Annonse
04:00 - 25. februar 2011

Mitsuko

Alt fins.

Åpner opp: Mitsuko Uchida lager luft å puste i.
Annonse

Ein gang var livet tilsynelatande tomt. Det var berre eg, ein kjærast, ei nesten tom leilegheit, og ein cd-boks med alle Mozarts pianosonatar, framført av japanske Mitsuko Uchida. No når livet tilsynelatande er fullt, opptrer det gamle, tomme livet for mitt indre med ein glans av fersk lukke.

Ein heil søndag berre full av ingenting. Og så trefte han blink med denne Uchida-samlinga, innepakka i gåvepapir. Han visste nok ikkje kor direkte midt i blinken han hadde treft. Eller ante han det gjennom sine skjerpa sanseorgan, sidan vi ikkje hadde hatt så lang tid i lag og framleis var som store mysterium for kvarandre? No kallar vi det ikkje lenger mysterium, no seier vi berre: Eg forstår ikkje kvifor du alltid…

Mozart-sonatane gav livet mitt den fullkomne blandinga av gammalt og nytt. Gammalt fordi far min hadde ei plate med Mozart-sonatar eg hadde med på eitt av mine mange små flyttelass til Oslo. For kvar gong eg løfta stiften ned på plata, sat far min med eitt i sofaen, utan å seie eit ord. Han nikka berre. Han var då stadig i live, der heime i huset på Sunnmøre, og ikkje som no, verkeleg død. Han oppførte seg allereie slik dei døde gjer, rører seg fritt mellom tider og rom. Som sofaskapning, nikkande til Mozart-sonatane. Viste ein mild aksept av meg, trass i brot på forventning, skikk og bruk. Kanskje lengta vi begge tilbake til då livet verken var fullt eller tomt, men akkurat nok til at eg kunne ta inn det han hadde å gi. Ein kveld ved pianoet, saman.

ALLEREDE ABONNENT?
Begrenset sommertilbud
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Samspillet mellom befolkningen og museene har endret seg kraftig de siste 50 år, og det må definisjonen nødvendigvis gjenspeile.