Annonse
01:15 - 22. november 2013

Femmilskongen Magnus Carlsen

Då alt såg som mørkast ut, kom ynglingen og viste oss det beste.

Illustrasjon: Marvin Halleraker
Annonse

KOMMENTAR

Er no sjakk eigentleg idrett? Det var setenaboen som spurte, vi sat på toget vestover, og hadde delt på papirversjonen av Verdens Gang. Sportskommentatoren hadde forklart kvifor avisa sette sjakkstoffet på sportssidene sine, og kvifor dei satsa så stort fram mot VM i India, med tv-dokumentar og all-geniet Hans Olav Lahlum og meir til, men togfellen min var ikkje overtydd. 

Eg hadde først lyst å ikkje svara. Kan ikkje sjakk få vera kva det er, ein lidenskap for somme, maling som tørkar for andre, ein atterlevning av føydale maktforhold, kan henda, men like mykje matriarkatets nesten-triumf (samanlikn dronningas rekkevidde med kongen). Eit språkleg magnetfelt for alle tider, eit pedagogisk suverent verkty for realfags-lærarar, eller rett og slett kunst? Vi som ikkje kan dansa, vi som aldri heilt lærer om Piemonte er namnet på drua, på vinprodusenten, eller på regionen, vi som aldri skal bli olympiske meistrar i idrett, kan vi ikkje få ha sjakken i fred. Vi er ikkje nødvendigvis nerdar i vår ungdom eller gryande alderdom, heller grublarar av alle slag i dette djuprynka landet. Kan ikkje vi ha våre glansdagar no, utan å måtta svara for sveittekoeffisienten og nytteeffekten av kort og lang rokade? Når medvindstypar som Børge Stensbøl hyllar «vinnarskallen» Magnus Carlsen på NRK Ytring (han har skrive ei heil bok om emnet), kva skal sjakken då med fiendar?

ALLEREDE ABONNENT?
Inntil 40 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse