Debatt

Symbolsk testosteron

Publisert Sist oppdatert

«Høgt testosteronnivå er tvert om knytta til glede, sinnsro og generøsitet.»

HELSE

TESTOSTERON, sto det på framsida av førre morgenblad, tvers over ein naken mannsoverkropp utan hovud, men med knytta nevar. Inni avisa var heile fem sider sett av til intervju med ein anonym 54-åring som reflekterte over sin eigen bruk av kunstig testosteron samtidig som han kom med ein del vitskapleg uhaldbare påstandar om samanhengen mellom høgt testosteronnivå og dårleg impulskontroll.

Det er ikkje bra at ei kulturavis ukritisk går god for slike stereotypiar, og redaksjonen bør snarast retta det opp med eit seriøst oversyn over nyare forsking.

Til dømes er det heilt feil at menn med personleg testosteronproduksjon over det normale automatisk hamnar i fengsel på grunn av valdskriminalitet. Høgt testosteronnivå er tvert om knytta til glede, sinnsro og generøsitet. Derimot er det typisk for dei som går omkring med knytta nevar og støtt kjem på kant med sine medmenneske, at dei har unormalt mykje kolesterol i blodet.

Likevel held testosteron stand som symbol på mannleg egoisme og rå vald, ei urkraft som ikkje lèt seg stansa, til stor skade for dei som det går ut over, men akk ja, sånn er no livet.

Men når den portugisiske fotballspelaren Pepe dyttar den tyske målscoraren Thomas Müller over ende, for deretter å bøya seg ned og skalla han, er det fordi han er ein dårleg tapar, ikkje fordi han er ein naturleg alfahann. Og den hovudlause knyttnevefyren på framsida av Morgenbladet skulle heller vore dekorert med overskrifta KOLESTEROL.

Solveig Aareskjold
Forfattar