Annonse

Annonse

04:00 - 12. mars 2010

Livskampen

Langt borte, som i ein draum, høyrer vi den. Bukkesongen.

Illustrasjon: Marvin Halleraker/www.marvin.no

TV-serien Hjernevask til Harald Eia gjev oss faktisk ei kjensle av å vere vitne til ei avsløring. For spørsmåla Eia stiller, og svara han får, er tydelege nok trass i hardhendt krøssklipping. Så altfor leikande lett gjekk kjønnsforskarane Jørgen Lorentzen og Cathrine Egeland på limpinnen, og pinadø gjekk ikkje kanoner som Willy Pedersen og Gudmund Hernes i den same snara veka etter. Jamvel ein fyrsteårsstudent burde ant uråd her. Er det fordi norske kjønnsforskarar har eit naivt og ideologisk vitskapssyn? Kanskje, men eg trur ikkje det er her forklaringa ligg. Serien er framfor alt eit interessant sjangerbrot. Forskingsjournalistikk har mest vore ein slags skulefjernsyn – pedagogisk og omstendeleg på premissane åt vitskapen. Eia er meir som ein krigsreporter som rapporterer direkte frå slagmarka.

Alle på innsida av forskingsinstitusjonane veit at det er radikalt konkurrerande syn på kva som er god og interessant forsking. Til liks med kunsten er forsking ein individuell risikosport. Berre dei færraste, om nokon i det heile, blir genierklærte. Ulike gradar av paranoia er ein yrkessjukdom. Og ingen kjenner seg retteleg verdsett.

Men det er ikkje innsyn i desse barske realitetane som gjer serien åt Eia interessant. Han avslører samfunnsforskinga som politisk vitskap. Den sosiale ingeniørkunsten bruker – ikkje vår natur, men ideale rollemodellar som råmateriale på nøkkelområde som kjønn, familie og utdanning. Det handlar om styring og utforming. Politiske vitskapar skil ikkje mellom makt og sanning. Ei rekkje av paradoks i dei nordiske velferdsstatane ser difor ut til å dane utgangspunkt for prosjektet åt Eia. Korleis skal vi forstå det norske likskapssamfunnet på 2000-talet? Og eg vil leggje til: Er dette samfunnet det næraste vi har kome «sanninga» om mennesket? Eller er det tvert om ein menneskeleg ekstremtilstand?

Set vi det på spissen på denne måten, blir svara til kjønnsforskarane noko meir enn berre ein vitskapsteoretisk blunder. Denne svært radikale tanken om at kjønn er sosialt konstruert, blir då heller ikkje så uforståeleg. Om vi tenkjer oss at den norske velferdsstaten er ei einaste lang ferd i retning av det frie mennesket, så er historia til nå illusjonsmakeri som har undertrykt og løynt sanninga om kvinna og mannen. Langt der framme kan vi skimte ein androgyn superhelt.

For dette handlar om noko langt meir enn tillærde kjønnsroller. I landet som blir kåra til det beste i verda på utviklingsindikatorane åt FN, er det vel slik at vi har kome nærast sanninga om dei menneskelege grunnvilkåra. Slik menneska ter seg i Noreg, ville alle menneske te seg om dei var like frie og kunne velje. For her til lands er det ikkje noko som skil natur og sivilisasjon. Den frie mannen vil med andre ord heilt naturleg ta del i stell av småborn og kjenne avsky overfor både porno og prostitusjon. Kvinnene vil meir og meir hoppe langt i store skibakkar. Og alle tykkjer at moderate og like løner med adresse i grisgrendte strok er det beste ein kan vone på her i livet. Når vi ikkje er komne heilt i mål på alle område, er det fordi det står att hindringar som vi kjenner så altfor godt. Vi må berre dekonstruere endå meir. Difor treng vi kjønnsforskarar og sosiologar.

Men tenk om det er motsett – at den norske utopien er ein ekstremtilstand og ikkje ein naturtilstand? Eia meiner å kunne sjå at Noreg er ein kunstig laboratoriesituasjon som gjev oss ei unik innsikt i korleis menneske faktisk oppfører seg i fri dressur – men då som biologiske vesen. Difor vel altså norske kvinner omsorgsyrke og ikkje ingeniørfag sjølv om dei er dei mest likestilte i verda. Frie kvinner treng ikkje gjere vald på sin eigen natur.

