Portal

Polske liv i Noreg

SYN OG SEGN: Polakkar er den største innvandrargruppa i Noreg med ikring 100 000 personar. Men kven er dei polske innvandrarane, kvifor har det kome så mange av dei, og kva slags liv lever dei her?

Då Polen vart medlem i EU i 2004, byrja også̊ ei større innvandring til Noreg, særleg frå̊ 2006. Men den polske innvandringa var ikkje aldeles ny. Ikring 10 000 polske innvandrarar budde i Noreg før 2006. Under den andre verdskrigen vart nesten 1 200 polske krigsfangar sende til Noreg for å jobba for tyskarane, ikring 800 av desse vart buande. (1) På 1970- og 1980-talet kom polske kvinner til landet for å gifta seg med norske menn. Politiske dissidentar fann òg vegen hit, og særleg i 1980-åra fekk fleire av dei asyl. Utover på 1990-talet kom det polakkar til Noreg for å arbeida eller studera, nokre av dei fann kjærleiken, andre att var reisande som oppsøkte Noreg, med litteraturen, musikken eller naturen som utgangspunkt.

Banda mellom Noreg og Polen var sterke på 1980-talet, med fredsarbeidet Solidaritet Norge — Polen (SNP) som ein viktig pådrivar for humanitært arbeid mellom dei to landa, eit folk-til- folk-samarbeid, der pakkar med klede og mat vart sende frå̊ Noreg og til polske familiar. Også̊ blant kunstnarar var det samarbeid, til dømes innleidde den norske visesongaren Jørn Simen Øverli eit samarbeid med den polske pianisten Zbigniew Łapiński, og tonesette mange av visene til solidaritetsaktivisten Jacek Kaczmarski. Polske viser i norsk omsetjing, med Øverlis vokal, som «Jul i Sibir» og «Den raude bussen», vart tilgjengelege for eit norsk publikum.

Spora mellom Noreg og Polen finn vi òg endå lenger tilbake i tid. Polske og norske nasjonalromantikarar fann saman i Paris alt på 1800-talet. Båe landa var underlagde andre lands styre, og i dei båe vaks draumen om fridom og sjølvstende. Johan Sebastian Welhavens dikt «Republikanerne» (1838) er det mest kjente dømet på dette. Scenen er frå̊ ein kafé i Paris der den polske Novemberoppstanden (1831—1832) og russarane sin siger over opprørarane vert omtala. Polens ufrie skjebne mellom aust og vest og opprøret mot overmakta inspirerte kunstnarane. Welhaven valde likevel å mana til realisme, ved at ein av dei polske soldatane som hadde overlevd slaget ved Ostrołęka, som i røynda var russisk siger over opprørarane, kjølig avviste friheitsskåla. Frå̊ denne hendinga finn vi den mest kjente strofa i diktet: «De havde Champagne, men rørte den ei.»

Korkje det store fleirtalet av polske innvandrarar eller nordmenn flest kjenner i dag til Welhavens dikt. Utgangspunktet for det tette bandet på tvers av kultur, språk og landegrenser er kan henda større i dag enn nokon gong tidlegare, og ligg meir til rette no som polakkar er den største innvandrargruppa i Noreg.

Adam, Rafal og Magda

Kven er dei polske innvandrarane i Noreg i dag? Kvifor har dei kome, og kjem dei til å bli buande?

