15:05 - 21. mars 2013

Eit vegkart til ekstremismen

Konspirasjonstenking er vorte eit kjenneteikn ved nyare europeisk ekstremisme.

Nye kjenneteikn: Konspirasjonsteoriane er ofte vel så viktige som klassisk eller religiøs plassering. Sjå meir av linjane mellom terroren i Toulouse, hotet mot det polske parlamentet, 22. juli-terroren og svenske «Lasermannen 2» i papiravisa. Foto: NTB Scanpix

«En ekstrem person eller gruppe aksepterer bruk av vold for å oppnå politiske, religiøse eller ideologiske mål.» Politiets sikkerhetsteneste har ein instrumentalistisk ekstremismedefinisjon. Men eit anna element kan vera eit nytt kjenneteikn: Konspirasjonsteoriane florerer. Dei er ofte vel så viktige som klassisk politisk eller religiøs plassering.

– Mange vert tiltrukne av konspirasjonstenking av den eine eller andre sorten, dei fleste av dei er harmlause. Men potensialet er der openbert. Om ein trur at ein vond plan er i ferd med å verta fullført, at totalitære krefter er i ferd med å ta makta for godt, då er det ikkje ulogisk å tenkja at ein må gjera noko. Fyrst. Før det er for seint, seier Michael Barkun til Morgenbladet.

Han er ein av dei fremste amerikanske forskarane på konspirasjonsteoriar, kjend for boka A Culture of Conspiracy og tidlegare rådgjevar for FBI. Blant tema han har teke for seg er innverknaden det klassiske antisemittiske falsknarverket Sions Vises Protokollar har i den moderne verda.

Annonse