04:00 - 09. september 2005

Meir enn sirkus

Morgenbladet fann den store verdidebatten i ein klam gymsal på Oslo Katedralskole.

Interesserte: Det var motstand mot krig i Irak og kritikk av Kristeleg folkepartis homopolitikk som fekk mest applaus i den overfylte gymsalen på Oslo Katedralskole.

- Politikk handlar om draumar. Kva vil vi? Vil vi vera den generasjonen som oppnådde tidenes lågaste bensinpris, eller vil vi vera den generasjonen som utrydda verdas fattigdom, spør Per Kristian Nilsen.

Det er store ord frå Kristeleg folkepartis ungdomskandidat i Oslo. Det er høgsesong for politiske draumar. Vi er på skuledebatt på Oslo Katedralskole.

Ungdomspartia stillar med A-laget sitt. Her er SU-leiar Audun Herning, Oslos mest kjende rikmannsson Nikolai Astrup stiller for Høgre, RU-leiar Bjørnar Moxnes representerer RV.

Annonse