Annonse
15:46 - 13. mars 2018

På varemesse for folkemusikk

FOLKEMUSIKK: For andre år på rad var ein norsk artist vald ut til å spele på Womex, verdas største bransjetreff for tradisjonsmusikk og etnopop. Korleis opplevast det?

Spontant skandinavisk buskspel: Riksspelman Lena Jonsson, Leo Svensson Sander og Marius Graff. Plassen er inngangspartiet til Spodek – Romskipet – der partykonsertane om kvelden blir haldne. Alle foto: Audun Stokke Hole
Annonse

Folkemusikk er det einaste magasinet i Noreg som heilt er vigd til folkemusikk og folkedans. Vi formidlar nyhende frå dei norske folkemusikk- og folkedansmiljøa – frå lokallag til profesjonelle aktørar – melder nye utgivingar og debatterer aktuelle tema. 

Alt om min papa
Setesdølen Torleiv H. Bjørgum etterlét seg ein stor musikalsk arv. Alt skal no samlast i eit stort multimedialt verk, og første del blei nett sleppt.

Heime hos Larsens
Gjermund Larsen, spellemannprisvinnar i folkemusikk 2014, kjem frå ein musikalsk familie. Vi møtte dei alle på heimgarden i Verdal for ein musikkprat.

Denne artikkelen er hentet fra en av samarbeidspartnerne i Morgenbladets tidsskriftportal. Se mer fra norske tidsskrift i PORTALEN

– Eg søkte på nettsida deira, la inn ein søknad og blei plukka ut. Det er først i ettertid eg har skjønt at dette er sjeldan – det er berre tre–fire artistar kvart år som blir vald ut til programmet på denne måten, fortel Erlend Viken nokre veker før han reiser til Womex 2017 med trioen sin.

Det er andre år på rad med ein norsk showcaseartist på Womex; i 2016 var Torgeir Vassvik vald ut. Sidan starten i 1994 har berre 14 norske artistar spelt på det offisielle Womex-programmet. Erlend Viken Trio har førebels berre turnert i Europa, og Viken vonar at Womex kan vere ein døropnar vidare ut i verda.

– Eg har vore på turné i USA og Canada tidlegare, som vikar for Olav Mjelva i Nordic Fiddlers Bloc, og det gav meirsmak. Særleg Canada, den trivelegare naboen til USA, er ein interessant marknad. Dei har spennande levande tradisjonar der, og då har publikum nokre knaggar å henge musikken vår på.

Norsk folkemusikk er framleis ganske usynleg på den internasjonale folkemusikkmarknaden. Ein av grunnane forstår ein når ein kjem til Womex: Konkurransen er beinhard.

Lillehammer-effekten. I 2017 blir Womex halde i Katowice i Polen. Frå Noreg reiser mellom anna organisasjonane Folkorg og Music Norway, festivalane Førdefestivalen og Festspela i Bergen og plateselskapa Grappa og Ta:lik. Og så har du slike som Hilde Fjerdingøy, som både speler, bookar eigne konsertar og har eige plateselskap – slikt blir stadig vanlegare.

Womex var, kanskje ikkje overraskande, eit tysk påfunn. I 1988 gjekk forløparen Berlin Independent Days av stabelen første gong i Berlin, i 1991 den enda nærare forløparen Worldwide Music Days – og i 1994 var Womex realitet. Same året skapte Lillehammer-OL nasjonalromantisk feber her heime, og auka interesse for Sissel Kyrkjebø, isbjørnar og hardingfeler ute i verda. Fleire av nordmennene eg møter på Womex hadde sitt første år her i 1994.

– Eg kallar det «Lillehammer-effekten», seier Bjørn Ole Rasch, professor i rytmisk musikk på Universitetet i Agder. I 1994 var han den fjerde uoffisielle medlemmen i den offisielle Lillehammer-OL-artisten Bukkene Bruse.

– I samband med OL i -94 blei vi mest tvinga til å syne verda kven vi var – og oppdaga at folk var interesserte i kulturen vår. Eg kjenner meg heldig som fekk oppleve Lillehammer-effekten. Vi nordmenn må tore å tru på at kulturen vår er verdifull!

I samband med OL i -94 blei vi mest tvinga til å syne verda kven vi var.

Bjørn Ole Rasch

I år har Rasch med seg cd-en Ferd, fonogramversjonen av forskingsprosjektet Music Without Borders, som har teke mykje av tida hans dei siste fire åra. Han er mellom dei som reiser på Womex også dei åra han ikkje har noko spesielt å selje. Treffen er ein unik sjanse til å investere i eigen karriere, og effekten av å vere til stades er større enn mange trur, meiner han.

– Dette er familien min! No har eg sete her i tre timar, og når den eine går, kjem den neste bortom for ein prat. Nokre har eg ikkje sett på ti år, og då vil dei høyre om kva som har skjedd i norsk folkemusikk sidan sist. Slike folk gjer ein kjempeinnsats for å spreie kunnskapen om det norske rundt om i verda – det er ei stor glede for meg å sjå at dei framleis held på!

Nordisk matiné. Womex er mykje. Her finst mellom anna eit radiostudio, som NRKs Sigbjørn Nedland tok initiativ til i 2008; filmrom med eit framifrå utval polske musikkfilmar; seminar i fleng og eit omfattande akademisk program – Sibelius-akademiet er mellom dei som er flinke til å sende folkemusikkstudentar hit. Men Womex er nok først og fremst ein marknadsplass, ei varemesse for verdsmusikken.

Kappverdiske Bitori presenterer forrykande toradarmusikk.

Messehallen er tolv meter under taket, med 8000 kvadratmeter golvplass til dei 2600 delegatane – 300 av dei er artistar som speler på Womex. Mellom 300 standar finn vi den norske side om side med Danmark, Sverige og Finland sine. Dei nordiske landa samarbeider om litt av kvart, ikkje minst om vekas høgdepunkt: Nordic at Noon fredag klokka tolv.

Rikeleg med akevitt og fenalår er teke med frå Noreg til høvet. Mannskapet frå Folkorg og Music Norway skjer og skjenker i rasande tempo, medan dei svarer på spørsmål og gir ut ulike flygeblad og cd-ar. Det er mange som vil ha ein bit av Norden og ein prat med nordbuane.

Erlend Viken Trio er på plass. Dei presenterer seg, og byrjar å spele ein låt – men lynsnart er ei vakt på plass og ber dei om å stoppe. I gamle dagar var det visst masse levande musikk i messeområdet, men kakofonien av eit utal folke- og verdsmusikkartistar blei for heftig til at lét seg gjere å ha produktive møte. Den norske trioen må smørje seg med litt tolmod – om ein dryg time skal dei på scena på ordentleg.

– Norsk folkemusikk har eit enormt potensial utanlands, erklærer Grappa-general Helge Westbye, sidan 1995 også sjef for folkemusikkplateselskapet Heilo, som han kjøpte av grunnleggar Hallvard Kvåle (første plata til selskapet var Kvifte, Bjørgum, Stubseid og Bråten Bergs legendariske Slinkombas i 1979). 

– Det er ein større marknad for Grappa sine utgivingar utanlands enn i Noreg i dag. Men det krevst hardt arbeid for å lukkast – og ein må gjere mykje meir enn å reise på Womex.

Westbye er mellom dei som har heile avtaleboka fylt opp før Womex tek til. Grappa har folk som arbeider for seg i heile verda året rundt, og det er praktisk å møte eksportkontaktane på Womex, fortel han. Men at musikkbransjen har endra seg mykje, merker han godt.

– Dei tradisjonelle plateselskapa er borte. Ein har lenge hatt ein overproduksjon av plater, som omsider held på å minke. Det er nok litt færre folk på Womex enn på 90-talet – men dei som er her, har blitt meir profesjonelle.

Norsk folkemusikk har eit enormt potensial utanlands.

Helge Westbye

Dei store marknadene for Grappas musikk er dei same som før: Frankrike, Japan, USA, England og, ikkje minst, Tyskland. Du finn truleg like mange norske folkemusikkplater i ein gjennomsnittleg tysk platebutikk enn du finn i ein norsk. Tyskarane er mange og bur spreidde – og svært mange av dei føretrekker framleis cd-ar.

