Portal

Gifte menn i skåpet – i litteraturen

SYN OG SEGN: Dei blei kalla «tvilsomme» eller «halvmænd». Ein liten roman frå 1913 fortel mykje om homofile liv i Noreg kring førre hundreårsskifte.

I 1924 dukkar ordet «homoseksuell» opp for første gong i norsk skjønnlitteratur, i romanen Odd Lyng av Alf Martin Jæger. Men fenomenet homoseksualitet var òg blitt omtalt tidlegare. Eksempel på det er I skyggen av Karl Johan (1912) av Gjert Øvre Richter Frich, og Drude Helmers egteskap (1913) av Ranka Knudsen. Den førstnemnde gjekk som føljetong i avisa Social-Demokraten før han blei utgjeven i bokform. Boka blei svært populær og kom ut i ei rekkje opplag.

Tema for begge desse romanane er homofile menn som giftar seg med kvinner. Og i begge er synsvinkelen lagd hos kvinna. Handlingsforløpa har store likskapar, men forma og stilen er svært ulik i dei to bøkene. Ranka Knudsen sin roman er meir lågmælt og har høgare litterære ambisjonar. Romanen gjev eit spanande blikk inn i det norske samfunnet ved byrjinga av 1900-talet og løftar fram mange av haldningane, tankane og forståingane for kjønn og seksualitet som gjorde seg gjeldande. Og han fortel mykje både om avgrensingane og moglegheitene for homoseksuelle liv innanfor desse rammene. Trass i dette er han til no blitt oversett når historia om skeive tema i norsk litteratur skal forteljast.

DU MAA VÆRE HOS MIG BESTANDIG

Vi er i ein liten konsertsal i Kristiania. Musikkstudenten Drude Helmer er til stades for å høyre debutkonserten til ein talentfull ung pianist som ein knyter store forventningar til. Mannen som kjem fram på scena, er alvorleg, vakker og elegant. Han fengslar dei alle med spelet sitt, og publikum er overveldande begeistra etter konserten. Erik Hench har trådd ut i offentlegheita – og inn i Drude Helmer sitt liv.

Hovudpersonen i Drude Helmers egteskap er ei ung småbykvinne som bur hos slektningar mens ho studerer i hovudstaden. Berre nokre timar etter konserten blir ho introdusert for Erik Hench heime hos onkelen sin, og det viser seg at dei finn tonen svært godt. Dei er etter kvart mykje i lag og snakkar ope saman om så mangt, blant anna om barndom og familie. Mens Drude vaks opp i ein trygg, harmonisk heim, mista Erik begge foreldra i ung alder. «Det er først senere jeg har forstaat, at det nok er farlig at miste sit hjem for tidlig», seier han, utan å utdjupe dette noko vidare. På ein tur til Frognersætra frir han til henne: «lille Drude min, du maa være hos mig bestandig – du maa bli min …»

Romanen gjev eit spanande blikk inn i det norske samfunnet ved byrjinga av 1900-talet og løftar fram mange av haldningane, tankane og forståingane for kjønn og seksualitet som gjorde seg gjeldande.

Frieriet kjem brått på Drude og gjer henne heilt fortumla. Ho er svært forelska og overvelda av at kjenslene ser ut til å vere gjensidige. Erik sitt pianospel er det vakraste ho har høyrt, sjølv om kritikarane meiner det er litt lite kraft i musikken hans. Det er noko veikt over heile han – smilet hans, stemma – men ho liker det. Lykkeleg uvitande går ho inn i eit forhold som skal vise seg å vere noko heilt anna enn det ser ut til. For ved å skaffe seg ein respektabel fasade med kone og born kan Erik relativt trygt vidareføre forholdet til den mannlege kjærasten sin (som å sjå til er ein ven og musikarkollega) og i tillegg bruke mykje av tida si i lag med likesinna vener.

SAA MENINGSLØST DET HELE

Det er Drude sin naivitet, mangel på kunnskap og urokkelege tru på det romantiske, heterofile ekteskapet som gjer det mogleg for Erik å leve eit slikt dobbeltliv. For med det same forlovinga blir kjend, blir ho møtt med ei rekkje åtvaringar. Kusina Agnes kjem på døra, alvorleg og ukomfortabel, og fortel at Hench ikkje er noko å gifte seg med; «han er en av dem, som er glad i mænd». Drude får òg eit anonymt brev i posten med teksten: «De er for ung og uerfaren nå til å gjennomskue ham, men engang vil De komme til å angre!» Ja, fleire åtvaringar følger, både munnlege og skriftlege, frå kjende og ukjende.

