Annonse
05:45 - 22. februar 2013

Norwegian Defence League: Bak fyllepraten

Ein mann vert sikta for å setja fram bombetruslar mot Stortinget. Organisasjonen han er medlem av, vil gjerne framstå som uskyldskvite «islamkritikarar». Men under overflata er det noko heilt anna enn islamkritikk som rår grunnen.

Demonstrasjon: 15. desember i fjor arrangerte NDL og SIOE demonstrasjon mot islam på Klosterenga i Oslo. Rundt femti personar deltok, blant dem den no trusselsikta hønefossingen. Foto: Terje Bendiksby/Scanpix
Annonse

På ein busstur frå Hønefoss til Oslo tysdag kveld i førre veke fekk ein mann ein telefon. Mannen – ein kar i tjueåra som tidlegare har studert arkeologi – snakka i telefonen om å bomba Stortinget. Han hadde på seg ein skotsikker vest, og med seg eit gassdrive våpen. Folk på bussen reagerte. Politiet vart tipsa, og etter at mannen gjekk av bussen og sette seg i ein drosje i retning Lambertseter, vart det sett i gang ein stor politiaksjon.

 

Ifølgje mannen sjølv – han vakna nokre timar seinare til væpna politi i kjærasten si leilegheit – var det heile berre fylleræl. Lite tyder då også på at han var på vei til et attentat. Mor til mannen vart intervjua av VG Nett på torsdag, og sa at ei fjør hadde vorte til tusen høner. Men det er ikkje vanleg å snakka om å sprengja Stortinget, sjølv om ein har teke seg nokre øl for mange. 

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse