Portal

Norsk kulturliv – ein klimaversting

SYN OG SEGN: Kven skal det norske kulturlivet inspirere til endring, om det ikkje klarer å inspirere seg sjølv?

I år vil eg ri ein klimakjepphest så langt inn i norsk kulturliv som mogleg. Kvifor det? Det heile byrja i Bergen før jul.

«Dette er den mest dystopiske klimakonferansen eg har vore på», seier Bård Vegar Solhjell, leiar for WWF og tidlegare politikar, jamvel miljøvernminister. Han har sikkert vore på ein gasillion klimakonferansar. No sit han ved sida av meg på årskonferansen til Kulturrådet. Vi er i Grieghallen i Bergen, og kultureliten har floge inn frå heile landet.

Hovudtema for konferansen er klima. Vi sit i eit panel og snakkar om verksemdene i kulturfeltet er berekraftige, og om feltet i det heile kan bidra med nye løysingar, løysingar som kan kome resten av samfunnet til gode.

Undervegs blir vi presenterte for ei mengd alvorlege kunstverk, frå fugledaude i Lofoten til smeltande polar og gruvedrift i Kongo. Men ikkje eitt forslag til kva kulturfeltet sjølv kan gjere for å minske eigne utslepp. Gapet til kva til dømes arrangørfeltet i kulturlivet held på med – der eg sjølv har mitt daglege virke – blei med eitt veldig synleg. Der snakkar vi lite om at artistane må synge om miljøet, men meir om korleis vi får ned eigne utslepp.

Solhjell oppfordrar til slutt Kulturrådet til å lage eit grønt vegkart for kulturfeltet. Det trengst, og det hastar.

Ser vi til andre bransjar og sektorar, er klimamåla uttala og konkrete. Ruter AS vil drive all kollektivtrafikk i Oslo og Akershus med fornybar energi innan 2020. Trikk og T-bane er alt utsleppsfrie, og i år kjem det 70 nye elektriske bussar. ASKO har som mål å køyre på 100 prosent fornybar energi innan 2020. Det er neste år, det. Utemøbelprodusenten Vestre vil at møblane deira skal vare lenge. For alltid.

MYKJE SKRIK OG LITE ULL

Sidan Kulturrådets dystopiske årskonferanse har eg prøvd å løfte blikket frå den lòdne navlen i festivalfeltet og i staden byrja å glo nysgjerrig på klimaarbeidet i dei andre felta i kulturlivet. Kva skjer der? Førsteinntrykket er langt frå oppløftande: Sjølv om kulturfeltet er fullt av folk som verkeleg bryr seg om miljø og klimaendringar, kan det verke som om lysta og evna til å redusere utsleppa i bransjen er langt mindre. Det er mykje snakk om haldningar, men lite handling.

Sjølv om kulturfeltet er fullt av folk som verkeleg bryr seg om miljø og klimaendringar, kan det verke som om lysta og evna til å redusere utsleppa i bransjen er langt mindre.

Derfor er kjepphesten min i 2019 kultur og klima. Så kan eg ta ein mental kvilepause frå oljeutvinning og oppdrettslaks (det er sikkert både psyken min og dei nærmaste venene mine glade for). Eg skriv dette med alle moglege atterhald om at eg ikkje kjenner alle delane av norsk kulturliv godt nok. Kanskje blomstrar det av gode miljøtiltak over heile kulturfjøla? Eg håper sjølvsagt det. Og at eg etter denne saka vil få vite meir om dei.

For kunst oppstår ikkje ved eit magisk BIG BANG, men etter flyreiser, måltid, bygging av sceneinstallasjonar, bruk av dieselaggregat og ein del anna. Kultur blir produsert og har eit utslepp i seg sjølv.

KVA ER EIN KLIMAVERSTING?

«Men de inspirerer folk til å gjere noko, det er viktig det.» Det er nesten som å trykke på ein knapp. Når ein nemner klima og kultur på same tid, kjem ho ofte, den setninga. At det er så viktig at festivalane inspirerer publikum, at teateret kan opplyse og engasjere, at ein artikkel eller dokumentar kan få folk til å gjere noko sjølv mot desse klimaendringane. Men kven er denne målgruppa som skal inspirerast og engasjerast? Ikkje kulturlivet sjølv.

No held det ikkje berre å inspirere, vi må gjere noko. Skal vi klare å avgrense oppvarminga av jorda til 1,5 gradar, må alle bidra. Oslo, til dømes, skal kutte utslepp av klimagassar med 95 prosent innan 2030. Andre bransjar skal kutte 20, 30, 40 og 50 prosent innan 2020, innan 2022, innan 2030. Transportbransjen, byggebransjen, matbransjen, ja til og med oljebransjen sjølv er på ballen. Men om kulturbransjen skal rekke å kutte noko som helst dei nærmaste åra, må det til eit skippertak. No.

Ifølge det mykje omtala internettet er nordmenn, glasflasker, kyr, flyreiser, Oljefondet og mykje anna klimaverstingar. Er det norske kulturlivet også ein klimaversting? Det kjem an på korleis du ser det. I forhold til Equinor, kanskje ikkje. Men om du ser på ein klimaversting som ein som lèt vere å gjennomføre dei klimatiltaka som er moglege å få til, så blir svaret ja. Då blir klimaverstingen dei kulturaktørane som ikkje kuttar klimagassar der dei kan.

For kunst oppstår ikkje ved eit magisk BIG BANG, men etter flyreiser, måltid, bygging av sceneinstallasjonar, bruk av dieselaggregat og ein del anna. Kultur blir produsert og har eit utslepp i seg sjølv.

Drit i alle kinesarane, indarane, kolkraftverka, kor mykje kyrne fis og privatflyet til Petter Stordalen. Dei einaste klimautsleppa du har kontroll over, er dine eigne. Der du jobbar, der du bur. La oss byrje der.

DEI FEM STORE

I festivalbransjen har klima vore i fokus lenge. Øyafestivalen byrja ballet og er no i verdstoppen blant berekraftige arrangement. Mange andre norske festivalar har følgt opp, og klima og miljø er no tema kvar gong vi møtest. Vi snakkar i detalj om korleis vi kan jobbe med «dei fem store», som vi kallar det. Nei, det er ikkje Karpe, Kygo, Sigrid, Kulturrådet eller Live Nation, men derimot desse fem punkta:

1 avfall, 2 energi, 3 innkjøp, 4 mat og 5 transport.

I desse ligg størstedelane av klimaavtrykka i festivalbransjen, og det gjeld sikkert for resten av kulturlivet òg. La oss gjere dei litt meir konkrete:

1 Produsere færre ting, kaste mindre

2 Bruke fossilfritt, kutte dieselaggregat

3 Kjøpe færre ting, stille miljøkrav til leverandørar

4 Servere meir plantebasert mat

5 Fly mindre, køyre kollektivt og fornybart.

Der har du eit grønare kulturliv i eit nøtteskal.

ETISK BANKGUIDE OG MILJØHANDBOK

Motførestillingane mot miljøval i kulturlivet dreier seg ofte om at det kostar pengar, er slitsamt og at det tek tid. Men la oss vere ærlege: Er det noko som helst i kulturlivet som ikkje er slitsamt, tek tid og kostar pengar? Å gjennomføre konkrete miljøtiltak i denne bransjen krev at du er organisert, har kontroll på drifta di, og at du er i stand til å lese ting på internett. I tillegg må du kunne teste ut løysingar, evaluere og gjere endringar der det trengst. Det trur eg alle kan fikse. Mine eigne erfaringar seier meg at det er pengar å spare så snart du får kontroll på miljøarbeidet ditt.

