Portal

TTIP – eit nytt norsk demokratisk dilemma

SYN OG SEGN: Ein ny handelsavtale mellom USA og Europa er på trappene. Målet er å auke ein del av verdshandelen. Men avtalen er ein trussel mot demokratiske praksisar, seier kritikarar.

---

Syn og Segn

Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta i 1894. Tidsskriftet er eit av få landsdekkande tidsskrift på nynorsk, og har lesestoff over eit breitt register av tema innanfor kultur, politikk og samfunn. Syn og Segn er eig av Det Norske Samlaget og blir lese av kulturinteresserte over heile landet. Redaksjonen har kontor på Fagernes. 

Artikkelen sto på trykk i Syn og Segn 3.15. Syn og Segn er ein av samarbeidspartnarane i Morgenbladet sin tidsskriftportal. Sjå meir frå over 25 norske tidsskrift i PORTALEN.

---

I desse dagar forhandlar EU og USA om ein ny handelsavtale, ein såkalla transatlantisk handels- og investeringspartnarskap, forkorta TTIP. På begge sider av Atlanterhavet er det lagt mykje prestisje i å få avtalen på plass. Partane håper å bli samde før Obama forlèt Det kvite huset i januar 2017.[1] Det er framleis uvisst nøyaktig kva avtalen skal innehalde. Ein avtale vil uansett innebere store endringar for både EU og USA. Han vil òg ha konsekvensar for Noreg, mellom anna i form av auka konkurranse frå USA.

TTIP har som siktemål å styrkje den økonomiske integrasjonen mellom EU og USA ved å redusere tollsatsar og å fjerne andre handelshindringar mellom landa. Det er òg gjort framlegg om å etablere ein tvisteløysingsmekanisme for avtalen, som gjer det mogleg for selskap å saksøkje statar utan å gå via nasjonale domstolar.

Demokratisk dilemma. Avtalen møter motstand i både EU og USA. Bekymringane dreier seg i hovudsak om frykt for svekte mat- og miljøreguleringar og sosiale standardar, og at den planlagde tvisteløysingsmekanismen vil gi selskap for stor påverknad på viktige rettsprosessar av allmenn interesse.

Her til lands har SV, Senterpartiet, Norges Bondelag, Attac, Nei til EU og Raudt markert seg som kritikarar av den føreslåtte avtalen. Det er ikkje overraskande: Venstresida og landbruksinteressene har stort sett alltid vore skeptiske til frihandelsavtalar fordi dei mellom anna har frykta at det skulle svekkje rettane og arbeidsplassane til arbeidarar og bønder, og på grunn av motstand mot kapitalismen. Men er det berre desse som har grunn til å bekymre seg, eller burde fleire vere urolege?

I over to år har EU og USA forhandla om TTIP, ein avtale som kan gjere dei to handelsblokkene til den største frihandelssona i verda

I motsetning til dei bekymra norske røystene kan til dømes tyskarar og svenskar påverke utfallet av avtalen. I Noreg har vi gitt frå oss høvet til medbestemming i EU-organ, og har som vanleg særs lite vi skulle ha sagt. TTIP-forhandlingane er dermed eit nytt døme på kor liten påverknad Noreg har på prosessar som betyr mykje for oss. Avtalen blir tinga fram utan norsk deltaking, i likskap med alle EU-reglane Noreg stadig implementerer utan å blunke. Sidan EU og USA er dei viktigaste handelspartnarane til Noreg, har vi neppe råd til å stå utanfor eit nytt økonomisk frihandelsområde. TTIP vil setje oss i eit demokratisk dilemma.

I fjor markerte vi 200-årsjubileet for fødselen til det sjølvstendige Noreg. Det er nesten så ein kan spørje om feiringa var passande, når så mykje av lovgivinga vår er delegert til dei europeiske naboane våre. Eidsvollsmennene hadde nok snudd seg i grava. Det norske demokratiet har mange positive sider, men tilknytinga vår til EU er tvillaust ei demokratisk utfordring. Via EØS-avtalen har Noreg, utan røysterett, implementert om lag tre firedelar av EU-retten, jamført med EU-landa som er med på alt.[2] TTIP vil sannsynlegvis gjere det eksisterande demokratiske underskotet endå større.

Kva er TTIP? I over to år har EU og USA forhandla om TTIP, ein avtale som kan gjere dei to handelsblokkene til den største frihandelssona i verda. «Summen av bruttonasjonalprodukta i USA og EU utgjer til saman kring halvparten av all verdiskapinga i verda. Avtalen vil dekkje nesten ein tredel av all verdshandel», skriv Tarald L. Berge.[3]

Ei frihandelssone er meir omfattande enn ein frihandelsavtale. Ein frihandelsavtale omfattar berre varer, medan ei frihandelssone inneber langt meir integrasjon. Den indre marknaden i EU er eit døme på det sistnemnde. Der er det fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft – dei såkalla fire fridommane. Dessutan er det ein marknad der konkurransevilkåra skal vere like. Det vil seie at det ikkje skal vere handelshindringar til stades mellom landa.

Kva som konkret ligg i omgrepet frihandelssone i TTIP-samanheng, er avhengig av tingingane. I og med at siktemålet er å redusere handelshindringar, og å utforme reglar og prinsipp for dette, er det rimeleg å rekne med at det ferdigtinga TTIP vil ha fleire likskapar med ei frihandelssone som den indre marknaden i EU enn med ein tradisjonell handelsavtale.[4]

Ei handelshindring kan vere eit vern mot import (importvern) eller eit tilskot til eksport (eksportsubsidiering).[5] Importvarer kan diskriminerast på fleire måtar; toll er den mest utbreidde forma. Såkalla ikkje-tollmessige handelshindringar er ofte ei meir løynd form for diskriminering. Slike hindringar er til vanleg eit resultat av ulikskapar i reglar og standardar. Det betyr at landa stiller særlege krav til varene og omsetninga av dei. Dette er ikkje nødvendigvis gale. Ei ikkje-tollmessig handelshindring kan grunngivast i mellom anna helse- eller mattryggleik eller arbeidarrettar. Grensa mellom ei legitim og ei illegitim handelshindring kan vere vanskeleg å trekkje.

Tollsatsane mellom EU og USA er i utgangspunktet ganske låge, spesielt for industrivarer. For varer er den gjennomsnittlege tollsatsen fire prosent.[6] TTIP vil derimot redusere tollsatsane i sektorar der dei framleis relativt sett er høge (til dømes landbruk eller fiske).[7]

Men dei største vinstane av avtalen vil komme frå reduksjon av dei ikkje-tollmessige handelshindringane, fordi regelverka i EU og USA framleis skil seg frå kvarandre på ein del område.[8] Til dømes er det per i dag ikkje lov å selje genmodifisert mat i Europa, medan dette er lov i USA. Harmonisering av regelverka for varer betyr at når ei vare er godkjend for sal i USA, skal ho i utgangspunktet automatisk òg kunne seljast i EU. Ønskjer vi genmodifisert mat på kjøkkenbordet?

Klorreinsa kylling. Frå det som har komme ut om forhandlingane, veit vi at mellom anna mattryggleik og dyrevelferd er svært omdiskutert. Dei færraste europearar synest det høyrest freistande ut med genmodifisert mat. Kampen mot hormonhandsama biff og klorreinsa kylling har følgjeleg blitt ei fanesak for fleire europeiske, og ikkje minst norske TTIP-skeptikarar. I Nationen er TTIP blitt omtalt som «et geopolitisk spill med folkehelsa som innsats».[9] Norges Bondelag meiner at «TTIP setter handel foran trygg mat».[10] Det er ein forståeleg skepsis.

Europakommisjonen har derimot eksplisitt uttalt at dei ikkje under nokon omstende er villige til å ofre den standarden europeiske produkt held i dag. Ein kan spørje seg korleis to såpass ulike regelverk som EU og USA sine skal kunne harmoniserast utan at det eine blir styrkt eller det andre svekt. Er det mogleg å harmonisere regelverka og samstundes halde på sine eigne standardar gjennom TTIP?

I EU har ein greidd å harmonisere dei ulike regelverka om mattryggleik som dei 28 medlemslanda har hatt, samstundes som nasjonale kriterium er tillatne. Mattryggleik har stått høgt på agendaen i EU, særleg etter utbrotet av munn- og klauvsjuke i 2001. I Skottland er til dømes mange ulike ostar ikkje tillatne på grunn av forbod mot upasteurisert mjølk. Danmark har forbod mot vitamintilsetjingar i mat, noko som de facto betyr importforbod av pålegget Marmite. Det er elles verdt å nemne at amerikanarane, på grunn av bakterienivået, ikkje vil importere europeisk blåmuggost.[11]

TTIP vil sannsynlegvis gjere det eksisterande demokratiske underskotet endå større.

Med andre ord: Så lenge tiltaka i enkeltlanda ikkje berre er løynd proteksjonisme, og reglane er like for alle, er det kanskje ikkje utenkjeleg at nasjonale kriterium kan vidareførast, også under TTIP?

Stridens kjerne. TTIP vil òg inkludere ein tvisteløysingsmekanisme, ein såkalla «Investor-State Dispute Settlement» (ISDS). Ordninga inneber at ein investor frå eit medlemsland kan trekkje eit anna medlemsland for ein internasjonal skilsdomsrett når investoren meiner reglane i TTIP blir brotne. Ein skilsdomsrett består ofte av tre dommarar, der partane vel éin kvar og blir samde om den tredje.

Liknande ordningar har vore brukte sidan 1950-talet, og oppstod for å stimulere til utanlandsinvesteringar i utviklingsland med svake rettsstatar. Tanken var at investorar trong sikring mot å få midlane sine konfiskerte, fordi nasjonale domstolar ofte var korrupte. EU har per i dag flest slike avtalar i verda, 1400 med ulike land.[12] EU, særleg Tyskland, har derimot vore skeptisk til å inkludere ordninga i TTIP. USA ønskjer å ha det med, visstnok for å bruke avtalen som modell for ein framtidig handelsavtale med Kina og andre asiatiske land.[13]

ISDS er mykje kritisert og omdiskutert. Diskusjonen dreier seg om kva statar har å tene på å gi frå seg retten til å løyse tvistar for nasjonale domstolar. Kanskje har dei ingenting å tene? USA og medlemslanda i EU er rettsstatar, der problemet med korrupsjon i domstolane ikkje er like utbreidd som i mange andre delar av verda.

Mange, mellom dei Joseph Stiglitz, nobelprismottakar i økonomi (2001), meiner at det først og fremst er selskap som tener på at tvistane blir løyste i skilsdomstolar framfor i nasjonale domstolar.[14] Ordninga opnar jo for at selskap får delvis kontroll over rettsprosessen ved at dei sjølv får utnemne ein av dommarane.

Fleire ser derfor på ISDS som eit nytt våpen for multinasjonale selskap. For det er vel ingen grunn til at selskapa ikkje kan stole på nasjonale domstolar i rettsstatar som EU-medlemslanda og USA?

På den andre sida kan handsaming i nasjonale rettssystem ta veldig lang tid, opp til fleire år. I skilsdomstolane er sakene raskt avgjorde. Tilhengjarane av ordninga hevder dermed at ISDS berre er eit forsøk på å realisere rettsstatsidealet om at rettar skal realiserast innan rimeleg tid.

I fjor gjekk den tyske sosialdemokratiske finansministeren, Sigmar Gabriel, inn for at ISDS skulle fjernast frå TTIP,[15] men i februar ombestemte han seg.[16] I staden for å droppe ordninga burde ho forbetrast og tilpassast vår tid, synest han no. Han oppmodar òg tyskarane til å sjå avtalen i eit geopolitisk perspektiv. I mai diskuterte utanriksministrane i EU eit notat frå handelskommissæren, Cecilia Malmström, med framlegg til reform av ISDS-mekanismar.[17] Framlegget inneber mellom anna innføring av ankehøve, at statar ikkje kan bli tvinga til å endre lovverk, og på sikt å opprette ein permanent, internasjonal domstol for investeringar.[18]

Er framlegget berre eit forsøk på å dempe kritikken? Eller vil det vere mogleg å lage ei ordning som ikkje gir selskapa for mykje påverknad på rettsprosessen?

Ved å vinne tilbake økonomiske styrke kan Vestens forsvar mot både terror og eit politisk ustabilt Russland bli sterkare

Blir det ein avtale? Forhandlingane tek tid, og har lenge stått på staden kvil. Det kan tyde på at partane slit med å bli samde. Det er ikkje overraskande. Ein avtale med eit omfang som TTIP har lenge vore utenkjeleg. USA har i årevis vore bekymra for at regionale handelsblokker er diskriminerande, og at dei undergrev det globale handelssystemet. Den prinsipielle motviljen frå USA har likevel minka med åra, og USA har i dag frihandelsavtalar med 20 land. Mykje av dette kan grunngivast med at fleire krefter i WTO blokkerer for ein global avtale, og at mellom andre EU og USA dermed går utanfor dette rammeverket for å oppnå eigne mål.[19]

Kva mål har eigentleg EU og USA? Om det så lenge har vore motstand mot ein slik avtale, og han i tillegg møter all motstanden som er skissert ovanfor, kvifor skulle TTIP bli inngått no? Noko av forklaringa ligg i den endra maktbalansen i verda.

I fleire år etter finanskrisa har ikkje Vesten sett nokon stor økonomisk vekst. Asiatiske land står for ein stadig større del av verdiskapinga i verda. Ved hjelp av TTIP kan EU og USA ta tilbake tapt terreng. Ifølgje Europakommisjonen skal TTIP vere ein «kick-start» på økonomien i både EU og USA, og sørgje for at landa held på påverknaden sin i verda.

TTIP er meint å skape sårt etterlengta arbeidsplassar og auke verdiskapinga på begge sider av Atlanterhavet. Ifølgje ein rapport utgitt av NUPI[20] er det gjennomført to sentrale studiar, frå høvesvis CEPR i London og Ifo-instituttet i Tyskland. Begge anslår monnalege økonomiske vinstar for EU og USA.

Som den same rapporten peikar på, blir frihandelsavtalar ikkje berre inngått på bakgrunn av økonomiske berekningar. Politiske, historiske og kulturelle faktorar speler òg ei viktig rolle, jamfør til dømes opprettinga av kol- og stålunionen (forløparen til EU) etter andre verdskrigen.[21] Det er ikkje tilfeldig at EU og USA ønskjer å lene seg på kvarandre snarare enn på Kina. TTIP er òg ein del av ein geopolitisk strategi. Ved å vinne tilbake økonomisk styrke kan Vestens forsvar mot både terror og eit politisk ustabilt Russland bli sterkare. Med den alvorlegaste tryggleikspolitiske situasjonen i Europa sidan den kalde krigen er dette ein forståeleg motivasjon.

Tettare band over Nord-Atlanteren er òg meint å styrkje dei respektive landa si evne til å setje standarden for globale handels- og investeringsavtalar. Dersom EU og USA ikkje vinn tilbake denne evna, vil dei stå dårlegare rusta i møte med land med langt mindre robuste standardar og der faren for korrupsjon er stor. Ei bekymring er at Kina, som òg har mindre respekt for menneske- og arbeidarrettar, skal setje den nye standarden. Ingen ønskjer vel eigentleg det?

Kva med annleislandet Noreg? Internasjonal handel har vore og er svært viktig for verdiskapinga i Noreg, ikkje minst fordi vi er ein liten, open økonomi. Noreg må i mykje større grad enn store land tilpasse seg resten av verda. Det vil seie at Noreg åleine ikkje kan påverke globale prisar eller arbeidsvilkår.[22] Dessutan er det vanskelegare for eit lite land å utnytte stordriftsfordelar. Einingskostnadene er derfor ofte høgare, produktutvalet mindre, og det er vanskelegare for små aktørar å overleve i marknaden.[23]

Ved å importere produkt andre produserer meir effektivt, og konsentrere seg om det ein har best utgangspunkt for å produsere, unngår ein i stor grad ulempene som er nemnde ovanfor. Samstundes vil ein sitje igjen med ekstra ressursar. Internasjonal handel er òg ein viktig kanal for teknologi- og kompetanseoverføring, som var avgjerande for til dømes utviklinga av petroleumsverksemda på norsk sokkel.[24]

Men handel skaper òg fordelingskonfliktar innanfor landegrensene. Landbruk er eit praktdøme. Dersom vi i Noreg ikkje hadde verna nasjonalt landbruk, måtte mange bønder ha funne på noko anna å drive med. Det er med andre ord ikkje rart at bøndene ikkje er særleg begeistra for EU og den indre marknaden. Landbruk er derfor unnateke frå EØS-avtalen.

Handel skaper derimot òg fordelingskonfliktar mellom land. Utviklingslanda vil vekse to–tre gonger raskare enn dei rike landa i tiåra som kjem, dersom verdshandelen blir endå friare enn han er i dag, ifølgje berekningar frå WTO.[25] Internasjonal handel inneber med andre ord ei avveging mellom skilnader innanfor land og skilnader mellom rike og fattige land.

Uansett kvar ein står politisk med omsyn til desse fordelingskonfliktane, vil dei fleste vere samde i at økonomisk vekst dannar eit viktig grunnlag for velferda vår. Jo meir verdi som blir skapt, desto høgare velferdsnivå kan vi ha totalt sett. For Noreg er dette spesielt viktig, både fordi vi er eit lite land, og fordi vi har ein omfattande velferdsstat som må finansierast.

EØS – avtalen ingen vil ha. Nettopp fordi vi ønskjer økonomisk vekst, er Noreg, gjennom EØS, medlem av den indre EU-marknaden. Våre folkevalde er generelt positive til det europeiske økonomiske samarbeidet; «Norge er gjennomgående tjent med utvikling av felles regler og standarder for virksomheten i det europeiske markedet», skriv den raudgrøne regjeringa i sitt tilsvar til Europa-utgreiinga i 2012.[26] Det er verdt å merkje seg at denne meldinga kom med Senterpartiet og SV i regjering.

Det kan seiast mykje om EØS-avtalen. Han er utan tvil udemokratisk. I praksis kan vi verken stille EU-politikarane eller EU-organa til ansvar. Vi har ikkje røysterett i Brussel, men er flinkast i klassen til å implementere direktiva som kjem derfrå. Formelt har vi reservasjonshøve, men det er aldri blitt nytta. Senterpartiet og SV sat åtte år i regjering utan å få gjennom ein einaste reservasjon. Ikkje eingong mot datalagringsdirektivet, der dei hadde hatt mange meiningsfellar i Høgre. Ein kan jo lure på kor reelt høvet til å reservere seg mot eit nytt regelverk eigentleg er.

Det er forståeleg at EU-motstandarane vinn gjenklang når dei snakkar om å melde Noreg ut av EØS. Ein del ser òg ut til å meine at Noreg kunne hatt den same økonomiske veksten som i dag med berre ein frihandelsavtale med EU. Om det hadde vore tilfellet, kunne vi vel meldt oss ut for lengst? For kanskje med unntak av KrF er det faktisk ingen som føretrekkjer EØS-avtalen som anna enn eit politisk kompromiss.

Men det er nok litt naivt å tru at Noreg ville fått dei same konkurransevilkåra i EU dersom vi droppa ut av EØS, jamfør skilnaden på ein frihandelsavtale og ei frihandelssone. Dårlegare tilgang til den indre marknaden i EU ville vore uheldig for norsk verdiskaping. Sjølv om det ikkje går så det suser i Europa om dagen, er Noreg trass alt meir avhengig av EU enn omvendt. Derfor held vi ut med avtalen ingen vil ha.

TTIP vil påverke Noreg. Ifølgje konsekvensutgreiingar gjorde av NUPI og Nærings- og fiskeridepartementet vil TTIP ha både positive og negative effektar på tredjeland som Noreg. Totaleffekten er vanskeleg å berekne, mellom anna fordi mange av vinstane avheng av dei ikkje-tollmessige handelshindringane.

På den eine sida kan Noreg nyte godt av at handelen generelt blir friare. Gitt at dei berekna veksteffektane i EU og USA stemmer, vil kjøpekrafta til både europearar og amerikanarar auke på sikt.[27] Dette er positivt for Noreg, ettersom dei to er dei viktigaste marknadene for norsk eksport. Omtrent 85 prosent av eksporten vår går til EU og USA. 70 prosent av importen vår kjem derfrå.[28]

På den andre sida vil ein handelsavtale mellom EU og USA gi amerikanske bedrifter betre vilkår på EU-marknaden. Dersom Noreg står utanfor, får norske bedrifter ei konkurransemessig ulempe, og norsk konkurransekraft vil sannsynlegvis bli svekt.[29] Spesielt fiskeoppdrettarane bør frykte trøbbel, sidan Noreg ikkje har tollfridom for fiskeeksport til verken EU eller USA.[30] Dersom norske produkt blir utkonkurrerte av utanlandske bedrifter, kan mange norske arbeidsplassar gå tapt.

TTIP vil sannsynlegvis føre til at norske styresmakter hamnar i eit vrient dilemma.[31] Korleis kombinere ønsket om å eksportere norsk fisk på verdsmarknaden med ønsket om å verne norsk landbruk mot konkurranse utanfrå? Dersom (eller når) EU og USA kjem til semje, blir norske styresmakter nøydde til å vurdere kva som er viktigast for Noreg.

Sjømat er, etter olja, Noregs viktigaste eksportvare. At vi no står andsynes ei naudsynt omstilling frå oljeavhengnad, gjer fiskenæringa desto viktigare. Det verkar dermed lite sannsynleg at norske styresmakter kan eller vil ofre fiskaren for bonden. Det er kanskje ikkje tilfeldig at regjeringa i mai gjekk inn for å fase ut alle eksportsubsidiar i landbruket innan utgangen av 2019?[32] Er det kanskje landbruket som verkeleg bør frykte trøbbel?

Ifølgje Nærings og fiskeridepartementet si konsekvensutgreiing må Noreg tilpasse seg TTIP-regelverka på ei rekkje område gjennom EØS, samstundes som Noreg sin påverknad på utforminga av regelverket sannsynlegvis blir svekt.[33] Med tanke på kor lite høve vi har til å påverke i dag, er det stor fare for at det demokratiske underskotet her til lands vil bli endå større. Stadig meir av lovgivingsmyndet vårt blir delegert til utanlandske aktørar. Saker som endrar og påverkar framtida til Noreg, ligg på bordet hos andre. Og vil vi eigentleg det?

Saker som endrar og påverkar framtida til Noreg, ligg på bordet hos andre. Vil vi eigentleg det?

Ny EU-debatt i Noreg? Gitt at stadig økonomisk vekst er eit av dei viktigaste måla for Noreg, og sjølve fundamentet for velferda vår, verkar det lite sannsynleg at vi kan stå utanfor TTIP. Europaminister Vidar Helgesen har gjort det temmeleg klart kor viktig det vil vere for Noreg å vere med på leiken: «At Norge skal stå utenfor et slikt økonomisk fellesskap er ingen attraktiv tanke. Vi har signalisert overfor EU og USA at en ferdigforhandlet TTIP bør åpne for tilslutning av tredjeland», skriv han i ein kronikk på NRK ytring.[34]

I Noreg høyrer vi frå tid til anna om at regjeringa vil føre ein «proaktiv europapolitikk». Ein proaktiv europapolitikk bør i det minste innebere ein diskusjon om korleis Noreg skal stille seg til TTIP når han kjem. Korleis kan vi sikre marknadstilgang for norsk sjømat? På kva måte skal landbruket vernast? Er det eigentleg mogleg å sørgje for norsk påverknad? Korleis bør vi knyte oss til avtalen, på eiga hand eller saman med dei andre EFTA-landa?

Og kva om EU og USA ikkje opnar for tilknyting frå tredjeland? Kjetil Wiedswang skriv til dømes i ein kommentar i Dagens Næringsliv[35] at det kjem klare politiske signal om at TTIP berre blir for EU og USA.[36] Om norske styresmakter ikkje ønskjer at vi står utanfor avtalen, kva er i så fall alternativet? Norsk medlemskap i EU?

Attac skriv på heimesidene sine at «vi har stoppet lignende avtaler før, og vil gjøre det igjen». Korleis skal dei få til det når Noreg har valt bort medbestemming i EU-organ, og vi samstundes er både økonomisk og tryggleikspolitisk avhengige av EU og USA? Dersom Noreg sat ved tingingsbordet, kunne vi i det minste ha påverka utfallet. Kvifor irriterer det ikkje fleire at vi ikkje har noko å seie?

Noregs håplause rolle utanfor TTIP-tingingane illustrerer i alle fall to ting: for det første at annleislandet Noreg neppe har noko alternativ til det å ofre «sjølvråderetten» på alteret til handelsavtalen. For det andre at eidsvollsmennene ikkje berre snur seg i grava, men òg skrik etter ei meir demokratisk norsk tilknyting til EU.

Epilog: Då denne artikkelen blei send inn i slutten av juli, blussa diskusjonen om ISDS opp i norsk presse. Regjeringa gjorde i mai framlegg om å auke bruken av bilaterale investeringsavtalar og ISDS. «Vi vil følge EUs videre arbeid med sine posisjoner for investeringsbeskyttelse og tvisteløsning», heiter det i høyringsbrevet frå Nærings- og fiskeridepartementet.[37] Kanskje vi no kan håpe at TTIP får meir merksemd i norsk offentlegheit?

Omsett frå bokmål til nynorsk ved Vegard Storsul Opdahl. Artikkelen sto på trykk i Syn og Segn 3.15. Syn og Segn er ein av samarbeidspartnarane i Morgenbladet sin tidsskriftportal. Sjå meir frå over 25 norske tidsskrift i PORTALEN.


[1] Reuters, 29.5.2015: www.reuters.com/article/2015/05/29/germany-tradettipidUSL5N0YK55W20150529

[2] NOU 2012: 2, Utenfor og innenfor – Norges avtaler med EU, Europautredningen, Fredrik Sejersted m.fl., 17.1.2012

[3] TTIP – et steg på veien mot et multilateralt investeringsregime? Tarald Laudal Berge, 4.6.2015: www.sv.uio.no/isv/forskning/aktuelt/blogg/ta-politika/2015/ttip.html

[4] Økonomiske virkninger av en frihandelsavtale mellom EU og USA, Hege Medin og Arne Melchior, Norsk utenrikspolitisk institutt. Notat utarbeidd av NUPI for Finansdepartementet, 2.10.2013

[5] Gyldendal, Den store danske: www.denstoredanske.dk/Samfund,_jura_og_politik/EU/handelshindring

[6] Den europeiske delegasjon til Norge, 11.3.2015: www.eeas.europa.eu/delegations/norway/press_corner/aktuelt/items/20151103_no.htm

[7] Konsekvenser for Norge av et handels- og investeringspartnerskap mellom EU og USA, Nærings- og fiskeridepartementet 24.3.2014

[8] Ibid.

