom Hans Skjervheim og Arne Næss ein generasjon seinare. I 1920 var det fyrst og fremst eit åtak på bolsjevikar og andre som meinte å kjenne Sanninga med stor S.

Det er ikkje sikkert at me bør kalle ekteparet Garborg «anarkistar» i 1917, sjølv om Hulda framleis ofte refererte til Kropotkin. Revolusjonsgløden i Arne Garborg hadde vel kolna litt med georgismen? Men formålet med dette avsnittet har likevel vore å syne korleis reaksjonane på revolusjonen i 1917 kan tolkast ut frå ein revolusjonær tradisjon som kombinerer antikapitalisme med kamp for fridom og motstand mot tyranni.

Kristofer Uppdal i Dagbladet og Den 17de Mai i 1918

Me lyt rekne Kristofer Uppdal til kretsen rundt ekteparet Garborg. Uppdal var ei tid hjå garborgane på Labråten i Asker, han var kulturredaktør i Den 17de Mai og vikarierte ei stund som redaktør i For Bygd og By. Men han hadde også gjort seg erfaringar som skilde han frå dei andre i kretsen.[xxix]

«Det revolusjonære straumdraget med røter i den frilyndte bonderørsla heldt på å døy ut.»

Uppdal var også fødd på eit småbruk i Nord-Trøndelag. Men medan Garborg, Mortensson-Egnund og Steinsvik gjekk lærarskule eller studerte teologi, levde den unge Uppdal eit liv som reisande lausarbeidar, rallar og slusk. Det er dei omflakkande lausarbeidarane, dei som bygde vegar, la skinner og reiste anlegg i tiåra før den russiske revolusjonen, som speler hovudrollene i dei ti bøkene som til saman utgjer storverket Dansen gjennom skuggeheimen. Dei ti bøkene i verket skildrar framveksten av ein norsk arbeidarklasse.[xxx]

Uppdal skilde seg frå dei andre gjennom kjennskapen til det indre livet i arbeidarrørsla. Uppdal representerte til dømes tunnelarbeidarforeininga på Rjukan på kongressen til Landsorganisasjonen i 1910. Og romanserien Dansen gjennom skuggeheimen bognar av forteljingar og episodar frå arbeidarrørsla. Her er syndikalisten som sel avisabonnement, fagforeiningsleiaren som «tek» litt frå kassa, den reisande agitatoren, stolte dass-tømmarar, rallarar, reisande «fant» og mange andre. Rotløyse er eit viktig tema i framstillinga av framveksten av arbeidarklassen. Uppdal skriv om den rotløysa som oppstår når bondesøner og -døtrer reiser frå gard og bygd for å finne seg arbeid på dei nye arbeidsplassane. Eit anna viktig tema er samkjensla som veks fram mellom desse rotlause. Men saman med veksande samkjensle veks også byråkratiet i organisasjonane – dei profesjonelle organisasjonsmenneska, som har lest og studert teksten, som kjenner dei teoretiske sanningane, som er strenge og rett-truande, og får meir og meir makt.

Hovudpersonane er ofte berre lett kamuflerte leiande skikkelsar frå arbeidarrørsla, som til dømes Martin Tranmæl («Butulv Melan») og Hans Berntsen, den fyrste reisande agitatoren for Arbeidarpartiet («Benk Benkson»). Men kunstnaren Uppdal slår seg ikkje til tols med å skildre den politiske organiseringa av arbeidarklassen som veks fram. Han undersøker også korleis sosial og politisk endring får fram nye kulturelle utrykk. Kulturelle stridsemne som avhaldssak og språkstrid gjev forteljingane djupn. Det er difor mange grunnar til å studere det Uppdal skreiv om Revolutionen.

Uppdal var mellom dei fyrste som frå eit radikalt perspektiv skreiv kritisk om revolusjonen. Gjennom Uppdal får me eit glimt inn i diskusjonane om kva rolle førestellinga om «revolusjon» spelte i politisk arbeid heime i Noreg.

Uppdal skreiv «Kringum den sociale revolution» for søndagsutgåva til Dagbladet så tidleg som mars 1918: «Det er overklassane si eiga lovløyse som har grave og arbeidt mest og hola ut festet til den store skrida som no heng og trugar, og som kan losne naar som helst».[xxxi] For Uppdal var det naturleg å bruke bilete frå naturen for å skildre dei samfunnsendringane han såg kome. Likevel sparer han dei vondaste orda til dei som freistar å løyse ut skredet.