Framtiden i våre hender og Forbrukarrådet har laga ein etisk bankguide der du kan måle moralen til dei som handterer og forvaltar pengane dine, eller pengane til arbeidsplassen din. Sjekk med Regnskogfondet om det er palmeolje eller tropisk tre i det du handlar. Du kan pante ein haug med flasker og bruke pengane på den årlege Zero-konferansen og lære meir frå spydspissane i andre bransjar. Gå inn på miljohandboken.no og sjå korleis arrangement av alle slag kan bli grønare. Om det ikkje alt er det, få jobben din miljøsertifisert. Ta eitt steg om gongen.

ELSKA AV PUBLIKUM

Det beste av alt: Publikummet ditt vil elske deg for dette. Det kulturinteresserte publikummet i tjueåra ligg langt i forkant av det vi halvgråe kulturfolk held på med.

Til dagleg er eg festivalsjef for Vinjerock. Her står miljøet i fokus i alt vi held på med. Festivalen ligg på 1060 meter over havet, på Eidsbugarden i Jotunheimen. Det set ekstra strenge krav til korleis vi tek vare på naturen. For dei som kjem på Vinjerock kvart år, er nettopp miljøarbeid viktig. 72 prosent av Vinjerocks publikum har eit avgrensa kjøttforbruk, 84 prosent av dei vel miljømerkte produkt, og for 92 prosent av dei er det viktig at Vinjerock har ein miljøvenleg profil. 34 prosent av vinjerockarane har kutta ut fleire flyreiser det siste året – av miljøomsyn.

Mine eigne erfaringar seier meg at det er pengar å spare så snart du får kontroll på miljøarbeidet ditt.

Av dei som arbeider friviljug på Øyafestivalen i 2018, var nesten 40 prosent vegetarianarar. Det skjer ting der ute som vi i kulturlivet må ta på djupaste alvor, ikkje berre på grunn av klimaendringane, men òg for å fange opp framtidspublikummet. Kven vil vel ikkje det?

Vinjerock bookar ikkje artistar fordi dei er venleg innstilte til miljøsaka, men det kviler samstundes eit ansvar på festivalen for at klimautsleppa i samband med festivalen er så minimale som mogleg. Og kva er miljøvenlege artistar uansett? Er det Kygo som ein gong sat på eit rom i Fana og laga Tropical house? Eller Susanne Sundfør – den gongen ho ville lage ei miljøplate, og som sidan flaug verda rundt – fleire gonger – før ho til slutt spelte inn meisterverket Music for People in Trouble?

Vinjerock skal minske klimautsleppa med femti prosent innan 2022. I 2018 tok vi eit stort steg i retning av dette målet og minska utsleppa våre med heile 25 prosent. Det var veldig enkelt: I staden for å samle staben til evalueringsmøte i Aust-Europa, slik vi hadde gjort tidlegare, la vi evalueringshelga til Hadeland. Slik kutta vi eit tjuetals flyreiser utan problem, og for ein festival som flyr lite og elles har låge utslepp, gav dette store utslag på klimarekneskapen.

Som dagleg leiar synest eg det er riktig å tilby både lønte og ulønte kollegaer moglegheita til å jobbe med og på festivalen utan at dei må bruke fly for å kome hit. Men her til lands er vi flynarkomane. Det er vanskelegare å slutte å fly enn å slutte å røyke! Og akkurat som med røykinga klarar eg ikkje å slutte heilt. Eg er ein festflygar. Men kvardagsflyginga i jobben er så godt som borte. Det tener både klimaet og Vinjerock på.

KVA MED RESTEN AV MUSIKKBRANSJEN?

Vinjerock er kanskje Noregs mest populære kulturarrangement. Billettane blir selde ut på fåe sekund. Etterspørselen er enorm. Vi kunne selt fem gonger fleire festivalpass enn dei skarve 3200 som blir rivne bort kvart år. Kryssinga mellom friluftsliv og musikkfestival fungerer, men det byr også på utfordringar. Vi nektar å auke talet på billettar for å skåne naturen – sjølv om det er freistande når etterspurnaden på billettar er så stor.

Korleis kan vi jobbe med å formidle miljøverdiane våre om lågt forbruk og inkluderande friluftsliv når festivalen også er Noregs mest eksklusive? Det er nesten umogleg å få billettar til Vinjerock, og dei som får tak i festivalpass, har heller ikkje fått tilnamnet goretex-mafiaen for ingen ting: Det er høg kvalitet og prisnivå på camp-utstyret og friluftskleda hjå publikummet. Vi prøver å senke utstyrsfokuset hjå oss sjølve, men ser at det er ein vanskeleg manøver generelt i friluftslivet.

Det er forresten litt rart at det er festivalbransjen som snakkar høgast om miljø. Vi driv trass alt på i eit veldig avgrensa omfang, berre nokre fåe dagar i året. Kva som skjer i resten av musikkbransjen, er eg usikker på. Ikkje så mykje, fryktar eg. Forhåpentlegvis skjer det meir der enn i filmbransjen. Den er skiten, den.

SKITEN FILM

I 2016 publiserte Rushprint ein artikkel med tittelen «Norsk film – en miljøsinke?». Der uttala Truls Kontny, leiar i Filmkommisjonen: «Vi liker å tro at vi er så klimabevisste her oppe i Skandinavia, men når det kommer til filmproduksjon og miljø, ligger vi veldig langt bakpå.» I artikkelen står det korleis mellom andre filmselskapa i Hollywood har eigne miljørådgivarar som syter for at berekraftaspektet blir sikra på alle nivå i produksjonen. Kontny ønskjer ei liknande vektlegging i norske filmproduksjonar. Ikkje minst fordi han meiner produsentane faktisk kan tene pengar på å gjere filmane grønare.

Eg sender Truls ein e-post og spør om det har skjedd noko sidan artikkelen stod på trykk. «Det har nok dessverre ikke skjedd så mye på den fronten her hjemme. Ute i Europa har man blitt stadig mer bevisst på dette, og det finnes nå flere modeller der man kan kalkulere sine fotavtrykk og få tips til å redusere. Men det ser ikke ut til at man i Norge er spesielt opptatt av dette», skriv han.

Filmfestivalen i Haugesund forsøkte å innføre ein grøn filmpris til produksjonar med ei eller anna form for medviten haldning til miljø. Dei fekk ikkje ei einaste påmelding.

Noko skjer. På årets TIFF (Tromsø International Filmfestival) har dei starta eit samarbeid med Naturvernforbundet om å kartlegge miljøavtrykka til festivalen. Det var også ein programbolk under festivalen om korleis ein kan gjere filmproduksjonar meir miljøvenlege og berekraftige.

Kva som skjer i resten av musikkbransjen, er eg usikker på. Ikkje så mykje, fryktar eg. Forhåpentlegvis skjer det meir der enn i filmbransjen. Den er skiten, den.

Film- og festivalbransjen bør forresten byrje å leike saman. Klimautfordringane våre er omtrent identiske. Høgt arbeidspress i ein avgrensa periode og store utfordringar når det gjeld logistikk, straum, lagring og så vidare. Fellestrekka er mange.

I tillegg til dei andre problema med at norsk film manglar all infrastruktur til produksjon av film i eige land: Kva er eigentleg miljørekneskapen for ei norsk filminnspeling i Budapest? Eller klimaeffekten av ei fungerande kostymeavdeling i NRK? Apropos NRK, korleis er eigentleg klimaet for klima der?

