Portal

Refleksjon over eigen praksis

SYN OG SEGN: Eg er på kontoret ein stille dag i vinterferien. Telefonen ringer, to barn er på lensmannskontoret, far er i fyllearresten og ute av stand til å gjere greie for seg. No ber politiet barnevernet om å ta hand om barna. Kva gjer eg?

Om ein skal dømme etter oppslag i nyheiter eller debattar på sosiale medium, vil ein kunne slutte at barnevernet «tok barna» – at foreldra knapt fekk sjå dei att, eller motsett – at barnevernet venta til far hadde sove ut rusen, lova bot og betring, og at barna vart sende tilbake til han som heldt fram med å ruse seg.

Som engasjert i barnevernsarbeid i meir enn 30 år veit eg at sanninga er noko heilt anna enn det svartkvite biletet ein ofte får presentert i avisene og i sosiale medium. Å jobbe i barnevernet handlar om å utføre eit samfunnsoppdrag: sikre og trygge rammene og kvardagen for utsette barn. Ofte vert barnevernet tilkalla når andre har mislukkast med sine tiltak, og det er forventingar om at barnevernet skal ordne det andre ikkje klarar å ordne opp i. Så vert det barnevernet si oppgåve å finne ny veg i eit komplekst samspel mellom behova til barna og foreldras forståing, vilje og evne til å gjere dei endringane som må til for at barnet skal få det godt nok. Korleis bygger ein relasjon, og korleis oppnår ein tillit til menneske i situasjonar fulle av frykt, skam, sinne eller opplevingar av å vere misforstått, slik det ofte er når barnevernet vert tilkalla?

I tilfellet med faren i arresten var utgangspunktet «enkelt» – hjelpe barna, der og då. Heldigvis var me fleire på jobb denne dagen, og lensmannskontoret var rett over vegen. Barna vart henta, fekk mat og forvissing om at me skulle finne mor, og at nokon ville sjå til med far. Etter å ha snakka med den ansvarsmedvitne drosjesjåføren som hadde køyrt faren og barna, og forvissa han om at me tok ansvar for barna, førte eit aktivt detektivarbeid til at me til slutt fann mora, som kasta seg i bilen med det same. Etter fire timar var barna tilbake hjå mor, som tok vel imot dei. Me som i løpet av ein dag vart kjent med to små barn i krise, kunne glede oss over at frykt og utryggheit vart avløyst av lette og glede.

Og nettopp slik kan barnevernsarbeid vere: akutt, overraskande, kjensleladd og med mykje takksemd når ein med omsorg, faglege vurderingar og kreativitet finn gode løysingar.

Som oftast er kvardagen i barnevernet langt meir kompleks enn i dømet over, for barnevern handlar om å verne dei mest utsette barna i landet. Ikkje sjeldan er det konflikt og bitter kamp mellom barnas behov og foreldras interesser.[1] I slike tilfelle blir barnevernsarbeid ekstra utfordrande.

GOD RELASJON

Så kva er det som likevel gjer det meiningsfylt å jobbe i barnevernet? Med så mange presseoppslag og så mykje debatt som det har vore om barnevern dei siste åra, har eg reflektert over eigne erfaringar frå barnevernsarbeidet, kva utfordringar eg har stått overfor, kor eg og kollegaane mine har trødd feil, kva me har lukkast med, og kva tiltak som har vore vellukka. Det er det denne artikkelen skal handle om.

Sidan eg byrja å arbeide med barn for 35 år sidan, har barnevernet vore gjennom store endringar, ikkje minst når det gjeld sakshandsaming. Som ein konsekvens av auka krav til rettstryggleik og ønske om standardisering av arbeidet har det kome ei rekke nye juridiske og formelle prosedyrar som barnevernet må halde seg til. Det er større krav til dokumentasjon og til å halde fristar. Ein skal utarbeide skriftlege planar og ha rutinar for å evaluere og gi tilbakemelding. Og ikkje minst har det kome krav om at barnevernet skal snakke med barna i alle saker, ikkje berre med foreldra. Dette er viktige verkemiddel for å sikre innsyn og rettstryggleik, og for å velje tiltak som gir dei endringane ein ønsker.[2]

Prosedyrar bidrar til å halde orden i eit uoversiktleg landskap, men dei er ikkje alltid tilstrekkelege for å forstå og bidra til endring for dei barna og foreldra ein møter i barnevernet.

Ein hovudbodskap frå Barnevernsproffene[3], ei gruppe ungdomar som alle har vore gjennom tiltak frå barnevernet, og som arbeider med å spreie kunnskap og erfaring, er nettopp å få oss til å sjå barna, lytte til dei, vise omtanke, vere medmenneske. Deira engasjement har ført til at ordet kjærleik er kome inn som eit sentralt omgrep i revideringa av barnevernlova.

I barnevernsfaget snakkar me om å bygge relasjon, å kunne ta den andre sitt perspektiv og å stå fram som eit medmenneske.[4] Verdien av relasjonar er godt kjend frå andre sektorar også, til dømes innanfor psykiatrien.[5] Det er viktig at behandlaren har god fagleg innsikt og kunnskap, men utan ein god relasjon vert det lite endring, heller ikkje i barnevernet. Korleis eg «bruker meg sjølv» i det daglege arbeidet, er noko som opptek meg meir og meir.

BREITT SPEKTER AV OPPGÅVER

Engasjementet mitt for barnevernsarbeid starta då eg jobba som miljøterapeut på ein ungdomspsykiatrisk behandlingsheim på 1980-talet. Der møtte eg ungdom som hadde vakse opp med foreldre med alvorlege psykiske lidingar, barn som måtte passe på foreldra sine. Eg hugsar ei jente som hadde budd med mor si og dei stadig vekslande kjærastane hennar, ein gut som måtte gøyme seg og småsøskena sine under trappa når mor vart psykotisk. Ofte var eg og kollegaane mine sjokkerte over at ingen tidlegare hadde gjort noko for ungdomane.

Då eg så flytta til ein annan kant av landet, var eg glad for å få jobb i barnevernet. Eg ville gi familiar hjelp og sørge for at utsette barn fekk kome til nye heimar før det var for seint. Eg ville hjelpe barn og ungdom vekk frå ein oppvekst som kunne gi varige skadar. Målet var klart, men det skulle vise seg å vere langt meir krevjande å nå enn eg hadde trudd.

I 1985 var barnevernet ofte ein del av sosialkontoret i kommunane, som hadde eit breitt spekter av oppgåver, alt frå heimehjelp, stønad til oppretting av telefonlinje, innlegging på rusinstitusjon, og altså barnevern. Alle tiltaka vart lagde fram for eit sosialstyre eller for barnevernsnemnda til godkjenning. Sosialsjefen der eg jobba, hadde inga sosialfagleg utdanning, til liks med mange andre sosialsjefar den gongen, men eg var heldig, på kontoret var det ein sosionom. Og som barnevernspedagog fekk eg, blant mange oppgåver, ansvar for barnevernssakene.

Ei av dei første oppgåvene var å besøke ei mor med ei dotter på fire år. Dei budde i ei sokkelleilegheit, mor hadde nettopp fått dagleg omsorg etter ei barnefordelingssak. Retten tilrådde òg at jenta gjekk i barnehage. Og det vart mi oppgåve å få mor med på dette. Svært spent ringde eg på dørklokka til den vesle familien, og venta. Ville eg sleppe inn? Andre som hadde vore her tidlegare, kom til låst dør, med høglydt snakk innanfor – og måtte gå heim med uforretta sak.

Eg håpte at døra ikkje vart opna. Men det vart ho, eg slapp inn til ei sliten, sint og høgrøysta kvinne og eit lite barn i altfor store klede; ho sat på golvet og bygde lego, med gardinene godt trekte for. Det lukta innestengt og var varmt, det var klede og matrestar overalt, eg fekk servert lunken pulverkaffi og kjeks. Den vesle jenta fekk tomatsuppepulver rett frå posen.

Eg fann plass på ein stol, sette meg ned. Korleis kan den vesle jenta bu her, tenkte eg. Kvifor har ingen gjort noko før? Og kva skal eg gjere med dette? Eg hadde mest lyst til å ta med meg barnet. Etter ein times prat og observasjon takka eg for meg, fylt opp av mors taleflaum og eit forsett om å få barnet ut, men også med tankar om korleis det kunne vere for mor.

KOMPLEKSE FORKLARINGAR

Psykolog Øyvind Kvello skriv at «å jobbe i barnevernet handler om å forstå når barn må beskyttes fra krenkelser og overgrep, og å ha tilstrekkelig mot til å handle selv der foreldre forsøker å avlede eller hindre en fra det, eller når samarbeidspartnere ikke gir en tilslutning eller går imot ens vurderinger»[6]. For å hjelpe jenta i kjellaren kravdest alt dette – forståing, mot og uthald – og respekt for mor i familien, samstundes som ein ikkje miste oppdraget av syne: å sikre barnet.

Det skulle ta to år og ein svært fleksibel besøksfamilie før me fekk på plass ei ordning. Jenta skulle vere halv tid borte frå mor. Det tok sju år til og ei ny barnevernlov før barnevernet til slutt fekk omsorga for jenta. Først då fekk barnet ein kvardag utan å vere eksponert for det uføreseielege sinnet til mora heile tida, med utskjelling og vrangførestillingar i tillegg til manglande praktisk omsorg.

Noreg har lang tradisjon for at det offentlege tar ansvar for utsette barn. Lov om verjemål kom alt i 1896. Hovudtiltaket i lova var «bortsetting for oppfostring», anten i barneheim eller til adopsjon. Sidan kom lov om barnevern i 1953, ny kunnskap om barn og utvikling gav tru på det enkelte barnet og på behandling. Hjelpetiltak kom inn som tillegg til omsorgsovertaking. Lov om barneverntjenester (barnevernlova) i 1992 bidrog til større profesjonalisering av sakshandsaming, myndigheit vart flytta frå folkevalde organ i kommunen til profesjonane og juristane gjennom fylkesnemnder.[7] Lova gav tydelege partrettar, både til foreldre og ungdom over 15 år, som fekk rett til eigen advokat. Seinare har det kome fleire lovendringar som fylgje av ny kunnskap om til dømes utviklingspsykologi eller konsekvensar av omsorgssvikt og vald.

Ofte les me om kritikk mot barnevernet, at det blir sett i verk feil tiltak, eller at tiltaka ikkje hjelper. Ei gruppe forskarar har sett på effekten av tiltaka i barnevernet,[8] men for å studere effekten må ein sjå nærmare på kva dei er tenkte å motverke eller kompensere for. Forskarane har difor sett på kva vanskar familiar med langvarig kontakt med barnevernet står i. Felles for mange av dei er ustabile livssituasjonar hjå både barna og foreldra. Det er store utfordringar knytte til omsorg for barna, dels er det knytt til problem med foreldras helse, særleg den psykiske helsa, låg inntekt, og konflikt med noverande og/eller tidlegare partnarar eller andre familiemedlemmar. Det er òg utfordringar knytte til ungane, som mobbing, ulike funksjonsnedsettingar eller det å finne seg til rette sosialt.

Funna hjå forskarane stemmer godt med erfaringane eg har frå eigen praksis. Ofte er vanskane i familiane komplekse og samansette. Mange av dei har liten familie og lite nettverk å stø seg på. Og har ein løyst ei utfordring, dukkar det straks opp ei ny. Familien er ikkje sjeldan omringa av eit profesjonelt hjelpeapparat som er engasjert på kvart sitt område, og det er ikkje alltid dei arbeider så godt saman.

Å PEIKE PÅ FEIL OG SVIKT

Då eg møtte barnet i sokkelleilegheita første gongen, var det den kommunale barnevernsnemnda som skulle avgjere om jentungen kunne fortsette å bu hjå mor, eller om ho skulle vekse opp hjå fosterforeldre. Mi oppgåve var å beskrive det eg såg, og dokumentere kva fylgjer ein slik oppvekst kunne ha for barnet, men på måtar som kunne få medlemmane i barnevernsnemnda til betre å forstå. Det viste seg å vere langt vanskelegare enn eg hadde trudd.

På den eine sida vart det vanskeleg å finne ord for kaoset og det som møtte meg – og samstundes omtale mor med respekt. Den danske filosofen Knud E. Løgstrup skriv at «Den enkelte har aldri med et annet menneske å gjøre, uten at han holder noe av dets liv i sin hånd»[9]. Idet ein har møtt eit anna menneske, er ein ikkje lenger likegyldig til det. Slik eg tolkar Løgstrup, ber også eg og andre i barnevernet på eit ansvar for «den andre», for barna og familiane, og for at dei skal føle seg respekterte og verdsette. Det kan vere særleg utfordrande når interessene til barna og foreldra er i konflikt, og ein må påpeike feil og svikt i omsorga.

Og nettopp fordi eg hadde blitt kjent med mora i sokkelleilegheita, var det vanskeleg å beskrive kaoset, luktene, men også ho, den redde og mistenksame mora, på truverdige måtar, utan at eg avslørte korleis ho kom til kort. Og dess oftare eg møtte mora, dess oftare såg eg ho også som noko meir enn ei brikke i ein profesjonell relasjon, som eit menneske med si historie og sine erfaringar, korleis ho òg hadde humor og omtanke for barnet sitt, sjølv om det ofte fekk feil og ufrivillige utløp. Ho var jo berre så altfor dårleg til å ha omsorg, både for seg sjølv og for barnet.

Den gongen mangla eg ord og erfaring, og medlemmane i den kommunale barnevernsnemnda, som alle var «gode samfunnsborgarar», klarte ikkje å sjå for seg at nokon verkeleg kunne leve under slike tilhøve. Difor valde eg i staden å omtale andre, mindre konfronterande og meir nøytrale tema i rapporten frå sokkelleilegheita og forholda rundt barnet.

I ein av rapportane skreiv eg mellom anna at barnet, som no var fem, ikkje kunne gå i trapper, som eit døme på manglande stimulering. Det viste seg å vere eit dårleg val, for ei av medlemmane i barnevernsnemnda budde i eit hus utan trapper og hadde barn som heller ikkje hadde særleg erfaring i å forsere trappetrinn. Om dette var eit døme på omsorgssvikt, kunne det gjelde langt fleire, jamvel medlemmar i barnevernsnemnda. Og når eg ikkje klarte å formidle dei faktiske manglane i omsorga, var det fordi blikket mitt og forståinga av situasjonen var feil eller utydeleg?

STEREOTYPIAR

Å beskrive og vurdere det ein ser, er noko som mange barnevernstilsette kan streve med. Som medlem av Yrkesetisk Råd i FO, Fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar[10], er eg med på å behandle klagar på nettopp fagtilsette i sektoren. Fleire av klagane rettar seg mot rapportar frå barnevernet, som foreldre opplever som krenkande. Foreldra opplever at opplysningane om dei er tatt ut av samanhengen, til dømes kva betydning det har om det står søppelsekkar i gangen, eller om kattekassen ikkje var tømt då barnevernet var innom.

Sjølv fekk eg ei viktig påminning om dette for fleire år sidan. Eg skulle vurdere om det var grunnlag for å la ein liten gut flytte tilbake til faren. Far hadde skaffa seg ein betre bustad nærmare jobben, hadde tatt opp att kontakten med meir familie og meinte at tida var inne til å ta hand om det yngste barnet. Saman med tiltaksarbeidaren i barnevernstenesta inspiserte eg huset for å sjå nærmare på organiseringa av heimen, reinhald, om det var ryddig der, og høyre korleis far planla det nye livet. Me la merke til at det var rot og støv i gangen. På badet vart det ein stor haug med skittentøy, i stova var det skitne tallerkenar, og på kjøkkenet stod det oppvask. I bilen tilbake oppsummerte me at, jau, kanskje ville det vere mogleg for guten å flytte, men det såg likevel ikkje heilt greitt ut. Var det i det heile mogleg for guten å flytte heim?

Tre timar seinare kom eg heim til meg sjølv og tok meg i å sjå mitt eige hus ein fredag ettermiddag.

Med denne enkle erfaringa har eg seinare blitt medviten om korleis eg omtalar måtane familiar organiserer liva sine på, kva som er relevant å vite, kva rot eller støv, flyttekassar i gangen, leiker utover heile huset, eller ein haug med skittentøy betyr – eller ikkje betyr – for livskvalitet og utviklingsmoglegheiter for eit barn – eller om det ikkje er teikn til at det bur barn i heimen i det heile. Nokre gonger kan informasjon om den praktiske situasjonen i heimen vere svært relevant, som i tilfellet med jenta i sokkelleilegheita, ho som knapt kunne røre seg i ein heim full av rot og kaos. Men trass i rot, støv og flyttekassar: Det som er mest relevant og viktig å seie noko om, er relasjonen mellom barna og foreldra, og korleis foreldre møter barnas behov, og samstundes kan sette eigne behov til side når det er naudsynt.

TAUS KUNNSKAP

Barneoppdraging er i stor grad «taus kunnskap»; me har med oss referansar frå eigen oppvekst, og om me er foreldre, frå eige foreldreskap. Det kan vere vanskeleg å beskrive kva ein gjer som foreldre, og kvifor, og kva som er godt nok. Det har vore lite felles språk for å beskrive dei behova barn har for tilknyting og utviklingsstøtte, noko som kan gjere det vanskeleg å forklare og greie ut kva slags relasjonar mellom foreldre og barn som ein eventuelt reagerer på, og det på måtar som kan få foreldra til å forstå og til å gjere endringar. Ny forsking og kunnskapsutvikling, mellom anna utvikling av omgrepet mentalisering – som betyr å sjå seg sjølv utanfrå og andre innanfrå – har vore eit viktig verktøy for å forstå kva barnet treng[11].

