04:00 - 15. juli 2011

Opprørarar står bak vilkårleg vald

Human Rights Watch er svært bekymra for situasjonen i dei opprørskontrollerte områda i Libya.

Plyndra sjukehus: Slik såg sjukehuset i al-Awaniya ut etter at opprørsstyrkane var ferdige med plyndringa. Foto: Human Rights Watch

Då byen Qawalish fall i hendene på opprørarane onsdag 6. juli, var alle innbyggjarane borte. Dei hadde rømt. Så tok plyndringa til. Det byrja på bensinstasjonen før det spreidde seg vidare til butikkane. Ifølgje vitneutsegner kjørte opprørarane i skytteltrafikk mellom Qawalish og byen Zintan med tjuvgods frå plyndringa.

Fire dagar seinare var mange av bygningane i byen brent ned til grunnen. Eit av dei plyndra husa var merka med teksten mashaashia, namnet på stammen som dominerer i området. Mashaashia-stammen er kjend for å vere lojale mot Gaddafi-regimet. Dette tyder på at plyndringa er gjort for å straffe mistenkte støttespelarar for Libyas leiar Muammar al-Gaddafi, meiner menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch.

Urolege. - Vi er svært uroa over det vi har funne ut, seier Fred Abrahams ved Human Rights Watch sitt New York-kontor.

Annonse