NRK – INGEN MILJØSTRATEGI

Om vi reknar rikskringkastaren med i kulturfeltet, byrjar det å bli trist for alvor. Dei siste åra har eg brukt mykje tid på å sjekke miljøarbeidet til sponsorar og samarbeidspartar. Det kan vere alt frå matleverandørar og bankar til kledeprodusentar med meir. Eg leitar på heimesidene om dei er miljøsertifiserte, om dei har ein miljøstrategi – om han er ekte, eller om det er lett grønvasking. Du har dei òg.

Eg prøvde å gjere det same med NRK. Og fann absolutt ingenting. Nada. Eg elskar å betale lisens, det er ikkje det. Men eg forventar også at eg kan gå inn på heimesida til ei bedrift med over 3400 tilsette og lese meir om miljøstrategien deira. I NRKs langtidsstrategi frå 2018–2023 står det ingen ting om miljø eller berekraft.

Og derfor sender eg ein e-post til dei, og spør om det finst noka form for miljøstrategi for NRK i det heile. Eg får svar frå NRKs organisasjonsdirektør Annika Biørnstad, som stadfestar at statskanalen ikkje har ein strategi per i dag, men at dei «holder på å utvikle en klima- og miljøstrategi som de håper å få på plass i løpet av 2019». Ho held fram med at «Vi er en virksomhet som i utgangspunktet forurenser lite, men ønsker å løfte miljøspørsmålet både redaksjonelt og som virksomhet».

Kva er eigentleg miljørekneskapen for ei norsk filminnspeling i Budapest?

Korleis kan NRK – ei bedrift som omset for 5 milliardar og med 3400 tilsette, seie at dei «forurenser lite»? Eg forstår det ikkje. Oslo er europeisk miljøhovudstad i 2019 med alt det det betyr, medan vår eigen allmennkringkastar ikkje eingong har ein eksisterande miljøstrategi. Det er urovekkande.

Biørnstad held fram med å opplyse om at den komande strategien vil ta utgangspunkt i dei mest relevante av FNs 17 berekraftsmål, og at dei er på utkikk etter ein god måte å rapportere utsleppa på. Elles trekker ho fram NRKs allmennkringkastaroppdrag og korleis redaksjonane set søkelys på ulike miljøspørsmål, som for eksempel plast. Fint nok det. Men kva er poenget med klimadebattar på NRK, om dei ikkje tek det på alvor sjølv?

Vi har altså å gjere med ein statskanal som viser dokumentarar om kor mykje det hastar med å få ned klimautsleppa, kor mange dyreartar som forsvinn, kva ekstremvêr gjer med kloden. Men leiinga har openbert ikkje sett så mykje på sine eigne program, eller kva?

Vi må kunne forvente at det største mediehuset i landet skal ha ein fungerande klimastrategi. Er det alle oss andre som skal bli inspirerte av TV-programma om plast og klimaendringar, berre ikkje dei sjølve?

MILJØKRAV FOR STØTTEPENGAR

Då Trine Skei Grande før jul la fram den fyrste kulturmeldinga på femten år, var det utan konkrete miljøvisjonar for kulturlivet – anna enn at kunst om klima kan inspirere. Eit konkret forslag til korleis vi kan gjere kulturlivet grønare, er at vi innfører miljøkrav på støttepengar. Skal ein gi turnéstøtte til eit band som flyr til Japan for å spele ein eller to konsertar? Skal teaterensembla gjere greie for kva dei gjer med scenografien når framsyninga er over? Korleis arbeider litteraturhus, festivalar, film- og TV-produksjonar, dansetruppar, musikkstudio, museum, forlag og kulturhus med miljø? Ikkje i innhaldet sitt åleine, men i den daglege drifta? Kulturaktørar bør dokumentere ei heilheitleg miljøplanlegging før vi mottek pengestøtte eller oppdrag.

Draumen min for 2019 er at vi saman kan få til eit grønt og reelt skifte i kulturbransjen. Til saman har vi løysingane som trengst, det er eg viss på. La oss overføre gode haldningar til reinare handlingar.

Omsett til nynorsk av Knut Aastad Bråten

Mer fra Portal