Annonse

Annonse

09:48 - 16. juni 2017

Tryggingspolitikk sett frå Tyrkia og Russland

SYN OG SEGN: Russland og Tyrkia utfordrar forståinga av kva Europa skal vere, og dermed europeisk tryggingspolitikk. Det gjer dei gjennom den parallelle utanforposisjonen og geografiske nærleiken sin, og i aukande grad gjennom medvitne politiske grep.

Dei to statsledarane Recep Tayyip Erdogan og Vladimir Putin har vore fiendar – venar – og no venar igjen. Foto: Chris McGrath/Getty Images

Syn og segn

Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta i 1894. Tidsskriftet er eit av få landsdekkande tidsskrift på nynorsk, og har lesestoff over eit breitt register av tema innanfor kultur, politikk og samfunn. Syn og Segn er eig av Det Norske Samlaget og blir lese av kulturinteresserte over heile landet. Redaksjonen har kontor på Fagernes. 

 

I såkalla konstruktivistisk forsking om statar og andre sosiale grupper er identitet eit viktig og berande tema. Sjølv om Europa som kontinent er eit mangfaldig og ikkje heilt klart definert kulturelområde, finst det likevel ein idé om og ei felles forståing av kva Europa er, og kva det vil seie å vere europeisk. Ei slik identitetsforståing har òg blitt enklare å gripe ved at EU – Den europeiske unionen – i aukande grad har blitt oppfatta som synonymt for heile Europa og slik er med på å sette ramme omkring Europa som ein klart bestemt geografisk og kulturell heilskap. Mange identitetsforståingar, også nasjonale, har dermed blitt samla i ein overordna visjon.

For Noreg har forståinga av det såkalla europeiske dei siste tiåra lett kunna passere, både på grunn av likskap i samfunnsmodell med dei andre landa i EU og gjennom EØS-avtalen; Noreg er, når alt kjem til alt, svært lojal overfor EU med omsyn til ratifisering av direktiv og anna lovverk.[1] Eit fleirtal av regjeringsmedlemmene (Bondevik I-regjeringa var eit unnatak) har dessutan vore meir EU-positive enn den opphavlege opposisjonen frå folkerøystinga i 1994.

Inntil nyleg har EU sin posisjon i den europeiske sjølvforståinga vore så sjølvsagd at sjølv Nobel-komiteen, då han gav fredsprisen til EU i 2012, såg ut til å oversjå at EU ikkje er eit all-europeisk prosjekt. Ideen om ei felles tolking og forståing av Europa, den europeiske identiteten og kva EU i røynda skal vere, overkøyrer i stor grad dei faktiske og geografiske grensene for EU. Når vi snakkar om europeisk tryggingspolitikk, er det då også gjerne EU og NATO det blir referert til, med rikeleg overlapping mellom dei landa som står «innanfor» eller «utanfor» dei einskilde institusjonane. Sjølv om Noreg står utanfor EU og Sverige og Finland utanfor NATO, er dei nordiske landa også del av det same geografiske rommet og har ei felles kulturell forankring. Og der det eksisterer eit sosialt definert «innanfor», eksisterer det like fullt også eit «ytre rom». Men både dei geografiske og dei kulturelle grensene er svært flytande, som dei siste 25 åra har illustrert, ved at til dømes tidlegare sovjetiske satellittstatar og dei baltiske landa har blitt innlemma i både NATO og EU.

Når vi snakkar om europeisk tryggingspolitikk, er det då også gjerne EU og NATO det blir referert til, med rikeleg overlapping mellom dei landa som står «innanfor» eller «utanfor» dei einskilde institusjonane.

 

UTFORDRINGA FRÅ RUSSLAND OG TYRKIA

Både Russland og Tyrkia utfordrar den EU-sentrerte forståinga av kva Europa, og dermed europeisk tryggingspolitikk, er. Det gjer dei gjennom den parallelle utanforposisjonen, den geografiske nærleiken sin, og i aukande grad gjennom medvitne politiske grep. Til dømes førte Tyrkias nylege folkerøysting til at nasjonalforsamlinga fekk innskrenka makt, og den russiske annekteringa av Krim har gitt ein spent situasjon mellom Russland og vestlege land. Sjølv om EU er den einaste europeiske institusjonen der Tyrkia har søkt om medlemskap utan å få det, har ekskluderinga så langt vore viktig både for forståinga vår av europeisk identitet og for Tyrkias oppfatning av sin eigen nasjonale identitet og sitt eige tilhøyr. Å innlemme eit muslimsk land i det all-europeiske fellesskapet har hjå fleire blitt oppfatta som utenkjeleg, dels fordi EU også er meint å vere eit kulturelt nokolunde homogent fellesskap. Som ein tyrkisk forskar oppsummerte i 2008, er Tyrkia «for stort, for fattig, for annleis» til å kunne bli akseptert som likeverdig i EU.[2]

Mens Tyrkia har vore NATO-medlem sidan 1952, har Russland etter Sovjetunionens kollaps gått frå tilnærming og forsiktig søking mot Europa til retorisk motstand. Det verkar i dag nærmast utenkjeleg at Russland på eit tidspunkt sjølv skulle melde interesse for å bli med i NATO. For EU sin del har Russland alltid vore «utanfor».

Russlands og Tyrkias aukande standhaftigheit vis-à-vis EU har utfordra det interne samhaldet i EU. Sjølv om det ikkje er snakk om korkje eit einsarta eller svært radikalt alternativ, har det europeiske fellesskapet i aukande grad blitt utfordra av ein visjon om noko anna enn den EU-definerte europeiske identitetsforståinga, der liberal-demokratisk maktutøving står sentralt. Utviklinga har skjedd gradvis, og land som Ungarn og Polen har dei siste åra skuva på grensene for kva som er akseptabel åtferd for EU-medlemmer. I 2014 uttalte då også statsministeren i EU-medlemslandet Ungarn at «æraen av liberale demokrati var over», og viste blant anna til Russland, Kina, Tyrkia og India som nye inspirasjonskjelder. Parallelt har Russland søkt å etablere alternative institusjonelle rammeverk for samarbeid med europeiske og eurasiske land, mellom anna gjennom Den eurasiske økonomiske unionen (EØU) og i tryggingssamarbeidet CSTO. Det manglande samsvaret mellom EU-tilknyting og medlemskap i EØU utgjorde bakteppet for konflikten i Ukraina hausten 2013.

Etter ein periode med lunke forhold, blant anna som følgje av tyrkisk nedskyting av eit russisk fly i Syria i 2015, har Tyrkia og Russland no også gått inn i eit tettare fellesskap. I april 2017 var det endåtil snakk om at Tyrkia skulle kjøpe luftvernmissilsystem frå Russland, fordi NATO ikkje hadde kome opp med eit tilbod som var «økonomisk effektivt» nok.[3] Etter å ha vore på ulik side av konflikten i Syria har dei det siste året også inngått tettare samarbeid med kvarandre, blant anna i samband med evakueringa av Aleppo i Syria i desember 2016.

Både Russland og Tyrkia utfordrar den EU-sentrerte forståinga av kva Europa, og dermed europeisk tryggingspolitikk, er.

I aukande grad veks det fram eit tydeleg definert alternativ til den EU-definerte europeiske tryggingsfellesskapen. Tyrkia og Russland har begge gått lei av å vente på å bli fullt ut godtekne av fellesskapet av «gode» europeiske statar. Kjerneutfordringa dreier seg likevel ikkje så mykje om modellar for alternative institusjonelle rammeverk som om kva som er akseptabel åtferd for eit europeisk land. Det er lett å tenkje at dette primært handlar om styresett og dermed ikkje utgjer ei direkte utfordring for tryggingspolitikken. Medan dei breie forpliktingane for NATO- og EU-land ligg forholdsvis støtt, er tryggingspolitikken fleksibel og endrar seg – alt etter kva statane oppfattar som akseptabel innanrikspolitisk åtferd.