Drude reagerer med sjokk. Ho er ute av stand til å forstå kva dette dreier seg om; aldri har ho høyrt snakk om noko liknande. Ho græt fortvila, grublar over kva det er for noko forferdeleg ho har fått innblikk i; ho kan ikkje tru at det er sant. Det er ingen i nærleiken ho kan snakke med om dette, ho kjenner seg hjelpelaus og åleine. Det er så uhyggeleg og meiningslaust det heile. «Hvis det virkelig fantes mennesker, som var saan, tenker hun, saa maatte de da ikke bli taalt, ikke snakket til …» Men trass i dei sterke åtvaringane og tvilen: Når Erik forsikrar henne om at påstandane er usanne, trur ho på han.

DE REKLAMERER MED KONE OG BARN

Drude og Erik giftar seg, drar på bryllaupsreise, innreier ein hyggeleg heim og får barn saman. Lenge verkar alt som om det er i den skjønnaste orden. Men berre eit par år etter at barnet er fødd, byrjar idyllen å slå sprekkar. Erik verkar lite interessert i sonen, han er stadig meir ute blant venene sine, mens Drude blir sitjande mykje åleine heime. Ho trivst ikkje i Erik sitt miljø; det er nesten berre menn – forfattarar, kunstnarar og skodespelarar, og nokre velståande ungkarar, dei speler kort og drikk, dei har ein særs frivol sjargong, og dei sladrar verre enn damer.

På ein tur til Frognersætra frir han til henne: «lille Drude min, du maa være hos mig bestandig – du maa bli min …»

Einsam som ho er, tar Drude opp att kontakten med ei gamal skuleveninne, Hedvig, som no gjer karriere som skodespelar. Hedvig er ikkje på noko vis like naiv og uvitande som Drude. Ein kveld dei er i teateret saman, peikar ho ut ein mann blant publikum: Han har med seg både kona si og den mannlege elskaren sin. «De reklamerer med kone og barn og tror de er trygge da – og så blir de dobbelt frække», fnyser ho. Hedvig er oppgjeven, ikkje berre over dobbeltspelet til mennene, men òg over dei mange damene som ikkje gjennomskodar dei, men tvert om dyrkar dei og forelskar seg i dei: «Saa går disse avskyelige halvmandfolkene og pynter sig med de erobringene og strammer sig op til litt kurtise til gjengjæld.»

SOM DE SPILLER SAMMEN

Drude har heilt klart å gløyme åtvaringane frå tidlegare; no kjem mistanken tilbake med full kraft. Som Ibsen si Nora har ho òg levd som ein lerkefugl, meir opptatt med å skape eit lunt reir utav heimen sin enn av verda utanfor. Men no kan ho ikkje lenger lukke augo for realitetane; livsløgna hennar raknar.

Den endelege stadfestinga av at det ho har frykta, er sant, får ho snart. Mens ho sit på ein kafé, høyrer ho to damer ved nabobordet sladre om nokre menn som går forbi – det er Erik og venen hans, Henning Gran. Der går Erik Hench med sin kjære, seier den eine. Jo, det må vere morosamt å vere gift med han. Du er ikkje klok, svarar den andre. Det kan ikkje vere sant at han er gift? Ho held fram: Eg var på konserten deira i Bergen i sommar. «Aa, hvor væmmelig det var at se paa dem! Men Gud bevare mig vel som de spiller sammen.»

Ved å skaffe seg ein respektabel fasade med kone og born kan Erik relativt trygt vidareføre forholdet til den mannlege kjærasten sin.

—   Quote Author

Fortvila legg Drude ein plan for å avsløre mannen sin. Ho kjem umeld heim og finn, som ho har frykta, Erik og Henning i ein intim situasjon. I rolla som mann og ektemann har Erik hatt mykje fridom, han har hatt kontroll over sitt eige liv. No mistar han brått all autoritet, han blir kasta på dør av kona si. Drude forlèt òg leilegheita så fort som råd er, og med sonen i armane flyktar ho heim til småbyen og foreldra sine.

FRAMSTILLINGA AV HOMOFILE

I Drude Helmers egteskap blir homofile menn utan tvil sette i eit dårleg lys. Erik er strategisk, han etablerer seg med kone og barn som skalkeskjul, og han utnyttar Drude sin kjærleik og tiltru til han. Han skrur på sjarmen når det er naudsynt, og ser ikkje ut til å ha nokon skruplar med å lyge til kona si gong på gong. Heller ikkje Henning viser teikn til dårleg samvit for at han har eit forhold til ein gift mann, så og seie rett framfor nasen på kona hans.

Gjennom heile forteljinga kjem klare stereotypiar til syne. Erik er vakker og elegant, men han har samstundes noko puslete ved seg. Han mista begge foreldra tidleg, og lei særleg under mangelen på ein far. Han bruker mykje av tida si i eit miljø av menn i kreative yrke. Sin eigen son viser han lite interesse for. Det er interessant å sjå korleis Drude si frykt for at Erik kan vere «saan», òg gjer henne bekymra for sonen. Ho er redd for at han skal arve dei dårlege tilbøyelegheitene til faren, men ho blir rolegare av å sjå at guten har dei fleste av trekka sine frå «hendes egen sunde slegt». Etter kvart er ho nesten glad for at sonen har hatt så lite med far sin å gjere. Drude si uro er altså knytt både til arv og til miljø.

På eit relativt stillfarande vis seier denne boka mykje om homoseksualiteten sine kår i samtida. Og trass i den negative framstillinga finst det nyansar. Sladrekjerringar synest det er «væmmelig» å se Erik Hench og Henning Gran saman – like fullt er dei over seg av begeistring for dei som musikarar. Ingen kan nekte for at Erik og Henning skapar noko vakkert saman. Alt tyder òg på at dei er oppriktig glade i kvarandre. Om boka framstiller homofile menn som løgnarar og dobbeltspelarar, så framstiller ho òg heterofile kvinner som uvitande og naive, blinde i trua på det tradisjonelle ekteskapet. Og kva for andre moglegheiter har eigentleg Erik og andre som han til å oppleve kjærleik, nærleik og fellesskap, om ikkje bak ein vernande fasade av eit anstendig ekteskap, med kone, heim og born?

Det er verdt å merke seg at ein i denne romanen ikkje berre finn ein brodd mot homofile menn – men mot menn generelt. Drudes veninne Hedvig lever i eit miljø der det ikkje er ekteskap som er norma, men lausare relasjonar. For henne inneber det at ho tidvis får mykje merksemd frå mannen ho er glad i, tidvis ingenting. Dei sterke kjenslene ho har for han, hindrar henne frå å bryte ut, sjølv om ho eigentleg veit betre. Når du skal vere ærleg, Drude, seier ho, så må du innrømme at kvinnene alltid taper i kjærleikskampen. Og Drude svarar tankefullt at ho har rett. Sjølv har ho ikkje tenkt så mykje over dette tidlegare, men i det siste har ho byrja å sjå på ekteskap og forhold kring seg: «Selv om det kan se anderledes ut, saa er det nesten altid saa, at kvinderne blir tilovers tilslut.» Sånn sett kan ein seie at romanen til ein viss grad òg kastar lys over kvinners situasjon generelt, i eit samfunn der dei på så mange vis framleis er underordna menn.

Det er Drude sin naivitet, mangel på kunnskap og urokkelege tru på det romantiske, heterofile ekteskapet som gjer det mogleg for Erik å leve eit slikt dobbeltliv.

MOTTAKINGA

Ranka Knudsen (eigentleg Ragnhild Knudsen Samuelsen, 1888–1966) var kjend som skodespelar før ho debuterte som forfattar. Ho gav etter kvart ut ei rekkje bøker og skodespel, og blei òg programleiar i radio. Drude Helmers egteskap var debutromanen hennar, og han fekk omtale i mange aviser. Meldingane var jamt over svært positive, og forfattaren fekk ros både for godt språk og eit uredd val av tema.

