Annonse
10:06 - 31. desember 2018

Dans med døden

SYN OG SEGN: Ein subkultur kledd i svart lever vidare etter 40 år. Goth-kulturen leikar med mystikk og mørke krefter og tiltrekker seg framleis friskt blod.

Medan vampyren er skurken i tidlege litterære forteljingar, vil den moderne gotharen heller identifisere seg med vampyren. Bela Lugosi var den fyrste skodespelaren som spelte Dracula i ein Hollywood-film, i «Dracula» frå 1931. Foto: Bettmann/Getty Images
Annonse

Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta i 1894. Tidsskriftet er eit av få landsdekkande tidsskrift på nynorsk, og har lesestoff over eit breitt register av tema innanfor kultur, politikk og samfunn. Syn og Segn er eig av Det Norske Samlaget og blir lese av kulturinteresserte over heile landet. Redaksjonen har kontor på Fagernes. 

 

Denne artikkelen er hentet fra en av samarbeidspartnerne i Morgenbladets tidsskriftportal. Se mer fra norske tidsskrift i PORTALEN

[…] White on white translucent black capes

Back on the rack

Bela Lugosi’s dead

The bats have left the bell tower

The victims have been bled

Red velvet lines the black box

Bela Lugosi’s dead […]

Desse tekstlinene er frå songen Bela Lugosi’s Dead utgjeven i 1979 av det engelske bandet Bauhaus. Songen blir gjerne rekna som verdas fyrste goth-låt. Han byrjar langsamt og monotont med bass og trommer, gitaren blir nytta både som lydeffekt og musikkinstrument og skapar lydar av fingrar, eller kanskje klør, skrapande på vindauge og knirkande dører. Stemma til vokalisten Peter Murphy er tidvis djup og mektig, tidvis klagande. Stemninga er mørk og trugande, og store delar av låten er ei minimalistisk blanding av trommer og lydeffektar frå gitaren. Frå tematikk til lydbilete er songen og bandet nær sagt goth-kulturen i miniatyr.


GOTH-ROCKEN SENTRAL

Den visuelle stilen til band som Siouxsie and the Banshees og Bauhaus vart etterlikna av fansen, og er eit attkjennande element i goth-kulturen snart 40 år seinare. Ein subkultur utkrystalliserer seg rundt denne musikken, og får etter kvart sine eigne faste, kulturelle kodar. Klubben og konsertstaden The Batcave i London var tidleg ein sentral utklekkingsanstalt for nye band og var med på å etablere goth-stilen. Lokalet var pynta med hovudskallar, gravsteinar, falsk spindelvev og andre liknande gjenstandar. Ivrig bruk av røykmaskin gjorde rommet om til eit mørkt tåkelandskap. Fleire band som har hatt stor innverknad i miljøet, spelte her, men desse er ikkje nødvendigvis kjende for ålmenta. Meir kommersielt tilgjengelege band var populære i siste halvdel av åttitalet. The Cure, The Sisters og Mercy, The Mission og Siouxsie and the Banshees gjekk nær sagt i fast rotasjon på MTV. Goth-rocken var sentrum i den tradisjonelle goth-kulturen, men andre typar musikk med opphav i post-punken var også populær i miljøa. Industri og synthpop var jamleg å høyre på dansegolva.

I Storbritannia fanst det rundt byrjinga av 80-talet eit stort uavhengig musikkmiljø som sprang ut av punken. Post Punk (eller nyrock) eksperimenterte med ny teknologi, tok inspirasjon frå nye hald og frå alle typar musikk. Nyrocken hadde innslag av tung kulturteori frå dei estetiske faga så vel som den rå «gje faen»-haldninga frå punken. Ut av denne gryta oppstod det trendar, sjangrar og subkulturar som pregar populærkulturen den dag i dag – til dømes alt nemnde Bauhaus og låten Bela Lugosi’s Dead. Bauhaus stod på scena bleiksminka og kledd i svart. Vokalisten framstod som vampyrutgåva av David Bowie. Andre artistar var også på veg inn i dette mørke landskapet. Siouxsie Sioux, sentral i Londons punkscene, hadde gått frå å provosere med hakekors til å kle seg i svart, sminke seg likbleik og leike seg med mystikk og symbol. Ho skulle seinare bli frontfigur i bandet Siouxsie and the Banshees.