Som dei amerikanske statsvitarane Jeff Colgan og Robert Keohane nyleg påpeikte i eit essay om den liberale ordenen i tidsskriftet Foreign Affairs, har debattane om global politikk trått feil ved å oversjå at dei viktigaste utanrikspolitiske utfordringane «i mindre grad kjem frå problem mellom land, enn frå innanrikspolitikk i dei landa».[4] Det er ikkje lenger like opplagt som på 1990-talet kva som skal til for å vere ein del av Europa. Parallelt med at land som Russland og Tyrkia stadig meir standhaftig står på retten til å styre som dei vil, blir det felleseuropeiske prosjektet undergrave.

 

STATLEG SUVERENITET: SULTAN OG TSAR

Sentralt i den alternative visjonen står ønsket om statleg suverenitet og sterkt leiarskap. I april røysta eit knapt fleirtal i Tyrkia for grunnlovsendringar som frå og med 2019 erstattar det parlamentariske systemet med eit sterkt presidentstyre. Det gir presidenten rett til å utnemne ministrar og dommarar utan å gå via parlamentet, gir presidenten kontroll over militæret, moglegheit til å skrive ut juridisk bindande dekret, ansvar for utnemningane på seniornivå i byråkratiet, og moglegheit til å erklære unntakstilstand.

Folkerøystinga, som blir oppfatta som ei ytterlegare sementering av tyrkisk rørsle mot meir autoritære tilstandar, kjem etter ni månader med såkalla utreinskingar i kjølvatnet av kuppforsøket sommaren 2016. Over 100 000 offentleg tilsette har fått sparken, inkludert journalistar, akademikarar og dommarar, og fleire tusen er arresterte.[5] Kritikarar meiner at endringane gir presidenten ein maktposisjon dei ikkje har sett sidan den ottomanske tida, og at presidentrolla no liknar ein sultan meir enn vår tids folkevalde politikarar.[6] Sidestillinga mellom president Erdogan og ottomanske sultanar indikerer at maktsentraliseringa blir oppfatta som anakronistisk. Sjølv forsvarer presidenten dreiinga med argument om effektivisering av eit utdatert system; Tyrkia har hatt 65 regjeringar i løpet av dei siste 95 åra. Erdogan er mannen som skal skape ein etterlengta stabilitet, blir det hevda. For EU er utviklinga eit tydeleg steg vekk frå tidlegare ambisjonar om tyrkisk medlemskap i unionen.

Sjølv om EU er den einaste europeiske institusjonen der Tyrkia har søkt om medlemskap utan å få det, har ekskluderinga så langt vore viktig for forståinga vår av europeisk identitet.

Slik Erdogan blir samanlikna med ein sultan i Tyrkia, blir også president Putin – i vestleg presse – framstilt som ein russisk tsar.[7] Samanlikninga av makthavarane som eineveldige monarkar er illustrerande for korleis Tyrkia og Russland blir oppfatta som noko fundamentalt anna enn Europa, der styringsforma sidan 1800-talet har vore definert gjennom idéen om «sjølvstyring»: I overgangen frå det monarkiske og eineveldige skulle folket fyrst og fremst disiplinerast til å styre seg sjølv. Parallelt eksisterte det på 1800-talet ein idé om kven som utgjorde siviliserte statar, der både Tyrkia og Russland var i ein mellomposisjon: Dei var ikkje primitive barbarar, men heller ikkje fullverdig siviliserte, slik den hovudsakleg europeiske «familien av nasjonar» vart definert som.[8] EU sine København-kriterium frå 1993, som kravde at nye medlemsland først måtte tilpasse seg EUs krav om demokratisk styring, respekt for menneskerettane, vere ein rettsstat og ha ein tilpassa marknadsøkonomi, har på mange måtar fungert som sivilisasjonsstandardar, slik sivilisasjonsstandardar på 1800-talet var med på å definere kven som var «innanfor» eller «utanfor» det europeiske fellesskapet. Somme statar har likevel vore for langt utanfor mål og standard til i det heile å bli vurderte som fullverdige medlemmer. Idéen om ein sultan og ein tsar fell inn under sistnemnde kategori.

