Portal

Ein politisk skogmeister

PROSA: Når sant skal seiast: Ingen har i vår tid har gjort meir og betre arbeid for det nynorske skriftmålet enn Ottar Grepstad. Spørsmålet er om arbeidet hans – alle orda – peikar framover.

Ein fredag seint i august kjem eg køyrande vestover gjennom Telemark midt på dagen. Eg skal til Litteraturdagane i Vinje; eg skal halda føredrag med overskrifta «Vinje, makta, økonomien» (framlegg frå Grepstad). Rett føre ein krapp høgresving ringjer redaktøren i Prosa meg. Etter litt om og men får eg køyrt inn til sida av vegen, stogga og repetert førespurnaden: Om eg kunne tenkja meg å skriva ein tekst om Ottar Grepstad? Eit forfattarportrett (med ei politisk-strategisk vinkling). «Hm, men eg kjenner han», tenkjer eg for meg sjølv. Eit noko suboptimalt utgangspunkt. Ergo bør eg takka nei.

«Ja, det hadde vore interessant», svarar eg Prosa-redaktøren. Han lovar å senda meg eit skjermbrev med manuset til den komande boka til Grepstad: Skriftkultur – med undertittelen Tidssignal frå det 21. hundreåret. Som sagt, så gjort: Rett etterpå høyrer eg eit pling frå telefonen. Og berre ein halvtimes tid seinare parkerer eg bilen utanfor eit samfunnshus ved Vinjesvingen. Der skal Litteraturdagane i Vinje formelt opnast med drust og dramb. Der møter eg òg Ottar Grepstad. Eg fortel han i stutte drag om skriveoppdraget eg nett har teke på meg. I mitt stille sinn tenkjer eg at eg får gjera det på min måte.

Kan henda er Grepstad ein hybrid i så måte.

Namnet Ottar Grepstad lærte eg å kjenna då eg gjekk på vidaregåande skule i Trondheim seint i 1980-åra. Eg tinga Syn og Segn – som Grepstad var skriftstyrar for. Eg las boka hans Retorikk på norsk, som kom ut i 1988. Nokre år seinare møttest vi i Oslo, i huset til Det Norske Samlaget, der han då var redaksjonssjef. Eg har framleis eit veikt minne om det fyrste møtet: Han sit på kontoret sitt og nær sagt hamrar laus på tastaturet i det eg kjem inn. Med andre ord er stikkorda brutalitet, intensitet – og fart, høgt tempo, sjølvsagt. Lett apropos: Fødselspermisjonen min i 1999 gjorde at eg fekk med meg brorparten av sendingane frå verdsmeisterskapen i alpint i Vail, Colorado. Hermann Maier – «the Herminator» – og Lasse Kjus køyrde heile tida om lag like snøgt. Men stilen var radt ulik. Maier gjekk så å seia til åtak på heng og portar. Tilsynelatande gleid Kjus derimot fløyelsmjukt nedover dei same løypene. Kan henda er Grepstad ein hybrid i så måte. For resultata av den viltre skrivinga hans er allstøtt silkemjuke tekstar og talar – gjennomstrøymde at retoriske hjelpe- og verkemiddel. I regelen er dei særs attkjennande. «Flinke» aforismar, effektive kontrastar, klårtenkte komposisjonar, overtaling og overtyding om einannan. Det slår meg at retorikken fungerer jamvel om lesaren eller tilhøyraren ser kva som går føre seg, skjønar kva som skjer – og veit kva som ligg bakom.

EIN SKOGMEISTER

Tida flyg i moderne tid, og i haust vert Grepstad på papiret pensjonist etter å ha fremja nynorsk språk, litteratur og skriftkultur «24/7» gjennom ein klassisk mannsalder. Dette arbeidet har gjort at Kongen i sommar utnemnde Grepstad til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Grepstad er svart på kvitt no nynorskens riddar, men har i røynda vore det heile tida. Av og til har eg gjennom desse åra hatt mykje med han å gjera – som granskar, politikar og sakprosaforfattar. Tilhøvet vårt har nok vore noko asymmetrisk. Eg har med ujamne mellomrom bede om notat, om arkivtilfang, om innspel, kommentarar, møte og så frametter. Og fått det og meir til, til dømes råolje frå Ivar Aasen-feltet i Nordsjøen i gåve. I tillegg har eg fått mykje å tenkja på, ikkje minst omfanget av den skriftlege produksjonen til Grepstad. Den står lista opp fyrst i mursteinen Skriftkultur – og liknar mest på den ukontrollerte utblåsinga på Bravo-plattforma på Ekofiskfeltet i si tid. Så å seia kvart år dei siste 20 åra har det kome nye bøker, til saman tusenvis av sider.

