Annonse
09:30 - 05. september 2018

Markens Grøde – en verdig jubilant?

Slik kyrkja ifølgje Bjørnson ligg på ein høg stad i den norske bondens sinn, har Markens grøde ein liknande posisjon hos norske boklesarar.

Då Knut Hamsun skreiv «Markens Grøde» i 1917, blei det ein enorm salssuksess. Foto: Hulton Archive / Getty Images
Annonse

Det er såleis ingen grunn til å undrast over at det blir stelt i stand ei hundreårsmarkering. Men nokre kritiske røyster har likevel kome til orde og protestert ut frå Hamsuns politiske handlingar og haldningar og hans rasisme. [1] I alle fall er det ingen som i dag omtalar Markens grøde (heretter MG) i så panegyriske vendingar som Thomas Mann, Maxim Gorkij og Joseph Goebbels i si tid gjorde. I det følgjande skal det stillast spørsmålsteikn ved ulike lesemåtar eller forskartradisjonar som har prega tolkinga av MG og Hamsun-biletet i etterkrigstida.

Den episke kjernen i jubileumsromanen er denne: Hovudpersonen, analfabeten Isak, med hender merka av hardt arbeid, kjem til eit stykke allmenning i Nordland ein stad i selskap med sine to geiter og ein bukk, og han byggjer opp eit nybrott frå grunnen av, som får namnet Sellanrå. Han får hjelp av distriktets velvillige lensmann Geissler til å få offentleg godkjenning av jordstykket som privateigedom. Han skaffar seg ei kone, som har hareskår, og ho føder etter kvart tre barn. Men dei enkle og landlege moralske dygdene som bonden Isak representerer, blir etter kvart utfordra. Inger drep det tredje barnet sitt fordi det er født med hareskår, og Inger må sone seks år i fengsel, og blir i denne tida «sivilisert», lærer seg blant anna å sy. Men Isak ser med skepsis på denne moderniseringa.

Isak, «markgreven», står fram som det autentiske, det rotekte mennesket som viser veg til framtida.

I romanens siste del blir det på Isaks område funne kopar, og på lensmann Geisslers initiativ sett i verk kapitalistisk gruvedrift, som med sin kommersialisme, sin pengekultur og si framande arbeidskraft inneber ei stor påkjenning for dei «ekte» normene Sellanrå-bruket er bygde på. Men det er lite kopar i steinane på Sellanrå, og til slutt bryt det «moderne» prosjektet saman. I den idylliske sluttscenen har Isaks familie, med unntak av Eleseus, den byglade eldstesonen, endeleg vunne over all fare for moderne sosial og moralsk rotløyse, og Sellanrås ekte og landlege verdiar råder fullt og heilt. I tråd med den klassiske tyske bonderomanen og store delar av den romantiske anti-kapitalistiske litteraturen, står Isak, «markgreven», fram som det autentiske, det rotekte mennesket som viser veg til framtida.

Det er lett å forstå at MG i 1917 og framover blei ein enorm salssuksess, ikkje berre i det norske odelsbondelandet, men også i utlandet, særleg i Tyskland og Sovjetunionen, i land der folkets forhold til jorda tradisjonelt har vore nært. Dessutan stod suksessen på Sellanrå fram som eit vakkert og fredeleg kontrastbilete til eit Europa der krigen rasa, og som kasta skuggar også over det nøytrale blokaderamma Norge. Den allmenne norske begeistringa for nasjonsbygginga var stor, og nybrottsrørsla Ny Jord var etablert i 1907, med det uttrykkelege mål å redusere utvandringa til Amerika. Hamsun ga av same grunn ivrig støtte til rørsla, men også ut frå frykta for det veksande industriproletariatet. Den konstruktive nybyggarånda prega også dei samtidige ny-realistiske arbeidardiktarane Kristofer Uppdal og Johan Falkberget.

Ei truverdig tolking av MG må sannsynleggjere at MG kunne ha appell både til russiske bolsjevikar, tyske nasjonalsosialistar og eit breitt norsk publikum. Kanskje det er slik skjemtegauken Georg Johannesen hevda, at den norske Hamsun-dyrkinga ikkje blomstrar på trass av nazismen, men på grunn av den? Vi lar spørsmålet henge i lufta over det følgjande. Først litt om den litterære konstruksjonen i MG:

Kommentatorar flest har ikkje festa seg ved dei mange kunstige trekka ved komposisjonen i MG, sjølv om desse utgjer eit viktig særtrekk ved boka. For berre å nemne nokre av dei mest usannsynlege ingrediensane:

Det er ikkje lite påfallande at i eit land som har hatt ein offentleg folkeskole sidan ca. 1720, dukkar det i ein roman nærare 200 år seinare opp ein openbert åndsfrisk analfabet. Han slår seg ned på ei mark som ligg ei heil dagsreise til fots frå «bygda». Lensmann Geisslers nærast eventyrlege evne til å dukke opp når det trengst, har også ein emmen smak av påfunn, av litteratur. I motsetning til handlingsgangen i småbysatiren i Segelfoss by (1915), der ting utviklar seg etter ein normal sosial og økonomisk logikk, har forteljaren i MG fullmakt til å manipulere med tinga etter behov. På si side er Isak og Inger ikkje berre fåmælte etter vanleg norsk skikk, dei fører i heile boka knapt ein samtale seg imellom (!).

Ein roman som skal underhalde, kan ikkje ta til takke med ei glatt framoverskridande og stødig historie om ny-bygging.[2] Det må konflikt og action til, og som før er striden mellom godt og vondt ein sikker vinnar. Isak og Inger får etter kvart Aksel Strøm og kona Barbro til naboar. Også Barbro gjer seg skuldig i barnemord, eit innslag som er «forståeleg» på bakgrunn av Hamsuns høgrøysta pressekampanje (1915-16) mot barnemordarar, med rop om dødsstraff. Med rette peiker Francis Bull i si litteraturhistorie på det kunstnarisk uheldige ved dette grepet.

Kopargruveprosjektet blir sett i gong på ein tilfeldig, surrealistisk måte, og det kollapsar programmatisk etter instruks frå Hamsuns yndlingsfilosof Arthur Schopenhauer, som forkynner evangeliet om at alt menneskeleg strev for å betre livsvilkåra, på førehand er dømt til å mislykkast.[3] Livsfjern på sin måte er også rettssaka om Barbros barnedrap, ikkje minst er forsvarstalen til den liberale feministen fru Heyerdahl ein karikatur av demokratisk rettsstell og moderne kulturradikalisme. (Geissler opptrer her som Hamsuns talsmann og har merka seg at visse dyr er freda, men ikkje spedbarn.)
 

Modernisme?

Frå 1917 og frametter til ca. 1980 herska det blant litteratar av alle kulørar semje om at MG er meint som ein høgsong til bondens og hans seige arbeid, eit jordbruksevangelium. Seinare har det stått fram ein ny generasjon forskarar, både i Norge og i utlandet, som har prøvd å så tvil om denne «enkle» tolkinga.[4] Desse nye forskarane står i ein såkalla modernistisk tolkingstradisjon, som legg vekt på verkets psykologiske og tematiske kompleksitet, ambivalens og ironi. I tilfellet MG inneber det at blir sett spørsmålsteikn ved om idyllen er reell, om Hamsun sjølv trudde på at Sellanrå-verdiane kan realiserast, og dei klandrar den såkalla ideologikritiske lesinga for å oversjå at det kan vere ein motsetnad mellom forfattarintensjonen og normsystemet i romanen (noko som prinsipielt er muleg). Men det spørst om ikkje Francis Bull og andre av den eldre garde har realismen på si side. Det motseier ikkje det faktum at Bull-generasjonen var lite klar over den sosiale og politiske massivt reaksjonære tendensen i mykje av Hamsuns verk.

Det er svært (dum)dristig å hevde at Sellanrå som heilskap er natur.

Underleg nok har både tradisjonelle og modernistiske kommentatorar til nå vore samde om at verdikonflikten i MG dreiar seg om motsetnaden mellom sfærene natur (Sellanrå) på den eine sida, og kultur eller sivilisasjon (byen, industrien) på den andre. Eit heiderleg unntak er Frode Lerum Boasson.[5] Det er svært (dum)dristig å hevde at Sellanrå som heilskap er natur. Sellanrå er eit småbruk, skapt av menneskehender, eigaren har lovleg skøyte og bruket er av staten definert som privat eigedom. Rett nok får forskarane medhald av Geissler, som i sin siste (lov)tale (til Sivert) prisar bondelivet som natur. Det er eit kategorimistak han må ta på si kappe.

Eit ekstremt utslag av den misvisande teorien er ein sterkt Hamsun-kritisk tysk forskars påstand at Isaks etikk er «naturleg» immoralisme.[6] Påstanden er useriøs, til dømes går Isak i eit halvt år og er redd for at Inger har brakt ei stolen ku til Sellanrå! Dessutan er drap forbode ved lov også på Sellanrå. Men naturen er sjølvsagt ein nødvendig del av Kulturen. Tilhengarar av ei premoderne, syklisk tidsoppfatning,[7] som byggjer på den rytmiske og gjentatte vekslinga mellom årstider, finn solid ryggstøtte i MG. På Sellanrå er også kjønnsdrifta sesongavhengig, bunden til vår og sommar, i kontrast til bymiljø, der det er løpetid året rundt.

Nøkkelen til dette «verdiproblemet» kan ein finne hos Hamsun sjølv, rett nok først elleve år etter 1917, i teksten «Festina lente».[8] Her definerer han hovudkonflikten i samfunnet som ein strid mellom Kultur og Sivilisasjon, som er det rådande motsetningsparet i den tidstypiske, delvis pre-fascistiske livsfilosofien (vitalismen) som dominerte europeisk idéhistorie, spesielt den tyske, i første del av 1900-talet. Denne dualiteten ligg eksempelvis til grunn for Thomas Manns politiske skrift Betrachtungen eines Unpolitischen (1918). Her støttar Mann  opp om den tyske Kulturens kamp mot Sivilisasjonens Frankrike. Kultur står i denne teknologifiendtlege idéretninga for det tette, organiske sosiale fellesskapet i før-kapitalistisk tid, mens Sivilisasjonen er tufta på abstrakt, sjellaus forstand og mekaniske, industrikapitalistiske prinsipp.

Ein hovudfeil den nye ironigenerasjonen gjer, er å projisere ein modernisme inn i MG som ikkje finst der. Rett nok er både uvissa om Isaks fortid eit modernistisk trekk, til liks med skikkelsen Geissler, som er så mangfaldig skrudd saman at delane står i fare for å falle frå kvarandre: Han er hjelpesmann for Isak, entreprenør, sjefsideolog for Sellanrå, talerør for Hamsun, men også så frynsete som lensmann at han mister stillinga.

Men ein grunnleggande modernistisk ingrediens som Guds død og den påfølgjande store meiningsløysa glimrar i MG med sitt fråvær, og modernistane overser også den myndig forteljarskapte romantisk-religiøse og historiemytologiske himmelen over nybrottet på Sellanrå. Bibel-allusjonane er   ein organisk del av denne overbygnaden. Isak er eit gamaltestamentleg namn, opningspassasjen er som ei skapingsforteljing: «Manden, mennesket, den første som var her». Sonen Sivert ser ein gong inn i Edens hage, og Oline (ein myndig og utspekulert slektning av Inger som tidvis er hushjelp på Sellanrå) skamrosar Isak for at det på Sellanrå «flyter av melk og honning.»

Isak er så visst ingen romantisk helt; i enkle, mellommenneskelege situasjonar kan han vere både hjelpelaus og latterleg, ikkje minst i konflikten med Oline.

Walter Baumgartner[9] peiker for så vidt med rette på at det er klar ironisk avstand mellom Isak og forteljaren. Isak er så visst ingen romantisk helt; i enkle, mellommenneskelege situasjonar kan han vere både hjelpelaus og latterleg, ikkje minst i konflikten med Oline. Men å seie som Baumgartner at Isak er «en ytterst problematisk skikkelse», er eit bomskot. I avgjerande moralske og «ideologisk» val er han trass i sine manglar urokkeleg på rett side, han representerer både den hamsunske fortid og framtid, han er «igjen dagens mann.»

 Øystein Rottem ser i Geisslers vandrarskikkelse og hans uharmoniske livsstil ein kritisk kontrast til Isaks univers, eit synspunkt Jørgen Haugan støttar.[10] Rett nok: Utan Geissler ville MG ha vore ei anna bok enn den vi har. Men det finst ikkje den minste ideologiske motsetning mellom Geissler og Sellanrå, Geissler må konstatere at han sjølv med sitt moderne medvit er ulukkeleg og redningslaust stengd ute frå det paradiset han sjølv har vore med på å skape. Geissler har vore nødvendig for Isak, men er det ikkje nå lenger, og ikkje for Sivert eller for Isak-kloningen Ezra i Landstrykere (1927). Han har vore nødvendig for Isak, men ikkje nå lenger, og heller ikkje for Sivert og for Isak- ).
 

Romantisk sluttspel

For modernistane har sluttscenen i MG vore eit kinkig problem. Dei har investert mykje energi for å finne ein ellar annan ironi i boka som undergrev inntrykket av harmoni og eintydig bondeevangelium. Resultatet er lite overtydande. Baumgarners påstand om at forteljaren er «notorisk upålitelig», stemmer i alt vesentleg ikkje. Kva gjer dei så med sluttscenen? Med unntak av Haugan[11] neglisjerer dei den, dei går som på råd frå Bøygen i Peer Gynt i ein stor boge utanom. Men avslutninga av ein roman er ikkje eit kva som helst avsnitt. Her fell alle brikkene  på plass, her skal siste ord seiast. La oss sjå på detaljane i det romantiske tablået:

Dei sosiale rollene er faste og gitte ein gong for alle.

Det er sommarkveld med kveldssol, det går ein regnboge over himmelen, og patriarken Isak går «religiøst barhodet» og sår korn i Moder Jord, han er ein historieberar, ein ætling av den 900 år gamle norske landnåmsmannen og likevel «dagens mann», han har heimelagde klede og sko, og kalenderen hans er dei teikna i naturen sjølv han finn til ulike årstider. Dei sosiale rollene er faste og gitte ein gong for alle. Sonen Sivert skal harve, og lufta er fylt av homogen bjølleklang frå saueflokken. Døtrene ber på mjølkebøtter, og slik det sømer seg for den mest naturnære menneskerasen, er dei barbeinte. Inger «gjør opp ild i en kokeovn» og ber ansvaret for å vidareføre ein 2000 år gamal romersk tradisjon: Ho er vestalinne og sørgjer for at den heilage elden ikkje sloknar. Scenen rommar berre dei reine av hjartet, dei som er trufaste mot Sellanrå-verdiane. Og som den notorisk pålitelege forteljaren forsikrar: «Skogen, fjældene står og ser på»! All framandgjering er borte, «her er samanheng og mål», som i  pastoralesymfoniar elles. Ingen moderne «avansert» tolkingskunst kan trylle bort den komplette harmonien som rår her.
 

Ein slåmaskin til begjær og besvær?

Den jamne og dynamiske utvidinga av verksemda på Sellanrå har med tida alt opp ein etter norske forhold stor buskap.[12] Eit sagbruk er også på plass, men heller ikkje det er bygd på kapitalisme, på lønsarbeid. 

På denne bakgrunnen er det vanskeleg å skjøne at Hamsun  med MG ikkje er meint å vere ei «agrarisk Opbygelsesbog», og at den utopien vi her ser realisert, på bokas premissar er ein «utopi på leirføtter» (Øystein Rottem).[13]

Om MG kan overleve ein konfrontasjon med norsk realhistorie, er ei anna sak. Alle lesarar, inklusivt ironikarane, ser at dersom Sellanrå frå Hamsuns side var meint som ei øy, isolert frå verda elles, blir dette definitivt avsanna av forteljinga og hindrar boka å ende på romantikkens siste stasjon: den ideologiske psykose. (Baumgartner har likevel eit poeng når han seier at MG har «robinsonadens fascinasjon».) Isak byggjer opp sitt rike på handel med Sivilisasjonen, men i bokas perspektiv inneber ikkje dette nokon fare.

Den anti-kapitalistiske diktaren får eit særeige praktisk-ideologisk problem på nakken idet ei nymotens slåmaskin kjem til gards. Dei andre av Isaks reiskapar kan prinsipielt vere handverksproduserte. Men industri er for yankeesivilisasjon å rekne, og den krev arbeid av «arbeiderkrapyl». Det er neppe tilfeldig at slåmaskinen ikkje får lov til å vere med i sluttscenen. Hamsun-biografisk ser vi kanskje her eit utslag av den skarpe motsetninga som rår mellom Hamsuns personlege sans for eigen rikdom og fascinasjon for moderne teknikk som bil, traktor og fly, og den ideologiske tvangstrøya han tok på seg som diktar.

Blut und Boden?

Ideologikritikken har rimelegvis trukke fram normsystemet i MG som eit muleg utslag av den såkalla Blut und Boden-retninga (Blod og Jord), ein tysk, rasistisk bygdefascisme. MG manglar eitt viktig kjenneteikn på denne: Sellanrå har ingen nedarva slektstradisjonar, knytt til heimstaden, som det vaskeekte Blut und Boden har. Men også MG byggjer på rasegrunn, rett nok til stades berre ved nokre få spreidde kommentarar om samar og om dei falske verdiane som yankeen og jøden representerer. Barbro på si side har «en ynkelig negerhjerne».

Det ville vere forhasta ut frå dette å stemple MG som konsolidert fascisme. Skildringa av det språklause forholdet mellom Isak og Inger er rørande, djupt humant, og når Isak ser med storsinn og liberale auge på Ingers erotiske sidesprang, er vi eit godt stykke unna hitlerismen. Ein tilsvarande eskapade frå fru Goebbels si side ville ha vore meir fatal.

For nasjonsbyggande bolsjevikar stod Hamsuns bøker fram som eit byggande, handlingsorientert alternativ til dvelinga ved dei permanent lidande russarane hos den tsar-vennlege Dostojevskij.

Men MG står med den oppbyggande evangeliske propagandaen sin for enkle bondedygder heller ikkje i nokon sjenerande motsetnad til   nasjonalsosialismen. Vi ser her eit døme på den såkalla fredelege og «positivt» tillokkande delen av Hitlers ideologi. Terboven og Goebbels visste godt at blodmystikken i den gjengse nazilitteraturen som propaganda ikkje kunne hamle opp med eit suksessverk av ein verdskjend språkkunstnar. 

For nasjonsbyggande bolsjevikar stod Hamsuns bøker fram som eit byggande, handlingsorientert alternativ til dvelinga ved dei permanent lidande russarane hos den tsar-vennlege Dostojevskij. Det kan likevel ikkje utelukkast at Hamsun-dyrkinga hos Kollontaj, Molotov, Gorkij og andre var eit teikn på visse barnesjukdomar ved den russiske revolusjonen.

Den vanlege norske lesaren deler med sine utanlandske kollegaer beundringa for den hamsunske språkmagien og humoren som i MG er på sitt mest overdådige. Dei mest komiske episodane er til å le seg skakk av. Hamsuns appell til den enkle arbeids-etos og til landlivet har framleis appell til norsk primærnæringsfundamentalisme, som her i landet står sterkt også blant byfolk. Oslo-borgaren står med eine beinet i forfedrane sitt distrikt, han og ho heiar meir på Tromsø, Rosenborg og Brann enn på Vålerengen. Vi har jo dessutan i Norge hatt ei venstrerevolusjonær rørsle med parolar for sjølvberging, og ein kvar venstreorientert leiarartikkel om norsk landbruk er i dag eit plagiat av Senterpartiets program.

Gamle Horats sa at litteraturen skal vere både dulce og utile, både søt (underhaldande) og nyttig. Om nyttig i denne samanheng tyder å ha innsikt i det verkelege livet, må nok domen over MG bli: ikkje rare greiene. Den romantiske fordreiinga overser at det faktiske nybrottsarbeidet gjekk føre seg i område der det offentlege sørgde for vegar og annan infrastruktur, og i MG kjem vi aldri i kontakt med nybyggarens sveitte og slit. Ei historisk representativ utgåve av einstøingen Isak kunne til og med bli gjenstand for folkeleg latter og spott. Ei høgst reell plageånd som pantegjelda er retusjert bort, og kjennskapen til dei kapitalkreftene som over tid svekker den vesle grunneigedomens posisjon, er hos Hamsun like fråverande. Markens grøde er eit fengande eventyr og eit romantisk monstrum, eit bedrag. Horats la til: Lesaren (herunder alle 100-årsjubilantar), må ha mot til å bruke sin forstand. Om dei så gjer, vil 200-årsjubileet henge i ein tynn tråd. Det glade vanvit kan aldri skape den store romanen. Men ein Nobel-pris kan det gjerne kronast med.


Fotnoter             

[1] Ståle Dingstad i Aftenposten 30.11. 2017.

2 Jf. Arvid Nærø: Knut Hamsuns anarkisme 2010, frå s. 71.

3 Tittel: Die Welt als Wille und Vorstellung (1818).

4 Viktigaste namn er Allen Simpson, Atle Kittang, Øystein Rottem og Walter Baumgartner. 

 5  Men Livet lever. Hamsuns vitalisme fra Pan til Ringen sluttet (2015) s. 190-91.

6 Eberhard Rumbke: «Træskeens tidsalder», i Heiko Uecker: Auf alten und neuen Pfaden 2 (1983).

7 Spesielt Bård Larsen i Civita frå Oslo vest har i pressa nyleg påtalt den påstått lineære tidsoppfatninga på norsk venstreside.

8 Knut Hamsun: Taler på torget II, 2009 s. 282.

9 Den modernistiske Hamsun (1997)

10 Solgudens fall. Knut Hamsun – en litterær biografi (2004) s. 247-48. Haugan ser på Geissler som hovudperson.

11 Men Haugan trekkjer dessverre ingen konklusjon av sluttscenen.

12 Haugan hevdar Isak opptrer i føydal stil. Mein ein patriark som Isak har ingenting med føydalisme å gjere!

13 I Norskrift nr. 41 1983, i artikkelen «Utopi på leirføtter» understrekar Rottem at MG også er eit jordbruksevangelium. I hans Hamsun og fantasiens triumf (2002) er dette «også» borte.

Oslo, 3.9. 2018

Artikkelen er tidlegare publisert i Bok og Bibliotek Nr.½018

 

                                                                                                                                                                                                                      

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Mer fra Portalen

PROSA: Romansuksessen om krigsseilerne har flere forløpere i Jon Michelets sakprosa.

PROSA: Hvordan lykkes med å skrive bok om noe man verken forstår eller tror på.

FOLKEMUSIKK: Hvordan bevare runddansmusikken som egen sjanger.

NORSK FILOSOFISK TIDSSKRIFT: Hos Moderata Fontes er det kvinnene som definerer verden.

Markens grøde ein spesiell posisjon hos norske boklesarar.