Ein går inn i kvar situasjon med ei forforståing.[12] Basert på tidlegare erfaringar, verdiar og eigen bakgrunn skaper ein ei forventning om kva som ventar ein bak neste dør. Og om ein ikkje er medviten om kva som kan møte ein, er det lett å ta feil:

Eg er engasjert for å hjelpe ei mor til å snu utviklinga til dottera, som stadig er borte frå skulen og på veg inn i eit miljø med rus. Ei utfordring for mora var å gi uttrykk for ei klar forventning til dottera om at ho skulle vere heime, og at ho skulle gå på skulen. For å få jenta til å vere meir heime var eit av tiltaka å finne gode, naturlege samværspunkt i familien. For meg er det sjølvsagt at familiar et middag eller eit anna måltid i lag i løpet av dagen. I denne familien, der mor var godt vaksen, hadde utdanning og jobba i helsevesenet, fall det meg ikkje inn å spørje om dette. Det tok nesten to månader før det var klart for meg at dei korkje åt middag eller andre måltid i lag. Og det gav meg verdfull erfaring: Ein kan ikkje ta for gitt at andre lever liva sine slik som ein sjølv gjer, same kor normale familiane ser ut og verkar.

No og då unnlèt me å undersøke godt nok fordi me trur og førestiller oss at andre tenker og lever slik som oss, andre gonger att har me gjort oss opp meiningar om dei andre ut frå stereotype haldingar og idear. I møte med familiar frå andre kulturar vert dette særleg aktualisert. Marianne Rugkåsa, Signe Ylvisaker og Ketil Eide,[13] som har forska på sosialt arbeid med innvandrarfamiliar, seier at det er særleg viktig å interessere seg for verdiar og intensjonar bak dei vala familien gjer. Gjennom å lære kva som er viktig for den andre, kan ein også betre gå i dialog om likskap og ulikskap, om kulturelle forventningar – og til sjuande og sist om lov og rett. Slik kan ein også forstå intensjonen i handlinga og lettare unngå å dømme ut frå eige verdisyn. Ved at ein er interessert og open for alternative forståingar og handlingar, kjenner dei andre seg sett, og verdsette, og det er mogleg å etablere eit samarbeid der det er nødvendig.

Å TOLE Å STÅ I KONFLIKT

Ein viktig lærdom eg har med meg frå grunnutdanninga, er å ha eit kritisk blikk både på systemet og på eigen praksis. For å få dette til er det nødvendig å ha ein arbeidskultur med rom for kritisk refleksjon, der ein er open for alternative tolkingar av situasjonane ein står oppi. Kanskje skal me oftare – slik Helene gjer det i NRK-programmet «Helene sjekkar inn» – tillate oss å stille dei gode spørsmåla om eigne, vedtatte sanningar og haldningar om at «slik gjer me det her».[14]

Eit slikt arbeidsmiljø kan også gi støtte til å halde ut. Psykolog Per Isdal, som i mange år har jobba med valdsutøvarar, var oppteken av korleis det er for terapeutar eller hjelparar å stadig møte menneske i kriser, lytte til historier, ta inn over seg vanskar, og innimellom kjenne seg ute av stand til å hjelpe.[15] Med utgangspunkt i eigne erfaringar beskriv han korleis overbelastning kan gi fare for forflating, manglande engasjement og utbrentheit.

I periodar har eg fått lita støtte, sjølv om eg har arbeidd med vanskelege saker. Ikkje alltid har eg klart å opne opp, vere interessert eller årvake sjå etter moglegheiter for vidare utvikling, slik eg burde og slik eg ønsker. Kan hende har eg heller sett etter moglegheit for ei rask avslutning av sakene, for slik å sleppe å forhalde meg til sinne, fortviling og hjelpeløyse hjå andre? Kanskje har eg stundom også vegra meg mot å gå inn i konfliktar? Andre skriv at motet til å møte liding hjå andre ikkje fylgjer med auka kunnskap, og at ein viktig del av det å vere sosialarbeidar eller barnevernsarbeidar er å tole å stå i uvisse og møte dei kjenslene som dukkar opp i oss sjølve. Dette er ikkje noko ein kan lese seg til, det må øvast opp i møte med andre.[16]