---

Ottar Grepstad

Kilde: Allkunne

---

Eg har aldri fatta korleis Halvdan Koht makta å skriva meir enn 40 000 boksider. Sameleis med Grepstad. Som attåt skrivinga òg har leidd oppbygginga av eit slags nynorsk-industrielt kompleks: stendig nye bygg, senter og festivalar, i Ørsta, Ulvik og Vinje. Mykje av dette er finansiert over statsbudsjettet etter både taktisk og strategisk lobbyverksemd frå – i fyrste rekkje – den same Grepstad. Statsrådar, statssekretærar og stortingsrepresentantar kjem og går: Skogen skifter sine tre. Men Grepstad har alltid vore ein politisk skogmeister. Stort sett har han på magisk og realistisk vis fått det som han ville.

Så, gjeve denne konteksten: Korleis skriva ein tekst om (den siste boka til) Ottar Grepstad? Eg leikar litt med tanken på «interaktive» innslag. Døme: Stilla han spørsmål om kva han ville ha gjort og arbeidt med dersom nynorsken eller nynorsk skriftkultur ikkje var eller vart eit alternativ – og skriva inn svaret hans i teksten min. Men eg slår det frå meg. I staden set eg meg føre å lesa Skriftkultur noggrant og kritisk – etter beste evne. Og skriva det eg finn for godt.

ANKEPUNKT (take 1)

Boka Skriftkultur tel over 500 sider og er fyrst og sist ei samling av føredrag, artiklar, notat og «bonusspor». Mykje er ikkje prenta tidlegare, berre sagt, tala. Samnemnaren er det nynorske skriftmålet (og nynorske menneske). Eit av få unnatak frå denne regelen er ein tekst – opphavleg framlagd på samtiden.no i 2004 – om bokreiing. Soga handlar om Historien om Norge, jf. bokrekkja til Karsten Alnæs, utgjeven av Gyldendal. Teksten til Grepstad er spanande, drepande – og særs detaljert. Historia om Historien om Norge er i stutte drag ei historie om korleis ein bokskrivar og kan henda særleg eit forlag ville for mykje, for snåpt.

Meir tidlaust og særleg mellom linene skriv Grepstad samstundes lærerikt om kva som er god og vasstett bokreiing.

Jamvel mange år seinare assosierer ikkje så reint få Historien om Norge med historia om plagiat og slurv i utrengsmål. Meir tidlaust og særleg mellom linene skriv Grepstad samstundes lærerikt om kva som er god og vasstett bokreiing. Det gjer han òg – omveges – ein annan stad: Då omtalar han på varmt vis den legendariske Olav Hr. Rue i Samlaget: mannen med den milde raudpennen som retta alle tekstar og frå a til å gav språkleg kvalitet eit andlet.

Ein god forleggjar kan vera så mangt. Fødselshjelpar. Vegvisar. Meir ålment vert all skrift til sjuande og sist betre ved hjelp av grunngjeven motstand og velmeinte skriveråd. Eg skriv dette av di eg tykkjer Grepstad – til liks med til dømes Kjartan Fløgstad – kanskje liknar vel mykje på seg sjølv. I og for seg er dette korkje problematisk, «unaturleg» eller uvanleg. Tenk berre på a-ha – som eg minnest Grepstad var på konsert med i bokbyen Leipzig for nokre år sidan. Men i vinter kjøpte eg den siste CD-en til a-ha: ei «live»-plate, innspela på Sunnmøre og særprega av tvers igjennom nyskapande arrangement av velkjende songar. Slik skal det gjerast! Eg trur òg at ein så eminent, framifrå og røynd skrivar som Grepstad ville ha tent på meir eksperimentering, mindre komfortsone, meir «støy», mindre vane. Eitt døme: På same måten som Fløgstad er namngjeten for ordspela sine («å bli latt i journalistikken»), produserer Grepstad fyndord – stutte, råkande setningar – på samleband. Brorparten av dei er lysande. Men tidvis går det inflasjon i dei. Då vert verdien også mindre.

VELKLINGANDE

Som kjent spelar a-ha det motsette av aggressiv, bråkete pønk. Nei, musikken deira er melodiøs, velklingande, og den uvanlege røysta til songaren det fremste særmerket deira. Noko liknande kan eg seia om stilen til Grepstad i dei fleste av tekstane i Skriftkultur, særleg dei som sviv om nynorske menneske: Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Kåre Lunden, Eldrid Lunden og fleire. Alle desse tekstane er velskrivne, gode å lesa og jamvel mogleg å høyra. I tillegg er dei gjennomtenkte og kunnskapsrike: Grepstad veit rett og slett tilnærma alt om dei han skriv om – og temmeleg sikkert langt meir enn dei fleste som les det han skriv.

Likevel trur eg det er framsida av medaljen vi helst får sjå. Heltehistorier. Rett nok godt underbygde: Det er fascinerande å læra meir om arkitekten Sverre Fehn, mannen som teikna det makelause bygget til Nynorsk kultursentrum der Grepstad har lagt ned fleire årsverk enn år. Samstundes saknar eg i tekstane til Grepstad noko i retning av «Anarchy in the UK». For: Var ikkje både Aasen og Vinje òg pønkarar i si samtid? Leier ikkje livsverka deira fyrst og fremst tankane våre i retning av opprør, brot med konvensjonar, radikalisme med stor R? Dersom ein skal lysa opp den nynorske skriftkulturen – formidla ein slags nynorsk essens – har eg sjølv vanskeleg for å sjå at ein kan oversjå det omstyrtande og omveltande ved «det nynorske».

Når det er sagt, lyt eg også seia at Skriftkultur inneheld ein serie med kortfatta artiklar om Martin Luther, skriftlege variasjonar over ein av dei fremste reformatorane, opprørarane i kulturkrinsen vår. Grepstads Luther-tekstar («Verdslege notisar om Martin Luthers liv og verknad») er folkeopplysning som grensar til ein gullstandard.

NYNORSKE TAL

Dei sentrale tala innanfor den nynorske skriftkulturen er på sett og vis fleirtal og mindretal. Fløgstad skriv ein stad at nynorsken er eit fleirtalsspråk brukt av eit mindretal. Reint geografisk er Noreg eit land med geografiske område, særleg mellom bakkar og berg på Vestlandet, med ulike typar av nynorske fleirtal. Samla sett – med norske augo – er nynorsk likevel eit klårt mindretalsspråk. Eit av dei fremste uttrykka for dette er at om lag ti prosent av den tekstmassen som finst i norske lover, er på nynorsk.

Samla sett – med norske augo – er nynorsk likevel eit klårt mindretalsspråk.

Eg tenkjer at det somtid er lett å gløyma kor fjern, marginal og perifer nynorsken må verka for det store grosset av folk som bur i Noreg. Omfattande innvandring er òg årsaka til at fleire og fleire born og ungdomar i skulen, ikkje minst i hovudstaden, har rett til fritak frå jamvel avgrensa opplæring i nynorsk (jf. sidemålsundervisning). Samstundes er bruksspråket nynorsk – i heile etterkrigstida – merkt av ein kombinasjon av attendegang, opphaldande strid og samfunnsomlagingar av ymist slag som ikkje «automatisk» gagnar nynorsken. Det kan vera at namna på dei to norske språka i dag er misvisande òg. Er ikkje bokmål i røynda ny norsk? Er ikkje nynorsken i aukande mon eit slags bokmål – eit skriftmål som ingen talar?

I lys av desse noko mørke hugsviva spelar Grepstad rolla som optimistisk «storyteller». Også boka Skriftkultur er gjennomstrøymd av ein særmerkt positivitet – det er mest som om det er ein sigerherre som skriv historia. Alternativt: Grepstad perfeksjonerer ein retorikk og eit sett med argument med mål om å overtyda om at nynorsk så å seia er eit prinsipp ein – både vi og dei, mindretal og fleirtal – ikkje kjem utanom, ikkje kan tenkja oss utan. I ein av talane som er prenta i boka – «Prinsippet makt» – summerer Grepstad opp kjernen i arbeidet, altså argumentasjonen sin, dei siste tiåra: «Vi har snakka svært lite om rettskriving og svært mykje om skriftkultur. Heller enn å snakke om språket nynorsk har vi vore opptekne av nynorskbrukarane. Vi har gått frå å omtale nynorsk som ei målform til å forstå nynorsk som eit språk. Vi har gjort nynorsk skriftkultur til ein av dei best dokumenterte i verda, og vi har definert skriftkultur på ny.»

EIN TRAKTAT

Meir av det same, om det same: Heilt nytt i Skriftkultur er det Grepstad kallar ein «Traktat om litteraturen i vestlege skriftkulturar». Denne traktaten er forma som tesar (jf. Luther) og liknar på ei lov: Kvar tese eller kvar bolk i denne teksten har sin eigen paragraf. Døme: § 3: «Ein skriftkultur blir sterk ved å femne om både dikting og sakprosa. Ein skriftkultur som er bygd på eit mindre brukt språk enn det dominerande i samfunnet, er meir avhengig av sakprosa og den daglege bruken av språket enn av diktinga, men dikting kan gi fleire lyst til å lese og bruke språket.» § 20 lærer at «Det oppstår sterkare og meir varige meiningsendringar gjennom sakprosa enn gjennom dikting».

Eg får ein assosiasjon til professor Nikolaus Gjelsvik – ein av dei namngjetne nynorskjuristane – som for snart 100 år sidan førte i pennen eit framlegg til lov om nynorsk som einaste riksmål. Med lov skal land byggjast, men etter det eg veit, vart paragrafane til Gjelsvik aldri handsama på Stortinget. (Eg las om framlegget til Gjelsvik i ein Syn og Segn-artikkel frå 1930.) Sannsynet for ei slik lov, for ei slik samfunnsutvikling er endå mindre i dag. Tida og tilhøva lagar seg om, tidsånda med.

Og det er her, for ikkje å seia no, at Grepstad kjem inn i biletet. Med ein strategi og taktikk tilmåta tida, i form av sakprosa som krinsar om å definera, slå fast at nynorsken er viktig – eller bør vera det – av di skriftkultur per definisjon er nett det. Det underliggjande hjå Grepstad er, trur eg, ei sterk og inderleg tru på krafta i argumentet. Ei von om at «kunnskap skal styra rike og land», for å seia det med Vinje. Attåt dette: visse om at klassisk retorikk fungerer – andsynes politikarar og meir kraftfullt enn ordinær politisk retorikk. Like sant kan det vera å seia at Grepstad skriv aksiomatisk. Det er tale om grunnsetningar, som på Eidsvoll i 1814. Argumenta/prinsippa/sanningane vert framlagde som sjølvinnlysande, jf. den amerikanske sjølvstendefråsegna.

REISER; SKRIVING

Skriftkultur inneheld ei rad talar som Grepstad har halde dei siste åra. Dei hyser nynorske perspektiv. Dei formidlar kunnskap om nynorsken. Og dei er skrivne, ser det ut til, for å visa at nynorsk kan ha makt over hugen. Det gjeld òg den teksten i Skriftkultur som eg kanskje likar best: «Stilisten frå Selje», ein tale om professor Reidar Djupedal. Sistnemnde var berrsynt ein framifrå talar, seier Grepstad – som sannsynlegvis har gjort mest for å gjera talane til ein viktig del av den nynorske skriftkulturen. Folketalaren Vinje var det fyrste mønsterdømet i det stykket. Sjølv skreiv Djupedal om Vinje at han var «ein vidræsen mann», altså ein mangslungen og ikkje minst omflakkande kar. Ordet vidræsen hadde elles Aasen heimfest til Telemark, og Djupedal nytta det i eit skriftstykke han sette opp om Vinje og England. Som kjent fór Vinje til Storbritannia og var der eit år tidleg i 1860-åra.

Gudane veit om Vinje i dag hadde reist til Edinburgh for å skriva det han kalla den engelske boka si. Kan henda hadde han gjort som Fløgstad i staden? Latin-Amerika, tropehotell ved ekvator, synfaring i fotspora til arkitektfirmaet Snøhetta, utfart til Asia, valfart til Pyramiden på Svalbard – den heile vide verda, år etter år. Poenget mitt: Vinje ikkje berre reiste ikring, i og med Ferdaminni fraa Sumaren 1860 la han òg grunnlaget for utbreidde mentale koplingar mellom reising og den nynorske skriftkulturen. Og alt det reiser fører med seg i form av refleksjonar, samtalar, tankar. Og skrift. Dessutan var ikkje Vinje atypisk: Grepstad har rekna ut at Aasen alt i alt reiste lenger enn Marco Polo. I grunnhåtten sin er den nynorske skriftkulturen tufta på reising, etterrøknader, ja, kan henda rastløyse òg. Sett på egg er nynorsken i utgangspunktet, inst inne, eit sigøynarspråk. Eller meir politisk korrekt og minst like talande: eit romspråk – bygt på reiser i både tid og rom …

KVIFOR NYNORSK?

I Skriftkultur – og i mange andre tekstar eg har lese av Grepstad – står det i grunnen lite om kva nynorsk er. Han skriv lite eksplisitt om kvifor eg, du, vi bør skriva nynorsk i staden for bokmål når vi skriv norsk. Er nynorsken det norske, nasjonale alternativet? Er det meir demokratisk? Folkeleg, dialektnært? Slike spørsmål er korso vanskelege å svara på, delvis av di tida har gått frå dei. Kan henda er det lettare å sjå på både bokmål og nynorsk som toppen av isfjellet. Vi ser berre ti prosent, og å sjå til er dei to språka meir og meir like: Overlappande. Hipp som happ. Men under vassyta kan det som sagt stå annleis til. Det eine språket er langt på veg konvensjonelt, det andre – nynorsken – er djupast sett særmerkt av reiser og samtalar og utprøvingar. Og politikk. Dette er: fragment til eit alternativt syn på kva nynorsk er, og eit utgangspunkt for å velja å skriva seg inn i ein skriftkultur så å seia gjennomstrøymd av ferdaminne. Og eitkvart unemneleg, trur eller veit eg.

Dette har eg så å seia skrive sjølv, men eg hadde snautt korkje tenkt eller skrive slik om eg aldri hadde høyrt, lese eller snakka med Ottar Grepstad. Det er så sant som det er skrive og Kongen har stadfest: Ingen har gjort meir for å dokumentera den nynorske skriftkulturen og gjera denne dokumentasjonen kjend på riddarleg vis. Grepstad er eit slags tidarvende. Medan fortida – heilt og fullt – alltid er utilgjengeleg, har Grepstad brukt mykje tid og krefter på tidhøveleg «import» av kjent og ukjent nynorsk arkivtilfang i mangfelte former og fargar. Det er på sin plass at ordet «minnepolitikk» vert nytta 67 gonger i Skriftkultur, omgrepet «minnekultur» 74 gonger. Om desse skriv Grepstad både intellektuelt og praktisk, det er tale om skrift som både underbyggjer og tolkar det tenksame og handfaste arbeidet hans med å gjera det nynorske i vid tyding levande, synleg, tilgjengeleg her og no. Mange av kjeldene hans er engelsk- og tyskspråklege. På norsk er det etter alle solemerke tale om nybrotsarbeid. Når alt kjem til alt, slik som her og no: Frametter vert det lettare å samtalast om nynorsk på andre vis enn før av di Grepstad har gjort nett det mogleg. Så får vi sjå, då, kva som vert skrive om det nynorske skriftmålet etter kvart: Framtida er uskriven.

ATTENDE TIL VINJE

Etter opninga av Litteraturdagane i Vinje i august vert det smått om senn kveld. I Vinjehuset er det duka for Tord Gustavsen Ensemble. Dei musikarane skal framføra eit tingingsverk bygt på eit kapittel i Ferdaminni fraa Sumaren 1860. Eg ser Grepstad sitja på fyrste rad då eg kjem inn i konsertsalen, han inviterer meg til å setja meg jamsides han. Grepstad seier at verket vart framført under Dei nynorske festspela i juni, at dette er andre gongen, at ei ny framføring kjem to veker seinare i Ulvik. Han spår at eg neppe har høyrt noko liknande før: gild moderne jazz & klassisk nynorsk sakprosa om einannan.

Og så: Det er eineståande vakkert. Bergtakande, frigjerande – «milevis» bortanfor yttergrensene til målet: Ein times tid som eg i ettertid ikkje kan gjera greie for. Det ligg i dagen, stundom, at nynorsken er uråd å setja ord på. Der, då gjeld det vel å setja punktum?

Morten Søberg (49) er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 Gruppen.

Mer fra Portal