Debatt

Gunnar Skirbekk om "dei nye posørane"

Då det gjekk nedover med fransk åndsliv, fekk vi “dei nye filosofane”. Hos oss har vi fått dei nye posørane – og kampen mot det betre argument.

Solkongen: Dei gamle posørane kjenner vi – slik som Solkongen, Ludvig 14., majestetisk poserande med pudderparykk og silkestrømper. Med dagens teknologi kan langt fleire enn på Solkongens tid sole seg i det nyfikne og beundrande blikk frå eit umælande publikum, skriv Gunnar Skirbekk. Maleri av Hyacinthe Rigard 1701.
Publisert Sist oppdatert

Dei gamle posørane kjenner vi – slik som Solkongen, Ludvig 14., majestetisk poserande med pudderparykk og silkestrømper, innanfor rammene av ei representativ offentlegheit. Men når kongen ikkje lenger er staten – l'État, c'est moi – fekk vi politiske forsamlingar med offentleg fornuftsbruk og open meiningsdanning: ei deliberativ offentlegheit, til gjensidig utprøving og avklaring av stridige standpunkt blant myndige og opplyste borgarar.

Saman med framveksten av vitskapane og dei institusjonelle differensieringane var dette kjernen i “det moderne prosjektet”, som stadig pregar oss.

Men lagnaden er lunefull og historia er ikkje ei lineær affære. Somt går opp og somt går ned og somt i ring. Med dagens teknologi kan langt fleire enn på Solkongens tid sole seg i det nyfikne og beundrande blikk frå eit umælande publikum. Mange frydar seg ved å bli sett og høyrt – jmf. Se og Hør – og endå fleire frydar seg over å kunne sjå og høyre dei som poserer i det offentlege rom.

I ei tid med “flytande identitet” er det storveges å vere gjenstand for dei manges blikk eller å kunne gi lyd frå seg på eit vis som når ut til dei mange. Dei som sjølve er tause og usynlege, men som høyrer og ser, dei har det også triveleg, for dei kan identifisere seg med dei strålande og støyande idolane – liksom undersåttane i si tid kunne la seg blende i lyset frå Majesteten og la seg overdøve av Majestetens sprakande kanonadar.

Slik er vi på mange måtar tilbake i ei representativ offentlegheit, men no på kapitalismens og populismens premissar. Dermed har vi nemnt to prinsipielt ulike måtar som det offentlege rom kan framstå på: den representative offentlegheit, der kvar og ein er ute etter å bli sett og høyrt, men ikkje å prøve ut argument og synspunkt i open og opplyst dialog med andre; og den deliberative offentlegheit, der ein i fellesskap er ute etter å drøfte seg fram til meir haldbare oppfatningar, men ikkje å påkalle merksemd om eins eigen person som privatperson. I praksis har vi saktens alskens overgangsformer, men ikkje minst av den grunn er det nyttig å ha det prinsipielle skiljet klart for seg.

Men den argumentative meiningsdanninga blir i dag fortrengt frå fleire kantar, ikkje berre frå posørane i det offentlege rom. Den argumentative meiningsdanninga blir også undergraven av dei som avviser tanken på at det finst gyldige argument, anten fordi dei meiner at sanningsbegrepet er meiningslaust eller fordi dei avfeiar all tale om rasjonalitet som fordekt makt.

Den argumentative meiningsdanninga blir dessutan undergraven av dei som er ute etter å påverke andre ved strategiske verkemiddel og som utover dette ikkje bryr seg om kva som er sant eller rett. Både mjuke postmodernistar og kyniske realpolitikarar er såleis med på å setje den argumentative meiningsdanninga under press.

For å få desse poenga på plass treng vi derfor endå eit skilje – eit skilje mellom (1) meiningsutveksling med tanke på å finne fram til meir haldbare oppfatningar, der ein er open for å endre eigne standpunkt, og (2) meiningsutveksling der dette ikkje er tilfellet, anten fordi ein ikkje trur det er mogleg eller fordi ein ikkje bryr seg om kva som er gyldige eller ugyldige grunnar, men berre er ute etter å “få gjennomslag” for bestemte meiningar og holdningar.

Dette er skiljet mellom intellektuelt innstilte personar på den eine sida og radikale relativistar eller manipulatørar på den andre. I praksis vil både dei postmodernistiske relativistane og dei manipulerande realpolitikarane handle med tanke på å påverke folk på ein eller annan måte, uavhengig av spørsmålet om kva som er gyldige grunnar. Derfor kan vi her omtale dei under eitt; dei handlar strategisk, ikkje argument-orientert. Spissformulert kan vi tale om eit skilje mellom argumentasjon og strategisk handling.

Argumentasjon, slik vi her bruker ordet, inneber at deltakarane gjensidig anerkjenner kvarandre som både feilbarlege og fornuftige, samtidig som dei prøver å følgje dei betre argument, også når det inneber at ein sjølv må endre oppfatning.

Strategisk handling, slik ordet blir brukt her, går ut på å påverke dei andre slik at dei andre endrar standpunkt og holdningar i den retning ein sjølv ønskjer, utan omsyn til om dette er sant og rett, og utan å opne seg for den eventualiteten at ein sjølv kan ta feil og derfor kan ha noko å lære av dei andre.

Dette skiljet heng saman med den kjende skilnaden mellom å overtyde og å overtale. Vi blir "overtydde" av gode argument. Derimot lèt oss "overtale" av besnærande framføringar, også når argumentasjonen sakleg sett er tynn eller rett og slett uhaldbar.

Igjen er det slik at det i praksis finst alskens overgangsformer. Men dette skiljet er likevel avgjerande, for det viser til det snittet ("i auget") som skil "folk frå troll", det snittet som skil sannferdig intellektuelle frå sjølvsentrerte posørar og kyniske meiningsmanipulatorar av alt slag.

Men dette skiljet blir i mange situasjonar dekt til eller viska ut – for eksempel med ein glatt replikk (i dette tilfellet ved Erling Fossen) der ein framhevar kor viktig det er å gå i nærkamp motargument ein ikkje liker – som om det ikkje nettopp er omvendt: Vi bør gå i nærkamp med, og ikkje mot, dei argument vi i utgangspunktet ikkje liker – først då blir argumentasjonen ærleg og spennande. Sagt på anna vis: Det at vi "liker" eit argument, er ikkje det same som at argumentet er gyldig.

Argumentasjon er ei sanningssøkjande verksemd som rettar seg like mykje mot eigne posisjonar som mot andres. Det er det ufordrande. Og her startar den filosofiske uroa, som driv oss vidare til å søkje betre innsikt og sannare synspunkt. Dermed kan ein også ta fatt på den eksistensielle oppgåva med å finne ut kor ein sjølv eigentleg står.

Men mangt er jo bra! Det er så mange greie folk i dette landet og mykje godt vit! Men i den monn dei poserande og manipulerande holdningane tar overhand, og kampen for dei betre argument blir forvrengt til fordel av ein retorisk kamp mot argument ein ikkje liker og av eit strategisk spel for å påverke andre uavhengig av spørsmålet om kva som er gode grunnar, då får irrasjonalismen eit overtak.

Her heime har vi i så måte ein repressiv allianse mellom tradisjonell norsk anti-intellektualisme og nasjonale posørar og PR-strategar. Den slags folk er ute etter å bli sett og høyrt og å påverke dei andre, og elles la det stå til. Dei har ikkje behov for å gjere opp rekneskap på eigne vegner. Dei ser ikkje poenget ved å stille spørsmål ved det ein sjølv er og gjer. Når ein trur ein “har svara” , treng ein ikkje gå dei eigne oppfatningane etter i saumane, i jakt på betre argument og synsmåtar.

Så kan ein fnyse og fnise over dei andre, utan å reflektere over eiga tankeløyse. Kort sagt, her blir ein ikkje plaga av filosofisk uro, for her har ein gitt seg over i sjølvtilfreds posering eller i strategisk omgang med andre. Slik unngår ein den filosofiske uroa, for her er “slet intet, som greb ens sind uhyggeligt”.

Men vi andre bør i sindig ro vite å skilje mellom tenksame folk, som tar argument på alvor, og strategar og posørar som i denne forstand er seg sjølv nok. Derfor bør vi vite å “knappestøype” mang ein ordhag forførar og mang ein strålande posør. For det er ikkje gull alt som glimar, og det er ikkje ugler alt som flyg.