Då Putin kom til makta hausten 1999, markerte han seg mellom anna med å halde ein tale om Russlands særeigne veg i verda. Det er verdt å sitere utsegnene hans om staten fullt ut, fordi det er av sentral verdi for å forstå noko av det som gjer dominerande russisk syn på styresett så annleis enn synspunkta i dei liberal-demokratiske vest-europeiske landa:

«Erfaringa frå 1990-talet viser tydeleg at moderniseringa av vårt land ikkje kan (…) sikrast gjennom rein eksperimentering i russiske tilstandar med abstrakte modellar og skjema tekne frå utanlandske tekstbøker. Det vil neppe skje snart, dersom i det heile teke nokosinne, at Russland vil bli ei anna utgåve av f.eks. USA eller Storbritannia, der liberale verdiar har djupe historiske tradisjonar. Vår stat, med institusjonane og strukturane han inneheld, har alltid spelt ei eksepsjonelt viktig rolle i folket og landet sitt liv. For russarar er ein sterk stat ikkje ein anomali som ein burde kvitte seg med. Tvert om ser dei staten som ei kjelde og ein garantist for orden (…) Det moderne russiske samfunnet identifiserer ikkje ein sterk og effektiv stat som ein totalitær stat.»[9]

 

TRUGSLAR PÅ HEIMEBANE

Maktforståinga i Tyrkia og Russland skil seg både historisk og i notid frå det som er tilfellet i dei europeiske EU-landa. Samtidig heng idéen om den sterke handa i notid saman med dei særeigne innanrikspolitiske tryggleikstrugslane som begge landa står overfor. For Tyrkia har kurdarane, især gjennom opprørsrørsla PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet), utgjort eit internt «andre»: Det vil seie, regjeringsmakta har delvis bygt seg opp ved å markere seg imot det dei framstiller som kurdisk terrorisme (både i og utanfor PKK). Krigen mot PKK og tyrkarane sitt ønske om også å fortsetje kampen på blant anna irakisk jord har vanskeleggjort prosessen med å tilpasse seg EU sine krav.

Å innlemme eit muslimsk land i det all-europeiske fellesskapet har hjå fleire blitt oppfatta som utenkjeleg, dels fordi EU også er meint å vere eit kulturelt nokolunde homogent fellesskap.

Tilsvarande har Putin, sidan han kom til makta i 1999, markert seg med ein nådelaus innsats mot terrorisme, også her vidt definert, i eigne nærområde: Nord-Kaukasus. Sjølv om mellom andre Spania, Frankrike, Irland og Skottland per dags dato har separatistrørsler på eiga jord, har rørslene i Russland og Tyrkia ei meir nasjonal og valdeleg form. Som den tyrkiske forskaren Tarik Oğuzlu påpeiker, med referanse til Tyrkia, har krigen mot PKK også brote med EU sin tryggingsmodell, der det fram til nyleg var mindre vektlegging av territorial integritet og suverenitet, og der «tryggleik i aukande grad blei definert med referanse til individ og samfunn».[10] Russland har på same måte vektlagt eit sterkt tryggingsapparat og omfattande tryggingsoperasjonar med tilsidesetting av rettstryggleiken til individa i kampen mot terrorisme, til sterk kritikk frå menneskerettsorganisasjonar.

