Annonse
00:00 - 17. januar 2020

Ei ny, sjølvbiografisk bok har tatt den franske metoo-rørsla dramatiske steg vidare, skriv Margunn Vikingstad.

Den franske metoo-rørsla har skote fart med ei ny, sjølvbiografisk bok, skriv Margunn Vikingstad.

Stoppes: Som følgje av at fransk politi har opna rettsleg gransking av Gabriel Matzneff for misbruk av mindreårige, har forlaget Gallimard stoppa salet av bøkene hans. Foto: De Russe Axelle / Abaca / NTB scanpix
Annonse

Da emneknaggen #metoo – som først blei allment utbreidd etter avsløringane om filmprodusenten Harvey Weinstein omfattande trakassering av kvinner – fekk sin franske oppfølgjar, var steget offensivt. Med #balancetonporc, «angi svinet», opna det franske samfunnet ikkje berre opp for å la ofra få fortelje historiene sine og slik synleggjere kor vanleg seksuell trakassering, men òg for å namngi overgriparane.

At Weinstein-skandalen fekk eit slik kraftig utfall i Frankrike, i eit samfunn og ein kultur der kurtise nærast har vore like naturleg som ein apéritif i det sosiale spelet, var i utgangspunktet nokså overraskande.

Reaksjonane lèt da heller ikkje vente på seg. Hundre kvinner i fransk kulturliv gjekk med eit innlegg i Le Monde i januar 2018 til åtak på balancetonporc-kampanjen og meinte at å sende «svina» til slaktarhuset undergrev frigjeringa av kvinner. Med ein av Frankrikes mest kjende skodespelarar, Catherine Deneuve, med på laget, hevda dei at metoo er eit uttrykk for ein feminisme driven av hat mot menn spesielt og seksualiteten generelt og at den dermed òg står i fare for å vekke til live viktoriatidas puritanisme.

ALLEREDE ABONNENT?
Fra 189 kr på første termin
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse