Annonse

Annonse

09:52 - 20. juni 2014

Eit land av doktorar

På ti år har vi utdanna meir enn 10 000 doktorar i Norge. Om ti år er dei kanskje 40 000, alt i alt. Kan det bli for mange med doktorgrad?

Doktoren svarer: Nesten 500 doktorar har Morgenbladet fulgt ut i lyset i spalta «Doktoren svarer.»

Å, det er ein herleg forsommardag i heile Sør-Norge. Plenane på St. Hanshaugen i Oslo lokkar, på Vestlandet set bøndene gjerdene i stand så sauene snart kan sleppast på fjellbeite. Men vi skal feira denne dagen inne, vi skal sitja på våre stolar, vi har fått lov å følgja Gry Cecilie Rustad gjennom hennar store dag: Ho skal bli philosophiae doctor (ph.d.)!

Er det ein stor dag i heile nasjonens liv? Framskrivingar basert på tendensane i dag tilseier at Norge har utdanna like mange doktorar om ti år som det er få bønder att i heile landet.

Når vi ringjer på, like før klokka ni, er Gry Rustad nesten klar. Ho kunne elles berre vågd å forsove seg: Klokka 10.15 skal ho halda prøveførelesing i Forum i Forskningsparken. Klokka 12.15 skal ho forsvara avhandlinga «Contemplating telephilia: A study of Mad Men, The Wire, Luck and Treme» i det same auditoriet. Klokka 18 er det fest på Pigalle i bydelen Grønland – om alt går bra.

Lese mer?

UKEPASS
59,-
Inkluderer også tilgang til arkiv og eAvis.
ABONNEMENT
Fra 35,-
per uke
Følg de viktige debattene og få en dypere innsikt i samfunnsaktuelle saker hver uke.
ARTIKKEL
20,-
Betal med Vipps/mCash/PayPal/Bitcoin.

Annonse