Meldaren i Trondhjems Adresseavis skildra tematikken som «en ung, uskyldig pikes egteskab med en av disse 'halvmænd' som særlig storbyene skal ha saa mange av». Han peikte på at «det uhyggelige ekteskapet» berre blei belyst frå ei side – ein ser alt med hennar auge. Men å fortelje historia frå Erik Hench sitt perspektiv meinte han ville vere «en baade pinlig og vanskelig opgave». I Dagbladet blei det òg lagt vekt på at synsvinkelen låg hos kvinna, noko meldaren oppfatta som rett og viktig: «Det ligger jo ogsaa i sakens natur, at den seksuelle abnormitet blandt mænd er belyst slik i denne bok, at man faar se uhyggen bare fra den kant, som den taaler at ses fra gjennom et skjønliterært arbeid.»

I omtalen hos avisa Social-Demokraten kom politiske så vel som litterære synspunkt til syne. Meldaren meinte at boka var skriven «med egte kvindelig kraft, slik som kanskje kun kvinden i et land med almindelig stemmeret kunde skrive». Han tolkar det slik at forfattaren har ein klar agenda med boka, at ho «vil søke at vække den samme avsky hos kvinder mot disse halvmænd som den normale mand har». Denne avskyen, konkluderer han, må vel komme før eller seinare i ekteskapet, «men redningen ligger jo deri, at den vækkes på forhaand, at de lærer at forstaa staklernes tilbøieligheter og gaar klar av dem». Meldaren i Norges Handels- og Sjøfartstidende er opptatt av det same. Han meiner det er positivt at unge kvinner får vite litt om denne typen ting før dei giftar seg; «naar de bare faar sin viden paa en skaansom maate, og det faar de i frk. Knudsens bok».

Med ei slik vellykka handtering av ei krevjande problemstilling meinte fleire at Knudsen ville komme til å skrive noko endå betre, endå meir leseverdig, den dagen ho valde å ta for seg eit mindre ubehageleg tema.

I SKUGGEN AV KARL JOHAN

Som nemnt i innleiinga kom det ut ein annan roman på same tid som òg tematiserte ekteskap mellom kvinner og homofile menn, I skyggen av Karl Johan av Rita Freimann – pseudonym for journalisten og forfattaren Gjert Øvre Richter Frich (1872–1945). Frich gav i alt ut over 70 underhaldningsromanar og var Noregs bestseljande forfattar i si tid. I skyggen av Karl Johan ber preg av at han er skriven først og fremst for underhaldninga si skuld, med hemningslaus bruk av stereotypiar, overdrivingar og målande karakteristikkar.

Dei speler kort og drikk, dei har ein særs frivol sjargong, og dei sladrar verre enn damer.

Også i denne boka er hovudpersonen ei ung heterofil kvinne som let seg sjarmere av ein mann med høg sosial status og giftar seg med han. Linken Bratt, som ho heiter, er ikkje fullt så naiv og uvitande som Drude Helmer, men ho òg har levd eit relativt skjerma liv til no, send av foreldra til pensjonatskular i utlandet nettopp for å unngå farane i storbyen. Som Erik Hench har også mannen hennar, fabrikkeigar Howitz, nokre feminine trekk, men innleiingsvis verkar desse fascinerande heller enn avskrekkande. Som Drude får Linken åtvaringar i forkant av bryllaupet, frå ein som har sett kven mannen hennar verkeleg er. Men ho tar ikkje åtvaringane på alvor. Det straffar seg, også for henne.

Mens Drude Helmer etter nøye planlegging overraskar Erik og hans Henning i ein intim situasjon, er Linken sin ektemann og venene hans fryktlause nok til å invitere henne i selskap i hennar eigen heim. Det er ein høgst uvanleg samankomst ho blir vitne til:

Da jeg kom inn i entreen slog en overvældende duft av hidsig parfyme mig imøte. Det var en blanding av Ylang Ylang og Tréfle. Min mand hadde nok grundig tat sig av forberedelsene. Jeg kjendte ikke vor salon igjen. Alle lys var dempet av orientalske skjerme – av en egen gulrød farve. Det var smukt, men jeg likte det ikke. Endvidere var der arrangert hyggelige hjørner med smaa skamler og store bløte puter av silke, som var smakfuldt anbragt mellem lave guirlander av gyldengule orkideer. Et stort isbjørnskind, som ellers hadde sin plads ved flygelet, var anbragt midt paa gulvet under den slørede lysekrone. Og paa det hvite skind laa den beskjendte skuespiller i kjole og fiolet vest i en smegtende attitude. (Frich 1912: 52)

Linken innser raskt kva ho er blitt: ei som held fasaden oppe for mannen og venene hans. Ho er blitt lurt; takka vere henne kan ektemannen halde sin sosiale status ved lag og samstundes leve akkurat som han lystar. Men Linken er ikkje like sart som Drude; ho himlar med auga og finn det heile tragikomisk.