For å få dette til må ein ha ein arena for å dele erfaringar, for å romme dei reaksjonane ein får i arbeid med utsette barn og familiar. Eit godt arbeidsmiljø, med faste rutinar for rettleiing og refleksjon, er viktig for å forstå den andre sine vanskar, men også kva arbeidet gjer med ein sjølv. Eit rom for å dele fortviling, følelse av avmakt og usikkerheit om løysingar, men også suksesshistorier, er noko tilsette i barnevernet må ha tilgang til. Like viktig som fagleg påfyll og kursing er det å legge til rette for refleksjon over både eiga rolle og kompleksiteten i saka ein jobbar med. For å tole å stå i konflikt og uvisse over tid treng ein både fagleg og ikkje minst personleg støtte.

No står me framfor eit stort kompetanseløft i barnevernet. Då håper eg at det er gitt stort rom for nettopp refleksjon og rettleiing. For å ha eit godt barnevern er det ikkje nok at dei tilsette har kunnskap om barnevernlov og saksbehandling, me må ha engasjerte fagfolk som også har personleg mot til å gå inn i relasjonar, og som har støtte frå kollegaar, leiarar og lovgjevar til å vere der sjølv når det stormar.

I artikkelen bruker eg fleire historier frå praksis. Desse er anonymiserte og sette saman av fleire ulike saker eg har arbeidd med opp gjennom åra.


Artikkelen er en del av tidsskriftsamarbeidet Portalen, den sto opprinnelig på trykk i Syn og segn.

Fotnoter

[1] Kvello, Ø. (2010). Barn i risiko. Skadelige omsorgssituasjoner. Oslo: Gyldendal Akademisk.

[2] Lov om barneverntjenester 1992, sist endra 2017.

[3] Høyringssvar frå Barnevernsproffene til forslag til ny barnevernlov https://www.regjeringen.no/contentassets/8e0863175592420298841778f8541c13/barnevernsproffene_.pdf

[4] Skau, G.M. (1998). Gode fagfolk vokser – personlig kompetanse som utfordring. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

[5] Ulvestad, A.K., Henriksen, A.K., Tuseth, A.G. & Fjeldstad, T. (2007). Klienten – den glemte terapeut. Brukerstyring i psykisk helsearbeid. Oslo: Gyldendal.

[6] Kvello, Ø. (2010). Barn i risiko. Skadelige omsorgssituasjoner. Oslo: Gyldendal Akademisk.

[7] Barne- og familiedepartementet (2000). Barnevernet i Norge – Tilstandsvurderinger, nye perspektiver og forslag til reformer. NOU 2000:12. Henta frå regjeringen.no.

[8] Fauske, H., Kvaran, I. & Lichtwarck, W. (2017). Hjelpetiltak i barnevernet. Komplekse problemer og usikre virkninger. I Fontene forskning 2/2017.

[9] Referert i Henriksen, J.O. & Vetlesen, A.J. (2006). Nærhet og distanse. Grunnlag, verdier og etiske teorier i arbeid med mennesker. Oslo: Gyldendal Akademisk.

[10] Stå opp for trygghet. Yrkesetisk grunnlagsdokument for barnevernspedagoger, sosionomer, vernepleiere og velferdsvitere, vedtatt på FOs 6. kongress mars 2015.

[11] Sjøvold, M.S., & Furuholmen, K.G. (2015). De minste barnas stemme. Utredning og tiltak for risikoutsatte sped- og småbarn. Oslo: Universitetsforlaget.

Powell, B., Cooper, G., Hoffman, K. & Marvin, B. (2015). Trygghetssirkelen – en tilknytningsbasert intervensjon. Oslo: Gyldendal Akademisk.

[12] Aadland, E. (1998). Etikk for helse- og sosialarbeidarar. Oslo: Det Norske Samlaget.

[13] Rugkåsa, M., Ylvisaker, S. & Eide, K. (2017). Barnevern i et minoritetsperspektiv. Sosialt arbeid med barn og familier. Oslo: Gyldendal Akademisk.

[14] Intervju med Helene Sandvik. I Fontene 10/17.

[15] Isdal, P. (2017). Smittet av vold. Om sekundærtraumatisering, compassion fatigue og utbrenthet i hjelperyrkene. Bergen: Fagbokforlaget.

[16] Ånonsen, M.S., & Sæheim, A. (2017). «Å møte menneskers lidelsesfortellinger». I Fontene 09/17.


Mer fra Portal