To av tre polakkar i Noreg i dag er menn. Trass i at polakkar har toppa statistikken over familiegjenforeining i Noreg dei siste åra, er tilhøvet mellom menn og kvinner blant polakkar i Noreg skeivt. Dette speglar òg at det framleis er ein stor del av polakkane i Noreg som arbeider i bygg- og anleggsbransjen, slik tilfellet også̊ var då den store innvandringa frå̊ Polen tok til etter at landet vart EU-medlem i 2004. Mengda av polske innvandrarar til Noreg auka frå̊ under 7 000 i 2004 (med dobbelt så mange menn som kvinner), til nesten 50 000 i 2010 (med dobbelt så mange menn som kvinner). I 2015 var talet vakse til over 90 000 polske innvandrarar (⅓ kvinner, ⅔ menn), og i 2018 til nesten 100 000 (framleis ⅓ kvinner, ⅔ menn). Innvandringa frå̊ Polen har vore låg dei seinare åra, men framleis kjem det fleire enn dei som reiser tilbake. I tillegg må vi ta med born som er fødde i Noreg av polske innvandrarar, færre enn 800 i 2004, og fleire enn 11 000 i 2017. (2)

Ein viktig føresetnad for migrasjonen frå̊ Polen slik han er i dag, finn vi i EU-medlemskapet og EØS-avtalen frå̊ 2004. Som andre EU-borgarar kan polakkar reisa til og frå̊ Noreg, og dei kan søka om arbeid i Noreg utan vidare restriksjonar. Medan polakkar er den største innvandrargruppa i Noreg, er Noreg eit relativt lite destinasjonsland, sett med polske auge. Utvandringa frå̊ Polen sidan 2004, har vore høg, meir enn 2 millionar. Fordi både innvandring og utvandring til og frå̊ EU- og EØS-land er lite regulert, er det store avgrensingar på talmaterialet når det gjeld polsk migrasjon. Men ein reknar med at det er kome om lag 800 000 polakkar til Storbritannia sidan 2004. I tillegg bur det polakkar i Storbritannia som vart verande etter den andre verdskrigen, ikring 200 000 personar, og deira etterkomarar. Tyskland er saman med Storbritannia dei to viktigaste utvandringslanda for polakkar. Andre tilflyttingsland er Irland, Frankrike og sørlege delar av Europa, i tillegg til Noreg og dei andre nordiske landa.

Grunnane til den nye innvandringa frå̊ Polen til Noreg det siste tiåret er samansette. Ei viktig forklaring er at det har vorte lettare å reisa og jobba her. For mange var det også̊ avgjerande at polakkane i starten vart rekrutterte via kjenningar som alt hadde reist til Noreg og funne seg jobb her. Ei anna forklaring finn vi i rekrutteringsbyrå både i Polen og Noreg, som gjer det å søka og få jobb i Noreg — også̊ frå̊ Polen — mykje enklare. Drivkrafta for mange er openberr — eit ynske om betre økonomi, om høve til å kjøpa seg leilegheit eller bygga på huset. Men det viser seg at drivkrafta for å bli verande i Noreg ofte dreier seg om meir enn berre økonomi. Sjølv om det i byggebransjen framleis er utfordringar med svarte kontraktar og dårlege arbeidsforhold, opplever mange polske arbeidstakarar i Noreg også̊ gode arbeidsforhold, moglegheit for karriereutvikling, ryddige kontraktforhold, moglegheit for å kombinera arbeid og familieliv, og i større grad egalitære relasjonar på arbeidsplassen enn heime i Polen. Dette er mellom årsakene til at mange vel å fortsetja å arbeida — og bu — i Noreg. (3) Tilknytinga til arbeidslivet over det ganske land vert òg reflektert i at polske innvandrarar bur spreidd i Noreg, men i nokon mindre grad i Nord-Noreg. (4)

Drivkrafta for mange er openberr — eit ynske om betre økonomi, om høve til å kjøpa seg leilegheit eller bygga på huset.

Å arbeida i Noreg og leva i Polen

Polakkar i Noreg kan vi kategorisera og gruppera på ulike måtar: dei med høg eller låg utdanning, dei som arbeider i bygg- og anleggsbransjen, dei som arbeider innanfor reinhald eller serviceyrke, og dei som arbeider i andre bransjar. Dei med mange tidlegare migrasjonsopphald i andre land, og dei som — utanfor Polen — berre har arbeid i Noreg, dei som kjem åleine og dei som kjem med venner eller familie, dei som kjem via eit rekrutteringsbyrå, og dei som kjem på eige initiativ som arbeidssøkande personar. Men det er likevel eitt skilje som er viktigare enn nokon av dei andre: skiljet mellom dei som arbeider i Noreg, men lever liva sine i Polen, og dei som både arbeider og bur i Noreg.

Blant polske menn i Noreg som er gifte, er det langt vanlegare at ektefellen og familien enno bur i Polen, enn det som er vanleg blant gifte polske kvinner i Noreg. Det er dette som er meint med «å arbeida i Noreg og leva i Polen». Inntekta og arbeidet er i Noreg, men utgiftene og familielivet, det ein lever for — det er framleis i Polen. Denne gruppa har vorte omtala som «transnasjonale pendlarar» av forskar Jon Horgen Friberg. (5) Nokre av dei er òg fanga i det som vert omtala som «flytande mobilitet» med open og fri migrasjon i EU og EØS-området. Dei er fanga i den forstand at inntekta deira i Noreg er vorten ein vane for familien i Polen; familien ynskjer ikkje å flytta til Noreg, men arbeidsmarknadssituasjonen og inntektsnivået i Polen tillèt heller ikkje ein far å flytta attende til familien sin. Medan nokre ser seg fanga i ein slik situasjon, ein fridom å leva eit liv både her og der, med familien i Polen, og med arbeid og arbeidsfellesskap i Noreg. Nokre samanliknar dette med å jobba som sjømenn, med lange periodar med fråvær frå̊ heim og familie, men likevel med eit tydeleg ankerfeste i heimlandet.

Då er det annleis for kvinnene: Så å seia alle polske kvinner som er gifte og bur i Noreg i dag, bur saman med ektefellen sin. Slik er skiljet mellom den polske gruppa stor, mellom dei som bur både her og der, og dei som ynskjer både å arbeida og leva i Noreg. Hjå dei som buset seg i Noreg, og som investerer inntekta si i heim og liv her, til dømes med born i barnehage og skule, er perspektivet på det norske samfunnet òg eit anna enn hjå dei som har Noreg berre som arbeids- og inntektsland. Fleire innvandrarar frå̊ Polen har dei siste tiåra òg måtta endra perspektivet sitt på opphaldet i Noreg, frå̊ noko høgst kortvarig til noko med ein lengre tidshorisont. Det er òg ei perspektivendring som krev omstilling frå̊ det norske samfunnet i måtane vi ser dei polske innvandrarane på, korleis vi møter dei og omtalar dei.

Vil dei reise tilbake?

Etter at gjestearbeidarane tok til å koma til Europa frå̊ 1950-talet til 1970-talet frå̊ land som Tyrkia, Marokko og Pakistan, slo den sveitsiske forfattaren Max Frisch, med referanse til den tyske røynsla, fast: «Vi trong arbeidskraft, men vi fekk folk.» Fleire poeng kan trekkjast ut av dette. For det første, det å dekka behov for arbeidskraft omfattar meir enn berre import av arbeidskraft: Med arbeidskraft kjem menneske, gjerne med familiar. Dinest er det spørsmål om kor lenge ein treng arbeidskrafta, eller kor lenge innvandrarane faktisk vert verande, når dei først har busett seg. Parallellen til norske røynsler, det vera seg med pakistanarar, tyrkarar eller marokkanarar som kom før innvandringsstoppen i 1975, (6) og gjennom påfølgande familiegjenforeining, og med innvandringa av polakkar og litauarar, er ikkje vanskeleg å trekkja. (7)

Med arbeidskraft kjem menneske, gjerne med familiar.

Polske styresmakter arbeider både for å gjera det enklare for dei som sjølve ynskjer å reisa attende til Polen, men òg for å oppfordra emigrantar om å venda tilbake. Blant anna har styresmaktene oppretta informasjonssider på nettet om retur, og det finst program som skal forenkla byråkratiske prosedyrar i samband med returmigrasjon. (8) Spørsmålet om returmigrasjon er dermed både ei personleg sak og ei sak for familien, men òg eit politisk spørsmål. Så langt er talet på polakkar som reiser tilbake til Polen frå̊ Noreg, nokså lågt, i 2017 ikring like mange som dei som kjem. Tilsvarande retur skjer òg frå̊ andre europeiske land, samstundes som utvandringa òg er pågåande. Sidan den økonomiske situasjonen i Polen har vore relativt stabil og gunstig over fleire år no, og dette ikkje har ført til noka større returbølgje, er det stor uvisse knytt til i kva grad mange ynskjer å reisa tilbake, og eventuelt kva som kan vera utløysande for at det skal skje. Samstundes har Polen dei siste åra teke imot meir enn 1 million ukrainarar som har funne arbeid i landet. Situasjonen i Polen er dermed samansett — ein har både høg arbeidsutvandring og ei høg arbeidsinnvandring.

På individ- og familienivå̊ vender personar tilbake dersom familiesituasjonen krev det. Det kan vera krisesituasjonar, som alvorleg sjukdom eller dødsfall som utløyser ein tidlegare utsett retur. Tilsvarande kan det vera ei krise i parforholdet som fører til anten ei utvandring eller ei tilbakevending. For mange polske innvandrarar i Noreg er skulestarten til borna eit viktig tidsskilje; går borna på norsk skule, opplever mange at det er utfordrande — alt i alt — å skulla gjennomføra ein retur til Polen. Når polakkar i Noreg vert spurde om kvar dei ynskjer å bu i framtida, seier kvar femte polakk at dei ynskjer å flytta tilbake til Polen ein gong i framtida, nesten to av fem ynskjer å bli buande i Noreg, medan ein av tre ynskjer å bu i både Noreg og i Polen. I undersøkingar der innvandrarar vert spurde om kvar dei ynskjer å bu i framtida, er det vanleg å oppgje både opphavslandet og landa dei har busett seg i, og ein kombinasjon av desse. Å definitivt avvisa ein retur til opphavslandet, nokon gong, er for mange eit radikalt og utenkeleg scenario.

Polakkar flest i Noreg forheld seg til familie og venner i Polen, og får ofte ordna både frisør-, tannlege- og legetimar under ferieopphald, men også̊ den politiske situasjonen i Polen er dei opptekne av. Blant dei 100 000 polakkane i Noreg er det openbert mange ulike syn. Som eitt utgangspunkt kan ein rekna med at polakkar i Noreg ikkje skil seg vesentleg frå̊ polakkar i Polen, og nærare bestemt, frå̊ polakkar i heimregionane. Ved siste val i Polen der polakkar i Noreg stemde, var trenden — ut ifrå̊ det som er mogleg å seia — noko som kunne peika i denne retninga. Dei regionale skilnadene i Polen politisk er relativt store, så òg blant polakkar i utlandet.

Den polariserte politiske situasjonen i Polen fargar òg situasjonen blant polakkar i Noreg, der politikk er anerkjend som eit svært kontroversielt tema. Per i dag veit vi relativt lite om dei norske polakkane sitt syn på den politiske utviklinga i heimlandet. Samstundes finst det òg organisert opposisjon til regjeringspartiet i Polen, Lov og rettferd (PiS) i Noreg, som har hatt nokre markeringar i Oslo. Basert på tal frå̊ SSBs levekårsundersøking blant innvandrarar, der òg polakkar var med, var ikkje delen blant polakkar som aksepterte rasistiske utsegner, vesentleg ulik andre grupper. Eitt spørsmål her kan vera i kva grad svar i haldningsundersøkingar er indikative for politiske preferansar. At mange polakkar i Noreg i utgangspunktet er uvande med det mangfaldet som finst i ein by som Oslo, kan ein ta for gjeve. Men kva det inneber for dei og haldningane deira å bu i ein by som Oslo, veit vi for lite om førebels.

Snikkar og sjukepleiar

Medan det er klåre mønster i sysselsetjinga blant polakkar i Noreg, der mange arbeider i bygg- og anleggsnæringa, service og med reinhald, er det i aukande grad ein variasjon i kva for yrke og arbeid som er representerte blant polakkar i Noreg. Blant sjukepleiarar i Noreg finn ein mange polakkar. Det finst òg mange polakkar i Noreg med fullført høgare utdanning frå̊ Polen — kunsthistorikarar, til dømes — som finn seg heilt andre typar arbeid, kanskje som ufaglært arbeidskraft.

For mange av desse er eit endra perspektiv på opphaldet i Noreg viktig. Dersom ein ynskjer å bu i Noreg for ein lengre periode, vil mange av dei sjå etter jobbar der dei kan nytta seg av utdanninga si, som dei er kvalifiserte for — og som dei ynskjer å bruka arbeidstida si til. (9) Difor er det òg mange polakkar som på eige initiativ — dersom dei ikkje får hjelp av arbeidsgivar — set seg på skulebenken for å læra meir norsk. Nokre brukar òg polsklærarar som er busette i Polen, og har norskkurs via Skype. Frivillige aktørar bidreg òg med norskundervising, med tilbod blant anna i regi av Caritas Noreg og Den katolske kyrkja. Medan mange lærer seg norsk og arbeider i yrke der norsk språkkompetanse er påkravd, er det norske språket enno ei utfordring for svært mange polske innvandrarar. (10)

For polakkar som buset seg i Noreg, er det — som for mange innvandrarar — ei utfordring å koma på innsida av det norske samfunnet. Dei som har born i barnehage eller skule, kan lettare finna nettverk med dei som dei har noko til felles med. Men også̊ her er det utfordringar. Her, som andre stader, finst sosiale kodar som det ikkje utan vidare er lett å knekka. Motsett finst òg polakkar som er skeptiske overfor det som er framandt, òg det norske. Difor kan det vera utfordringar i kommunikasjonen, der ein snakkar forbi kvarandre. Og sjølv om Polen og Noreg er del av ein europeisk fellesskap, har dei to landa heilt ulik nyare historie, og både familie og religion har ein annan status i det polske samfunnet enn i det norske. Men først og fremst dreier nok utfordringane seg om språk — om det å forstå kvarandre, men òg om det å viljen forstå kvarandre — begge vegar.

Først og fremst dreier nok utfordringane seg om språk — om det å forstå kvarandre, men òg om det å viljen forstå kvarandre — begge vegar.

Polske liv i Noreg

Sidan fleire polakkar buset seg i Noreg, vert òg fleire born av polske innvandrarar fødde her i landet. I barnehage og skule er det eit aukande medvit om dei polsk-norske borna. Tidlegare vart det lagt meir vekt på polske born og ungdommar og problemstillingar knytte til deira møte med det norske skulesystemet. I dag er dei fleste polsk-norske borna i barnehage og skule fødde i Noreg. Ei relativt kort innvandringshistorie for mange (11) er likevel lang tid for eit barn, og eit heilt liv for ein elev i fyrste klasse, til dømes.

Og sjølv om medvitet og utfordringane om dei polsk-norske borna er aukande i det norske samfunnet, til dømes tospråklegheita, er det framleis utfordringar, til dømes ei usynleggjering av innvandrarbakgrunnen deira — sett bort frå̊ det openberre: førenamn og etternamn. Som born av relativt ferske innvandrarar i Noreg er polsk-norske born òg del av familiar som strekker seg over landegrensene, der heime ofte er både i Noreg og i Polen, der besteforeldre, tanter og onklar og syskenborna bur. Mange polske foreldre er opptekne av at borna skal læra morsmålet sitt, og born deltek på polske laurdagsskular, les polske bøker og ser på polske underhaldningsseriar og filmar. Det er ikkje alltid at den kulturelle og språklege kompetansen desse borna rår over, vert anerkjent, eller nytta, på medvitne måtar i det norske utdanningsløpet.

For mange polakkar er Den katolske kyrkja ein viktig del av kvardagen i Noreg. Med gudstenester på polsk fleire stader i landet er Den katolske kyrkja truleg den institusjonen i Noreg som flest polakkar har eit aktivt forhold til i kvardagen. I påska fyllest kyrkjene av polakkar — men òg andre sentraleuropearar — til påskematvelsigning. Det er ein tradisjon som for mange er viktig å vidareføra til borna, og som stadfestar det kulturelle og religiøse bandet til heimlandet.

Polakkar i Noreg organiserer seg òg, og dei deltek i organisasjonslivet i nokon grad — i politikk, fagforeiningar og samfunnet elles. Diasporaorganisasjonane driv polsk språkundervisning for borna, laurdagsskule, filmvisingar og kulturelle aktivitetar på polsk. Men det er òg ein sterk tradisjon for solidaritet og velgjerande arbeid, til dømes den årlege polske solidaritetsaksjonen i januar — tilsvarande den norske TV-aksjonen. Midlane som vert samla inn, går kvart år til eit utvalt velgjerande føremål, knytt til trengande born i Polen.

Ein kan spørja seg: Lever polakkane «polske liv i Noreg»? (12) Medan nokre arbeider i Noreg og lever liva sine i Polen, og andre att bur her fullt og heilt, er det polske for dei fleste av dei høgst levande og aktuelt som del av den norske kvardagen. Mange tek vare på polske matskikkar, og dei feirar høgtider på tradisjonelt vis, dei aller fleste snakkar openbert polsk heime hjå seg sjølve. Mange tek likevel del i det norske samfunnet, først og fremst gjennom arbeid, men òg gjennom skulegangen til borna og fritidsaktivitetar. For ei innvandrargruppe som stort sett ikkje får noka norskopplæring, er dette viktige integreringsarenaer, viktige arenaer der dei kan bygga fellesskap på tvers av språkleg og nasjonal bakgrunn, til det felles beste.

Noter

(1) https://snl.no/Polske_krigsfanger_i_Norge_1942-1945
(2) Tal om innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre er henta frå̊ SSB (https://www.ssb.no/statbank/list/innvbef?rxid=8b103e94-2a2d-43cb-ab0a-10f4f120b875)
(3) Bygnes, S., & Erdal, M.B. (2017). Liquid migration, grounded lives: considerations about future mobility and settlement among Polish and Spanish migrants in Norway. Journal of Ethnic and Migration Studies, 43(1), 102 — 118.
(4) https://www.dagbladet.no/nyheter/her-er-lille-pakistan-og-store-polen-i-norge/62778050
(5) Friberg, J.H. (2012). The stages of migration. From going abroad to settling down: Post-accession Polish migrant workers in Norway. Journal of Ethnic and Migration Studies, 38 (10), 1589—1605.
(6) https://snl.no/innvandring
(7) https://www.aftenposten.no/meninger/kommentar/i/yjQdr/Polakker-flest-drar-ikke-hjem-De-kan-fort-bli- Norges-nye-pakistanere—Andreas-Slettholm
(8) http://powroty.gov.pl/
(9) https://www.forskningsradet.no/prognett- vam/Nyheter/Arbeidsinnvandring__mer_enn_bare_arbeid/1254031649433
(10) http://www.utrop.no/Nyheter/32127
(11) I SSBs levekårsundersøking blant innvandrarar fann ein blant dei polske respondentane at medianbutida var litt over 5 år. Mediantida er eit anna mål for gjennomsnitt, den midterste verdien i eit sortert observasjonssett.
(12) https://forskning.no/2015/11/mange-polske-innvandrere-lever-et-polsk-liv-i-norge

Mer fra Portal