Portal

Idé eller tradisjon?

FOLKEMUSIKK: Korleis tar vi vare på folkedansen i dag? Kva slag virkemiddel er det som gir best resultat? Folkemusikar og folkedansar Vegar Vårdal trur ikkje svaret er å finne i den siste Bygda Dansar-framsyninga Konglomerat.

Bygda Dansar starta opp i 2001 og har no vore halve landet rundt. Ungdom i åtte fylker har allereie vore gjennom dei tre åra med profesjonell folkedanseopplæring som Bygda Dansar tilbyr. I byrjinga av mai hadde Akersarv – Bygda Dansar Akershus avslutningsframsyning i Bærum Kulturhus, og eg og heile familien var så heldig å få billettar til framsyninga. Eg gler meg kvar vår til å sjå desse framsyningane til Bygda Dansar: Det er noko heilt spesielt å sjå ungdom leike seg med vår rikhaldige kulturarv, under kyndig rettleiing av profesjonelle aktørar.

I mange år har Bygda Dansar hatt sine avslutningsframsyningar på Riksscenen i Schouskvartalet i Oslo, som har eit tradisjonelt sceneoppsett. Denne gongen valde dei ein «black box» som framsyningsarena, her ungdommane og rettleiarane deira kunne eksperimentere med korleis dansarane, musikarane og publikum brukte rommet. Eg likte godt å komme ned i eit bomberom der vi åskodarar blei plassert i to firkantar i to av hjørna av firkanten. Vi kunne dermed sjå dei andre som følgde med, samstundes som vi fekk aktørane på scenen, og vi satt ikkje inne med masse tankar og meiningar om korleis dei skulle presentere framsyninga for oss.

Allereie på veg ned til den svarte boksen fekk vi ein peikepinn på kva som venta oss: Ungdommar lokka oss ned i kjellaren med langedans, kraup langsmed vegger, sprang av garde som uvettige vetter og stoppa opp i overrasking over eigne hender. Nei, dette skulle ikkje bli ein vanleg Bygda Dansar-framsyning – ikkje noka historie som skulle forteljast gjennom dans, ingen musikal med folkedans som verkemiddel, inga tradisjonell framsyning av dansetradisjonar frå Akershus.

Men kva fekk vi sjå og høyre? Eg er usikker – og kanskje er det meininga?

Øyonn Groven Myhren hadde ansvaret for musikken, i all hovudsak på song og ulike enkle akkompagnementinstrument. Ho er ein tvers gjennom profesjonell utøvar med stor kontroll på det sceniske rommet. På ein god måte fargela ho dansen med musikk, mykje av den lokal, slik eg forstod det. Med seg hadde ho felespelarane Marianne Tomasgård og Elise Tegnér, som begge blei litt anonyme og usikre ved sida av Øyonn. Men musikken var fin gjennom heile framsyninga, sjølv om noko av det rytmisk utfordrande blei litt haltande.

Men kva med dansen – kva dansa dei eigentleg? For å være heilt ærleg, så veit eg ikkje. Det var få reine dansar, og det meste var satt inn i konseptet for framsyninga. Og konseptet blei på eit vis omtala i programheftet: Alle i en sammenhopet bevegelse, avhengige av hvert enkelt jeg, og hverandre(!). Derfor sprang dei rundt i rommet, alle saman i same type klede og sminke, medan dei veksla mellom eit slags valdresspringarsteg og hallingtriks.

Etter ein halv time i eit salig, heilt friksjonsfritt, merksnodig kaos sat eg att med tanken: Har ikkje ideen fått litt for stor plass her? Minstejenta, ho med mest fantasi i familien, skjønte at mor og far ikkje heilt hang med, og tok på seg rolla som tolk. Annakvart minutt fortalde ho oss kva som skjedde på scenen: Kvifor dei ålte seg på golvet, kvifor dei var så sinte, eller kvifor dei to dansa saman og ikkje dei.

Hadde det vore ei framsyning med moderne dans, hadde eg berre nytt det. Men dette var i regi av Bygda Dansar, som skriv om seg sjølv: Hovudfokus i prosjektet er formidling og vidareføring av norsk folkedans, samt omarbeiding og tilrettelegging av folkedans for scene. Så kvar er den norske folkedansen? Og skal vi presentere vår folkedans på same måte som eit utal framsyningar med moderne dans? Det er sjølvsagt ok at vi hentar hjelp frå kompetansesenteret Rom for Dans, men har dei verkeleg prøvd å skape noko nytt, eller berre sett det inn i si eiga kontekst?

Sidan konseptet var så dominerande, fekk vi ikkje sjå dei ulike dansarane individuelt, men ein masse ungdommar kledde heilt likt. Begge kjønn dansa begge roller, både førar og følgjar; det er i og for seg topp det, men det skaper ingen kontrastar. Når òg svikten og sjølve dansen på scena berre har mjuke linjer, så er ein langt frå den tradisjonelle folkedansen. Når dei tradisjonelle dansane mot slutten blei presentert i ei parodisk form, blei eg nesten litt provosert. Det kan vere ok å le av tradisjonsdansen, som vi i dag ikkje brukar på same måten som for 80 år sidan; men å presentere den som eit artig innslag? Her hadde det vore mykje meir artig om den moderne dansen kunne blitt ein parodi, medan folkedansen fekk ein betre handtering.

Problemet er at eg diggar, ja, er faktisk opp over øyra stolt over at vi i Noreg har denne gjengen med ungdommar. Eg kan ikkje kritisere dei, for dei gjer ein heilt strålande framsyning basert på dei gitte premissane. Eg kunne ikkje sjå eit einaste feilsteg, og ingen nøling, eg såg trygge og gode ungdommar som tok vare på kvarandre undervegs i framsyninga. Eg såg ungdom som var stolte av det dei gjorde, og stolte over folkedansen. Det er ikkje sikkert det hadde blitt så bra om ikkje Mathilde Øverland og Trine Sjølyst frå Bygda Dansar hadde jobba så godt med nettopp dette.

Så ja, eg gler meg til å sjå desse ungdommane utvikle seg vidare. Eg er heller ikkje uroa for folkedansen si framtid. Men kan vi ikkje presentere den med litt meir stoltheit og eigenverdi for ungdommane? Vi treng ikkje ein famlande skyhøg idé for å kunne presentere den norske folkedansen på ein profesjonell scene. Vi skal ikkje trenge ein sjuåring med rik fantasi for å forklare oss kva vi ser.


Mer fra Portal