Aktuelt

Kven er eigentleg same?

SYN OG SEGN: Samane er eit urfolk, veit vi, men kven er eigentleg same? Finst det juridiske rammer og retningslinjer som definerer kven som er samisk?

Tysdag 19. september i haust viste NRK Brennpunkt ein dokumentar om Arnar frå Karasjok. Arnar blei mobba av ein gutegjeng på skulen, og ein av grunnane var at han ikkje var «samisk nok». Arnar snakka ikkje samisk. [1]

Tidlegare i år skreiv NRK om duojáren [2] Asle Tveitnes frå Hardanger som blei nekta å vise fram handverksprodukt på Tråante 2017, ein folkefest i samband med hundreårsjubileet for det første samiske landsmøtet. Grunngiving: Asle var ikkje same. [3]

Den samiske kulturen og dei samiske tradisjonane er grundig dokumenterte, og dei er kjente blant mange. Men kva vil det seie å vere samisk sett frå ein juridisk ståstad? Kva fortel jusen oss om kven som er same i dag?

La meg slå fast alt no: Det finst ingen generell, allmenngyldig eller juridisk definisjon av kven som er same, eller bestemte kriterium på kven som høyrer til det samiske folket. Difor er det heller ikkje mogleg å seie nøyaktig kor mange samar som bur i Noreg. Offisielle folketeljingar har heller ikkje gitt noko påliteleg bilete av utbreiinga av samane, til det har feilmarginane vore for store. Den siste norske folketeljinga der samisk etnisitet var eit kriterium for registreringa, var i 1970. Men nokre knaggar finst. No og då er det behov for å definere kven som til kvar tid er same og samisk. Og difor finst det fleire lovreglar som seier noko om kven som er same.

I det vidare skal eg sjå nærmare på dei konkrete lovene, i tillegg til nokre samiske sedvanar og rettsoppfatningar omkring det samiske.

SAMETINGETS VALMANNSTAL

Dei mest kjente retningslinjene for kva det vil seie å vere samisk, er kriteria for kven som kan innlemmast i Sametingets valmanntal, det såkalla samemanntalet. I samelova § 2-6 blir det gitt ein positivrettsleg, uttømmande definisjon av kven som kan innførast i valmanntalet, og kven som kan stemme ved sametingsval – basert på ein kombinasjon av subjektive og objektive kriterium.

For det første må du gi ei erklæring om at du oppfattar deg sjølv som same. Dette er eit subjektivt kriterium basert på eiga oppfatning av eigen identitet (sjølvidentifisering). Du må identifisere deg eller føle deg som same. Den gongen Sametinget blei oppretta, var det ei frykt for at samemanntalet ville bli for omfattande, til dømes inkludere personar som ikkje hadde interesse av å delta i val til eit samisk organ. [4] Det er grunnen til at det er eit subjektivt kriterium i avgrensinga av kven som kan stemme ved sametingsval.

Det finst ingen generell, allmenngyldig eller juridisk definisjon av kven som er same.

For det andre finst det eit objektivt kriterium: tilknyting til eit samisk språk. Anten må du sjølv nytte samisk som heimespråk, eller ein av foreldra, besteforeldra eller oldeforeldra må ha – eller ha hatt – samisk som heimespråk, eller mor eller far din må stå eller ha stått i samemanntalet. [5]

Bakgrunnen for det objektive kriteriet er å vise at vedkomande har ei rimeleg tilknyting til samiske forhold. Språket er sannsynlegvis det mest karakteristiske etniske kjenneteiknet, og det bør vere ein viktig faktor i avgrensinga. [6] Forklaringa på kvifor ein vel å ta omsyn til samisk språktilknyting fleire slektsledd bakover, finn vi i den sterke fornorskingsprosessen i mange tidlegare samiske språkområde – område der samisk identitetskjensle ikkje nødvendigvis er tapt.

For å melde seg inn i Sametingets valmanntal må vilkåra i samelova § 2-6 vere oppfylte. Spørsmålet er om denne definisjonen også gjeld på andre område. Det å melde seg inn i samemanntalet krev ei aktiv handling og ei eigenidentifisering av det samiske som mange fornorska samar ofte ikkje er i stand til. Vidare føreset ei innmelding i samemanntalet eit faktisk ønske om å delta ved val, og ein føresetnad om at du – på ein eller annan måte – aksepterer Sametinget som ein arena for utforming av ein samepolitikk.

Formålet med ein stram definisjon av samane er utelukkande behovet for å avgrense persongruppa som kan stemme eller stille som kandidat i sametingsval. [7] Det er per juni 2017 om lag 17 000 personar som står registrerte i samemanntalet i Noreg.

Utanfor valmanntalet finn ein derimot alle samar under 18 år, samar som ikkje ønskjer å registrere seg i valmanntalet, svenske, finske og russiske samar [8], og personar som ser seg som samiske, men som likevel ikkje oppfyller kriteria for å melde seg inn. Personar som fell utanfor definisjonen i samelova § 2-6, kan likevel vere same og inngå i «den samiske folkegruppa» og nyte vern etter Grunnlova § 108.

RETT TIL OPPLÆRING I SAMISK

Sjølv om kriteria for innmelding i Sametingets valmanntal ber i seg ei avgrensing av kven som faktisk er røystefør, blir vilkåra òg nytta i ulike andre samanhengar for å definere samar. Mellom anna viser dei som har rett til opplæring i samisk, til desse kriteria. Samiske barnehagebarn har rettar knytte til språk og kultur, jf. barnehagelova § 2, tredje ledd, jf. § 8 andre ledd. [9] Med «samiske barn» er det i denne samanhengen meint barn med minst ein forelder som kan skrivast inn i Sametingets valmanntal. [10] Dette betyr at eit barn som sjølv ikkje oppfyller vilkåra i samelova § 2-6, kan vere omfatta av barnehagelova §§ 2 og 8.

Etter opplæringslova § 6-2 femte ledd har samar rett til grunnskuleopplæring i samisk uansett kor i landet dei bur. Av opplæringslova § 6-3 følgjer det at samar òg har rett til opplæring i samisk på vidaregåande skule. «Same» i opplæringslovas forstand blir definert i § 6-1 som ein «person som kan skrivast inn i samemanntalet, […] og barn av dei som kan skrivast inn».

RETT TIL Å EIGE REIN OG TIL Å DRIVE MED REINDRIFT SOM NÆRING

Mange knyter samar til reindriftsutøving. Det er likevel berre eit fåtal av samane i Noreg som er tilknytte reindrift og som har rett til å drive med rein. Det følgjer av reindriftslova § 32 jf. § 9 at berre personar av «samisk ætt» har rett til reinmerke og dermed rett til å eige rein. Det er fleire tilleggsvilkår for å eige rein. For det første må han eller ho sjølv, foreldra eller besteforeldra ha eller tidlegare ha hatt reindrift som hovudnæring, jf. reindriftslova § 32 første ledd nr. 1 og 2. Dette kan vi sjå som eit sentralt vilkår og ei presisering av vilkåret om å vere av «samisk ætt». Det er altså tilknytinga til samisk reindrift som er det sentrale. Reindriftsretten i det samiske reindriftsområdet kan difor karakteriserast som ein eksklusiv rett for reindriftssamefamiliane åleine. [11]

Rett til å eige rein gir derimot ingen automatisk rett til å drive reindrift som næring på sjølvstendig grunnlag, eller til å vere ein såkalla siida-andelsleiar. Tilgangen til å ha rein i ein siida-andel er heller ikkje ein rett. [12] Det har i lang tid ikkje vore plass til alle dei som ønskjer å drive med reindrift. Og det er ressursgrunnlaget som set grensene for kor mange som kan livnære seg av reindrifta. [13]

RETTAR I SAMISKE OMRÅDE

Samar er busette over heile landet. Dei mest konsentrerte samiske busettingane finn vi nord for Saltfjellet. Nord-Noreg, trøndelagsfylka og delar av Hedmark utgjer dei tradisjonelle kjerneområda for samiske befolkningar i landet. Andre delar av Noreg har varierande innslag av samisk befolkning.

Ulike verkemiddel blir tekne i bruk for å vareta samisk kultur og samisk språk i tradisjonelle samiske område. I forvaltningsområdet for samiske språk er samisk og norsk likestilte språk, jf. samelova kapittel 3. Det betyr at alle som vender seg til offentlege etatar i desse områda, har rett til å få saksbehandling på samisk. Forvaltningsområdet for samisk språk omfattar i dag kommunane Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger, Tana, Kåfjord, Tysfjord, Snåsa, Lavangen, Røyrvik og Hattfjelldal.

I det såkalla «STN-området» [14] er det mogleg å søke næringstilskot til samisk næringsutøving. STN-området er samiske busettingsområde nord for Saltfjellet og omfattar 31 kommunar. [15] Heile det sørsamiske området fell derimot ut av denne definisjonen av det samiske – og følgjeleg av ordninga. Den geografiske definisjonen av samiske område seier difor ingenting om det samiske, eller kva det vil seie å vere samisk.

GRUNNLOVSRETTSLEG VERN – KVEN ER OMFATTA?

Sameparagrafen i Grunnlova § 110a blei vedteken av Stortinget 21. april 1988. Ordlyden blei i samband med menneskerettsrevisjonen av Grunnlova i 2014 modernisert og flytt til Grunnlova § 108, som seier at: «Det påligger statens myndigheter å legge forholdene til rette for at den samiske folkegruppe kan sikre og utvikle sitt språk, sin kultur og sitt samfunnsliv.»

Sameparagrafen gir «den samiske folkegruppe» eit konstitusjonelt vern for språk, kultur og samfunnsliv. Han definerer derimot ikkje kven som inngår i «den samiske folkegruppe». Det er derimot ei klar formeining ikkje å stengje ute dei som ønskjer vern gjennom reglane, til dømes når det gjeld vern av samiske språk og samisk kultur. Det er i alle fall ikkje noko vilkår at ein må stå oppført i samemanntalet for å vere omfatta av vernet etter Grunnlova § 108.

SAMISK SEDVANE OG RETTSOPPFATNINGAR AV DET SAMISKE

Det finst også uskrivne reglar for kva vi kan forstå som det samiske, reglar som kan gi uttrykk for samisk sedvane og samiske rettsoppfatningar. Sedvanar og rettsoppfatningar er rettskjelder og inngår i juridiske drøftingar. Slike kjelder kan vere med på å belyse samisk sjølvbestemmingsrett over eigen kultur.

Spør vi samar frå heile landet om kven som kan kalle seg same, kva som skal til for at nokon kan kalle seg samisk, og korleis ein vil beskrive eigen samisk identitet, får vi truleg ulike svar – slik det også finst forskjellige oppfatningar av kva det vil seie å vere norsk, eller kven som er norsk nok.

KVEN KAN BRUKE KUFTA?

Samekufte er det tradisjonelle klesplagget til samane. På nordsamisk blir kufta kalla gákti, på sørsamisk gåptoe eller gapta og på lulesamisk gáppte. Form, farge og mønster på kufte, belte og lue varierer frå distrikt til distrikt. Dekoren på samekuftene og det som høyrer til kan vise lokalt tilhøyr, familiebakgrunn, om du er gift eller ugift. Samekuftene blir brukte på tvers av landegrensene i Sápmi, som samiske språk og andre kulturelle særtrekk elles.

Det er derimot reglar for kuftebruken, og det er absolutt ikkje fritt fram. [16] Marion A. Ravna uttrykte i eit debattinnlegg i Nordnorsk debatt i august 2016 om kjennskapen til reglane at: «Kuftetradisjonene og de uskrevne reglene rundt kofta er bare noe jeg 'vet', noe jeg kjenner på magefølelsen, noe jeg vanskelig kan forklare.» [17]

Språket er sannsynlegvis det mest karakteristiske etniske kjenneteiknet, og det bør vere ein viktig faktor i avgrensinga.