Men no er begeret fullt. Linken går til presten og krev at ekteskapet blir oppløyst. Interessant nok insisterer både mora og presten på at ho bør bli hos mannen sin. Og interessant nok utleverer ikkje Linken han direkte, trass i alt ho har både sett og høyrt. Ho uttrykker seg indirekte i staden; når presten argumenterer for at ho bør bli, med tanke på at ho kanskje snart har eit barn å ta vare på – ei ny meining med livet –, svarar Linken at mannen hennar tydelegvis ikkje veit korleis ein skal lage barn. Trass i dette – det er ho, ikkje mannen, som blir råka av den skamma ei skilsmisse fører med seg.

Linken går ut av ekteskapet, med dei konsekvensane det har. Som fråskild kvinne opplever ho eit brutalt fall i sosial status. Frå å høyre til dei øvre sosiale laga held ho seg no med dei utstøytte i samfunnet, menneske som, lik ho sjølv, har mykje i bagasjen, som døyver smertene sine med alkohol og rangel.

EI BRYTNINGSTID

Romanane I skyggen av Karl Johan og Drude Helmers egteskap gjev spennande innblikk i ei brytningstid. Kristiania-bohemen hadde frå 1880-talet av tatt til orde for fri kjærleik, men det var heteroseksuell kjærleik dei snakka om. Omgrep som «kontrærseksualitet» og «homoseksualitet» var komne i bruk blant legestanden og dei intellektuelle, men det tok tid før dei blei allment kjende. I den velmøblerte delen av den norske hovudstaden som romanane utspelar seg i, blir homofile menn omtalte som halvmænd, som saane og tvilsomme. Den sosiale fordømminga av mannleg samekjønnsseksualitet er enorm. Men nettopp det at homoseksualitet er noko så framandt, så utenkjeleg, gjer det mogleg for ressurssterke homofile menn å leve relativt ope, med berre ein tynn ferniss av fasade.

«De reklamerer med kone og barn og tror de er trygge da – og så blir de dobbelt frække».

Men dette var i ferd med å endre seg. At Erik Hench til slutt blir avslørt på audmjukande vis, er på mange måtar symptomatisk for tida han lever i. I 1906 braut «den store sedelighetssaken» laus i danske aviser, og i åra som følgde, skulle fleire «homoskandalar» fylle avisspaltene i heile Skandinavia. Det dreidde seg om saker der menn blei skulda for homoseksuell praksis, og nokre av dei blei også arresterte og rettsforfølgde. Det var særleg menn frå dei øvre sosiale laga som blei ramma av skuldingane. Ei ny offentlegheit respekterte ikkje lenger privatlivets fred, tvert imot fekk intimsfæren no offentleg interesse. Skandalesakene gav gode salstal for avisene, noko som stimulerte til gravande journalistikk og spekulative overskrifter. Eit døme på dette er den store skandalen som råka Bergen i 1909, då avisa Arbeidet kunne avsløre at ein av byens fremste borgarar hadde hatt seksuelle forhold til unge menn frå arbeidarklassa. Overskrifter som «Homo! Er det ikke paatide at gribe ind?» prega avisa, som i fleire veker hadde nesten daglege oppdateringar i saka. Den antatte gjerningsmannen, Fridtjof Sundt, var ikkje nokon ringare enn son til C. Sundt, kjend som Bergens fremste sjølvgjorde rikmann og ihuga velgjerar. Fridtjof Sundt blei avhøyrd og fengsla, men hadde gode kontaktar og blei lauslaten allereie dagen etter.

