Annonse
04:00 - 17. desember 2010

For eit kjempande universitet

Statsmoralistane vil at akademisk kunnskap skal vere ekslusiv merkevare for Blindern.

Annonse

Hell og lukke, Nordlands universitet! Endå eit nytt universitet er født. Og fleire skal det bli i Noregs land og rike. Universiteta er nemleg våpensmiene i den globale kunnskapsindustrien. Ei kjempande mellomklasse treng eit kjempande universitet. Den norske mellomklassa må rustast til tennene frå landsende til landsende inn i det 21. hundreåret. Universiteta er alt fødestovene for den veksande mellomklassa i verda. Dersom alt du har, er å finne i hovudet, gjev dei deg eit skimmer av von om sosial rettferd. Når borna dine skal gjere det same, tilbyd dei eit skimmer av von om sosial tradisjon.

Talsmennene for at Blindern–Oslo skal vere det einaste skikkelege universitetet i landet, fortvilar over at universitetslisensen blir fordelt mellom fjord og fjell som om det var skotske whiskymerke. For dét dei vil ha, er det same som landbruket har fått, nemleg verna, stadbundne merkevarer. G35 brunost skal for all tid berre ystast i Gudbrandsdalen. På same vis skal fedrelandslause statsmoralistar for all tid uteksaminerast eksklusivt frå Oslo – ei utsøkt Blindern-delikatesse, med andre ord.

Det er dette det heile kokar ned til. Staten blir påkalla for å verne om merkevarer og dermed privilegert tilgang til det oljefinansierte toppbyråkratiet med internasjonale forgreiningar. Men så var det Stortinget og distriktsinteressene. Den norske løysinga på det dilemmaet har ei velkjend historie. Alle skal få bli universitet i namnet. Men embetsverket held att pengane og løyvingane til forsking. Formal likskap som ikkje endrar noko som helst, er ei sosialdemokratisk paradegrein. Det heile blir litt på same måte som å endre nemninga på evneveike born. I tillegg kjem sjølvsagt det snusfornuftige argumentet om at staten ikkje har råd til alle desse universiteta og høgskulane. Under dette åket ser det ut til at alle bøyer nakken, og så blir alt ved det gamle.
 

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.