Annonse
04:00 - 15. juli 2011

Multikulturalisme som berøringsangst

Det offentlege skal ikkje plaga religionen, i byte mot at religionen ikke blandar seg for mykje inn i det offentlege. Men vi treng å bryna oss mot kvarandre!

Den fleirkulturelle røynda: Med svekking av RLE-faget forsvinn sjølve plattforma for eit allmenndannande religionsfag i skolen, skriv Øystein Brekke. Foto: Heiko Junge/Scanpix
Annonse

«Sist høst skjedde det en liten revolusjon i lærerutdanningen,» skreiv Dag Kullerud i Aftenposten i april i år, med referanse til omgjeringa av RLE-faget frå obligatorisk til valfri opsjon i studieløpet. I ei tid der religions- og livssynskompetansen er meir etterspurt enn nokon gong, har den raud-grøne regjeringa stått for ei stille og historisk nedbygging av kompetansen hos lærarane som skal ut i den fleirkulturelle røynda. Debatten går varmt om integrering og skulegang i Groruddalen, og ulike grupper søkjer oppstart av muslimske privatskular til hovudbry for ministrar og integreringsutval. Ingeniørane for ein ny muslimsk privatskule meiner hovudskiljet frå offentleg skulegang primært vil vera ei erstatning av RLE-faget med eit eige islamfag. Ansvarleg kunnskapsminister under først nemnde reformøkt, Bård Vegar Solhjell (SV), er skeptisk til ei utvikling «i en retning der elevane går på ulike skoler som er basert på religion og livssyn», men svekker like fullt radikalt sjølve plattforma for eit allmenndannande religion, livssyn og etikkfag i skulen. Korleis skal vi forstå dette paradokset?

For å nærma oss spørsmålet, skal vi byrja med ein karakteristikk av den tidsånda vi sjølve lever i. Den slovenske filosofen Slavoj Žižek (f. 1949) har skildra den postmoderne møtestaden som ein multikulturell allmenning prega av utveksling, alteritet og narrative konstruksjonar av røynda. I det postmoderne rommet møter vi på den andre i si underfulle annleisheit og vender merksemda frå den eine etter den andre av fargerike beretningar om levd liv, kulturelle uttrykk og unike erfaringar. Her er vi ikkje lenger underlagd ein tyngjande, trykkande rasjonalitet eller universelle sanningspretensjonar. Vi er frie til å fortelje, dyrka og konstruera, til å skapa og hylla, til å dvela i ein identitet og ein kultur som er vår eigen og - djupt - ingen andre sin. Problemet med dette ‘postmoderne feltet’ er berre dét at vi ikkje eigentleg synest å nå kvarandre på anna vis enn som deltakarar i ei høfleg utveksling av interessante synspunkt. Bak dette opne rommet for møte og gjensidig respekt kviler ein mindre vennlegsinna pseudotoleranse av distinkt eurosentrisk kjennemerke. Vi insisterer - og, ja, det er den multikulturelle ideologien som her finn si karikering - på den Andre med stor A. Denne Andre møter vi berre som den heilt andre, som vi verken kan eller skal femna inn i våre eigne kategoriar og forståingsformer. Den Andre skal hegnast varsamt om med omsut og respekt, men som ein eksotisk plante eller ein spennande artefakt frå fjerne himmelstrøk. Det vestlege mennesket, med si postkoloniale skuld og sin valdelege rasjonalitet, har trekt seg frå sitt imperialistiske prosjekt, og har i staden inntatt rolla som ‘den store tilretteleggaren’. Som den som fritt og uberørt svever over dei ulike forteljingane, som medierer og utvekslar, men som aldri gjentar fedrane sine synder. Med denne skildringa av den postmoderne utvekslingsideologien identifiserer Žižek ein særleg ambivalens med resonans i fleire vestlege samfunn i vår tid. Vi er - med rette - kritisk til vårt eige rulleblad av kulturell, politisk og religiøs imperialisme. Problemet er berre at vi ikkje eigentleg veit kven vi sjølve er i møte med denne Andre, og freistinga blir stor til å vera ingen - eller å oppløysa reelle konfliktar til ulike perspektiv. Då Julia Kristeva vitja landet for ei stund sidan, heldt ho fram nettopp denne kontinuerlege tvilen ikring eigne verdiar og identitet som særleg kjennemerke - og adelsmerke - ved den europeiske identiteten.

Så tilbake til utgangspunktet. I stortingsmeldinga for ny lærarutdanning frå 2008/09 (St.meld. nr. 11) ? er det nokre moment som på interessant vis aktualiserer problemstillinga på heimleg grunn. Meldinga legg ei ny tyngd på norsk-, engelsk- og matematikkunnskapar og innfører eit obligatorisk emne i «Pedagogikk og elevkunnskap» (PEL) med eitt års omfang. Her finn vi ei styrking av allmenne eigenskapar og sentrale ferdigheiter som ein må forventa av ein lærar som skal ut i den fleirkulturelle skulen som etter kvart er den norske. Det som overraskande ikkje lenger er rekna som obligatorisk minstekunnskap, er den materielle og praktiske kunnskapen om religionar, livssyn og etikk som det tidlegare KRL-faget skulle ta i vare - og som no er sett opp som valfritt emne i «Religion, livssyn og etikk» (RLE). Dette er overraskande fordi det jo kan hende er nettopp religionen som, meir enn noko, må seiast å vera berar av «annleisheit» i det norske samfunnet i dag. Religionen er på eine sida ein nesten framand fugl i eit så sterkt sekularisert samfunn som det norske, men opptrer også, på andre sida, som samlande merkelapp for dei ulike kulturane, etnisitetane og samfunnssyna som brynest på verdsareaen og i den heimlege debatten. I norsk kontekst har lausrivinga frå den religiøse - og kristne - sfæren, vore bestemmande for korleis både stat, skule og offentlegheit har tatt form. Seinaste uttrykk for dette er den gjentatte kritikken av problematiske element i skulefaget og suksessive namneendringar på faget dei siste tiåra. Samstundes kjem religionen for full styrke og med ny aktualitet inn på verdsarenaen. Islamsk jihad står mot kristen korstogsretorikk; buddhistisk pasifisme står mot hinduistisk sjølvstendekrav. I Norge drøftar vi bruk av religiøse symbol i politi- og rettsvesen, og Litteraturhuset fyller hus på hus med debattar om multikulturalisme, ekstremisme og dialogmoglegheiter i det seinmoderne. Mot denne bakgrunnen synest det umiddelbart underleg at religionskunna i lærarstaben skulle ha mista sin relevans. I møte med ein elevmasse med stadig meir divers bakgrunn, ser ein det frå statleg hald som ikkje lenger nødvendig at ein lærarstudent må beherska eit visst register av religiøse og kulturelle kodar før han skal ut i skulekvardagen. Hadde framlegget vore gjort for ti år sidan hadde det - ytre og klimatisk sett - kanskje vore forståeleg. I dag framstår den raud-grøne omlegginga mildast talt underleg.

ALLEREDE ABONNENT?
Kjøp abonnement
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

«Fremmaningen av Sejersteds ånd blir enda vanskeligere å forstå sett i lys av Lindgrens tidligere kritikk.»
«Det er lett å tenke seg eksempler på at en bok tråkker feil i et slikt landskap.»
«Slikt gir anledning til å prøve om også stråmenn kan vende det andre kinnet til.»
«Har vi egentlig råd til å la en stor del av elektoratet seile sin egen sjø?»