Annonse
04:00 - 21. juli 2006

Vil ha Nato-rekneskap

Medlemskapen i Nato står i motstrid til målet om at Noreg skal vera ein fredsnasjon, meiner SVs Ingrid Fiskaa.

Vil diskutera Nato: SVs Ingrid Fiskaa (bildet), tidlegare diplomat og Venstre-leiar Gunnar Garbo og jusprofessor Ståle Eskeland.
Annonse

Det er på tide å rekna ut kva politiske kostnader Nato-medlemskapen har, meiner Ingrid Fiskaa. Ho er medlem i SVs sentralstyre og leiar i den tverrpolitiske anti-krigsorganisasjonen Fredsinitiativet.

Fiskaa meiner at Soria Moria-erklæringa inneheld ein innebygd motsentad mellom alliansetilknyttinga vår på den eine sida og øvrige utanrikspolitiske ambisjonar på den andre. Regjeringserklæringa slår fast at Noreg skal vera ein del av Nato. Samstundes skal Noreg vera ein fredsnasjon og ein ønskjer ein FN-leda verdsorden med utgangspunkt i internasjonal rett. Desse to kan fort koma i konflikt, meiner Fiskaa. Utanriksminister Jonas Gahr Støre lanserte første veka i juli sitt ønske om ein stor samtale om norsk utanrikspolitikk. Fiskaa vil gjerne samtala, og tek til orde for ein Nato-rekneskap. Det er ikkje medlemskapsspørsmålet ho vil diskutera, men konsekvensane.

– Vi må sjå på kva Nato-medlemskapen kostar oss, og kva vi får att. Det er grunn til å tru at Nato-medlemskapen legg føringar på andre delar av utanrikspolitikken. Fleirtalet i Noreg ønskjer at landet skal vera med i Nato. Men medlemskapen får Noreg til å føra ein politikk som ikkje er i tråd med det synet fleirtalet av folk har, seier SV-politikaren.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.