Utgangspunktet og hovudregelen for bruk av samekufta er at ein er av samisk avstamming, og at det berre er samar som kan bruke kufta. Det følgjer av Rovaniemi-deklarasjonen punkt 20 frå Samerådets 19. samekonferanse [18] i 2008:

«Den tradisjonelle samedrakten – i sine ulike former – er en vesentlig bestanddel av samefolkets kollektive identitet og likeså av den individuelle identiteten til den enkelte same.Den må derfor aldri bæres av ikke-samer på et vis som bryter med samiske regler for slik bruk. Turistindustrien, særlig i Finland, må øyeblikkelig stanse ethvert videre misbruk av samenes tradisjonelle drakt.»

Det er likevel unntak dersom du giftar deg med ein same. Det er ikkje tradisjon for at sambuarar kan bruke kufta på «lovleg vis». Eit anna unntak for bruken gjeld for kongelege og andre offentlege personar, som til dømes statsministeren eller ordføraren.

Samane sin rett til sjølv å definere sine kulturuttrykk, slik som kuftereglane, skal respekterast. Slike sedvanar er vidare beskytta i internasjonale menneskerettar, jf. mellom anna FN-konvensjon om sivile og politiske rettar artikkel 27, jf. artikkel 1, ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk artikkel 5 og 8, FNs urfolkserklæring artikkel 31, jf. artikkel 3 og 4.

KVEN KAN PRODUSERE «SAMISK DUODJI»?

«Sámi duodji» er den samiske nemninga for handlaga samiske bruksgjenstandar, som til dømes klede, reiskapar, husgeråd, fangstreiskapar og smykke. Samisk handverk blir utført etter gamle tradisjonar, men er i stadig utvikling.

På den 16. samekonferansen i Murmansk i 1996 blei det vedteke retningslinjer for kva som kan kallast sámi duodji, kven som kan produsere det, og kva som må til for å oppnå retten til å føre Sámi duodji-merket. Sámi duodji-merket er eit kvalitetsstempel som garanterer at produktet er laga etter samiske handverkstradisjonar, at det er brukt tradisjonelle materiale og teknikkar, og at produktet er laga av samar. Retningslinjene ser slik ut:

§ 1 Merket er et varemerke for samisk sløyd (sámi duodji). Hensikten med merket er å veilede kjøperen om at produktet er laget av samer.

§ 2 Retten til å søke og anvende Duodji-merket har samer med utdannelse eller erfaring i samesløyd.

Med same mener man i denne forbindelse, en som ser på seg selv som same og som har samisk som førstespråk, eller som har far, mor eller en av besteforeldrene med samisk som førstespråk eller som har far eller mor som er same etter de vilkår som er nevnt overfor.[19] (mi utheving)

Vi ser at det også her blir nytta kriterium like dei som gjeld for registrering i Sametingets valmanntal, men at kretsen er snevrare definert. Tilknytinga til språk etter det objektive kriteriet stoppar ved besteforeldra, medan det for Sametingets valmanntal også inkluderer oldeforeldre. Ei truleg forklaring på dette er at sámi duodji-merket er nordisk, og at krinsen av dei som har rett til å stå oppførte i manntalet, ikkje er den same i Noreg, Sverige og Finland. Ein person kan etter dette oppfylle kriteria for å stemme ved sametingsval i Noreg, men ikkje til å produsere sámi duodji.

Definisjonsmakta over kva som kan bli sett som samisk duodji, ligg hos samane sjølv, og på lik linje med kufta har duodji som samisk kulturuttrykk òg vern i internasjonal urfolksrett.

EIN KONKLUSJON?

Kva det samiske er, og kven som kjenner seg som samisk, handlar i stor grad om tilknyting, kultur, røter og identitet – markørar som igjen er vanskelege å definere eller å måle. Diskursen om ramme og definisjonar over kva som er samisk – og innhaldet i det – har svake sider, og han byr på utfordringar: Valmanntalskriteria ser bort frå personar som let vere å registrere seg, og ektefellar og sambuarar til samar som ønskjer å delta i samepolitisk arbeid – til dømes av omsyn til eigne samiske born. Kriteria inkluderer derimot personar som ikkje nødvendigvis sjølv kan snakke samisk. I delar av det samiske miljøet er dette tidvis problematisk, og det har oppstått usemje om personar som ikkje snakkar samisk, kan bli valde til sametingspresident. [20]

Kuftereglane ekskluderer sambuarar og ikkje-samiske personar som er busette i samiske område, frå å bere kufte. Reglane er vidare så strenge at samar frå område der kufta har vore ute av bruk i lang tid, ikkje utan vidare kan ta på seg «nabokufta».

Sámi duodji-sertifiseringa ekskluderer ikkje berre ei gruppe samar som kan stemme ved sametingsval i Noreg, men også duojárar som samvitsfullt har lært seg tradisjonelt samisk handverk, slik som alt nemnde Asle.

Kven som har definisjonsmakta, kan diskuterast, men folkegruppa sine eigne kriterium er til sjuande og sist avgjerande, ettersom det er ein del av sjølvbestemmingsretten, og ei sak for samane sjølve å definere. Det var ein omfattande prosess den gongen kriteria for registrering i Sametingets valmanntal var bestemte, med deltaking frå ulike samiske organisasjonar. Det betyr likevel ikkje at alle samar er samde i avgrensinga slik ho er i dag. Nokon meiner kriteria er for «norske», andre at det berre er personar med tilknyting til reindrifta som er dei ekte samane, eller at ein må snakke samisk for å bli rekna som samisk god nok.

Som Arnar og Asle vil vi nok også i framtida råke på spørsmål og utfordringar om det samiske og kven som i røynda er same god nok. Kven som kan kalle seg same, varierer etter kven ein spør, men samane sine eigne definisjonar er vesentlege.

Susann Funderud Skogvang, som selv er same, er lagdommer ved Hålogaland lagmannsrett og ekspert på samerett.


[1] Sjå https://tv.nrk.no/serie/brennpunkt/MDDP11001117/19-09-2017.

[2] Ein duojár lagar samiske handverk og handverksprodukt, som reiskapar, brukskunst og kunsthandverk.

[3] Sjå https://www.nrk.no/troms/utestengt-fra-utstilling-fordi-han-ikke-er-same-1.13355239.

[4] Sjå NOU 1984:18 side 537.

[5] Likestilt med barn er adoptivbarn. jf. Ot.prp.nr.33 (1986–1987), side 119.

[6] Sjå NOU 1984:18 side 538.

[7] For å stemme ved sametingsval er det nokre ytterlegare vilkår som må vere oppfylte, jf. Susann F. Skogvang: Samerett, 3. utg. 2017, punkt 6.4.

[8] Finske, russiske og svenske samar kan likevel registrere seg i samemanntalet om dei har budd i Noreg i tre år, sjølv om dei ikkje har norsk statsborgarskap, jf. vallova § 2-2.

[9] Ot.prp. nr. 72 (2004–2005) side 108.

[10] Det er ikkje eit krav at forelderen faktisk er innmeld.

[11] Sjå NOU 2007:13 side 386.

[12] Jf. Ot.prp. nr. 25 (2006–2007) side 55.

[13] Sjå NOU 2001:35 side 99. Sjå meir om dette i Susann F. Skogvang: Samerett, 3. utg. 2017, kapittel 6.

[14] Sidan det ikkje finst offisiell registrering av samar, lagar SSB statistikk for geografiske område nord for Saltfjellet, det såkalla STN-området, som er definert som «samiske» område.

[15] Statistisk sentralbyrå, Tove Irene Slaastad, Samisk statistikk 2016.

[16] Til dømes oppstyret rundt Kiwi sitt påfunn med å bruke grøne mannskufter for dei tilsette som temaantrekk på ein årsfest. Sjå https://www.nrk.no/sapmi/adjagas-trakk-seg-fra-kiwi-konsert-1.7288523

[17] Marion A. Ravna: Koftetradisjoner – synsing og forklaring, http://nordnorskdebatt.no/article/koftetradisjoner-synsing, Nordnorsk debatt, august 2016.

[18] Samekonferansen er Samerådets høgste organ.

[19] Sjå Samerådets nettside: http://www.saamicouncil.net/no/organisation/avdelningar/kulturavdelningen/sami-duodjimarket/

[20] Sjå https://www.nrk.no/finnmark/hun-kan-bli-den-forste-sametingspresidenten-som-ikke-snakker-samisk-1.13143031

Mer fra Aktuelt