Han forklarer («Halmstraaet» og «Kringum den sociale revolution») at lovnadane om fridom for alle nasjonar og fred mellom folka vekte slik sympati at mange let seg lure til å tru for godt om bolsjevikane.[xxxii] Retorisk spør han korleis det står til med fred og fridom no.

Uppdals kritikk er ikkje så forskjellig frå kritikken som kom under striden om Moskva-tesane fire–fem år seinare. Men Uppdal var som vanleg i utakt med samtida si. Medan dei fleste i arbeidarrørsla kjende sympati med revolusjonen og bolsjevikane, var Uppdal dyster: «det maa bli ein slutt paa denne giftstanken som breier seg», skreiv han medan den revolusjonære hugen var på sitt sterkaste i Noreg, og la til at det «duger ikkje med plastar-lappar og mikstur, det berre røyter upp kjøtet verre».

Varsemd og diplomatisk språkbruk var ikkje Uppdal sine sterkaste sider. Sjeldan har ein biografi hatt ein meir treffande tittel enn Kristofer Uppdal. Ein mot alle. [xxxiii]

Det var strengt tatt ikkje revolusjonen i Russland Uppdal skreiv om. Det var helst reaksjonane heime i den norske fagrørsla og Arbeiderpartiet som vekte slik harme i han. Kanskje var det difor han var så raskt ute med sterke ord? Uppdal trong ikkje vente på meir informasjon frå Russland for å vite kva han meinte om «proletariatets diktatur». Han forstod godt at proletariatets diktatur ikkje kunne verte nokon forbigåande tilstand på vegen mot eit kommunistisk samfunn. Hadde ein fyrst slått inn på den vegen, ville diktaturet verte permanent, meinte han.

Mange i den norske arbeidarrørsla hadde stødd tanken på eit «proletariatets diktatur». Det var lettare å forstå snakk om proletariatets diktatur den gong då stemmerett var eit privilegium for dei få. Men i 1917 hadde alle vaksne menn og kvinner fått stemmerett. Diskusjonen om proletariatets diktatur gjekk høgt i arbeidarrørsla, spesielt då lov om tvungen valdgift vart vedteken i 1916.[xxxiv] Striden den gongen hadde vist at Arbeiderpartiet sleit med å få fleirtalet av arbeidarane til å stø sitt synspunkt. Mange meinte difor at eit proletariatets diktatur fort kunne kome til å måtte tvinge viljen sin på fleirtalet av arbeidarane i mange saker.

Kristofer Uppdal skreiv:

Vi har parlamentarisk statsskip naar alle har samse retten. Det som ikkje er slik som det skal vera, kan vi gjera betre. Vi kan fort vekk forandre samfundet, um so det er turvande. Nåar arbeidarane blir mange nok til det, kan dei i vaart parlamentariske samfund drive igjenom heile sitt program. Men arbeidarane eller socialistane er enno ikkje mange nok til aa naa fram den vegen. Og dei tek til tvile paa at dei nokon gong blir so mango at dei sigrar med rett. Difor magt mot retten. Du som alltid har heldt paa rett og ropt paa rett der det var urett, vender heilt um og vil tyne retten med urett.[xxxv]

Ingen som kjende Kristofer Uppdal, kunne vere forundra over synspunkta. Det er freistande, men vågeleg å lese litteratur i lys av politiske, sosiale og kulturelle stridstema i samtida. Når det gjeld Kristofer Uppdal, smeltar dikting umerkeleg i hop med dokumentar og sjølvbiografi på ein slik måte at ein knapt kan late vere.

Det fyrste ein lyt leggje merke til, er vanvyrdnaden som fløymer ut over byråkratane, dei profesjonelle organisasjonsmenneska, som hadde byrja å fylle kontora på Youngstorget. Dei hadde lest meir enn dei hadde røynt, men kunne likevel vinne dei fleste diskusjonar med finurlege sitat og teoretiske poeng. Der dei sat på kontora i hovudstaden, kunne dei konspirere for å få gjennom sitt syn. Like ille var det at dei utvikla sin eigen kultur med sitt eige by-språk som dei meinte var finare enn dei bondske dialektane ute i distriktet.

Språkstriden var hard, som då tusenvis av ungdomar i Kristiania demonstrerte mot at Jeppe på bjerget vart framført på nynorsk. Ei gruppe gymnasiastar kom seg inn i teatersalen der dei bua og peip. Det vert fortalt at den seige, senete rallaren Uppdal sto øvst i trappa saman med andre «nidkjære og særdeles haandfaste» forsvararar av målsaka og lempa gymnasiastane på dør. «Der flød endogsaa blod og et par av demonstrantene måtte bagefter til læge for at blive syet saman igjen», skreiv Aftenposten.[xxxvi] Kulturstriden spissa seg til med avhaldsspørsmålet. Dei reine med rett tru kjempa for eit forbod mot sal av alkohol. Også her var Uppdal i strid med dei nye leiarane som steig opp til makta i Arbeiderpartiet etter den russiske revolusjonen.

Kort sagt var Uppdal ein brennande motstandar av den urbane eliten som vaks fram i Kristiania. Det handla like mykje om kultur som om ideologi. Likevel teiknar ikkje Uppdal noko negativt bilete av leiaren for den nye retninga, Martin Tranmæl. Lett kamuflert som «Butulv Melan» får han stå der i bøkene, stødig og prinsippfast i stormen, som ein truverdig leiar for flokken sin. Men Uppdal let ein annan leiar stige fram, ein som kan representere både bønder og arbeidarar. Når tida er inne, står han jamsides med «Butulv Melan». I fleire av bøkene er nettopp konflikt og samarbeid mellom bønder og rallarar tema. Stort sett vinn dei praktiske og pragmatiske løysingane som bind bønder og arbeidarar saman, til slutt fram. Interessant nok, for i ein romanserie som handlar om framveksten av ein arbeidarklasse i Noreg, er ikkje klassekamp, strid mellom kapital og arbeidarar, den primære drivkrafta i forteljinga. Ideologien som seier at proletariatet har ei eineståande rolle å spele i den historiske utviklinga, vert i staden handsama som eit kulturelt uttrykk for interessene til den nye eliten, om lag på same måten som språkstrid og avhaldssak.

Sist, men ikkje minst, hyllar Uppdal aktiv medverknad. Dansen gjennom skuggeheimen er full av møte, diskusjonar og usemje, men også talelister, taletid, ordstyrarar og organisasjonskultur. Noko skjer med folk som vert medlemmer av ein organisasjon eller ein organisert fellesskap, sjølv om mistydingar og misunning er like vanleg som samkjensle. Ei gruppe arbeidarar byrjar til dømes å abonnere på avisa til syndikalistane etter eit møte dei hadde hatt i bygda. Men det var mest fordi dei trudde det måtte vere noko pirrande og syndig med denne avisa til «syndikalistane». Likevel er det som om dei veks litt berre av å vere abonnent på eit blad.

Fleire år seinare kan me høyre eit slags ekko frå enkelte av delegatane til Arbeiderpartiet på møte i den kommunistiske internasjonalen (Komintern) i Moskva. Norske delegatar hadde gjennom eit langt liv i fagrørsla lært seg verdien av ein god organisasjonskultur der sakene vart førebudde, dagsordenen diskutert og alle fekk sleppe til i diskusjonen. Men i Moskva manipulerte dei russiske bolsjevikane sakene på ein slik måte at dei fekk tvinga viljen sin gjennom. Det gjorde noko med tiltrua til bolsjevikane.

Dei tusen intelligensar

Knappast nokon påverka miljøet rundt garborgane så mykje som den russiske geografen Peter Kropotkin. Spesielt Hulda refererte ofte til Kropotkin etter revolusjonen. Men det er usikkert om ho hadde lese skriftene hans.

For Kropotkin var erfaringane frå Pariskommunen (1871) viktig for analysen av den russiske revolusjonen. Han meinte at Pariskommunen leid nederlag delvis på grunn av overdriven sentralisering av makt saman med ein tungrodd administrasjon. Analysen til Kropotkin var så viktig for dei norske bondeanarkistane at Vestmannen og Fedraheimen i 1889 trykte ein heil serie av artiklane hans om Pariskommunen.[xxxvii]

Mykje av sitt vaksne liv levde Kropotkin i eksil, men etter revolusjonen fekk han flytte heim, der han døydde i 1921. Kropotkin forstod snart at bolsjevikane freista å sentralisere makt på same måte som han meinte rådet i Pariskommunen hadde gjort. Alt skulle gjerast etter retningslinjene til kommunistpartiet. Samstundes vaks administrasjonen seg større og større. Kropotkin forstod at bolsjevikane ikkje kunne halde seg ved makta utan eit stort, disiplinerande apparat. Dessutan meinte han at revolusjonen stod overfor så mange utfordringar at dei ikkje kunne løysast utan å kople inn den «kreative krafta» som ligg i arbeidande folks «intellegens». Det var uråd å planlegge seg ut av situasjonen, meinte han. Problema på fabrikkane kunne berre løysast i samarbeid med arbeidarane sjølve. Alle intelligensar måtte settast inn i det kreative arbeidet. Men sentralisme og disiplinerande vald verka i motsett retning.[xxxviii] Kropotkin såg partidiktaturet vekse fram.

Hulda Garborg refererte ofte til Kropotkin. Det var spesielt Kropotkins natursyn som fenga. Kropotkin meinte som Darwin at konkurranse mellom artane kunne vere med å forklare utvikling i naturen. Men i motsetnad til dei av Darwins etterfylgjarar som einsidig la vekt på konkurranse, understreka Kropotkin at suksess i konkurransen også kravde samarbeid. Evne til samarbeid kunne forklare kvifor nokre artar greidde seg betre i konkurransen enn andre. Den populærvitskaplege Mutual Aid: A Factor of Evolution (1902) nådde ut til eit breitt publikum. Der hevda Kropotkin at «gjensidig hjelp» var «ein faktor» i evolusjonen.

Sosialdarwinistar brukte Darwin til å påstå at den sterkaste rett måtte gjelde også i menneskesamfunnet. Men nokre viste til Kropotkin for å ynskje seg samarbeid mellom alle grupper i landet. Det førte somme til å sjå klassekamp, streik, kamp for sosial rettferd og liknande som trugsmål mot nasjonalt samhald. Hulda Garborg gjorde seg slike tankar. På reise i Italia møtte ho til dømes Mussolinis fascisme for fyrste gong – ho lurte på om ikkje Mussolini kunne vere bra for nasjonal einskap? På liknande vis stilte ho opp då Fedrelandslaget mobiliserte. Det vart ikkje noko langt engasjement, men viser kor viktig nasjonalt samhald var.

Mange las Kropotkin på denne måten, men det var eit mistak.[xxxix] Kropotkin hadde meint at «mutual aid» var ein faktor («a factor»), ikkje den største eller viktigaste faktoren. Faktisk handla eit av døma Kropotkin brukte i boka si, nettopp om «gjensidig hjelp» mellom streikande arbeidarar i kamp mot kapitalen. Hulda Garborg hadde rett og slett misforstått Kropotkin. Synspunkt ho trudde bygde på Kropotkin, var i røynda nær sagt det motsette av det Kropotkin hadde meint. Det likna meir på synet til dei russiske «bladi» me såg tidlegare – dei som bad «folket um aa samla seg for fedrelandet» mot «maksimalistane». Venninna Marta Steinsvik tok endå eit steg lenger i retning nasjonalistisk sosialisme.

Slutten på ei epoke

På mange måtar markerer den russiske revolusjonen slutten på ein epoke. Rasmus Steinsvik var allereie død. Arne Garborg og Ivar Mortensson-Egnund var gamle menn. Det revolusjonære straumdraget med røter i den frilyndte bonderørsla heldt på å døy ut. I staden vaks det fram nye retningar på dei nye arbeidsplassane i industrien. No var det proletariatet som skulle vere fortropp for revolusjonen.

Men kanskje er det rettare å sjå Uppdal, Arne og Hulda Garborg, Ivar Mortensson-Egnund og desse andre som eit historisk uttrykk for noko som har djupare røter i det norske bondesamfunnet? Det var der, om enn på andre måtar, lenge før Vestmannen, Fedraheimen og Den 17de Mai, og heldt fram å spele ei rolle seinare.

Med kretsen rundt garborgane fekk dette straumdraget eit revolusjonært uttrykk. Det var ihuga antiautoritært, skeptisk mot teoretisk funderte «sanningar», og motstandar av sentralmakt. Samstundes sette det sin lit til demokratisk medverknad og røynsle gjennom praktisk organisasjonsarbeid. Seinare, med jamne mellomrom, har dette straumdraget kome til overflata i norsk politikk.

Litteratur:

Altena, B. og Kinna, R. (2017). «Call for Papers, European Social Science History Conference, Belfast, 4–7 April, 2018» online.

Anderson, B. (2010). «Preface». I Hirsch, S. og van der Walt, L. (red.), Anarchism and Syndicalism in the Colonial and Postcolonial World, 1870–1940: The Praxis of National Liberation, Internationalism, and Social Revolution. Leiden: Brill

Anderson, B. (2005). Under Three Flags: Anarchism and the Anti-colonial Imagination. London: Verso

Berkman, A. (1986). The Russian Tragedy. London: Phoenix Press

Bjørnson, Ø. (1990). På klassekampens grunn. 1900–1920. Arbeiderbevegelsens historie i Norge. Bd. 2, Oslo: Tiden

Bye, A, (2010). Kristofer Uppdal – Ein mot alle. Oslo: Aschehoug

Bø, G. (1973). Garborg og Tolstoj: Sammenheng eller sammentreff? Oslo: Universitetsforlaget

Crump, J. (1995). «Anarchism and Nationalism in East Asia.» Anarchist Studies, 4:1.

Fidjestøl, A, (2014). Frå Asker til Eden, historia om Askerkretsen 1897–1924. Oslo: Samlaget

Garborg, A. (1926). Dagbok 1905–1923. 5, Kristiania: Aschehoug

Garborg, A. (2002). Dagbok 1905–1923  Band 5: 2. januar 1917–25. juni 1920. Kristiania: Aschehoug 1926, Førebels elektronisk utgåve desember 2002 ved Nynorsk kultursentrum

Gausemel, S. (1937). Rasmus Steinsvik. Oslo: Noregs boklag

Grønstøl, S.B. (2012). Hulda Garborg: forfattaren og feministen. Oslo: Aschehoug

Hirsch, S. og van der Walt, L. (red.), (2010). Anarchism and Syndicalism in the Colonial and Postcolonial World, 1870-1940: The Praxis of National Liberation, Internationalism, and Social Revolution. Leiden: Brill

Kinna, R. og Altena, B. (2017). «Call for Papers anarchism and republicanism, European Social Science History Conference, Belfast, 4–7 April, 2018.» Loughborough

Kinna, R. og Pritchard, A. (2016). «Whither anarchy: freedom as non-domination», The Conversation, August 5.

Kropotkin, P. (2002). Anarchism: A Collection of Revolutionary Writings. Mineola: Dover Publications

Langen, K. (1957). Ivar Mortensson Egnund. Oslo: Samlaget

McCay, I. (2014). Direct Struggle Against Capital: A Peter Kropotkin Anthology. Chico, C.A: AK Press

McGilvray, J. (1999). Chomsky: Language, Mind and Politics. 2nd Edition. Cambridge: Polity Press

Mortensson-Egnund, I. (1897). Arne Garborg: ein fyretalsmann. Kristiania: Bertrand Jensen

Obrestad, T. (1991). Arne Garborg: ein biografi. Oslo: Gyldendal

Obrestad, T. (2012). Hulda. Oslo: Gyldendal

Prichard, A., Kinna, R., Pinta, S. and Berry, D. (red.) (2013). Libertarian Socialism: Politics in Black and Red. Basingstoke: Palgrave Macmillan

Rocker, R. (1920). Socialdemokrati og Anarkisme. Kristiania: Ungsocialistisk forbunds forlag

Skre, A. (2011). Hulda Garborg. Nasjonal strateg, Oslo: Samlaget

Solbrekken, I. (2012). Kors og kårde. Marta Steinsviks liv og virke 1877–1950. Oslo: Vidarforlaget

Solumsmoen, O. (1978). Kristofer Uppdal: domkirkebyggeren. Oslo: Aschehoug

Sørbø, J.I. (2015). Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland. Oslo: Samlaget