Tryggleikstrugslar, og særleg terrorisme, har ein tendens til å utløyse ønske om stabilitet i form av ei sterk statsmakt. Dette er ein politisk prosess som slår ut på tvers av regimeformer, anten det er i Egypt, Frankrike eller USA. Til forskjell frå andre europeiske land har både Tyrkia og Russland levd under biletet av ein vedvarande trugsel frå ein «indre» fiende. For Tyrkias del har det også medført at fleire i EU har vore redde for at ein medlemskap vil forverre tryggleikssituasjonen i Europa. Dette har nok mogleggjort delar av det som utanfrå blir beskrive som ein autoritær tendens også i tryggingspolitikken, især gjennom legitimeringa av omfattande militære og sivile operasjonar på eige territorium. Samtidig har det gjort opposisjon vanskelegare, ettersom styresmaktene har fått rom til å utøve rolla som den stabilitetsberande faktoren i landet. Det faktum at den primære tryggingsutfordringa har kome innanfrå, har også legitimert ein autoritær politikk overfor potensielle utfordrarar for statsmakta på heimebane, som menneskerettsorganisasjonar og andre NGO-ar.

Forutan terror er kuppforsøk på heimebane ei reell frykt: i Tyrkia i militæret, i Russland i utanlandsstøtta opposisjon og masserørsler. For Russland sin del førte dei såkalla fargerevolusjonane i Georgia, Kirgisistan og Ukraina på tidleg 2000-tal, og den arabiske våren noko seinare, til ei auka vektlegging av statleg suverenitet. Med det meinte ein at den legitime makta var den folkevalde, uavhengig av kor upopulære eller korrupte styresmaktene i røynda var. Intervensjonen i Kosovo i 1999 og Irak i 2003 forsterka vektlegginga av statleg suverenitet i betydinga ikkje-innblanding, slik folkeretten tradisjonelt definerer omgrepet. Russiske styresmakter har endåtil framstilt Den eurasiske økonomiske unionen som ei moglegheit for å styrkje dei post-sovjetiske landa sin suverenitet. Alternativet for desse landa, i eit russisk perspektiv, er å gi opp suvereniteten sin til anten EU eller NATO.[11] Tilsvarande har tyrkiske styresmakter i det siste blant anna framstilt demonstrasjonar som vestleg provokasjon, ikkje ulikt den russiske strategien. Tryggleik har dermed også blitt knytt til nasjonal lojalitet.

 

NASJONALISME OG PRAGMATIKK

Parallelt med vektlegginga av stabilitet og ei stødig hand har vi sett ei rørsle mot auka nasjonalisme i begge land, der det på ulike vis blir spelt opp under kollektive idéar om tradisjonar og fellesskap. I så måte er det påfallande at konservative og høgreradikale rørsler i Europa og USA ser til Russland for inspirasjon. På mange måtar har landa si vektlegging av statleg suverenitet invertert forholdet mellom nasjonsbygging heime versus ute, slik det har sett ut i EU-land: Dei har i aukande grad oppfordra til nasjonsbygging på heimebane og vore skeptiske til nasjonsbygging i andre land. Der nasjonalisme har blitt framstilt som noko overflødig og overflatisk i dei nasjonalstatane i EU som overgav makt til det overnasjonale, har det i tyrkisk og russisk kontekst blitt normalisert og til og med feira.

Tyrkia er «for stort, for fattig, for annleis» til å kunne bli akseptert som likeverdig i EU.

Som fleire forskarar har påpeikt, har makta i Russland blitt meir nasjonalistisk. Europa har nok ein gong blitt det konstituerande «andre» som dei definerer seg sjølv i motsetning til. Vidare legg Russland – som konservative og høgreradikale rørsler – vekt på svakheita i EU som overnasjonalt prosjekt.[12] Tilsvarande har nasjonalismen i Tyrkia i aukande grad samla seg rundt eit anti-vestleg narrativ, med ei sterkare rørsle for dyrking av ein austleg og muslimsk identitet.[13] Samtidig som dei understrekar statleg suverenitet, ønskjer dei også større avgjerd og å få vere med på å definere dagsordenen i Europa. Dette gjer det mindre sannsynleg å få ei felles forståing i åra som kjem av kva europeisk tryggleik går ut på.

Det eksisterer viktige forskjellar mellom Tyrkia og Russland med tanke på europeisk tryggingspolitikk. Tyrkia har både som NATO-medlem og i ønsket om EU-medlemskap vore villig til å innrette seg etter EU sine krav. Sjølv om dei har blitt meir iherdige i kravet om å få definere si eiga styreform, er dei også tilpassingsdyktige, som flyktningavtalen med EU i 2016 viste. Tilsvarande har dei i spørsmålet om Syria delt det dominerande vestlege synet om at Assad må gå, men kampen mot kurdarane har vore den viktigaste prioriteten deira. Til forskjell har Russland hatt ein eigendefinert og tydeleg markant dagsorden, der målet har vore å nedkjempe IS snarare enn Assad. Trass i at 15 prosent av Russlands befolkning er muslimar, og eit fleirtal av dei er sunniar, som fleirtalet også er i Tyrkia, har Putin støtta opp om sjia-rørsler i Syria, Iran, Irak og Libanon. Likevel har dei to landa funne rom for samarbeid, med den opne premissen om at dei har sin eigen tryggingspolitiske agenda i den syriske konflikten. Konklusjonen er at dei ikkje lèt seg diktere, blant anna fordi konsekvensane av ustabilitet i regionen på ulike måtar påverkar dei sjølve direkte.

På sett og vis har dei dermed teke erfaringa frå 11. september og åtaket mot tvillingtårna i New York til etterretning. Både russiske og tyrkiske styresmakter meinte etter angrepet at dei kunne spele ei spesiell rolle som allierte: Tyrkia gjennom sin påverknad og kunnskap om Midtausten, Russland gjennom post-sovjetisk Sentral-Asia og erfaringa frå Nord-Kaukasus. Vonbrotet var stort då Bush-regjeringa bestemde seg for å gå sin eigen veg gjennom intervensjonen i Irak. For Tyrkias del blei dette oppfatta som ein auka tryggleikstrugsel gjennom regional ustabilitet, og for Russland var det ei ytterlegare sementering av amerikansk åleinegang med tanke på folkeretten.

I dei siste åra har både Russland og Tyrkia søkt å markere seg med meir engasjement i Midtausten. For Tyrkias del er dette eit enklare kort å spele, fordi landet har openberre forhandlingsfordelar vis-à-vis europeiske og amerikanske partnarar. Samtidig har Russland gjennom inntoget sitt i Syria demonstrert at også dei kan setje dagsorden. Sjølv om landa blant anna har svært ulike tilnærmingar til Iran, er det ikkje utenkjeleg at pragmatiske løysingar kan kome fram også i møte mellom russisk og tyrkisk Midtausten-politikk.

 

Det verkar i dag nærmast utenkjeleg at Russland på eit tidspunkt sjølv skulle melde interesse for å bli med i NATO. For EU sin del har Russland alltid vore utanfor.

EIT AVSLUTTANDE POENG

Statsvitarane Colgan og Keohane definerer populisme mellom anna som «det å tru på sterke leiarar, og å mislike innskrenkingar av suverenitet og sterke institusjonar». I så måte er det ikkje rart at konservative rørsler i andre delar av verda ser til Russland og Tyrkia for inspirasjon. I ein situasjon der Europa parallelt står overfor utfordringar med flyktningkrise og terrorisme, framstår den russiske og tyrkiske tilnærminga til suverenitet, nasjon og tryggleik som eit reelt alternativ for mange. President Trump ringde dertil Erdogan og gratulerte han med folkerøystinga. Vidare er det tydeleg at nasjonalismen inspirerer, og det faktumet at dei står utanfor EU sine rammeverk, gjer at dei også representerer ei anna form for (del)europeisk statsmakt. Som den israelske statsvitaren Azar Gat nyleg har påpeikt, er det eit problem for EU at dei i søkinga etter ei post-nasjonal framtid også har diskreditert vektlegging av det nasjonale. Konservative rørsler har dermed samla seg rundt ei avvising av «det politiske korrektheitstyranniet», «der politiske og moralske utfordringar blir framstilte som utanfor romma for legitim diskusjon».[14] Den irritasjonen deler rørslene med dagens tyrkiske og russiske leiarar.