Miljøet samlast i fyrste rekke i klubbar. Til forskjell frå til dømes metall-miljøet er dans sentral i kulturen, sjølv om utanforståande kanskje kan ha problem med å skjøne at ein kan danse til tradisjonell goth-rock. Festivalar og konsertar er også samlingsstader, og som gothar kan ein reise til byar verda over.

Siouxsie Sioux hadde gått frå å provosere med hakekors til å kle seg i svart, sminke seg likbleik og leike seg med mystikk og symbol. Her er ho som frontfigur i bandet Siouxsie and the Banshees. Foto: Ian Dickson/Redferns/Getty Images


RUINAR OG VAMPYRAR

Det gotiske i goth-miljøet viser til estetikken. Omgrepet kjem frå gotikken, ei arkitektonisk retning frå mellomalderen som tok over for den romanske arkitekturen. Nemninga vart til i renessansen og var meint nedsettande. Ho viser til dei germanske gotarane, som bidrog til undergangen åt Vestromarriket. Ein såg på mellomalderen som mørk og uvitande, medan dei gamle grekarane og romarane vart høgt akta. Omgrepet dukkar opp att i romantikken.

Tematikken i goth-miljøet har mykje til felles med den gotiske retninga i litteraturen frå same periode. Her finst lange, mørke trappeløp og tunge gamle ruinar, det groteske og det irrasjonelle. Her finst mørke og stormfulle netter, kyrkjegardar i tåke, ruinar, angst og melankolske stemningar. Den gotiske litteraturen frå midten av det 18. hundreåret hadde gjerne overnaturlege element, og handlinga var ofte lagd til gamle borger og herskapshus. Han deler i stor grad mykje symbolikk og estetikk med den notidige goth-kulturen. Medan vampyren er skurken i tidlege litterære forteljingar, vil den moderne gotharen heller identifisere seg med vampyren. Det finst tiltrekkande eigenskapar ved den tradisjonelle litterære vampyrskapnaden.

Den adelege, dekadente og overskridande vampyren Ruthven vi møter i James Polidoris The Vampyre, den fyrste litterære vampyren, er truleg ein karikatur av Lord Byron. Gjenferd, vampyrar og andre udøde monster har etter kvart gått inn i populærkulturen i form av skrekklitteratur og film. Kva dei til kvar tid representerer, har variert, men på 70-talet får vi vampyren som helt i Anne Rice sine romanar, der En vampyrs bekjennelser er den mest kjente takka vere filmatiseringa med Brad Pitt og Tom Cruise frå 1994. Her er vampyren sensuell og sympatisk – ein tragisk og romantisk figur. Den udøde vampyren er kanskje det elementet av skrekklitteraturen som mest har inspirert stilen innanfor goth. Den fyrste goth-låta Bela Lugosi’s Dead handlar jo også om ein vampyr.

Peter Murphy, sanger i det britiske bandet Bauhaus. Foto: Fin Costello/Redferns/Getty Images