Thesen, R.(1933). Arne Garborg : 1 : Frå jærbu til europear. Oslo: Aschehoug

Thesen, R. (1936). Arne Garborg : 2 : Europearen. Oslo: Aschehoug

Thesen, R. (1939). Europear og jærbu. Oslo: Aschehoug

Uppdal, K. (1911). Dansen gjenom skuggeheimen. Kristiania: Aschehoug

Uppdal, K. (1912). Trolldom i lufta. Kristiania: Aschehoug

Uppdal, K. (1914). Røysingfolket. Kristiania: Aschehoug

Uppdal, K. (1919). Stigeren. Kristiania: Aschehoug

Uppdal, K. (1920). Kongen. Kristiania: Aschehoug

Uppdal, K. (1921). Domkyrkjebyggjaren. Kristiania: Aschehoug

Uppdal, K. (1922). I skiftet. Kristiania: Aschehoug

Uppdal, K. (1923). Vandringa. Kristiania: Aschehoug

Uppdal, K. (1924). Fjellskjeringa. Kristiania: Aschehoug

Uppdal, K. (1924). Herdsla. Kristian

Noter


[i] Fidjestøl 2014.

[ii] Av særskild interesse her er Hirsch og van der Walt, (red.), 2010, som inneheld artiklar om nasjonalisme og anarkisme i Egypt, Sør Afrika, Korea, Kina, Ukraina, Irland, Peru, Mexico, Argentina og Brasil. Ein annan sentral artikkel er Crump 1995. Sjå også Anderson 2005.

[iii] Anderson «Preface» i Hirsch og van der Walt 2010

[iv] Prichard 2013

[v] Det fins fleire definisjonar av «republicanism». Quentin Skinner meiner til dømes at «fridom» best kan sjåast som fråvær av «arbitrary power». Det er i denne tradisjonen vanleg å sjå fridom som «fråvær av dominans», eit synspunkt som liknar på anarkismen til Kinna og Pritchard, sjå Kinna og Pritchard 2016. Sitat frå Altena og Kinna 2017

[vi] Skre 2011; Grønstøl 2012; Obrestad 1992; Obrestad 1991; Mortensson-Egnund 1897; Thesen 1933; Thesen 1936; Thesen 1939; Sørbø 2015; Bø 1973; Fidjestøl 2014; Solumsmoen 1978; Bye 2010; Gausemel 1937; Langen 1957; Solbrekken 2012.

[vii] Den 17de Mai, 8. november 1917, side 1.

[viii] Garborg 1926: 82

[ix] Ibid.: 166

[x] Obrestad 1992: 260

[xi] Garborg 1926: 187

[xii] Vestmannen (Fedraheimen), laurdag 6. april 1889: 1

[xiii] Ibid.: 301

[xiv] Ibid.: 302

[xv] Ibid.: 302

[xvi] For Bygd og By, 17. oktober 1917: 323

[xvii] For Bygd og By 3. november 1918: 345.

[xviii] For Bygd og By, 29. desember 1918: 375.

[xix] Sjå til dømes For Bygd og By, 17. oktober 1917: 331.

[xx] Garborg 1926. Førebels elektronisk utgåve desember 2002 ved Nynorsk kultursentrum www.aasentunet.no: 176

[xxi] For Bygd og By, 29. juni 1919: 194

[xxii] Berkmann 1986 (fyrst trykt som pamflettar i 1922)

[xxiii] Vestmannen 2. november 1887: 3

[xxiv] Den 17de Mai, 1. februar 1894: 3

[xxv] «Jacobinism» refererer til Jakobinerklubben, ei revolusjonær samanslutning under den franske revolusjonen.

[xxvi] Kinna & Altena 2017

[xxvii] McGilvray 1999

[xxviii] Rocker 1920

[xxix] Fidjestøl 2014

[xxx] Dansen gjenom skuggeheimen, 1911, Trolldom i lufta, 1912, Røysingfolket, 1914, Stigeren, 1919, Kongen, 1920, Domkyrkjebyggjaren, 1921, I skiftet, 1922, Vandringa, 1923, Fjellskjeringa, 1924 og Herdsla, 1924

[xxxi]Dagbladet 10. mars 1918

[xxxii] Den 17de Mai 19. mars 1918

[xxxiii] Bye 2010

[xxxiv] Bjørnson 1990

[xxxv] Dagbladet 10.3.1918

[xxxvi] Aftenposten 14. oktober 1913

[xxxvii] Sjå til dømes Vestmannen (Fedraheimen), 6. april 1889

[xxxviii] Kropotkin 2002; McCay 2015

[xxxix] Ibid.

Mer fra Portal