Den mest betente problemstillinga, påpeiker Gat, går likevel på om det er legitimt å snakke om bevaringa av «kjernekulturen» til eit folk og ein nasjon. Paradoksalt nok reagerer dei som fryktar immigrasjon og flyktningar og innvandrarar med illiberale verdiar, med krav om tiltak som sjølve stort sett er illiberale, i den forstand at folk ber om at grensene skal stengjast. Ein skal ikkje sjå bort frå at også dei andre landa i Europa vil sjå ein bevegelse mot såkalla positiv nasjonalisme, i forsøk på å møte utfordringa frå misnøgde veljarar og med inspirasjon frå andre.

 

 

[1] Sjå Europautgreiinga frå 2012, som blant anna påpeikte at Noreg implementerer fleire EU-direktiv enn mange EU-land. NOU-en er tilgjengeleg på https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2012-2/id669368/.

[2] Tarik Oğuzlu (2008). Middle Easternization of Turkey’s Foreign Policy: Does Turkey Dissociate from the West? Turkish Studies 9.1: 3–20.

[3] Haaretz, 21. april 2017. «Turkey says it’s close do deal with Russia over S-400 Missile Defence System.»

[4] Jeff D. Colgan og Robert Keohane. The Liberal Order Is Rigged. Foreign Affairs May/June 2017, s. 36.

[5] Ayşe Zarakol, 19. april 2017. When Yes Means No. London Review of Books.

[6] Steven A. Cook, april 2017. «RIP Turkey, 1921–2017», Foreign Policy.

[7] Samanlikninga skjer også i kritisk russisk offentlegheit, som i den russiske dissidentforfattaren Vladimir Sorokins samtidsparodi av den eineveldige monarken i Den’ opritsjnika (på norsk Ein opritsjniks dag, utgitt i 2010 på Flamme Forlag).

[8] Dei siviliserte var «fullverdige» statar frå eit folkerettsperspektiv (og kunne kolonialisere andre ikkje-europeiske statar), sjå til dømes https://quod.lib.umich.edu/h/humfig/11217607.0005.205/—standard-of-civilisation-in-world-politics?rgn­main;view­fulltext

[9] Mi kursivering og omsetjing. Talen er tilgjengeleg i engelsk omsetjing på http://pages.uoregon.edu/kimball/Putin.htm.

[10] Oğuzlu, Middle Easternization of Turkey’s Foreign Policy, s. 15.

[11] Aliaksei Kazharski & Andrey Makarychev (2015). Suturing the Neighborhood? Russia and the EU in Conflictual Intersubjectivity. Problems of Post-Communism, 62:6, 328–339, s. 332.

[12] Sjå særleg Iver B. Neumann (2016). Russia and the idea of Europe: a study in identity and international relations. Routledge; vidare Iver B. Neumann (2016). Russia’s Europe, 1991–2016: inferiority to superiority. International Affairs, 92: 1381–1399; Pål Kolstø (2016). Crimea vs. Donbas: How Putin Won Russian Nationalist Support – and Lost It Again. Slavic Review 75, no. 3: 702–25.

[13] For ein god analyse, sjå Toni Alaranta, «Turkish Islamism and Nationalism Before and after the Failed Coup Attempt», tilgjengeleg på https://www.turkeyanalyst.org/publications/turkey-analyst-articles/item/569-turkish-islamism-and-nationalism-before-and-after-the-failed-coup-attempt.html.

[14] Azar Gat, 21. april 2017. «The Other N-word», Foreign Policy.

Annonse

Mer fra Portalen

PROSA: Men det er ett unntak, skriver Espen Søbye.

TDNF: Når barn diagnostiseres med en livsforkortende sykdom, rammes familien hardt.

VINDUETHva ville Knausgård med sitt Hitler-essay?

SYN OG SEGN: Russland og Tyrkia utfordrar forståinga av kva Europa skal vere.

SYN OG SEGN: Ein ung lærar i Nord-Troms våga å heva røysta for likekjønna seksualitet.