Annonse
20:06 - 16. februar 2012

Fra platehylla: Preludium som ekstase

Aldri for seint med Messiaen.

Å sjå lydar og å høyre fargar: Olivier Messiaen er god å lytte til.
Annonse

I religionspsykologien skil ein gjerne mellom den medvitne og umedvitne Gud, her forstått som gudsbilete. Det finst mange uttalte og medvitne oppfatningar om kva og kven Gud er, både blant folk som trur og ikkje trur. Men det finst også ein indre gudsrelasjon som er gøymd for det medvitne, det dreier seg om korleis ein sjølv erfarer Gud. Ein kan til dømes ha ein medviten idé om Gud som kjærleg og god, medan det umedvitne gudsbilete er skremmande og trugande. Ein bukkar og takkar ein «kjærleg far», like fullt kjenner ein seg piska rundt i livet med urimelege mengder av skuld og berøringsangst og allslags plagar. Gud er snill, men like fullt labil og umogleg å sleppe unna.

Slike indre skilje mellom erfaring og tenkt tanke let seg ikkje utan vidare rokke ved. Ein kan til dømes prøve å komme seg bort frå det heile, men sidan det er umogleg å reise frå seg sjølv og sitt eige, kan ein like gjerne berre sitte heilt stille og fundere på livet i all sin kompleksitet. Kva er verkeleg, kva er ikkje verkeleg, og korleis kan noko vere verkeleg for ein og ikkje for ein annan.

Medan ein sit stille, og ikkje skal nokon stad, kan ein lytte til Olivier Messiaen. Eg tenker på dei ulike preludia på plata Piano Music Vol. 3 som Håkon Austbø spelte inn i 1996 (Naxos). Messiaen vert rekna som ein av dei mest betydningsfulle komponistane på 1900-talet. Han er også kjend for si interesse for fuglar og korleis han direkte let seg inspirere til å skrive ned fuglesong og ta det med i komposisjonane sine. Han var organist og praktiserande katolikk. Det blir ofte sagt om han at tonespråket, klangane og rytmen er personleg og gjenkjenneleg. Messiaen hadde òg synestesi, ein grunnleggande annleis måte å oppfatte og sanse verda på. Sjølv skreiv han om korleis han oppfatta musikk som fargar.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Spaltister