La oss sjå nærare på akkurat dette. Det er gode grunnar for å ha mistanke om at det norske statssamfunnet er eit laboratorium, men fortel det difor sanninga om menneskeleg åtferd? Menneska søkjer vel like gjerne makt og byggjer dynasti i staden for likelønn. Gamle Max Weber var inne på den tanken i den vidgjetne studien om kapitalismen og den protestantiske etikken. Grådigskap er det mest naturlege av alt, slår han fast. Det finn du alle stader og til alle tider, men det forklarer ikkje noko så usannsynleg som kapitalismen. Det var det metodiske utgangspunktet hans. Grådige menneske byggjer ikkje noko så avansert og abstrakt upersonleg som moderne kapitalisme. Det enklaste er alltid kalasjnikov.

Det er vanskeleg å slutte direkte frå menneskelige eigenskapar til institusjonar. Om vi var laboratorierotter, er det norske statssamfunnet eit så spesielt miljø at vi har eit metodeproblem viss vi skulle finne ut korleis vi eigentleg er. Etter alt å døme er noko så usannsynleg som ein allmektig byråkratisk stat ein heilt avgjerande faktor i liva våre, mykje viktigare enn marknaden. Om staten hadde kvorve sporlaust over natta, ville vi kanskje òg byrje å kvæde mange vers om gudelike heltar som fall i uredd strid. Tanken om at vi kan rutsje attende i urmenneskeleg barbari, er populær innanfor litteratur og film, til dømes The Road eller Fluenes herre. Til slutt blir vi menneskeofrande kannibalar. Innanfor historiefaget har det i lange tider blitt drøft i kva mon vi var radikalt annleis i vikingtida, til dømes. Opplevde vi sinne, frykt og sorg på andre måtar og i andre situasjonar enn i dag?

Sanninga er at vi alle har vitja naturtilstanden som born og unge. For ein tolvåring vil ikkje kongesogene vere så uforståelege. Klart du har vener og fiendar du må halde eit vake auga med! Klassikarane burde bli lesne av born og unge. Dei har dei beste føresetnadene for å skjøne kva det dreiar seg om. Men vi treng ikkje å gå lenger enn til dei ufattelege katastrofane i det 20. hundreåret før problema med å forklare menneskenaturen blir uoverstigelege. Det fanst kvinnelege vaktar i Auschwitz. Dersom vi meiner at sosiale konstruksjonar får så dramatiske fylgjer, bør vi nettopp interessere oss for menneskenaturen. Det store spørsmålet er naturlegvis om det er råd å sjå konturane av ein slik natur under og i alt det fantastiske mylderet av menneskelege livsvilkår? Den store variasjonen i tid og rom bør i alle fall gjere oss skeptiske til tanken om at dei godmodige skapningane som vegeterer i ein nordisk velferdsstat på 2000-talet, er noko nær sanninga om korleis menneske ter seg under frie vilkår. Det norske laboratoriumet har løynde føresetnader som forstyrrer det vitskapelege eksperimentet.

Det finst vinnarar og taparar i eit likskapssamfunn òg. Men denne kampen treng ikkje å gå føre seg på den måten vi trur. Det kan til dømes hende at det er heilt særskilde mennesketypar som blir framelska og favoriserte i det norske sosialdemokratiet. Tanken om sosiale konstruksjonar er rett og slett ikkje tenkt radikalt nok innanfor delar av norsk samfunnsforsking. Dette er eit metodeproblem. Dersom vi tenkjer at sivilisasjon er noko strevsamt – og ikkje frigjerande natur – får det store konsekvensar. Då finst det ikkje lenger nokon eigenleg harmoni – korkje mellom mann og kvinne, fattige og rike eller borgar og stat. Det finnest berre ulike måtar å kjempe livskampen på. Dette nietzscheanske menneskedyret vil likne Rainer Maria Rilkes innebura panter. Og det ville krevje ein meir poetisk sosiologi for å fange det eller i alle fall gjere røynslene tydelege.

Ein sosiologi av radikalt ulike røynsler som kanskje er funderte i det vi kallar biologi, ville paradoksalt nok føre oss over i kunsten. I staden for etisk harmoni ville vi måtte søkje estetisk eller religiøs forsoning. Nobelprisvinnaren i litteratur Elfriede Jelinek har sagt at det berre er i djupaste nakne elendet kvinner og menn kan forsone seg med kvarandre som det dei er. Ikkje berre dei gamle heltane treng kvæde med mange vers, men kvinner og menn i dag. Samfunnsforskarane, som er så mange, må lære seg å syngje og dikte. Dei kunne bli eit ustemt kor i ein nordisk tragikomedie med Harald Eia som dirigent.

Nils Rune Langeland er førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Stavanger. samfunn@morgenbladet.no

Annonse