Portal

Den døde kroppen

SYN OG SEGN: Når vi døyr, byrjar også forrotninga av kroppen. Bakteriane som et oss, er i sin tur mat for meir avanserte skapningar. Slik blir den døde kroppen ein del av ein naturleg syklus.

Då eg var liten, likte eg å leika «døde hestar». Far min og eg låg stille på golvet i stova. Den som låg stille lengst, hadde vunne. Eg vann som oftast.

No som eg er vaksen, likar eg at ungar leiker «døde hestar» i juleselskap. Då blir det fredeleg i nokre minutt, før ståket tek til att.

Men kva er det å vera død, medisinsk sett? Det er ikkje nok å vera livlaus i nokre minutt. Og kva skjer med kroppen når han er død?

Er ein død når hjartet stoggar å slå? Når lungene stoggar å anda? Når hjernen ikkje lenger sender signal til resten av kroppen?

Avgjerda om når ein er død, er eit medisinsk problem. Før var det enkelt: Når hjartet ikkje lenger slo, og personen ikkje lenger anda, var han eller ho død.

I 1968 kom amerikanske legar med ein ny definisjon på døden: Når blod ikkje lenger rann gjennom hjernen, var personen død. Hjernedød blei dette kalla. Legane kunne med hjelp av maskiner få blodet til å sirkulera i resten av kroppen og lufta til å bli trekt ned i lungene. Men dei kunne ikkje med maskiner eller medisinar få blodet til å koma gjennom hjernen.

Den nye måten å stadfesta døden på vart raskt teken inn i lovverket i alle amerikanske statar. Noreg fekk ein ny definisjon av døden i 1973.

Hjernedød-definisjonen var tenleg på fleire måtar. Den gjorde det mogleg å slutta med nyttelaus behandling av personar som aldri kunne vakna opp att. Hjernedøden gjorde det òg enklare å redda andre pasientar gjennom organtransplantasjon, sidan organa til hjernedøde ofte er i god stand. Og hjernedød-omgrepet gav næring til diskusjonen om kva det vil seia å vera død.

Er ein død når hjartet stoggar å slå? Når lungene stoggar å anda? Når hjernen ikkje lenger sender signal til resten av kroppen?

Legane er framleis samde om at når blodet har slutta å sirkulera gjennom hjernen, er ein død. Då kjem det ikkje lenger signal frå hjernen til resten av kroppen. At hjartet likevel kan slå og lungene anda, viser at delar av kroppen framleis kan leva. Men kroppen som organisme, som eit samfunn av celler som samarbeider om å overleva, den er tapt når hjernen ikkje lenger er der for å samordna alle dei andre cellene og organa.

LIVET

For å forstå kva som skjer med den døde kroppen, er det naudsynt å vita noko om kva han er laga av.

Kroppen er sett saman av celler som samarbeider om oppgåvene. Kvar enkelt celle kan ha visse oppgåver ho skal utføra. Nokre celler er muskelceller og gjev kroppen evne til å flytta på seg. Andre celler er beinceller, som lagar skjelett så kroppen får form og styrke. Nokre celler forsvarar kroppen mot ytre fiendar. Og nokre celler er nerveceller, som reagerer på signal frå omgjevnaden og samordnar aktiviteten til alle dei andre cellene.

Uansett kva for oppgåve cellene er spesialisert til å utføra, er alle celler bygd opp på prinsipielt same vis: Den ytre grensa til ei celle er ei tynn feitthinne. Inne i cella finst det mange ulike stoff, òg DNA, som har oppskrifta på alt som cella og kroppen er laga av.

Ikkje alle gjeremål i cella høver saman. Mykje av innhaldet i cella er difor skilt frå kvarandre ved hjelp av posar av feitthinner. For eksempel inneheld alle cellene kraftige fordøyingsenzym, som er trygt lagra i eigne posar.

Alt cella gjer, krev energi. Ikkje minst trengst det mykje energi for å oppretthalda grensa mot omverda og dei ulike posane og avsnitta inne i cella.

I 1968 kom amerikanske legar med ein ny definisjon på døden: Når blod ikkje lenger rann gjennom hjernen, var personen død. Hjernedød blei dette kalla.

Energien som cella nyttar, kjem frå forbrenning av maten vi et. På same måten som ved treng luft for å brenna ned til oske, er oksygen naudsynt for effektiv forbrenning av næringsstoff i cellene. Med nok oksygen blir næringsstoffa omsett til energi, vatn og karbondioksid inne i cellene. Dette kallar vi celleanding.

OKSYGEN

Det er blodet som kjem med både oksygen og næringsstoff til alle cellene i kroppen, og som fraktar karbondioksid vekk att. Når hjartet stoggar og blodforsyninga blir kutta, er oksygen den avgjerande faktoren.

Ein reknar at det berre tek om lag fire minutt utan blod til hjernen før oksygenmangel gjev uoppretteleg skade på hjernecellene. Andre organ kan tola mykje lenger bortfall av oksygen og likevel fungera toleleg bra om blodforsyninga kjem i gang att. Ein avkutta arm kan syast på att fleire timar etter ulukka. Ei nyre toler opp til eitt døgn utan oksygen.

Det som er særskilt med hjernen, er dels at nerveceller krev særs mykje energi, og dermed oksygen, for å fungera, og dels at hjernen er pakka inn i ei kasse av bein. Alle celler som opplever ein periode utan oksygen, vil bli prega. Dei klarar ikkje å regulera trykket av stoff og vatn som kjem gjennom yttergrensa av feitt, og byrjar å svella.

I den tronge hjernekassa er det ikkje mykje plass for celler til å svella. Utan oksygen vil det snart bli så trongt i hjernen at blodet ikkje kjem inn i blodårene i hjernen.

Ein veit no at avkjøling aukar tida det tek før celler som ikkje får oksygen, blir uoppretteleg skada. Både for avkutta armar som skal reddast, og for nyrer som skal transplanterast, er det viktig at dei blir avkjølt når dei er utan oksygen. Det aukar sjansen for vellukka påkopling til blodforsyninga att. Det same ser ut til å gjelda for hjernen. Det siste tiåret har difor ein del medvitslause pasientar som har blitt gjenoppliva etter hjartestans, blitt behandla med avkjøling for om mogleg å redda hjernen frå å døy.

Endå klårare er meldingane frå Universitetssjukehuset i Tromsø. Der har nedkjølte forulukka personar med hjartestans blitt redda tilbake til livet fleire timar etter at hjartet stogga. Ved sjukehuset er difor slagordet blitt: «Ingen er døde før dei er varme og døde.»

NEDBRYTINGA

Utan signal frå hjernen vil hjartet og andedraga stogga. Kroppen er død. Utan oksygen blir det inga celleanding og ingen produksjon av energi og varme. Den døde kroppen blir snart kaldare. Frå den levande temperaturen på 37 grader fell temperaturen i den døde kroppen med om lag ein grad i timen.

Blodet som før blei pumpa rundt i kroppen av hjartet, sig no nedover og samlar seg på undersida av kroppen. Det gjev store, blåraude likflekkar i huda der kroppen ligg mot underlaget.

Men kroppen som organisme, som eit samfunn av celler som samarbeider om å overleva, den er tapt når hjernen ikkje lenger er der for å samordna alle dei andre cellene og organa.

I dei fyrste timane etter at kroppen er død, blir han meir og meir stiv. Det kjem av at det trengst energi for at musklane skal slappa av.

Ein død kropp går gradvis i oppløysing. Utan oksygen og energi vil cellene svella og sprekka. Og alt av stoff som tidlegare var skilt frå kvarandre inne i cella, i ulike posar, flyt no gradvis saman. Fordøyingsenzym, som cellene i den levande kroppen nytta for å fjerna gamle og slitne molekyl, bryt no ned alt som kroppen er laga av. Det er denne prosessen som gjer at stivheita i musklane slepp taket.

Nokre gonger ynskjer politiet å vita når ein person døydde. Likflekkar, dødsstivheit og særskilde stoff i augevæska kan nyttast for å gje eit inntrykk av det. Men ein må ta omsyn til at endringane i den døde kroppen er avhengige av temperaturen i omgjevnaden. Er det varmt, går alt fortare. Er det kaldt, tek alt lengre tid.

FRÅ JORD TIL JORD

Alle levande vesen på jorda er i evig tevling om dei same ressursane. Kroppen er ei kjempemessig samling av byggjesteinar som andre levande vesen kan ha nytte av. Så lenge kroppen lever, vil han klara å verna seg og halda tritt med mikrobane i omgjevnadane. Faktisk inneheld kroppen store mengder mikrobar, i magen og tarmkanalen. Desse er stort sett til gagn for kroppen som organisme, så lenge forsvarsverka i tarmen og resten av kroppen fungerer som dei skal.

Men i den augneblinken kroppen er død, fell immunforsvaret frå kvarandre. Barrierane går i oppløysing, og immuncellene kjem ikkje lenger med blodstraumen til stadane der mikrobane har teke seg inn i kroppen. Immuncellene som finst i vevet, vil snart mangla energien som trengst for å stansa inntrengjarane.

Mange av mikrobane i tarmen trivst best utan oksygen. At blodforsyninga har stogga, er heller ein fordel enn ein ulempe. Slike mikrobar skaffar seg naudsynt energi gjennom forbrenning der svovel eller nitrogen tek plassen til oksygen. Slik forbrenning fører til danning av illeluktande, svovelhaldige gassar.

I ein død kropp vil bakteriane i tarmen snart ta i bruk kroppens byggjesteinar som råstoff for eigen vekst og formeiring. Gassen frå bakterieforbrenninga får den døde kroppen til å svella. Buken blir full av gass. Etter kvart som bakteriane trengjer inn i vevet, vil også musklane og huda svella og bli gassfylte. Ein død kropp som har lege nokre dagar i varmen, vil vera oppsvulma og stinka. Det er også på grunn av gassdanning at ein død kropp som er senka i vatn, vil flyta opp til overflata att etter nokre dagar. Den som vil prøva å skjula eit lik i vatn, må difor binda tunge gjenstandar til kroppen før han blir senka i djupet.

Fordi ein død kropp rotnar så raskt, har alle kulturar rutinar for å handsama den døde kroppen. I varme land blir den døde kroppen lagd i jorda kort tid etter døden. I Noreg har jordfesting av den døde kunna dryga lenger, særleg vinterstid, sidan kulde hindrar liket i å rotna.

Når den døde kroppen er gravlagd, vil forrotninga fortsetja, no òg med tilskot av bakteriar frå jorda. På monaleg kort tid vil bakteriane eta opp og omdanna alt av blautvev. Stoff frå vevet vil bli brukt opp att av bakteriane eller andre levande vesen i jorda, slik som sopp, planter eller enkle dyr.

DET KROPPEN ER LAGA AV

Eg har brukt livet mitt i forskingslaboratoriet. Der har eg studert korleis kroppen forsvarer seg mot invasjon av bakteriar og virus. Arbeidet mitt går i så stor detalj at vi av og til må dyrka bakteriar i laboratoriet med minst mogleg tilsetting av stoff i mediet dei skal veksa i. Minimalt medium kallar vi det.

Det minimale mediet inneheld berre glukose, mineralsalt og vatn. Glukose inneheld energi og er kjelde til karbonatoma som bakteriane nyttar til å byggja opp alt dei treng for å veksa og dela seg. Etter få timar har nokre få bakteriar formeira seg og blitt til ei stor mengde heilt einsarta celler vi kan undersøkja nærare.

Vi menneske er bygd opp på same måten som ein bakterie. Vi inneheld òg prinsipielt sett berre karbonatom, vatn og mineralsalt. Det at vi treng mat med nokre bestemte næringsstoff, som essensielle aminosyrar eller vitamin, tyder berre at vi ikkje har evna til å laga alt vi treng sjølve, slik som bakteriane kan.

«Ingen er døde før dei er varme og døde.»

—   Universitetssjukehuset i Tromsø

Når kroppane våre rotnar, blir sluttprodukta det som kroppen er bygd opp av: karbon, vatn og mineralsalt. Desse stoffa er ein ressurs for anna levande liv. Karbonet og mineralsalta blir nytta av andre. Det er det forrotning går ut på, å bruka opp att ressursane som kroppane våre inneheld.

Bakteriane som et oss, er i sin tur mat for meir avanserte skapningar. Dei viktigaste er kanskje nematodar, millimeterlange rundormar som finst over hele jordkloten, og som lever av bakteriar i rotnande biologisk materiale. Rundormar er så mat for større dyr. Slik blir den døde kroppen ein del av karbonsyklusen, der karbonatom vekslar mellom å vera i lufta som karbondioksid og bundne til jorda som organiske kjemiske stoff som alt levande liv er bygd opp av.

Ikkje alle delar av kroppen er like enkle å bryta ned, sjølv for bakteriar. Hår er særs motstandsdyktig. Og knoklar blir verande i jorda i mange år etter at resten av kroppen er rotna. I gamle graver finst det difor ofte framleis knoklar etter dei døde, sjølv om alle andre spor er borte. Gamle knoklar kan gje mykje interessant informasjon om kva slag liv menneska levde før.

ORGANISKE SPOR

Skjelettet er bygd opp av beinceller. Dei skil ut bindevevsprotein og lagar eit miljø rundt seg som får kalsium og fosfat til å fella ut som krystallar. Skjelettet er difor ei blanding av celler, bindevev og mineralsalt som bakteriane vanskeleg får tak på.

Vi veit no at gamle skjelettdelar, i tillegg til karbon og mineralstoff, framleis også inneheld restar av celler, inkludert DNA. Dette har gjort at skjelettrestar frå arkeologiske utgravingar, som hittil har støva ned i esker på musea, no er tekne fram for nye analysar.

DNA er arvestoffet i cella. Det er eit trådliknande molekyl, bygd opp av fire såkalla basar. Rekkjefølgja av basane i DNA inneheld informasjon som cella brukar til å laga protein. Kvar gong ei celle deler seg, blir DNA kopiert og overført til neste generasjon av celler. Av og til blir ikkje kopien heilt nøyaktig. Slik variasjon i DNA kan nyttast for å seia noko om slektskap mellom ulike individ og mellom ulike artar.

Dei første forsøka på å undersøkja DNA i gammalt bein for om lag tretti år sidan var heller lite vellukka. Teknologien klarte ikkje å skilja mellom DNA-ureining frå ulike kjelder og det gamle DNA-et som ein ville undersøkja.

I dei siste 10–15 åra har nye metodar for å undersøkja DNA gjort det mogleg å henta ut DNA-informasjon frå gamle knoklar. Dette har blant anna gjort at mykje av dei gamle spora etter utviklinga til mennesket har måtta tolkast på nytt.

Fleire ferske populærvitskapelege bøker, som svenske Karin Bojs' Min europeiske familie de siste 54 000 årene, har gjort greie for desse nye innsiktene så folk flest kan forstå. Blant anna veit vi no at hunden var det fyrste husdyret som blei temt av menneske for omtrent 14 500 år sidan, og at jordbruket kom til Skandinavia med folk som vandra hit frå Midtausten.

TRANSPLANTASJON

Medan eg framleis lever, kan eg ta stilling til kva som skal skje med den døde kroppen min. Om eg blir hjernedød på grunn av ei ulukke, vil eg at resten av kroppen min skal koma til nytte for andre. Det har eg sagt frå om til mannen min og borna mine. Dei skal sleppa å lura på kva eg ville ha meint om saka, om legane spør dei om organdonasjon.

Om eg er død, kan likevel lunger, hjarte, nyrer, lever, bukspyttkjertel, hornhinner og knokkelvev gjera nytte for seg i ein annan kropp. Ein pasient som treng ein nyretransplantasjon, klarar seg med éi frisk nyre, så to pasientar kan få kvar si av nyrene mine. Ein organdonor kan i nokre tilfelle gje organ til så mange som seks–sju andre.

Det er ikkje berre som organdonor at den døde kroppen kan gjera nytte for seg. Eg underviser medisinstudentar i anatomi. Ved avdelinga vår er vi avhengige av at nokon kvart år vel å gje kroppen sin til oss, så vi kan ta vare på han og bruka han til undervisning og forsking.

Etter kvart som bakteriane trengjer inn i vevet, vil også musklane og huda svella og bli gassfylte. Ein død kropp som har lege nokre dagar i varmen, vil vera oppsvulma og stinka.

Donorane gjer avtale med oss i god tid på førehand, gjerne medan dei framleis har mange år att å leva. Det er gravferdsbyrået som fraktar den døde kroppen til oss for balsamering. Det må skje så snart som mogleg og før det er gått to døgn etter at donoren døydde. Balsamering hindrar nedbrytinga av kroppen og gjer at musklar, sener, hud, organ, blodårer og nervar er bevart.

Den anonyme balsamerte kroppen blir brukt til undervisning i anatomi for helsefagstudentar og helsepersonell. Det finst ingen annan måte som betre kan visa medisinstudentar og legar korleis kroppen er bygd opp, enn faktisk å skjera i, ta på og undersøkja verkelege kroppar.

EVIG LIV

Når ein er barn og leikar «døde hestar», er døden framleis berre eit ord. Det har ikkje meining utover at ein må liggja heilt stille i nokre minutt. Som vaksen har dei fleste alt opplevd døden på nært hald. Ein kjær familiemedlem har døydd, nokon har blitt borte. Kva som skjer med den døde kroppen, tenkjer ein likevel ikkje så mykje på.

I det kristelege gravferdsritualet seier presten: «Av jord er du komen, til jord skal du verta, av jorda skal du atter stå opp.» Desse orda kjem delvis frå 1. Mosebok, frå verset der ein rasande Gud jagar Adam ut av paradis. Teksten, som er skriven for over to tusen år sidan, har trøysta mange.

Og han er svært nær sanninga, biologisk sett.

Mer fra Portal