HOMOFILE MENN SOM GIFTAR SEG MED KVINNER

Som «samfunnsproblem» kan ekteskap mellom homofile menn og (uvitande) kvinner avgrensast i tid og rom. Seksuelle forhold mellom menn som er gifte med kvinner, har vel eksistert til alle tider, men dobbeltlivet – med eit heterofilt ekteskap på den eine sida og ein sosial fellesskap av menn som liker menn på den andre – var noko nytt. Med omgrepa «kontrærseksualitet» og «homoseksualitet» følgde òg ei ny forståing av fenomenet. Mens ein tidlegare hadde sett på det som ei synd – noko kven som helst i teorien kunne falle i –, byrja ein no rundt hundreårsskiftet gradvis å forstå det meir som ei medfødd tilbøyelegheit – ei legning, ein eigen type personlegdom. Det danna grunnlaget for at det kunne vekse fram sosiale fellesskapar av sjølvidentifiserte homofile personar, sameinte av felles lagnad så vel som av felles interesser, smak og stil.

Nettopp det at slike homofile nettverk og miljø vaks fram rundt hundreårsskiftet, i Kristiania som i større byar som København og Berlin, gjorde det mogleg for Erik Hench, fabrikkeigar Howitz og deira likemenn å leve som dei gjorde. At sex mellom menn var kriminalisert, med ei strafferamme på eitt års fengsel, tvinga fram diskresjon og gode strategiar for å verne seg sjølv. Heterofile ekteskap var utan tvil godt eigna i så måte. At den gifte kvinna hadde sin plass i heimen, mens ein gift mann hadde stor fridom til å bevege seg på ulike arenaer, gjorde at menn kunne leve eit slikt dobbeltliv. At skilsmisse var svært sjeldan og kasta langt meir skam over kvinna enn mannen, bidrog kanskje til at nokre tillét seg å leve meir ope enn det som strengt tatt verkar forsvarleg. Lovparagrafens formulering om at «paatale finder alene sted, naar det paakræves av almene Hensyn», gav nok også ein viss tryggleik.

I Drude Helmers egteskap blir homofile menn utan tvil sette i eit dårleg lys. Erik er strategisk, han etablerer seg med kone og barn som skalkeskjul, og han utnyttar Drude sin kjærleik og tiltru til han.

Men med temaet løfta fram i tabloidpressa, i litteraturen og den offentlege samtalen, blei det raskt vanskelegare å gå «under radaren». «Feminine» trekk blant menn vekte mistanke på ein heilt annan måte enn før, og det er grunn til å tru at kvinner så naive og uvitande som Drude Helmer raskt blei færre. Homoseksualitet slutta på ingen måte å vere eit tema for offentleg debatt, harme og indignasjon. Men problemet med at homofile menn lurte uskuldige, unge kvinner inn i kjenslelause samliv, forsvann frå dagsordenen.

I det norske majoritetssamfunnet, vel å merke. For linjene kan jo trekkast fram til i dag. Dei omtalte romanane blei utgjevne for hundre år sidan, men det finst framleis mange samfunn der problemstillinga er høgst aktuell. I land, område eller kulturar der det er ulovleg og/eller uakseptabelt å leve homofilt, kan det å gå inn i eit heterofilt ekteskap vere den beste måten å ivareta eigen tryggleik og sosiale status, og, i nokre tilfelle, gi rom for å leve sitt eige liv ved sida av.

Drude Helmers egteskap og I skyggen av Karl Johan handlar om homofile liv, men utan å bruke omgrepa «homofil» eller «homoseksuell». Den barrieren blei broten av læraren, forfattaren og arbeidarpartipolitikaren Alf Martin Jæger, som i 1924 gav ut romanen Odd Lyng. Ikkje berre blir desse omgrepa tatt i bruk, her er òg synsvinkelen lagd hos den homofile sjølv. Boka er eit kampskrift for å få lov til å vere den ein er, og mot § 213 i straffelova, som forbaud sex mellom menn. Med dette startar ein ny epoke i den norske skeive litteraturhistoria.

Kjelder:

Jordåen, Runar (2017). «Homoskandale! Sosialdemokrati, sensasjon og seksualitet i Bergen i 1909», i Ragnhild Botnheim ofl.: Han e' søkkende go! Et festskrift til byarkivar Arne Skivenes. Bergen: ABM-media.

Mer fra Portal