Annonse
04:00 - 09. oktober 2009

Nils Rune Langeland om sosialdemokratiet

«På 00-talet er det mogne sosialdemokratiet ein sinnstilstand og ikkje ein politisk ideologi.»

Etter sekstiåtterane: «Eg tilhøyrer den fyrste generasjonen etter sekstiåtterane, den siste der ikkje alle gjekk i barnehage. I nokre av oss fanst det motstand og avstand. Noko hadde overlevd. Men vi kom ingen veg,» skriv Nils Rune Langeland. Bildet viser fyrste skoledag på Ammerud i 1971. Foto: Erik Thorberg /Scanpix
Annonse

Klassereisa er blitt framstilt som ei stor reise fylt av alt det vemodet manglande returbillett kan vekkje i ein aldrande mann som eigenleg ikkje ville nokon stad. Frå 1970-åra gjekk vi ikkje åleine om bord i denne bussen. Alle passasjerane kunne puste letta ut over at den magiske mysterieturen berre var rutebussen.

Mitt fyrste møte med sosialdemokratiet var Voss ungdomsskule på slutten av 1970-åra. Denne store fornuftige utjamnaren skulle samle all ungdom under same tak. Ei sosialdemokratisk skulereform av ypparste merke. Det var klassar frå A til G fylte opp med tretti elevar i kvar. Men skulen var eit inferno av uro, mobbing og dårleg læringsmiljø. Framgangen i fleire fag stogga heilt opp. Til liks med mange andre på min alder blei eg fyrstehandsvitne til tyskfagets samanbrot i norsk skule. Vi hadde ei ung, særs dugande lærarinne, men det hjelpte ikkje det spøtt. I ettertid har eg tenkt at sabotasjen mot faget den gongen var noko meir enn vanleg uro. Det var som om desse fjortenåringane intuitivt forstod at akkurat dette faget representerte den borgarlege daningskulturen sosialdemokratiet gjorde sitt beste for å bryte ned. Tyskfaget leid lagnaden åt latinen meir enn hundre år før.

Men det uartikulerte opprøret mot tyskfaget i 8. klasse var berre spydspissen i ein langt meir omfemnande kulturrevolusjon. Pubertetsdramaet kjem i staden for daningseventyret. 8. klasse er eit sosialdemokratisk paradigme. Her smeltar det folkeleg-regressive saman med den kulturradikale elitismen. Resultatet er ei form for konservativ revolusjon. Dei elementære sosiale jarnlovene du blir underlagd i 8. klasse, gjeld gjennom heile vaksenlivet. Inga daning kan rikke ved det. Den kulturradikale nedbrytinga av kristendom, nasjonal kultur og borgarlege dygder fell saman med vitalistiske verdiar i folkedjupet. Historiefaget blei bytt ut med eit såkalla orienteringsfag, som presenterte ahistoriske plansjar av samtidig daglegliv. Å ha ein jobb og føde born er det viktigaste. Sosial og geografisk mobilitet er difor ikkje noko mål. Du blir like velståande og meir lukkeleg av å bli verande der du høyrer heime. I eigenskap av å vere «kollektiv fornuft» mobiliserer ikkje det seine sosialdemokratiet. Det er tvert om ein stat som forvaltar livsverder. I ly av denne folkelege revolusjonen kunne naturlegvis ætlingane frå dei gamle embetsmannselitane framleis sysle med sitt og sikre stillingar og sørlandshytter gjennom familiære, nepotistiske nettverk.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.