Annonse
11:31 - 11. februar 2019

Skulen og framtida for samisk språk

SYN OG SEGN: Framtida til eit språk ligg i hendene til barn og unge. Vil dei føra tidlegare generasjonars språk vidare, og kva skal til for at det skal skje med mindre brukte språk som til dømes dei samiske?

Det samiske nasjonalteatret Beaivváš er en institusjon som forvalter det samisk språket. Her fra forestillingen «Snøfrid». Foto: Det samiske nasjonalteatret Beaivváš
Annonse

Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta i 1894. Tidsskriftet er eit av få landsdekkande tidsskrift på nynorsk, og har lesestoff over eit breitt register av tema innanfor kultur, politikk og samfunn. Syn og Segn er eig av Det Norske Samlaget og blir lese av kulturinteresserte over heile landet. Redaksjonen har kontor på Fagernes. 

 

Denne artikkelen er hentet fra en av samarbeidspartnerne i Morgenbladets tidsskriftportal. Se mer fra norske tidsskrift i PORTALEN

Dei ni språka i den samiske språkgruppa har til saman om lag 30 000 brukarar med morsmålskompetanse. Om lag 85 prosent av dei er brukarar av nordsamisk. Av dei åtte andre språka har lulesamisk ein stad mellom 1000 og 2000 brukarar og resten frå nokre hundre til ei handfull. Dette gjer den samiske språkgruppa til den desidert minste i Europa. Og med det også den mest sårbare.


TAL FOR SAMISKE SPRÅKBRUKARAR

Nøyaktige tal på samiske språkbrukarar finst ikkje. Talet 30 000 er basert på opplysningar i databasen Ethnologue, som vert rekna som ein av dei viktigaste databasane for språk i verda, og som per i dag har informasjon om 7079 kjende levande språk. Tabell 1 er ei oversikt over talet på brukarar av dei ni levande samiske språka nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, enaresamisk, skoltesamisk, kildinsamisk og tersamisk og dessutan det tiande språket akkalasamisk, som anten er utdøydd eller framleis har éin talar i live. Tabellen viser også korleis talarane av dei ulike språka er distribuerte over fire statar på Nordkalotten og Kola-halvøya: Noreg, Sverige, Finland og Russland.

Av dei drygt 7000 språka i verda reknar ein med at 40 prosent av dei står i fare for å forsvinna i nær framtid.[1] Talet på brukarar og på bruksområde, og korleis desse utviklar seg, er to viktige dimensjonar for å vurdera livskrafta til eit språk. I tillegg kjem haldningar til språket – både hjå brukarane sjølve og i majoritetssamfunnet dei vanlegvis er ein del av – og offentleg og institusjonell anerkjenning og støtte. Samla utgjer dette ein samansett vev av faktorar som gjensidig påverkar kvarandre: Eit språk med svært få brukarar kan til dømes vanskeleg brukast på alle område i eit moderne samfunnsliv, medan eit språk som får sterk institusjonell støtte, har betre føresetnader for å bli vidareført til nye generasjonar enn eit som ikkje får det, og offentleg støtte og anerkjenning kan òg bidra til positive haldningar til språket, noko som i sin tur kan gi betre rekruttering av nye brukarar, og slik kan me halda fram.

Språk

Korleis utviklar språket seg? Syn og Segn inviterer språkkjennarar til å skrive om språk frå ulike synsvinklar.

Det er òg viktig å understreka at sjølv om eit språk mister den siste morsmålstalaren, treng det ikkje vera tapt. Det finst døme på at språk så å seia har stått opp att og fått nye talarar. Språka ainu i Japan og kornisk i England skal vera døme på dette, og moderne hebraisk i Israel også. Ein føresetnad for slik gjenoppliving er at språket har vore godt dokumentert medan det hadde morsmålstalarar.


NOREGS ANSVAR FOR MINORITETSSPRÅK

Det finst fleire internasjonale konvensjonar som direkte eller indirekte forpliktar myndigheiter til å støtta arbeid for å ta vare på små språk. Unesco-konvensjonen for immateriell kulturarv frå 2007 er ein, og Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk (1992) er ein annan. Noreg har ratifisert begge desse og har teke på seg eit særleg ansvar for nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, kvensk, romanes og romani som historiske minoritetsspråk i landet. I tillegg har Noreg også ratifisert ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk, og også denne stiller krav til bevaring av dei samiske språka i landet.

Det viktigaste er nok likevel at Grunnlova sidan 1988 har hatt ein eigen paragraf om samisk språk, kultur og samfunnsliv. Sidan 2014 er dette § 108, og han lyder slik: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.»

Nøyaktige tal på samiske språkbrukarar finst ikkje.

I eit moderne samfunn med skuleplikt der skriftspråkleg kommunikasjon står sentralt på svært mange område, spelar skulen og skriftspråksopplæringa ei viktig rolle for vidareføring av små og mindre brukte språk. Det gjeld ikkje minst for dei samiske språka. Går vi eit par generasjonar tilbake i tid, budde fleirtalet av samar i mindre lokalsamfunn og var i større grad sysselsette i primærnæringar med stort rom for bruk av munnleg språk der samisk kunne haldast oppe og vidareførast gjennom munnlege språkpraksisar.

Dette har endra seg. Dei overordna demografiske trendane i både Noreg og nabolanda gjeld òg for dei samiske lokalsamfunna. Flyttestraumen går mot meir sentrale strok der majoritetsspråket dominerer, fleire får seg høgare utdanning og arbeid i tekstproduserande yrke, og for mange med samisk språkbakgrunn tek majoritetsspråket over som det viktigaste daglegspråket. For somme skjer det i tidleg barn- eller ungdom, for andre skjer det seinare, og jo seinare det skjer, jo større er sjansane for at ein sterk og trygg kompetanse i samisk kan haldast ved like jamvel om det ikkje blir det viktigaste arbeidsspråket. I det perspektivet spelar utdanningssystemet vårt ei viktig rolle. Det kan tilleggjast ein språkbevaringsfunksjon.

I tillegg kan utdanningssystemet tilleggjast ein språkrevitaliseringsfunksjon. Den etniske populasjonen av samar er minst dobbelt så stor som populasjonen av dei som meistrar eit samisk språk. Dette er sjølvsagt eit direkte utslag av den assimileringspolitikken som har vore ført overfor samane både i Noreg og i nabolanda. Mange har altså ein identitet knytt til det samiske utan at dei kan samisk, og for mange er dette eit sakn. Nye generasjonar finn tilbake til samiske røter og vil ta tilbake den kulturen foreldre, besteforeldre eller jamvel oldeforeldre vart pressa vekk frå i fornorskingstida, og sidan språket er eit heilt grunnleggjande kulturberande element, har mange eit ønske om å læra det eller i det minste at borna deira skal få høve til å tileigna seg eit samisk språk.


SAMISKTALANDE I FRAMTIDA

Gitt at utdanningssystemet er viktig både for bevaring og revitalisering av samisk språk, kan me sjå nærmare på potensialet i den norske skulen. Lat oss då for det første leggja til grunn at det først og fremst er dei borna som får opplæring i samisk innanfor skuleverket, som blir framtidige brukarar. Det er sjølvsagt ei forenkling: Det vil heilt sikkert førekomma at nokre einskildindivid lærer samisk i heimemiljøet utan å få opplæring i utdanningssystemet, og det vil også finnast einskildindivid som vil læra seg samisk som andrespråk etter skulepliktig alder, men i det store og det heile vil hovudgruppa av framtidige samiske språkbrukarar vera dei som hadde opplæring i samisk på skulen.

Av dei drygt 7000 språka i verda reknar ein med at 40 prosent av dei står i fare for å forsvinna i nær framtid.

For den norske grunnskulen (trinn 1–10) finst det tre ulike læreplanar i samisk: samisk 1, samisk 2 og samisk 3. Samisk 1 er planen for dei som får den første lese- og skriveopplæringa på samisk, og som elles har samisk som sitt hovudspråk. Samisk 2 er ein plan for elevar som har norsk som hovudspråk, men som elles kan ein god del samisk når dei byrjar på skulen. Samisk 3 er ein læreplan som set låge krav til forkunnskapar, og elevar som kan lite eller ingen ting samisk frå før, følgjer denne planen.

Fordelinga av elevar mellom dei tre læreplanane for kvart av dei tre samiske språka i Noreg i skuleåret 2017/2018 er gitt i tabell 2.

Det samla talet på elevar er altså 2268. Dette talet har halde seg ganske stabilt det siste tiåret. Når det totale talet på elevar i den norske grunnskulen førre skuleår var 633 029, betyr det at elevane med samiskopplæring utgjer 0,36 prosent av alle norske skuleelevar. Dei 935 med samisk som førstespråk utgjer 0,15 prosent.

Men det som er meir interessant, er å sjå på forholdet mellom skuleelevar og den totale populasjonen av talarar. For heile den norske folkesetnaden er dette forholdstalet 1 : 8,4 (633 029 vs. 5,3 millionar). Viss dette forholdstalet er det same for den samiske befolkninga, kan me bruka elevtala i tabell 2 til å projisera eit framtidig tal på samisktalande.

Ein nøktern prognose tek utgangspunkt i at stort sett berre førstespråkselevane vil bli framtidige funksjonelle brukarar. For nordsamisk blir det framtidige talet i så fall ca. 7000, for lulesamisk ca. 280 og for sørsamisk ca. 260. For nordsamisk vil det i så fall innebera ein reduksjon på om lag 65 prosent frå ikring 20 000 i dag (i Noreg) for nordsamisk, ei halvering for lulesamisk (i Noreg) og berre ein liten reduksjon for sørsamisk (i Noreg). Etter ei meir optimistisk framskriving, som legg til grunn at alle norske elevar som får ei eller anna form for samiskopplæring, blir framtidige funksjonelle brukarar, blir talet for nordsamisk om lag 17 000, for lulesamisk knapt 1000 og for sørsamisk om lag 850. Det ville i så fall framleis gi ein liten nedgang for nordsamisk, men på hi sida ei fordobling for lulesamisk og endå meir enn det for sørsamisk.

Eit språk som får sterk institusjonell støtte, har betre føresetnader for å bli vidareført til nye generasjonar enn eit som ikkje får det.

Når me då samanliknar dei to prognosane med dagens tal på samisktalande, ifølgje databasen Ethnologue (sjå andre kolonne, jf. tabell 1), ser me følgjande: Etter den nøkterne prognosen vil talet på nordsamiskbrukarar bli redusert til ein tredjedel, for lulesamisk blir det halvert, medan det også for sørsamisk vil bli ein nedgang, om enn ikkje så stor. Etter den meir optimistiske prognosen vil me sjå ein liten nedgang for nordsamisk, men ein markant auke for både lulesamisk og sørsamisk.


MEIR PESSIMISTISKE TAL

Dette er først og fremst ei akademisk øving. Ein kan med rette stilla spørsmål ved om dette er ein adekvat modell for framskriving av talet på språkbrukarar med funksjonell kompetanse i samiske språk. Men det er like fullt viktig å peika på at det òg finst ein pessimistisk prognose. Den seier at heller ikkje alle førstespråkselevar vil bli framtidige berarar av samisk språk: Gjennom vidare utdanning, yrkesval og migrasjon kan sjølv nokre av førstespråkselevane komma til å gå over til primært å bruka norsk i dei fleste samanhengar, også privat. Ein skal hugsa på at i dag tileignar nesten alle samiske born seg høg kompetanse i majoritetsspråket norsk: Det er knapt mogleg å veksa opp som einspråkleg samisk i våre dagar. Såleis vil norsk alltid vera der som eit alternativ for svært mange, særleg viss dei av ulike grunnar definerer seg vekk frå ein samisk identitet.

Nokre faktorar ved einskildindivids språkval vil ein aldri kunna gjera noko med, men uansett korleis me ser på den framskrivinga som er gjort her, kan me slå fast to viktige poeng som gjeld skulens rolle for samisk språk: 1) talet på elevar med samiskopplæring bør aukast og 2) kvaliteten på samiskopplæringa bør vera så god som mogleg.

Til det første poenget kan me først spørja oss kor mange elevar som burde ha hatt samiskopplæring, ut frå talet på kor mange i den norske befolkninga det er som har ein samisk identitet. Dette talet er det ingen som veit, for norske folketeljingar spør ikkje om etnisitet. Men lat oss for eksempel tenkja at den samiske befolkninga utgjer 1 prosent av den totale folkesetnaden i landet, det vil seia ikring 53 000. Viss ein tenkjer at alle med samisk identitet burde kunna snakka samisk, burde talet på elevar med samiskopplæring i grunnskulen vera 11,9 prosent av dette, altså 6307, det vil seia tre gonger høgare enn det er i dag. Viss vi for øvinga si skuld tenkjer at den norske samiske befolkninga utgjer 0,5 prosent (det vil seia ikring 26 500), burde elevtalet ha vore 3154, altså framleis 50 prosent høgare enn det er i dag. Og dette gjeld altså så lenge me ser for oss at folketalet held seg stabilt og verken aukar eller minkar.

Den etniske populasjonen av samar er minst dobbelt så stor som populasjonen av dei som meistrar eit samisk språk.

NOU-rapporten Hjertespråket – Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk (NOU 2016: 18) legg vekt på behovet for å auka talet på samiske språkbrukarar, og den peiker også på at det trengst ein særleg innsats for samiske barn og unge i dei større byane, gitt at samar som resten av befolkninga også flyttar til byar og tettbygde strok.


GLEDELEG I TROMSØ

Elevtalet i Tromsø viser i så måte ei gledeleg utvikling. I skuleåret 2017/2018 var det 1580 elevar i den norske barneskulen (trinn 1–7) med opplæring i nordsamisk (alle læreplanar), og av desse gjekk 129 på skular i Tromsø kommune. Det utgjer 8,1 prosent av det nasjonale talet på elevar med opplæring i samisk. 58 av desse elevane vart underviste etter læreplanen for nordsamisk 1, og det utgjorde 9 prosent av det nasjonale talet på 646 førstespråkselevar i nordsamisk.

Dette høge talet på samiskelevar i Tromsø vekker nok oppsikt hjå mange. Og det har ikkje komme av seg sjølv. Det har vore jobba systematisk og målretta med samisktilbodet i Tromsø kommune over mange år, og dei siste åra har det vore ein signifikant auke: I skuleåret 2016/2017 var talet på samiskelevar i Tromsøs barneskular 101 og året før der igjen 77. På to år har ein altså nesten dobla talet. På same tid har det for heile landet vore ein oppgang frå 1444 til 1580 elevar i trinn 1–7, og Tromsø står då for over ein tredel av denne nasjonale auken. Auken har fortsett i inneverande skuleår. Dette viser at Tromsø er i ferd med å bli ein særs viktig by for rekrutteringa av framtidige brukarar av nordsamisk språk.

Elevane med samiskopplæring utgjer 0,36 prosent av alle norske skuleelevar.

Eit godt organisert foreldrenettverk, ei aktiv sameforeining og viktige nøkkelpersonar blant kommunens skuleleiarar og lærarar kan ta æra for dette. Systematisk tilrettelegging for samiskundervisning og rekruttering av kvalifisert undervisningspersonale har vore avgjerande. Og sjølv om mange av førstespråkselevane går i ein eigen samisk klasse på ein av skulane, er det samiskelevar på over tjue ulike skular rundt omkring i kommunen. Så mange som ein tredel av førstespråkselevane går på andre skular enn den som har den samiske klassen.

At så å seia alle skular i kommunen rekrutterer samiskelevar, er samtidig ei stor utfordring for språklæringa. Samiske elevar i Tromsø og andre norske byar lever i ein såkalla arvespråkssituasjon, det vil seia der eit anna språk enn samisk totalt dominerer den språklege kvardagen. Når elevane er spreidde slik som i Tromsø, føregår samiskundervisninga typisk slik at ein eller eit par elevar på sitt trinn i lag med ei handfull elevar på andre trinn blir underviste av ein ambulerande lærar. For fleirtalet av elevane er difor skulekvardagen heilt dominert av norsk, og det same gjeld på fritida, for organiserte fritidsaktivitetar på samisk finst ikkje.

Samiskopplæring i Tromsø og andre byar blir såleis noko ganske anna enn samiskopplæring i det samiske kjerneområdet i Indre Finnmark, og for å kompensera for fråværet av eit større samisk språkmiljø synest det naudsynt med ekstraordinære tiltak som etablering av alternative samiskspråklege arenaer utanom skulen. Inneverande skuleår har UiT Noregs arktiske universitet og Tromsø kommune med støtte frå Sametinget som eit pilotprosjekt sett i gang ein «språkdusj» der alle samiskelevar i barneskulane får tilbod om å delta på ei samling på tre–fire timar kvar veke. Samlingane er leidde av samiskspråklege studentar frå UiT og kjem i tillegg til det lovpålagde opplæringstilbodet i samisk. Håpet er at dette kan gi borna verdfull samiskspråkleg innputt, samtidig som dei får knytt sosiale band på tvers av skular og får ei oppleving av å vera del av ei større gruppe.


OPPLÆRING I SKULEN AVGJERANDE

Skulen er ein særs viktig arena for vidareføringa av samisk språk. Her ligg det største potensialet for å halda oppe og auka talet på einskildindivid med samiskspråkleg kompetanse. Og sidan også eit aukande tal på born med samisk bakgrunn og identitet no bur i byar og tettstader der det større språkmiljøet er dominert av norsk, er det viktig å finna gode former for samiskopplæring som kan kompensera for fråværet av samisk rundt borna. Det krev ein ekstra innsats som går ut over dei lovpålagde rettane samiske born har i dag.

Det er all grunn til å tru at ein slik ekstra innsats, i eit kulturarvperspektiv, vil gi god avkastning.

Kjelder:

Ethnologue. https://www.ethnologue.com/

Grunnskolens informasjonssystem. https://gsi.udir.no/

NOU 2016: 18. Hjertespråket — Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2016-18/id2515222/

The Endangered Languages Project. http://www.endangeredlanguages.com/

 

[1] Kjelde: The Endangered Languages Project

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Siste

Mer fra Portalen

MONTAGES: En trettifem minutter lang reklame for et italienske motehus.

TDFN: Jeg er legestudent. Jeg vil kjempe mot vår største fiende: døden.

NORSK SHAKESPEARETIDSSKRIFT: Scenekunst i vår antropocene tid.

MONTAGES: Olivier Assayas fortsetter å undersøke forholdet mellom det forgjengelige og det evige.

MONTAGES: Det postkoloniale blikket i Ousmane Sembenes gjennombruddsfilm Black Girl.