[9] Nationen, 19.8.2014: www.nationen.no/article/kampen-mot-klorkyllingen/

[10] Norges Bondelag, 27.10.2014: www.bondelaget.no/nyhetsarkiv/ttip-setter-handel-foran-trygg-mat-article79469-3805.html

[11] The Guardian, 15.4.2013: www.theguardian.com/lifeandstyle/wordofmouth/2013/apr/15/illegal-food-cheese-us-mimolette

[12] Dagens Næringsliv, 16.10.2014: www.dn.no/meninger/2014/10/16/2158/P-innsiden/tvist-om-tvister

[13] Ibid.

[14] Dagens Næringsliv, 25.5.2015 www.dn.no/meninger/debatt/2015/05/25/2057/Gjest-p-mandag/handel-mot-demokrati

[15] Klassekampen, 18.12.2014: www.klassekampen.no/article/20141218/ARTICLE/141219958

[16] www.reuters.com/article/2015/02/23/germany-trade-ttip-idUSL5N0VX2EW20150223

[17] Hva skjer på Stortinget? 12.5.2015 www.stortinget.no/no/Hva-skjer-pa-Stortinget/EU-EOS-informasjon/EU-EOS-nytt/2015/eueos-nytt–12.-mai-2015/

[18] Ibid.

[19] Økonomiske virkninger av en frihandelsavtale mellom EU og USA, Hege Medin og Arne Melchior, Norsk utenrikspolitisk institutt. Notat utarbeidet av NUPI for Finansdepartementet, 2.10.2013

[20] Ibid.

[21] Ibid.

[22] Victor D. Norman, Linda Orvedal, En liten, åpen økonomi, Gyldendal Norsk Forlag AS, 2010

[23] Ibid.

[24] Konsekvenser for Norge av et handels- og investeringspartnerskap mellom EU og USA, Nærings- og fiskeridepartementet 24.3.2014

[25] Dagens Næringsliv, 07.5.2014: www.dn.no/meninger/debatt/2014/05/07/Kronikk/forskjellene-krymper

[26] Meld.St. 5 (2012–2013), www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld-st-5—20122013/id704518/?ch=1

[27] Ibid.

[28] NHO, 4.4.2014: www.nho.no/Politikk-og-analyse/Internasjonalt/usaeu-avtale-viktig-for-norge/

[29] Konsekvenser for Norge av et handels- og investeringspartnerskap mellom EU og USA

[30] Konsekvenser for Norge av et handels- og investeringspartnerskap mellom EU og USA av Kjetil Wiedswang i Dagens Næringsliv, 11.6.2015: www.dn.no/meninger/kommentarer/2015/06/1½155/P-innsiden/atlantisk-pine

[31] Ibid.

[32] Aftenposten, 28.5.2015: www.aftenposten.no/nyheter/iriks/Slutt-pa-millionsubsidier-til-eksport-av-Jarlsberg-ost-8035551.html

[33] Konsekvenser for Norge av et handels- og investeringspartnerskap mellom EU og USA

[34] NRK ytring, 13.5.2015, www.nrk.no/ytring/ttip-er-mer-enn-klorkylling-1.12358961

[35] Dagens Næringsliv, 11.6.2015, www.dn.no/meninger/kommentarer/2015/06/1½155/P-innsiden/atlantisk-pine

[36] Kjetil Wiedswang, Dagens Næringsliv, 11.6.2015, www.dn.no/meninger/kommentarer/2015/06/1½155/P-innsiden/atlantisk-pine

[37] Regjeringen www.regjeringen.no/no/dokumenter/horing–modell-for-investeringsavtaler/id2411615/

Mer fra Portal