Bela Lugosi var den fyrste skodespelaren som spelte Dracula i ein Hollywood-film, i Dracula frå 1931. I denne filmutgåva var den bloddrikkande grev Dracula ein stilig adelsmann med ein underliggande aura av forboden seksualitet og dekadanse, med kjenneteikn frå andre litterære blodsugarar. Bela Lugosi skulle etter kvart bli knytt mest berre til denne rolla, noko som ikkje var til fordel for karrieren seinare. Då han døydde, vart han gravlagd i fullt Dracula-kostyme. Den siste rolla hans var i Ed Wood sin Plan 9 from Outer Space, til tider omtalt som verdas verste film. Teksten om Bela Lugosi, framstilt som om han verkeleg var vampyr, kan fortelje oss om eit anna trekk ved goth-kulturen: Som så mykje anna med utgangspunkt i England tek han ikkje alltid seg sjølv så høgtideleg. Bandet Alien Sex Fiend har songar om angst, framandgjering eller med element frå skrekkfilm. Samtidig har dei ein song basert på ein ufriviljug komisk reklame for kalkun frå ei jul på åttitalet og ein annan som handlar om å sove med støvlane på om sommaren. Sceneshowet inkluderer knoklar og hovudskallar på scenen, men det blir ikkje lagt skjul på at dei er av plast. Best av alt: Dei lyser i mørkeret.


GOTH-STILEN SOM LIVSSTIL

Noko av det som tiltrekker unge til goth-miljøet, er stilen.

Dei mørke sidene ved tilværet er spanande og tabubelagde, og kleda spelar både på desse elementa og på sex.

Miljøet er også til dels kjønnsoverskridande, spesielt unge menn kan eksperimentere med mindre tradisjonelle kjønnsuttrykk. Sminke blir brukt av kvinner og menn. Den tradisjonelle goth-sminka er bleik grunnsminke, tung svart kajal rundt augo, då gjerne katteauge eller forma som «Horus’ auge» frå gamal egyptisk ikonografi. «Fløyelsgotharen» kler seg i rysjar, kapper og flosshatt, jentene i kjolar og tronge korsett. Stilen kan minne om vampyrane i En vampyrs bekjennelser. Han er romantisk og inspirert av ulike periodar av 17- og 1800-talet. Stilen er gjerne kombinert med element frå punken, med lêr, netting og sundslitne bukser.

Ein annan variant er meir i slekt med punkarstil, og ukjent for mange er at hanekammen til å byrje med var meir eit kjenneteikn frå goth-kulturen. Det er ikkje uvanleg å sjå bruk av religiøse eller okkulte symbol, ofte i ein samanheng som enkelte nok vil oppfatte som blasfemisk. På klubb kan ein tidvis sjå menn (og kvinner) i presteklede og goth-sminke, eller kvinner (og menn) i nonnehabitt og nettingstrømper. Det kan ligge ei viss form for ungdomsopprør og leik med tabu i dette, men fyrst og fremst handlar det om ei form for teatralitet. Menn så vel som kvinner brukar tradisjonelt mykje smykke, gjerne i sølv. Frå nittitalet kan ein legge til piercingar og tatovering. Hovudskallemotiv, religiøse og okkulte symbol, flaggermus, spindelvev og liknande er å finne både i klede, sminke og smykke. Tidlegare var det stort sett svart som var gjeldande farge, men frå siste halvdel av nittitalet omfamna fleire sterkare fargar, jamvel rosa (sjølv om dette kanskje byrja noko ironisk).

Om stilen og stemninga er det som fyrst trekker unge inn i miljøet, er det helst musikken og fellesskapen som er sentral for dei som blir verande. Sosiologiske undersøkingar viser at i motsetning til andre subkulturar, der ein gjerne sluttar når ein er ferdig med å studere eller på ulike sett blir etablert, er det svært mange i goth-kulturen som går frå å vere «kvardags-gotharar» til å fortsette i miljøet og «gothe seg opp» for konsertar og klubbkveldar[1]. Det er vanleg å sjå ei brei alderssamansetjing i miljøa. Slik sett er ikkje dette berre ein ungdomskultur.


DRAMATISK DANS

Å vere goth betyr også å ta til seg teatralske element. Ikkje minst når ein dansar til tradisjonell goth-rock, kjem dette trekket fram. Dansen er prega av dramatisk posering som kan gje assosiasjonar til dødskrampar, smerte og rituelle rørsler. Ofte kan det mest av alt verke som ein dansar åleine, med seg sjølv. I røynda handlar det kanskje meir om å danse med alle som er på dansegolvet. Dansen varierer, men ein del trekk av den tradisjonelle goth-dansinga går att. Enkelte står nærmast stille utan å røre føtene i særleg grad, men gjer store rørsler med armane. Andre kan mest sjå ut til å vere likeglade og leie av livet. Kanskje skyflar dei så vidt føtene frå side til side og ser mest ned, i ei utstudert framsyning av uhug eller weltschmertz. Det er her subkulturen er på sitt mest pretensiøse og dramatiske.

Om ein søkjer etter goth-dansing på internett, finn ein derimot raskt ut at denne mest pretensiøse framsyninga ofte blir sett på med ein viss humor og sjølvironi. Med rask musikk og drivande rytme kan dansen bli meir som veldige rykkingar. Danseforskar Tricia Henry Young assosierer her til elektrosjokk. Goth-kulturen er opphavleg ein utvekst frå punken, og ein finn også innslag av såkalla pogo-dansing (veldighopping etter rytmen) og liknande. Stilen kan avhenge av musikken som blir spela, og dei mest dramatiske variantane gjeld mest for tradisjonell goth-rock. På klubbar der det blir spelt mørk elektronisk musikk, kan dansestilen vere meir lik det som er vanleg elles. Denne dramatiske dansen kan også vere ein måte å syne seg fram på, med eit velvalt goth-antrekk kan ein kanskje verke som ein ekte «über-goth» i andre sine auge.

Goth-kulturen er ikkje politisk, seksuell eller religiøs, men nokre tendensar i slike retningar kan ein finne.

Elementa som inngår i subkulturen sin estetikk, trekker ikkje overraskande til seg ei rekke grupper med eit meir eller mindre inderleg forhold til delar av han. Mellom anna nyttar ein symbol frå religiøse og åndelege tradisjonar, inkludert heidensk og okkult symbolikk (gjerne i ei form som er tydeleg filtrert gjennom populærkulturen). Det er derfor ikkje så overraskande at du møter ein del nyheidningar og okkultistar i goth-miljøa. Det finst då også goth-band som lagar musikk som er tydeleg nyheidensk. Bandet Inkubus Sukkubus lagar musikk for dei moderne heksene i wicca-rørsla, ei nyreligiøs retning som driv heksekunst i det dei hevdar er ein urgamal tradisjon. Songane hyller gudinner frå ulike historiske religionar, og kan samanliknast med salmar.


NORMOVERSKRIDANDE

Politisk er det ei tydeleg overvekt av progressive haldningar. Sjølve subkulturen er normoverskridande på fleire måtar. Mellom anna ligg det ein leik med kjønnsroller og androgynitet i den tradisjonelle goth-stilen, som kan minne om det ein såg hjå glam-rockarar som David Bowie på 70-talet. Goth-kulturen oppstod jo også i ein periode der leik med kjønnsuttrykk og med homokultur stod sterkt i popbransjen. Menn i sminke, med skjørt og som på andre måtar utfordrar eller bryt med tradisjonelle maskuline uttrykk, er eit vanleg syn på arrangement i miljøet. Androgynitet har vore eit sterkt ideal for menn innanfor goth-kulturen. Samtidig finst stil med meir breibeinte maskuline uttrykk. Eit døme er dei udøde punk-cowboyane i bandet Fields of the Nephilim. Stilen deira, med stetson-hattar, lêrbukser og lange skinnfrakkar, er også å sjå i miljøet. Som tidlegare nemnt kan utsjånaden til kvinner i miljøet til dels vere hyperfeminin. Ikkje minst gjeld dette dei som hentar stiluttrykk frå 1700-talet eller frå viktoriatida med til dømes korsett og lange kjolar. Kjønnsoverskridande stil finst også blant jenter i miljøet, då særleg mørk punkstil, som også er ein del av den tradisjonelle estetikken.

Miljøet har på den måten også vore ein god stad å vere for unge som ikkje kjenner seg komfortable med tradisjonelle måtar å vere mann og kvinne på. Ei interessant og til dels eksperimentell musikgruppe er bandet Sopor Aeternus. Bandet definerer seg sjølv som tvikjønna, og spelar aktivt på dette i bruk av bilete og dels i tekst. Lenge var det å vere bifil nær sagt status i miljøet. Eksperimentering med same kjønn i det minste ein gong for å ha prøvd er ikkje uvanleg[2], sjølv om goth-miljøet ikkje er eit skeivt miljø i seg sjølv. Goth-kulturen har også arva bruken av fetish-utstyr ifrå den engelske punken. Halslenker, bondagebukser og lakk og lêr er ein del av stilarsenalet. Slik sett er det kanskje ikkje overraskande at ein finn fetish-arrangement som godtar goth-stil som antrekk, eller at ein kan finne fetish-festar der musikken er mørk industri- og goth-rock. Goth-kulturen i seg sjølv handlar ikkje om noko av dette, men med element av alle desse tinga i kulturen er det ikkje overraskande at det finst overlapping mellom desse miljøa.

Her har eg teikna eit noko forenkla bilete av goth-kulturen. Med ei historie på 40 år har desse miljøa utvikla seg i fleire ulike retningar. Mørk estetikk og ein fascinasjon for dauden og for det groteske er felles, og mykje er det same no som det alltid har vore. Når noko fyrst er definert som ein eigen subkultur med eigne kodar, stil og veremåte – seier det seg sjølv at noko ligg fast. Det eg har skildra her, er fyrst og fremst den meir tradisjonelle utgåva av goth-kultur, spesielt slik han har arta seg i Nord-Europa. Sjølvsagt finst det variasjonar. Til dømes tek det tyske miljøet seg sjølv langt meir høgtideleg enn det miljøa i Storbritannia og Skandinavia gjer. Der musikken og det visuelle konseptet til den tyske artisten er hundre prosent inderleg og kanskje noko pretensiøst, ville det ikkje vere utenkeleg at ei britisk utgåve hadde gjort det heile med eit lurt glimt i auget. Den amerikanske goth-kulturen og musikken med hovudsete i Los Angeles utvikla seg på sin eigen måte, samtidig som han er lett attkjennande for ein europear. Mange utvekstar frå goth-treet kunne nemnast. Felles har ein ei stemning og ein estetikk – ein dans med dauden.

Bela Lugosi’s dead

Undead, undead undead […]


Litteratur:

Brill, Dunja (2008). Goth Culture – Gender, Sexuality and Style. Bloomsbury Academic.

Hodkinson, Paul (2002). Goth – Identity, Style and Subculture. Bloomsbury Academic.

Hume, Robert D. (1969). Gothic vs. Romantic – A Re-evaluation of the Gothic Novel. PMLA 84:2

Pettersen, Arnfinn (2003). Vampyr! – Blodsugende lik i litteratur og tradisjon. Humanist Forlag

Young, Tricia Henry (1999). Dancing on Bela Lugosi’s Grave – The Politics and Aesthetics of Goth Club Dancing. I The Journal of the Society of Dance Research, Vol 17 no. 1. Edinburgh University Press

 

[1] Paul Hodkinson (2002). Goth – Identity, Style and Subculture.

[2] Dunja Brill (2008). Goth Culture – Gender, Sexuality and Style.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Akkurat nå er det opptil 50 prosent rabatt. Bli abonnent
Annonse

Mer fra Portalen

ARGUMENTOppdagelsen av honningbienes imponerende luktesans har inspirert forskere.

PAN: Som mange sivilisasjoner før oss er vi i ferd med å rulle nedover en hullete trapp.

SYN OG SEGN– Eg hadde noko eg måtte seia, det kjendest som ei plikt, seier Jon Fosse.

MONTAGESI Euphoria klemmes snøfnuggenerasjonens tenåringer så hardt at gørra tyter.

MEDIEHISTORISKDen første beskrivelsen av World Wide Web stammer fra 1989.