Det tek tre år. Ein god del artistar reiser til Womex for eigen maskin, nokre tilmed med heilt eigen stand. Helge Westbye i Grappa har ikkje veldig stor tru på det.

– Ein treng representasjon, nokon som kan snakke pent om deg og kjenner bransjemekanismane: plateselskap, bookingagent, manager eller anna. Eg har møtt mange artistar som får sjokk av å møte marknadsverkelegheita på Womex – det kan vere traumatisk om ein ikkje veit kva ein går til.

Olga Solyanik er på Womex med husbond og kollega Klemet Anders Buljo. Dei held til i Alta, her dei driv Audioland – plateselskap, management og lydstudio i eitt. På Womex er dei for tredje gong, travle og tilsynelatande med eit godt grep om marknadsrealitetane.

– No byrjar vi verkeleg å få ei forståing av kva som går føre seg her, seier Solyanik. Vi fekk ein del kontaktar i fjor, som vi følger opp i år. Det tek tre år å komme inn i dette.

Ein annan treårsjubilant på Womex 2017 er Hilde Fjerdingøy, durspelar frå Svalbard og Svenningdal. Ho har med seg den svenske felespelaren Hanna Andersson, som ho gav ut plate med i mars. Andersson er Womex-debutant, og er glad for å ha ein erfaren guide med seg.

– Hilde er min leiestjerne i dette samansuriet av menneske! utbryt ho. 

– Det er spennande, men det tek ei stund å komme inn i det. Eg kjenner sakte, men sikkert at eg byrjar å forstå ting, korleis det er lurt å jobbe når ein er her.

Det er ikkje enkelt å vere artist som gjer alt arbeidet sjølv på Womex, vedgår Fjerdingøy. Dei skulle gjerne hatt eit bookingbyrå til å ta seg av konsertbiten. Men dei blir kjende med vanvitig mykje folk når dei jobbar slik, og kjem heim med mange nye kontaktar – og gode historier.

– Dette er ei heilt anna side ved det å vere musikar, både vanskeleg og spennande. Womex er ein bra stad å øve seg på slikt! ler Andersson.

Womex (World Music Expo)

 

Bransjetreff for tradisjonsmusikk og etnopop frå heile verda. Blir halden kvart år, normalt i oktober. 

Womex 2017 blei halde i Katowice i Polen. I 2018 er Las Palmas de Gran Canaria, Spania, vertskap. 

Womex blei grunnlagt av det Berlin-baserte plate- og produksjonsselskapet Piranha. Selskapet har gitt ut meir enn 150 plater med tradisjonsmusikk frå heile verda, og er i dag noko av eit mediehus, med musikkforsking inkludert i porteføljen.

 

I alle tilfelle er det svært få som driv med folkemusikkbooking i Noreg. Andersson fortel at det er likt i Sverige: Dei fleste folkemusikkartistane gjer mykje sjølve. Å booke konsertar i inn- og utland er éin ting, i dag bør ein i tillegg vite kva tid på døgnet det lønner seg å legge ut eit Instagram-bilete eller ein Facebook-post, og atter anna. På Womex møter ein folk frå heile næringskjeda, og ein ser kva som faktisk krevst av ein artist.

– Mange av desse tinga bør ein kunne sjølv om ein har folk til å jobbe for seg, understrekar Andersson.

Å vere produktet. Akevitten er tømt på Nordic at Noon, og det er på tide å finne auditoriet der Erlend Viken Trio skal spele. Torgeir Vassvik, den samiske vokalisten frå Gamvik som stod på programmet året før, fortel at livet går sin vante gang også etter Womex. Marknadsstrategien hans er uendra: Apparatet hans består framleis av han sjølv og manager og livspartnar Babette Michel, nett slik han vil ha det.

– Det er ikkje «sesam, sesam» å ha spelt på Womex. Men det er ein døropnar inn i eit anna segment av arrangørar og produsentar. Mange av dei eg blei kjend med her i fjor, har eg halde kontakt med og møter igjen her i år.

Dei som får mest ut av ein Womex-showcase, meiner Vassvik å sjå, er dei som har masse på gang før dei speler her. Dei med eit apparat rundt i verda som har spreidd ordet om deg på førehand.

– Då blir Womex eit utstillingsvindauge inn i alt det du har gåande, seier han. 

– I alle tilfelle er det etter Womex at det harde arbeidet byrjar.

NRKs Arne Berg introduserer Erlend Viken Trio for publikum, og får Viken sjølv til å syne fram og seie nokre ord om hardingfela. Auditoriet har plass til 600 personar, men så mange er her ikkje – og gjennomstrøyminga er stor. Nokre månader seinare skildrar Erlend Viken korleis det var å stå på Womex-scena:

– Sjølv om vi hadde forsøkt å førebu oss psykisk på det, så blei vi litt sette ut. Når folk kjem og går heile tida, må ein stadig presentere seg på nytt, og det er så mange som berre får eit ørlite glimt inn i musikken din. Womex er varemesse meir enn det er festival – og eg syntest det var litt vanskeleg å tre inn i rolla som produkt!

Womex er kjøpars marknad, med ei veldig overvekt av seljarar.

Hilde Bjørkum

Viken understrekar at dei fekk god oppfølging medan dei var der, frå Folkorg og Music Norway, plateselskap Grappa og managerane deira i svenske MTA. Dei siste arbeider for å få oppfylt draumen om Canada-turné for trioen, fortel Viken – som også ser fram til fleire jobbar i europeiske land som Belgia, Danmark og Tyskland. Men han er usikker på om han vil tilbake til Womex.

– Vi har litt blanda kjensler. Frå andre artistar som har spelt her, har eg òg høyrt både bra og dårleg. No er iallfall musikken vår blitt spreidd litt, så vi håpar at dei som fekk med seg Erlend Viken Trio-cd heim kjem til å høyre på han!

Han har også nok å gjere på heimebane: I 2018 blir han å høyre på plater av mellom andre Erlend Ropstad, Ingebjørg Bratland, Trond Granlund og Kjetil Flatland. Han kjenner seg privilegert som kan leve av musikken.

– Det er jo både nettverk, flaks og tilfelle som har gjort det. Musikken er lidenskapen min, og eg ville bruka tid på han sjølv om eg ikkje hadde tent ei krone på han.

Best med ball. – Womex er kjøpars marknad, med ei veldig overvekt av seljarar. Eg opplever kanskje at det er blitt endå meir slik med åra, seier Hilde Bjørkum, avtroppande direktør for Førdefestivalen.

Erlend Viken Trio blir små på hovudscena på Womex 2017. Ikkje alle var like nøgde med lyden heller. 

Vi møter henne på Riksscenen i Oslo nokre månader seinare, då ho skal tale norske festivalar si sak inn i kulturmeldinga som er under arbeid. Her vi sit er det lett å minnast noko anna Erlend Viken sa: Denne staden, inkludert bransjetreffen Folkelarm, er nok for dei fleste ein trivelegare stad å spele enn Womex.

Bjørkum har opplevd å vere den einaste norske på det som då heitte Berlin Independent Days, til i 2017 å vere ein av tretti norske delegatar. Toppåret var 2009, då det var 88 påmelde frå Noreg, og Unni Løvlid og Johan Sara Jr. var showcaseartistar.

– I byrjinga var det berre oss og Telemarkfestivalen i Noreg, og også internasjonalt var det svært få aktørar. I dag er det mange fleire, samtidig som festivalar som Øya, Festspela og Moldejazz bookar folkemusikk – og det er eksplosivt mange fleire agentar og artistar. For ein artist er dette ein veldig krevjande arena.

Bjørkum fortel at ho ofte kan kjenne seg kynisk på Womex – ein står oppetter veggen midt i ein prat med nokon, og høyrer eit par låtar før ein går vidare.

– Artistane har ikkje sitt naturlege publikum her, og ikkje miljøet sitt kring seg. For nokre passar det, til dømes band med høg partyfaktor, men ein artist med eit litt rolegare uttrykk har det mykje vanskelegare. Det var rett nok verre før, då det meste føregjekk i svære telt med masse lydlekkasje … og generelt har lydkvaliteten alltid vore eit stort problem på Womex, og er det framleis.

På Erlend Viken Trio-showcasen var lyden direkte dårleg, meiner Bjørkum – og skyt inn at Music Norway, som gir reisestønad til bransjetreff, også burde sende med banda eigen lydteknikar. Eit siste problem, seier den røynde festivalgeneralen, er at Womex gjer lite for å bøte på den upersonlege stemninga som kongressenter og liknande stader nødvendigvis må gi.

– Ein kunne lagt mykje meir vekt på å setje kvar artist inn i ei ramme, lage litt meir stemning kring dei – gjere publikum kjent med bakgrunnen deira. Dette opplever eg at mange festivalar er mykje betre på

Førdefestivalen har alltid lagt stor vekt på å presentere artistane på artistens eigne premiss, ikkje gjere skam på kvalitetane deira. God artistformidling har ho opplevd på festivalar verda rundt, frå Mosambik til Sør-Korea til Ungarn, og ho trur slike gode folkemusikkfestivalar passar den jamne norske folkemusikkartist betre enn Womex.

Bjørkum seier ho trivst best når artistane får lov til å gjere det dei er best på, nemleg å spele, og ser fram til den dagen ein har eit godt utbygd bransjeledd for folkemusikken i Noreg. Men det viktigaste av alt, understrekar ho, er at artistane sjølve har gode og lett tilgjengelege livevideoar og pressefoto – på ein eigen heimeside.

– Eg får fem hundre førespurnader i veka frå artistar som vil spele på Førde. Då kan ikkje informasjonen eg treng vere mange tastetrykk unna. Ein blir ikkje teke på same alvor om ein ikkje har eit apparat – og det treng ikkje vere ørten personar, men eit par stykk!

Ein blir ikkje teke på same alvor om ein ikkje har eit apparat – og det treng ikkje vere ørten personar, men eit par stykk!

Hilde Bjørkum

Og sjølv om det for henne som arrangør er dyrare når agentar òg skal honorerast, så lønner det seg raskt i arbeidstid og hjartefred. For å vere manager eller turnéleiar er eit ganske anna handverk enn å spele fele.

– Nokre artistar greier det sjølve, og då er det heilt fint. Men greier ein det ikkje, må ein ha andre til å gjere det for seg. Og for å lukkast, må artistane vere klare for det òg – villige til å sjå ein del jobbar som promotering og ikkje inntekt. Noreg er eit høgkostland, og dei same honorara finst ikkje å få i utlandet.

Kanskje trengst det insentivordningar for å bygge ein folkemusikkbransje, foreslår Bjørkum. Festivalsjefen påpeiker at då irsk folkemusikk blei ei verdssuksess, var det etter ønske frå irske myndigheiter – eit vellukka resultat av ein massiv, målretta innsats. Ein må legge makt og pengar bak om ein skal lukkast internasjonalt – men at ein då får det til, er ikkje Bjørkum i tvil om.

– Det har jo aldri vore så mange gode folkemusikarar i Noreg som det er i dag! I Førdefestivalen er vi svært opptekne av å invitere utanlandske aktørar hit, så dei kan få høyre all den fantastiske musikken, og sjå dei flotte produksjonane dei lagar. Men Noreg, myndigheitene våre må ville det – Finland har så langt vore best i klassen der.

Til slutt vil ho minne om at det aller beste er om ein får verda til å komme til Noreg – til Folkelarm, Førde og stadene der den norske folkemusikken lever.

 

Tekstforfattaren reiste til Womex med Folkorg, men var ikkje engasjert i arbeidet deira der.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Mer fra Portalen

OBJEKTIV: – But maybe bookshops aren’t thinking of new ways engage their audience.

ARGUMENT: Avicii skapte moderne festmusikk, men hva er et musikalsk geni?

MONTAGES: En planløs vandring gjennom filmen L’avventura.

ARGUMENT: Hvorfor er niqab uønsket i undervisningssituasjoner?

MONTAGES: Forbudt kjærlighet på tvers av kulturer eller fiendelinjer.