Debatt

Halal – gamal metode i ny kontekst

«Det er ikkje lov å bruke krumkniv i slakteri. I slakteri skal reinsdyr avlivast med boltepistol.»

KJØTTPRODUKSJON

Morgenbladet har i ei rekke artiklar fokusert på moderne dyrehald og kjøttproduksjon. Men Runar Døving gjer ein upresis slutning i essayet Fra lam til stek og kosedyr (Morgenbladet 20. januar). Døving skriv: «Når vi ser på debattene rundt halal og kosher, blir dette tydelig; fordi vi tenker at den måten vi gjør det på er riktig, forstår vi våre handlinger som «humane», mens det å be til en gud under slaktet blir mistenkeliggjort, nettopp fordi det ikke er vitenskapelig og rasjonelt. Det ser ut til at man aktivt tar avstand fra religiøse argumenter for korrekt slakt ut fra en gitt antagelse om at modernisering er forbedring – også for dyrene.»

Her gjer Døving ein feil: Han lausriv avlivingsmetoden halal frå konteksten slaktinga foregår i. I dag foregår slakting i konteksten «industrialiserte slakteri», ikkje eksempelvis heime i bakgarden eller på ein marknad. Dermed har Døving også rett: Vi trur moderne metodar er betre fordi dei er tilpassa ein moderne kontekst, i motsetning til halal. (Eg går av plassomsyn ikkje inn på kosher.)

Halal slik det blir praktisert i mange moderne slakteri i EU i dag, utan bedøving før avliving, er ein industriell avlivingsmetode, og foregår i ein heilt annan kontekst enn kva halal opprinneleg gjorde. Men det tek framleis opp mot ti minutt før dyret (storfe) misser medvitet.

Det er noko ganske anna å dø ein sakte død i sitt heimlege miljø enn å bruke opp mot fleire minutt på å dø fastspent i ein stor og bråkete industrihall. Dette er ikkje særleg humant med tanke på at dyret befinn seg i eit stort og bråkete slakteri, ikkje heime eller i bakgarden. Ein brukar fanghekkar og automatiserte knivar til å skjere over halsen på dyret.

Å tru at ein ser med skepsis på halal utan bedøving av religiøse grunnar er feil. Ein tek praktisk talt avstand fordi ein i dag har utvikla raskare og betre, meir humane metodar for bedøving og avliving. Metodar som er utvikla med tanke på, og tilpassa, konteksten i dagens industrialiserte slakteri. Eit eksempel: Boltepistol til storfe gir akutt medvitstap. Metode er tilpassa konteksten i eit industrialisert slakteri.

Halal utan bedøving er ikkje lov i Norge eller Sverige. Det einaste som skil halal frå ikkje-halal i norske slakteri, er at dyret blir velsigna før det vert slakta. Ofte er det ein muslim som gjennomfører sjølve slaktinga/avblødninga av dyret. Halal med bedøving før avliving er tilpassa konteksten «industrialisert slakteri». Dette er uproblematisk frå min ståstad. Mitt utgangspunkt er dyrevelferd.

At det i Norge er lov å bruke krumkniv (Forskrift om bruk av krumkniv) på reinsdyr blir av enkelte brukt som eit argument for at vi også skal tillate halal. Argumentet går slik: Om ein tillet ein tradisjonell samisk metode som krumkniv, må ein også tillate halal utan bedøving. Dette er i beste fall ei kunnskapslaus samanlikning. For det første: Det er ikkje lov å bruke krumkniv i slakteri. I slakteri skal reinsdyr avlivast med boltepistol. For det andre: Krumkniven gir akutt medvitstap. (For ordens skuld: krumkniv blir brukt til hjernestikking.) Konteksten for bruk av krumkniv er som før. Den er kun tillaten brukt slik den alltid har blitt brukt: i den samiske reindrifta, heime eller på beite. Dette er ein vesensskilnad frå halal, som er ein gamal metode flytta inn i ny kontekst: industrislakteriet. Avliving utan bedøving (her: halal) er, som krumkniven, ingen metode tenkt for eit moderne industrislakteri.

I EU er avliving utan bedøving tillate, om det er religiøst begrunna (European Convention for the protection of animals for slaughter). Men medan etterspørselen etter denne typen rituelt slakta kjøt ligg på 8 prosent, foregår det i EU totalt ein vesentleg overproduksjon av slakt der ein droppar bedøving før avliving. Kor stor overproduksjonen er, er vanskeleg å talfeste nøyaktig.

Og bruk av denne metoden er langt frå alltid religiøst begrunna. Avliving utan bedøving blir sagt å vere billegare enn å bedøve før ein avlivar. Det handlar verken om dyrevelferd eller religion. Det handlar, i Guds namn, om økonomi.

Anne Viken
Veterinær og skribent

Mer fra Debatt