Annonse

Annonse

00:00 - 13. april 2018

Dansen til orda

Populærmusikk er samfunnets kollektive draumar skrivne ned, fort og gale, av leg og lærd, av gamle og unge med skitne fingrar på gitarstrengene og på tidas puls, skriv Kjartan Fløgstad. 

Illustrasjon: Peder Bernhardt. Kilder: Getty Images, Nasjonalbiblioteket, Katinka Hustad

I krisetider vender menneske, folk og nasjonar seg mot lyrikken. Då terroren ramma Norge i juli 2011, var det særleg to dikt som var på alle lepper, begge bestillingsverk til heilt andre samanhengar. I 1936 blei Nordahl Grieg beden om å skriva ein oppbyggeleg tekst til ungdommen for Studentersamfundet i Oslo. Resultatet var første utkast til eit dikt som fekk tittelen «Til ungdommen», og som etter opningslinja også har blitt kjent som Kringsatt av fiender. Medan dette diktet blei tonesett av den danske komponisten Otto Mortensen i 1952, har «Mitt lille land» både tekst og melodi av opphavsmannen Ole Paus. Denne songen var skriven i 1994 som eit innlegg i kampanjen for norsk medlemsskap i EU, og betalt av NHO. Etter terroren i regjeringskvartalet og på Utøya samla tekstane av Moskva-kommunisten Grieg og EU-aktivisten Paus heile folket som uttrykk for kollektiv sorg, fortviling og styrke.

Ut frå herskande begrep om det lyriske er det få som vil kalla «Til ungdommen» og «Mitt lille land» for stor poesi. Det er i møtet med musikken og kopla til tonespråket at begge dikta får gjennomslagskraft. I så måte har Otto Mortensen fått altfor lite heider for sitt bidrag, «Til ungdommen» er ikkje ein song av Nordahl Grieg, men av Grieg/Mortensen.

Om to songar fekk stor bruksverdi for kjenslene til svært mange, kan ein undra seg over andre som ikkje fekk det. Etter hundre år med høgt utvikla lyrisk modernisme var det to enkle, men songbare førmodernistiske tekstar som hadde evne til å gi mange trøyst, friskt mot og ny kraft. Moderne verdenslyrikk, slik den er skriven av til dømes Olav H. Hauge eller Pablo Neruda, kan godt bli tonesett, og har ofte blitt det, utan at musikken har tilført noko vesentleg. Slike dikt er sterke nok i seg sjølve, men samtidig utan den særeigne krafta som gjer songlyrikken så gripande. Neruda og Victor Jaras korte og mektige «Aquí me quedo/Eg blir her» i kampen mot militærdiktaturet i Chile kan vera eit unntak.

Vi kan ikke love ketsjup til alle,
men vi lover å servere deg viktige saker hver dag.

Annonse

Sommerkampanje med 50% rabatt på abonnement. Trykk her for bestilling.

Mer fra Ideer

Kritikken handler om Moenes selektive Marx-hyllest og overdrevne festtale, som i sum er egnet til å tegne et villedende glansbilde av Marx’ tenkning.