Annonse
00:00 - 08. mars 2019

Kritikk og polemikk

Sjølv om det er freistande å hevde, mangla ikkje Charlotte Wankel anerkjenning i si tid.

Charlotte Wankel - Damer med hatt (1957).
Annonse

På Galleri F15 på Jeløya i Moss vert det denne våren vist ei svært fin utstilling med verk av den norske kunstnaren Charlotte Wankel (1888–1969). I mellom- og etterkrigstida etablerte Wankel eit kunstnarskap basert på kubismen og purismens ideal, forfina av ei særeigen fingerspisskjensle for koloritt og komposisjon. Saman med ei rikt illustrert bok, ført i pennen av utstillingas kurator Hilde Mørch, er dette den breiaste presentasjonen til no av eit kunstnarskap som nok er ukjend for ganske mange.

Om boka lir under svak redigering og mangelen på eit klart definert formidlingsprosjekt, er det i galleriromma ein mykje tydelegare retning å spore: Her vert publikum vist den kunstnariske utviklinga Wankel gjekk gjennom frå tida som malerelev under Harriet Backer på starten av 1900-talet, via fleire år i Paris der ho malte i tråd med mellom anna Fernand Léger sitt stramme, geometriske formspråk, og til hennar heilt eige uttrykk vaks fram utover på 1930-talet: ein kjølig figurasjon bygd opp av klare fargeflater og få motivelement. Som malar var ho klartenkt og beherska, og langt meir teoretisk orientert enn ho var styrt av ekspresjonistisk uttrykkstrong.

Kompleks sanning. Som så ofte er når det er snakk om ei framheving av ein relativt lågt profilert kvinneleg kunstnar, er freistinga stor til å gripe etter forteljinga om at rettferda endeleg sigrar, at me i notida gjer opp for anerkjenninga vedkommande alltid fortente, men på eit tidspunkt vart snytt for. Ofte er dette også ein kurant impuls, då mange kunstnarar, og mange kvinner, til alle tider har blitt relegert til avsidesliggande plasseringar i kunsthistoria. I Noreg var samleutstillinga Hold stenhårdt fast på greia di, kuratert av Eline Mugaas og Elise Storsveen i 2013, eit vasskilje i vår forståing av den feministiske kunstproduksjonen i perioden 1968–1989, og ei skarp påminning om at heilt sentrale delar av den norske kunsthistoria i årevis låg stua vekk i garasjar og kjellarar.

ALLEREDE ABONNENT?
Kjøp abonnement
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

vi har nå latt en annen avdeling behandle klagen for å sikre at den ses på med nye øyne.