16:01 - 28. mai 2020

Lag og foreningar er ikkje domstolar

Advokat Schiøtz flyttar sivilretten inn i foreningslivet og agerer som om han var advokat i ein illudert rettsal.

I kva slags regime er det statens maktapparat marsjerer inn i foreningslivet og bestemmer over interne lover og reglar, spør Tore Rem, Espen Søbye og Kjartan Fløgstad. Arkivfoto: Knut Egil Wang / Moment

I ein debattartikkel i Morgenbladet den 14. mai (med gjenpart til Bok365), er Cato Schiøtz på ferde i kjent stil som litterær skrankeadvokat, med det rojale VI som personleg signatur. Om ikkje direkte kongeleg, så representerer dette store VI ein maktsfære som markerer revir med merkenamn som Cato og Cato, Annæus, Anine og Annæus den yngre. Prosessinnretta, med vekt på heimlar og prosedyrar, behandlar dette VI det indre livet i Den norske Forfatterforening som ein regelrett domstol.

Lag og foreningar er ikkje domstolar, men frivillige organisasjonar med lover og vedtekter som er vedtekne internt og stiller krav til medlemmene. Slik var stoda i Den norske Forfatterforening i 1945. Etter langvarige juridiske førebuingar i London-regjeringa og Heimefronten kom kunstnarorganisasjonane like etter frigjeringa med ei samla fråsegn om kva tiltak som måtte gjerast andsynes dei som hadde svekka den norske motstandsfronten.

Dei fem åra med nazidiktatur gjorde ei slik opprydding naudsynleg, men vanskeleg. Forfattarane kvidde seg og såg helst at styresmaktene tok ansvar for heile oppgjeret. «Det var et lite ønsket verv vi der ble pålagt», som forfattaren Nils Johan Rud uttrykte det. Men det måtte gjerast. Etter fem år med tvangsnazifisering var det foreningsfridommen og medlemsdemokratiet som sto på spel. I ein stolt augneblink for den norske sentraladministrasjonen slo justisminister Terje Wold fast at styresmaktene nok kunne utnemna juridiske rådgivarar, men at naudsynlege vedtak burde treffast av organisasjonane sjølve «i samsvar med organisasjonenes egne lover». Utover i etterkrigstida stadfesta ei rekke dommar at dette var gjeldande rett.

Med full juridisk støtte starta etterkrigsoppgjeret med at frivillige foreningar og lag, frå Sakførerforeningen til Bygningsarbeidarforbundet til Den norske Forfattarforening ekskluderte alle medlemmer av Nasjonal Samling. Dette var den enkle delen av oppgjeret, vanskelegare var det å dømma om dei som på andre måtar hadde svekka motstandsfronten. I motsetning til juristane i samtida ser advokat Schiøtz ut til å meina at også eksklusjonane var utanfor lov og rett. I tillegg til dei 13 ekskluderte fekk 18 andre forfattarar mildare reaksjonar som reprimande, suspensjon eller krav om tilbakebetaling av nazipengar, om dei ville halda fram med å vera medlemmer i foreninga. Både Ejlert og André Bjerke hadde hatt solide inntekter frå anonymt omsettingsarbeid for det nazistiske propagandaforlaget Gunnar Stenersen, og prøvde i det lengste å halda dette skjult. Berre tapper innsats frå den nære familievennen og mektige foreningsmannen Alex Brinchmann gjorde at denne litterære kollaborasjonen ikkje straks blei ramma av eksklusjonsparagrafen, men fekk mildare straffer.

Gjennomgangen av dommane mot far og son Bjerke gir eiendommelege døme på Cato Schiøtz som samfunnsdebattant. Han gjer eit nummer av «Mørk St. Hans» frå André Bjerkes samling Fakkeltog frå 1942 som eit dikt «med klar front mot nazismen». I samtida var fronten likevel ikkje klårare enn at samlinga fekk svært positiv mottaking av NS-forfattaren Kristen Gundelach i Nasjonal Samlings partiorgan Fritt Folk, medan forfattaren Ragnar Solberg i det nazifiserte bondeorganet Laagen særleg framheva nettopp «Mørk St. Hans» av «fakkelbæreren» André Bjerke. Etter krigen fekk Solberg streng straff og enda opp med fem års eksklusjon frå Forfattarforeninga. Lite tyder på at han meinte å hylla ein antinazistisk motstandsdiktar.

Trass i uomtvistelege kjennsgjerningar om det motsette, slår skrankeadvokaten frimodig fast at Norges Kunstnerråd «frifant Bjerke». Etter ei rekke juridiske krumspring blir Schiøtz nøydd til å falsifisera seg sjølv og må medgi at André Bjerke ikkje blei frikjent. Men: «Dommen ligger derfor så nær fullstendig frifinnelse som overhodet mulig». Deretter fullfører han sine halsbrekkande juridiske skrankeøvingar og landar på at «Det er flere feil i Kunstnerrådets avgjørelse». «Vi kan således konstatere», for å bruka Schiøtz eigen sjargong, at den litterære brakkebaronen André Bjerke blei frikjent, men han blei ikkje frikjent, men han blei ikkje frikjent fordi dei som dømde han i 1945, høyrde på juristane i samtida og ikkje på prosedyren til advokat Schiøtz 73 år seinare.

Innan turnsporten ligg denne logikken utan tvil nærare juridisk frittståande enn skrankeøvingar ved domstolane.

Dei første åra etter frigjeringa blei det gjennomført tilsvarande oppryddingsprosessar i ei lang rekke organisasjonar. I Forfattarforeninga gjekk det ikkje spesielt hardt føre seg, tvert om var oppgjeret mildt og velordna samanlikna med dommen over såkalla kultursvikarar i andre okkuperte land. I Norge appellerte fleire forfattarar sakene sine inn til eit granskingsutval og fekk til dels dommane endra. I motsetning til Alf Larsen, Ejlert og André Bjerke blei til dømes Harald Thaulow og Torvald Tu frifunne av ankeinstansen. Ein ekstra rettsgaranti låg i at dei som blei dømde i æresretten og appellutvalet, kunne ta sakene sine til det sivile rettsapparatet. Det var det ingen forfattarar som gjorde.

Mange av dei æresdømde forfattarane vende raskt tilbake ikkje berre til samfunnet, men etter kvart til heider og ære. Wildenvey og André Bjerke fekk prisar og St. Olavs orden, Alf Larsen og Olav Sletto mottok statens kunstnarløn.

Organisasjonsfridommen er ein grunnpillar i folkestyret. I kva slags regime er det statens maktapparat marsjerer inn i foreningslivet og bestemmer over interne lover og reglar? Etter okkupasjon og tvangsnazifisering var juristane ekstra varsame med å bryta inn i verksemda til frivillige organisasjonar. Kom det til overgrep, var det berre å ta sakene ut av foreningslivet og prøva dei for domstolane. I dag ser vi tvert om at juristar som advokat Schiøtz post festum, med mindre respekt for organisasjonsfridommen, går motsett veg, flyttar sivilretten inn i foreningslivet og agerer som om dei var advokatar i ein illudert rettsal.

Som offentleg intellektuell går Cato Schiøtz endå lenger enn sakføraren med same namn. Med munnen god og full av honnørord opptrer han både som forsvarar for sine klientar Bjerke og Larsen, som aktor mot dei demokratisk valde medlemmene av Æresretten, som uoffisiell talsmann for styret i Den norske forfatterforening, og nå som uhilda litterær høgsterettsdommar på nettstadene til Bok365 og Morgenbladet.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 20 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse

«Vi trenger en statusheving av forfatterrollen i norsk akademia.»