Annonse
11:54 - 10. april 2014

Høgtid. Krisetid.

Påske er comeback-tid. Trongen er menneskeleg, så altfor menneskeleg, skriv Gudmund Skjeldal.

Illustrasjon: Marvin Halleraker. www.marvin.no
Annonse

KOMMENTAR

Vi er alle på randa av fortviling, seier hovudpersonen i filmen og oscarvinnaren Den store skjønnheten. Vi står alle på kanten av desperasjon. På den andre sida har vi blitt så vande med å gjera narr av tretti-, førti- og femtiårskriser at vi gløymer det heilt naturlege grunnlaget for all åremålsuro: Vi skal alle måtta forlata denne vakre kloden.

Eg har kjøpt meg tilgang til CMore Tennis frå Gets kanalpakke. Det er ikkje akkurat eit krisetiltak som løfter den sosiale statusen, som å ta jaktprøven eller få seg dykkarbevis. Rett nok ser ein både Kevin Spacey og Leonardo di Caprio på tennistribunane, men dei er del av den klassiske representative offentlegheita, dei blir sett, dei lar seg sjå, som dei britiske kongelege i Wimbledon. Eg ligg i sofaen og ser berre på.

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse