Annonse

Annonse

04:00 - 11. april 2008

Dei ti tvilsame

Frå talarstolen i FN blir dei kalla umoralske. Frp omfamnar dei. Møt klimaskeptikarane.

Tvilar med det glade bodskap: Det er god stemning når geokjemikar Tom V. Segalstad held foredrag og kostar på seg nokre PowerPoint-vitsar for fansen på Frps klimakonferanse i Sandvika.

På konferanse. – CO2 er livets gass, seier Tom Victor Segalstad til rungande applaus.

Segalstad er ein av desse omdiskuterte klimaskeptikarane, men i dag blir han motteke som ein helt. Vi er på Framstegspartiets skuleringskonferanse i Sandvika. 350 lærenemme partimedlemmer har møtt opp.

– CO2 gir auka plantevekst, det gjer at vi kan dyrka meir mat. Om menneska si største utfordring er å fø ei stadig veksande befolkning, må det vera i humanismens teneste å sleppa ut meir CO2, seier han.

Annonse