Annonse
10:04 - 29. september 2017

Å vera song. Å synge liv

FOLKEMUSIKK: Sjå for deg kvedaren i det ho avsluttar visa si. Publikum klappar. Så stilnar applausen, og ho bryt ut: «E’ kje den fin!?» Ho smiler breitt og ser på alle. Augo strålar, lune og lure. Publikum gapar og flirer.

Kvedaren Agnes Buen Garnås i dag og i ei yngre drakt. Foto: Privat
Annonse

Folkemusikk er det einaste magasinet i Noreg som heilt er vigd til folkemusikk og folkedans. Vi formidlar nyhende frå dei norske folkemusikk- og folkedansmiljøa – frå lokallag til profesjonelle aktørar – melder nye utgivingar og debatterer aktuelle tema. 

Alt om min papa
Setesdølen Torleiv H. Bjørgum etterlét seg ein stor musikalsk arv. Alt skal no samlast i eit stort multimedialt verk, og første del blei nett sleppt.

Heime hos Larsens
Gjermund Larsen, spellemannprisvinnar i folkemusikk 2014, kjem frå ein musikalsk familie. Vi møtte dei alle på heimgarden i Verdal for ein musikkprat.

Denne artikkelen er hentet fra en av samarbeidspartnerne i Morgenbladets tidsskriftportal. Se mer fra norske tidsskrift i PORTALEN

Slik har me opplevd Agnes Buen Garnås. Med ei heilt spesiell formidlingsglede har ho delt sine songar med oss gjennom eit langt liv. Frå ho som pur ung drog på seg den nye beltestakken sin for å synge på Dyrsku’n, og blei presentert som «den siste som kvo», til ho i dag har runda 70 år. Ho kan sjå tilbake på eit engasjert liv, i kamp for og i kjærleik til folkesongane våre.

«Når mamma syng, er det ikkje for å vise kor flink ho er, men for å vise kor fin musikken er», sa sonen hennar, Per Anders, då dei feira 70-årsdagen hennar i Bø i fjor.

«Ja. Det er Agnes i eit nøtteskal», nikkar dei som kjenner ho.
 

Vekkinga

– Eg trur nok at då eg var 19, då hadde eg bestemt meg for kva eg skulle drive med, seier Agnes.

Og sidan har ho drive med det, og ho har ikkje vingla.

– Eg har jo aldri drive med noko anna. Eg har jobba veldig bevisst med det smale, aldri vore oppteken av å kommersialisere. Eg fekk alltid spørsmål då eg var ung, om eg skulle begynne å synge jazz, eller viser. Det var alltid noko anna … og den der heng jo litt igjen enno.

Ho opplevde at det ho dreiv med, ikkje blei sett på som bra nok. Det var liksom ikkje noko å drive med. Denne haldninga møtte ho alle stader, ikkje minst då ho gjekk på musikkskulen på Veitvet. Songlærarinna der ville at ho skulle byrje med klassisk song eller opera, for det hadde den unge jondølen stemme til.

– Det enda med at ho sa at viss eg ville gå den smale veg, så måtte eg berre halde på med den songen min då. Eg skreiv eit langt brev til ho … at eg visste jo kvar den breie veg førte hen, så eg kom nok til fortsette på den smale. Eg blei alltid veldig sinna når dei dreiv på med det der, for eg visste kva det innebar av verdiar, det materialet eg heldt på med. Det er mektig bra, mykje av det. Og balladane var vel au borte då eg begynte. Altså, dei kunne dei, Brita Bratland og den type folk, men dei blei iallfall ikkje brukt. Så der var jo vi banebrytarar, vi som begynte med det på den tida der.

Ho kom som eit sunt, friskt, blidt pust – lo sin trillande latter og sjarmerte oss alle i senk.

Bjørg Eriksen

Og den tida, det var midt på 60-talet, då visebølga skylde inn over landet – eit heldig samantreff. Club 7 var samlingsstaden og scena for den radikale motkulturen slik han kom til uttrykk i Noreg, og her opna det seg rom for folkemusikken. Bjørg Eriksen, i dag direktør for Fond for utøvande kunstnarar, minnest:

– Eg blei kjend med Agnes på 70-talet då ho dreiv kvedarkurs i Oslo, nærare bestemt på Club 7, der eg arbeidde på kontoret. Ho kom som eit sunt, friskt, blidt pust – lo sin trillande latter og sjarmerte oss alle i senk. Inkludert rufsete jazzmusikarar, slitne frikarar, hippiar og det vanlege publikum. Club 7 var veldig urbant, Agnes var veldig tydeleg frå landsbygda, og det var ho som skapte relasjonane og takhøgda. Takka vera ho fekk Club 7 også kontakt med andre av dei fremste folkemusikarane i landet, og vi hadde fleire folkemusikkveldar med fullt hus i salen og fullt på scena. Og fest i blårommet etterpå! Agnes var tradisjonsberaren og fornyaren, brubyggaren og sjølve smilet på Club 7.

Agnes minnest at ho stod bak i lokalet saman med Cornelis Vreeswijk på ein av desse fullstappa kveldane og lytta til Hans Gampedalen, som song så skjorta flagra. Då han var ferdig, utbraut Vreeswijk: «Han kan sjunga!»

Kvedarkursa var populære. Oslo-ungdomen fekk lære, men det kom også unge frå andre kantar av landet, slik som Eli Storbekken og Kirsten Bråten Berg. Ut av desse kursa vaks dei legendariske kvedarseminara fram. Tanken var at dei som no hadde fått sitt fyrste møte med songtradisjonane på Club 7, skulle få møte den levande tradisjonen på bygdene. Få høyre fleire kvedarar i same tradisjon, og i fleire generasjonar.

Mange av dei eldre hadde ikkje sett kvarandre sidan ungdomen. Dei hadde kanskje berre sulla for seg sjølve heime på kjøkenet, og no møtte dei plutseleg ikkje berre gamle kjende, men også ein haug med unge som sat som tende ljos, med nyvunnen respekt for dette særeigne tonespråket. Agnes og medhjelparane hennar nærast støvsuga bygdene for kjelder.

Nokre av dei kunne vera tråe å be på i byrjinga, men når dei fyrst fekk lirka dei i gang, ville det ingen ende ta. «Det lydde oppi hovudet mitt i fleire døgn etterpå», minnest Agnes. I ein tiårsperiode frå midt på 70-talet til midt på 80-talet blei det arrangert helgeseminar ein gong i året, på ulike stader i landet. Det siste kvedarseminaret blei halde i Sverige, og var eit nordisk samarbeid.
 

Agnes saman med saksofonisten Jan Garbarek. Foto: Privat 

Agnes’ metode
Samarbeid, å samle folk, og å dra lasset i hop har vore Agnes sin metode. Frå ho var lita har ho vore utprega sosial og nyfiken på andre, fordomsfri og open for alle slags typar menneske. Som ei samlande kraft, ei slags kvedarkunstnarleg dreieskive, har ho drege i trådane og fått ting til å skje.

– Ho inviterte oss inn i kvedarvarmen, fortel Eli Storbekken.

– Ho er vår alles kvedarmor, seier Jarnfrid Kjøk.

Initiativtakar, miljøskapar, inspirator, primus motor og usløkkjeleg eldsjel. Mange er merkelappane som kan karakterisere engasjementet hennar. Agnes har jobba hardt for å vekke andre si interesse, og sette dei på sporet av sine songar og si stemme. Ho har oppmuntra dei til å leite opp kjelder i sine lokalmiljø, ta vare på songane dei måtte finne, bruke dei, og dele dei vidare. I 2002 tok ho initiativ til å stifte Norsk Kvedarforum, som den dag i dag har årlege samlingar og tel om lag 100 medlemar.

Men det er ikkje berre songarar ho har samla. Gjennom eit utal omfattande prosjekt opp igjennom åra har ho knytt band på tvers av musikksjangrar, kunstformer, aldrar, landsdelar og landegrenser. Ein kunne skrive bøker om alle dei spennande prosjekta Agnes har sett i verk, men me får nøye oss med å sveipe lett innom eit fåtal.

Det vidgjetne samarbeidet med Jan Garbarek var også eit Agnes-initiativ. Frå midt på 80-talet til midt på 90-talet førte dette ho ut på turnear med Jan Garbarek Group og musikarar som Mari Boine og den dansk-amerikanske jazzperkusjonisten Marilyn Mazur, i inn- og i utland.

Frå midten av 90-talet til midt på 2000-talet la ho ned mykje arbeid i balladeprosjekt med nordiske perspektiv. I prosjektet Det syng! Ballader på vandring hadde ho med seg kvedarane Sinikka Langeland, Eli Storbekken, Halvor Håkanes og skodespelar Anne Marit Jacobsen. Dei turnerte heile Norden og gav ut ein CD i 1999.

Eg spør Halvor Håkanes om balladane ville stått like sterkt i dag, om det ikkje hadde vore for det iherdige arbeidet til Agnes. Han svarar kontant: – Det er eit enkelt svar på det, og det er nei.

Så følgde prosjektet Kvedar, med Eli, Halvor, visediktaren Geirr Lystrup, dansaren Cathrine Smith og tekstilkunstnaren Nina Thormodsæter Haugen. Slike samarbeid på tvers av kunstformer skulle ho i endå større grad dra med seg inn i neste tiår.

 

Å synge liv

Prosjekta til Agnes har alltid fleire lag i seg. Det ligg ei større meining bak, ein tanke om kva som er viktig i eit menneskeliv. Hjartet hennar er stort, og det bankar ekstra hardt for dei aller minste blant oss. Å gje dei tidleg tilgang på kulturarven har vore viktig for ho, som ei slags niste på vegen vidare.

For meg har visene aldri vore «noko gammalt» som folk trur på

Frå tidleg på 2000-talet arbeidde ho meir og meir med prosjekt retta mot ungar, særleg born frå 0 til 3 år. I prosjekt som til dømes Fuglfønix kombinerte ho musikk, dans, forteljing og tekstilkunst i ein sanseleg-estetisk didaktikk for dei aller minste. I tillegg til kunstnarar og barnehageungar involverte prosjektet vaksne kvedarelevar, elevar i vidaregåande skule og studentar og lærarar ved Universitetet i Agder.

For for Agnes har songane alltid handla om livet. Ikkje om livet i gamle dagar, men om livet slik det utfaldar seg her og no. Sjølv om tekstane er frå mellomalderen, så har ho aktualisert dei i sitt eige liv. Det ho har opplevd og sett ikring seg, har ho funne parallellar til i folkevisene.

– Eg har bestandig tenkt det sånn, tenkt det som noko som passar i dagens samfunn. For meg har visene aldri vore «noko gammalt» som folk trur på … Eg syng det ikkje fordi det er gammalt. Eg har vore opptatt av å seie at dette er sanne historier. At det er reelt, på ein måte.

Og i dette ligg vel noko av kimen til det som rører folk når Agnes syng. At ho kjenner at visene er relevante i sitt liv, i dag, er noko av kjernen og krafta i formidlinga hennar.

– Det vil jo smitte, seier ho. – Det er akkurat som viss det sit to stykke på ei scene og har ein kommunikasjon som syner, så har dei med ein gong kommunikasjon med heile publikummet au. Sånn er det jo au når du har forstått ei vise, så kjenner og høyrer folk det, altså.

I intervju med NRK sin medarbeidar Odd Grythe. Foto: Privat

Kunstnaren

Sinikka Langeland har arbeidd med Agnes i fleire prosjekt, og prøver å setje ord på kva det er ved songen til Agnes som gjer at han rører så sterkt.

– Det er liksom så reint. Tidlaust og sterkt, på ein måte som er vanskeleg å forklare … Tidlegare var komponistane del av ein meir kollektiv måte å forhalde seg til musikken på, men så kjem Beethoven. Han blir sett på som den fyrste komponisten som blir personleg, med eit tydeleg uttrykt «eg». Dette skiljet mellom det kollektive og det individuelle finn ein også om ein samanliknar nyare viser, til dømes skillingsviser, med mellomalderballadar. I nyare viser trår eg-et mykje tydelegare fram, og det er store kjensler. Balladane frå mellomalderen er meir nøkterne. Her er det ikkje eit «eg» som skal uttrykke seg. Dette illustrerer på eit vis korleis eg opplever Agnes sin måte å uttrykke seg på i songen, seier Sinikka, og held fram: – Det er eit utruleg sterkt og reinskore kunstuttrykk. Det er hogd i stein, på ein måte. Ho er ein reiskap for tradisjonen og musikken, for kunsten. Det er ikkje mange slike i verda. Nettopp fordi dei ikkje framhevar seg sjølve, eller prøver å vera «eg», så blir dei nesten endå meir særprega.

Songaren Ruth Wilhelmine Meyer, som også har jobba tett med Agnes i fleire samanhengar, seier: – Fordi dei er så skapande kunstnarar, så ligg det også overskridingar der. Dei tenkjer ikkje så mykje sjangrar eller båsar, men søker på ein måte innover til kjernen av musikken, teksten, uttrykket, og er opptekne av det ekte og det ærlege. At du ikkje pyntar for å pynte, men at forsiringane i songen og spelet har ein grunn. Dei står i forhold til det du vil seie.

– Sjølv om Agnes er ein så klar tradisjonsberar, er det ingen som har vore så open som ho, seier Ruth. – Samarbeidet med Jan Garbarek, for eksempel. No til dags er slike samarbeid heilt vanlege, ikkje spesielle i det heile. Men den gongen, på 80-talet, var det utruleg spesielt. Agnes har aldri vore redd for å gå ut av boksen, altså, for ho tenkjer ikkje boks – ho er ikkje nokon boks. Samtidig er ho så streng i tradisjonen, men det er ikkje eigentleg noka motsetning.

– Ho syg til seg det ho kan, som alle store kunstnarar, seier Sinikka. – Ein blir endå meir klar over kva ein eigentleg driv med i møte med det andre.

Agnes har drege Sinikka med på mange samarbeidsprosjekt, store produksjonar med kunstnarar frå mange land. Samanhengane mellom tradisjon og variasjon på tvers av landsdelar, land og verdsdelar er perspektiv som Agnes alltid har hatt med seg. Alltid med eit blikk for det universelle og rolla kunsten spelar i menneskelivet.

Ruth fortel at ho aldri har høyrt Agnes synge ei vise likt frå dag til dag: – Det er alltid ferskvare. Ho er alltid fullstendig til stades, har ein enorm musikalsk fantasi og eit enormt musikalsk repertoar. Slik sett er ho den største, ho er jo det. Kva var det Kirsten sa? «Der vi kjenner slåttestevet, der kjenner Agnes slåttestevet i tre variantar og heile slåtten.» Hahaha! Ho er eit heilt bibliotek, altså!

På 70-årsdagen til Agnes skulle Ruth framføre ein ballade. Ho valde seg ut Haugebonden, og fortel frå førebuingane: – Eg høyrde på masse haugebondar frå heile landet. Fine melodiar. Og så høyrde eg på ein versjon med Agnes, og så er det akkurat som om noko heilt anna skjer … Plutseleg så opnar historia seg på ein heilt annan måte. Det er berre ein heilt annan dimensjon. Og endå så fint som mykje kan vera, då, det er ikkje for å nedvurdere noko anna, men når ho set i gang … Det er berre akkurat som det blir heilt annleis. Det er så mange lag i det ho gjer, endå ho kan gjera det enkelt, så er det heilt andre djup som opnar seg. Heilt andre blånar, heilt andre perspektiv. Eg trur kanskje Agnes er den som har inspirert meg mest som kunstnar.

Når eg syng, så trur eg nok eg tenker veldig mykje på det som eg har høyrt, altså kjeldene.

Eg spør Agnes om dette med forskjellen på å vera tradisjonsberar og kunstnar.

– Alle er nok vesentlege i ei rekkje. Men det er klart at som kunstnar må du våge å legge til noko sjølv. Når eg syng, så trur eg nok eg tenker veldig mykje på det som eg har høyrt, altså kjeldene, som er dei som eg på ein måte prøver å ta med inn i det som eg syng. Men skjer det noko … kanskje ein tenker at «ja men her hadde det vore fint å kommentere eller poengtere det og det i innhaldet». For innhaldet er jo like viktig som det at du skal verne om dei du syng etter. Så er det med og skapar det som eg gjer, då, frå mi side. Og det treng ikkje vera mykje. Det er ikkje plass til mykje forandring. Det kan nokon gonger berre vera at du hevar linja ein annan stad i verselinja, så er det nok til at du har laga eit lite teikn på kven du er. Så det er vel sånn eg har jobba bestandig. Det blir som når folk fortel ei historie, veit du, så er det ikkje ordrett, liksom. Det er ikkje diktat. Så det blir jo ei gjenskaping kvar gong.

 

Under overflata

– Eg las det sitatet til Stig Sæterbakken. Kanskje eg kan bruke det?

– Ja, det kan du berre bruke. Det går ikkje an å få sagt det meir eksakt.

Sitatet lyder slik: «(…) Som om det som skjer når vi hører på sang, er at noe i oss begynner å synge. Noe som ellers er stumt. Vi lytter ikke bare, vi synger, vi også. Å høre er å synge med. Som om sang(er)en fremkaller en annen stemme i oss, en som ellers ikke er tilgjengelig for oss, en vi ikke har tilgang til, som vi ellers ikke klarer å gjøre bruk av. Som om sangen skaper, eller fremkaller, en dobbeltgjenger, vårt syngende alter ego, så å si. Inni hver sang er det en sang. Inni hvert menneske som lytter til musikk, er det en sanger, som synger med.
Og dét må være, etter mine ukristelige begreper, det nærmeste vi mennesker kommer en form for nåde.»

Agnes har alltid hatt eit klårt medvit om at song kan verke lækjande og fungere som ein ventil for den som syng, og for den som lyttar.

Det siste store løftet ho har teke initiativ til, er bokutgjevinga Dragning mot sinnets dyp. En dybdepsykologisk tilnærming til et utvalg folkeviser, som også inneheld ein CD med 8 balladar. Forfattar og psykoterapeut Astri Hognestad har gjennom fleire år analysert draumar og folkeeventyr med utgangspunkt i jungiansk psykologi og symbolforståing. Agnes inviterte Astri til å halde eit av eventyrseminara sine i Bø, og nytta samstundes høvet til å gje ho nokre smakebitar på dei rike tekstane i folkevisene.

Så kom ideen om ei bok der Astri analyserer eit utval balladar. Mange forskarar tolkar fyrst og fremst folkevisene ut ifrå den tida og konteksten dei blei til i. Astri og Agnes har ei felles forståing som går ut over dette, og dei to jobba tett i prosessen fram mot utgjevinga. Her blir balladetekstane analyserte som symbolunivers som kan fortelje oss noko om psykologiske tilstandar og prosessar.

Bokprosjektet er eit tydeleg uttrykk for kva songen har vore for Agnes. Slik sett høvde det spesielt godt å legge boksleppet til 70-årsdagen til Agnes, som blei feira på Sandvin ungdomshus i Bø 23. oktober i fjor.

– Eg skjøna det vel ikkje heilt sjølv, før eg merka det på dagen, kor godt dette her passa saman. Det er jo ein døropnar, dette med å forklare kva det handlar om, det er jo vesentleg. Og Astri har tatt det opp i dagen, og eg har jo bestandig au tenkt det sånn. Men det er klart det er mykje i det Astri skriv og fortel, som ein må lære. Ein har jo ikkje tenkt alt det der når ein har sunge det. Men eg trur at i den tida då balladane var mykje bruka, då trur eg at dette var noko folk visste. At dei visste at dette var noko som kunne hjelpe dei til å forstå livet.

 

Arbeidsmauren

Me kan vel konkludere med at det ikkje er utan grunn at Agnes blir kalla Noregs kvedardronning. Men ho likar ikkje sjølv dette omgrepet:

– Eg har aldri likt det. Eg meiner at i folkemusikktua så er det ingen dronningar, berre arbeidsmaur. For det er jo slik vi bringar det vidare, at vi samarbeider og jobbar vidare på den måten. Og best som det er, så er det den eine som er dronning, og best som det er, så er det den andre. Og i så fall så er vi mange forskjellige. Men det er liksom som å vera maur, at du må berre gyve på. Men det er ikkje sikkert det er så naud på lenger, då …

– Du må ikkje vera redningskvinne lenger?

– Nei, er ikkje med i «frelsesarmeen» lenger.

– Du har no gjort ditt då.

– Ja, eg har det.

– Er det noko du synest at eg burde spurt deg om?

– Nei, eg er heilt tom i hovudet, eg, og det har eg vore i heile dag … Du kan jo skrive at eg synest eg har blitt grueleg gammal … for eg har aldri brydd meg om alder, ikkje på andre og ikkje på meg sjølv. Eg har synst at vi har vore like gamle alle, liksom, bestandig. Men 70 år, det synest eg var vanvitig forskjell, altså, i forhold til å vera 65 eller 60. Eg synest det der blei veldig mykje. Sytti år! Huff.

– Du har ei 70-årskrise du då, medan eg har ei 40-årskrise, heh.

– Ja ja, det er sikkert same sjuken, berre ei verre utgåve når du er 70. Tyngre utgåve. Men det er verkeleg sant, og eg skjønar det ikkje, at det bryr meg så fælt, men … det er vel fordi eg har halde på så lenge med å seie «vi unge», sikkert, hæ hæ hæ.

– Ja, apropos… Har du ei melding til dagens unge?

– Hm. Det måtte vera at dei går glipp av veldig mykje viss dei ikkje let seg inspirere av alt det vakre som handlar om livet i visene og steva og alt saman … Det bør vera ein del av kvar og ein, eigentleg, å kunna noko av det her, for det er ein del av … å vera.

 

Sitatet av Stig Sæterbakken er henta frå boka De Press: Block to block (Falck forlag, 2011; s. 89).

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Mer fra Portalen

OBJEKTIV: – But maybe bookshops aren’t thinking of new ways engage their audience.

ARGUMENT: Avicii skapte moderne festmusikk, men hva er et musikalsk geni?

MONTAGES: En planløs vandring gjennom filmen L’avventura.

ARGUMENT: Hvorfor er niqab uønsket i undervisningssituasjoner?

MONTAGES: Forbudt kjærlighet på tvers av kulturer eller fiendelinjer.